Symra2-2010

Page 1

2/2010 Aasen – det er noko grått og kvardagsleg over det namnet, skreiv Olav H. Hauge i dagboka sommaren 1983. Slik er det også med namnet Hauge. Nett desse to skal no innunder

NYTT FRÅ IVAR AASEN-TUNET 12. ÅRGANGEN

same paraplyen. Då blir kvardagane til fest.

FRIAREN NORDSTOGA I fjor opna han Dei nynorske festspela. I år opnar han haustsesongen i Aasen-tunet med konsert onsdag 15. september. Den som har vore nær ein radio eller tv i sommar, veit at Åsmund Nordstoga alt har laga ny plate. Friaren er eit publikumsfrieri av velkjende og bortgløymde viser, så originalt tolka og personleg formidla saman med Abildsø Spelemannslag at ”Pål sine høner” får nytt liv. ENDELEG: DONALD I TUNET Då Donald Duck runda 75, fekk donaldisten Tor Ødemark med gode hjelparar teiknekunstnarar frå fleire verdsdelar til å skape kvar sine bilete av Donald den gamle. Blant desse er Solveig Muren Sanden, Knut Nærum og Arild Midthun. Celebrating the Duck opnar i Aasen-tunet 26. september. Ved dette høvet viser også Torbjørn Lien sin versjon av gamleanda.

HAUGE TIL AASEN I ti år har eit entusiastisk miljø rundt Olav H. Haugestiftinga arbeidd med planar for eit Olav H. Haugesenter i Ulvik. I fjor haust tok dei initiativ til samanslåing med Nynorsk kultursentrum, som frå nyttår tek over ansvaret for å etablere, utvikle og drive senteret for Hauges verk og lyrikk frå mange land. Grunnlaget er ein fagleg og språkleg fellesskap som er mykje større enn avstanden mellom Ulvik og Ørsta. Aasen var ein språkmann etter Hauge sitt hjarta, og begge hadde respekt for kvalitet: ”Dei fleste sakene var gode merke, solide kvalitetssaker”, noterte Hauge i dagboka då han gjesta Aasen-tunet seinsommaren 1986.

BOKFEST FOR BORN Boknatta kjem i november, men alt 17. oktober inviterer vi til bokfest for born saman med Blåmann Barnebokklubb. Også søndag 5. desember blir det familiedag i tunet. Då viser born frå Sunnmøre kva dei har fabulert om etter at dei har lese tekstane av Olav H. Hauge i abc-boka han laga saman med Bodil Cappelen i 1986. VENT PÅ KALENDEREN! Det er enno fleire veker til julemarsipanen ligg i hyllene, men vi tek sjansen på å fortelje det: Monica Egeli har gjort det på ny. Det er ho som har forma tunkatten Lurivar. No har ho teikna ein vakker adventskalender med 24 små bøker som inneheld kvar sin song. Kalenderen er i sal frå november i tunet og i nettbutikken på www.aasentunet.no.


IVAR AASEN-TUNET SEPTEMBER – DESE ONSDAG 15. SEPTEMBER 19.00–19.40 Biblioteket, Aasen-tunet Frivilligmøte Frivillige på Dei nynorske festspela 2010 er inviterte Deltakarane får gratis billett til konserten med Aasmund Nordstoga Påmelding til billett@aasentunet.no

SØNDAG 19. SEPTEMBER Aasen-tunets soppdag

SØNDAG 3. OKTOBER 17.30 Salen, Aasen-tunet Yr

I samarbeid med Det kgl. Norske Videnskabers Selskab og Noregs tekniskvitskaplege universitet

20.00 Salen, Aasen-tunet Aasmund Nordstoga

Aasmund Nordstoga, song, Åsmund Reistad, gitarar, Håvar Bendiksen, trekkspel og keyboard, Daniel Sandén-Warg, feler, Jørund Fluge Samuelsen, div. instrument og koring

ONSDAG 22. SEPTEMBER 20.00 Trondheim Med språket som innsats Direktør Ottar Grepstad held årstale nr. 10 om tilstanden for nynorsk skriftkultur

SØNDAG 26. SEPTEMBER Den europeiske språkdagen

13.00–17.00 Kafeen, Aasen-tunet Haustmat med sopp: middag og smårettar 13.00 Frå utescena Sopptur med turleiarane Christoffer Bang, Kirsten Døvre Bang og Rune Pettersen 15.00–16.30 Utescena Soppkontroll ved soppkontrolløren Signy Seljebotn I samarbeid med Volda Hagelag og Nyttevekstforeningen i Ålesund Gratis

16.00 Galleriet, Aasen-tunet Donald Duck i tunet Opning av utstillinga Celebrating the Duck Premiere på Torbjørn Lien sitt flunkande nye bidrag til utstillinga Gratis opningsdagen

17.00 Salen, Aasen-tunet Den språkmektige Donald Duck Gunnar Strøm m. fl. Ta med dine eigne eksemplar av Donald Duck på andre språk. Kr 50

Kr 250 / student og honnør 200

Kr 300 / student og barn 200

FESTSPEL FOR 20. GONG Den 1. mars 1871 tinga Ivar Aasen landsmålsbladet Andvake. To månader etterpå sa han opp abonnementet. Han hadde ikkje ”Lyst til at have et Blad som er saa vanskelig at læse og forstaae som dette”, skreiv han 29. april same året. Bladet hadde gitt etter for ”den slappeste Dagligtale”, der var ”ingen Regel for Skrivemaaden”, og innhaldet var ”ikke saa gandske paalidelig”.

Lydarlått, Springar; Sparre Olsen: 6 bygdeviser fra Lom; Ole Bull: Polacca Guerriera, Solodans; Grieg: Fiolinsonate No 1 i F-dur; Lasse Thoresen: Yr Ragnhild Hemsing, fiolin og hardingfele, Tor Espen Aspaas, flygel, Hallgrim Hansegård, dans

Den allsidige sunnhordlendingen Bjørn Sortland er festspelforfattar i 2011. Som i 2007 kjem barne- og ungdomslitteraturen til å setje sitt preg på festspelprogrammet. Dei nynorske festspela opnar torsdag 23. juni 2011 og sluttar ut på ettermiddagen søndag 26. juni. Festspelpass blir lagde ut for sal 1. desember.


MBER Ivar Aasen-tunet 10 år ONSDAG 6. OKTOBER 19.00 Salen, Aasen-tunet Avisene som utvida Noreg

HOVUDSPONSORAR

SØNDAG 17. OKTOBER Familiedag i Ivar Aasen-tunet 13.00 Salen Bokfest for born 14.00–16.00 Kafeen og Salen Verkstad, aktivitetar og konkurranse med flotte bokpremiar

I samarbeid med Blåmann Barnebokklubb Kr 50 / familie 150

Ivar Aasen-tunet 10 år Ei illustrert forteljing av Ottar Grepstad om jag etter pengar, grenselaus idealisme og svik mot sine eigne i nynorskpressa 1850–2010 Aviskveld med samtale og utstilling av sjeldne aviser

ONSDAG 3. NOVEMBER 20.00–23.00 Salen, Aasen-tunet Boknatt i Aasen-tunet

Kr 50

I samarbeid med Det Norske Samlaget og Forlaget Oktober Kr 150 / student 100

SØNDAG 5. DESEMBER 13.00–16.00 Aasen-tunet Familiedag med juleverkstad

SØNDAG 7. NOVEMBER 16.00 Salen, Aasen-tunet Olav H. Hauge. Den andre mannen Film av Vigdis Nielsen Filmskaparen er til stades TORSDAG 2. DESEMBER Galleriet, Aasen-tunet Barnekunst i Galleriet

3 13.00 Salen Songar 03 Vi vil ha snø.indd 1 frå tunkatten sin nye 06.07.2010 adventskalender 14.00–16.00 Barnekunstutstilling, aktivitetar og juleverkstad

I samarbeid med Det Norske Samlaget Gratis

SØNDAG 10. OKTOBER 15.00 Salen, Aasen-tunet På sykkel frå Ystad til Kirkenes – nederlag er å ikkje våge å prøve Valborg Hustadnes fortel om og viser bilete frå sykkelturen gjennom Skandinavia

Lykkefeltet

Kr 50 / familie 150

Ingvild Holvik Fanny Holmin, programleiar Med fleire av haustens bokaktuelle forfattarar, m.a. Lars Amund Vaage med boka Skuggen og dronninga og debutant Ingvild Holvik med boka

Med Olav H. Hauge og Bodil Cappelen si abc-bok som inspirasjonskjelde for utstillinga. Utstillingsopning med kakao. Med born frå barnehagar i Eid, Ulstein, Volda og Ørsta

LAURDAG 11. DESEMBER 15.00 Salen, Aasen-tunet Edvard Hoem om Bjørnson

Utstillinga står til med og 15. desember

Kr 100

KAFÉ MED SMAK ”Tusen takk for eit fantastisk velsmakande måltid”. Slik skreiv gjestene som hadde leigt lokale i Aasen-tunet til ei privat feiring våren 2010. Kafeen med smak er open for store og små grupper, bedrifter og organisasjonar, familiar og vener som ser etter den stemninga dei finn éin stad: maten, lyset, sørvisen. Kanskje rette dagen enno er ledig for medarbeidarane, medlemene, familien, venene dine?

OR GJESTEBOKA I IVAR AASEN-TUNET

PROGRAM OG BILLETTAR Oppdatert informasjon: www.aasentunet.no

For ein utruleg framifrå glup idé. Helsing turist frå Hallingdal, 14. juli 2010 etter tur på Barneboktua Mista sju ferge i dag. Tøft. Men dinna plassen her e så fin. Sunniva, 30. juni 2010

I samarbeid med Volda og Ørsta kyrkjeakademi

Billettar til arrangement billettluka.no/aasentunet 70 04 75 84 Billettar kan hentast og kjøpast i alle Narvesen og 7-Eleven-butikkar Med atterhald om endringar

15:23:37


UTGIVAR: NYNORSK KULTURSENTRUM REDAKTØR: OTTAR GREPSTAD

BOKA OM AVISENE

Tilbod frå butikken i aasen-tunet

Om lag 2200 avisårgangar står i magasinet i Aasen-tunet. Ottar Grepstad brukte mange av dei då han skreiv boka Avisene som utvida Noreg. Nynorskpressa 1850–2010. Utdrag kan lesast på aasentunet.no, og boka sel butikken i Aasen-tunet – med rabatt.

T-skjorte med sitat frå Rønnaug Kleiva Festspel-t-skjorta 2010 Før kr 199 No kr 149

LITTERÆRT MOTEPLAGG Bjørnson-boksar? Nei. Ragde-boksar? Nei. Aasen-boksar, derimot, er det litterære moteplagget i år. Namnet står på linningen, signaturen på venstre låret. Det første partiet med 1000 Aasen-boksarar forsvann ut kring årsskiftet. 2000 nye boksarar kom frå Kina i sommar, og fleire greier vi ikkje skaffe i år. Her gjeld det altså å vise handlekraft. Den norske leverandøren ser til at produksjonen følgjer strenge miljøkrav og etiske normer, utan barnearbeid.

Lurivarkrus og matboks Før kr 248 No kr 198

Maria Parr: Tonje Glimmerdal Før kr 249 No kr 218 Brageprisvinnar

Ope: Mån.–fre. 10–16 • Søn. 12–17 www.aasentunet.no/butikk

ORD TIL PYNT Nokre ord er finare enn andre, som KJÆRLEIK og DRAUM. Andre ord er viktigare enn dei fleste, som VEN og NOREG. Slike ord pregar smykkekunstnaren Katrine Berg i verdfullt sølv til ordsmykke for sal i butikken i Aasen-tunet. Endeleg kan favorittordet ditt få den rette og varige verdien.


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.