Symra 1/2013

Page 1

1/2013 Ingen har einerett på definisjonen av norsk kultur. Men det er meir enn kulturen her i landet som ville vore fattigare utan det nynorske perspektivet.

Gaute Øvereng

NYTT FRÅ IVAR AASEN-TUNET 15. ÅRGANGEN

Godt nytt språkår! Livretten til Ivar Aasen skal ha vore raspeball i følgje diktarpresten Anders Hovden. Når Aasen-tunet og meisterkokk Morten Schakenda byd inn til gjestebod søndag 10. mars, får gjestene ein trerettars middag inspirert av Aasens livrett. Her er det avgrensa plass, så ver tidleg ute å tinge! Språkåret 2013 skal markerast på fleire måtar i Aasen-tunet. Allereie 27. januar er det premiére på jubileumsframsyninga Ervingen – Ivar Aasen. Vinjeproduksjonar har tatt utgangspunkt i songspelet Ervingen av Ivar Aasen, som blei framført første gongen på Det Norske Theater i Kristiania i 1855. I framsyninga er det også tatt med nokre dikt av Ivar Aasen som passar i handlinga.

Trio Mediæval Få syng norske folketonar og middelalderballadar like vakkert som Anna Maria Friman, Linn Andrea Fuglseth og Berit Opheim. Trioen har vore nominert til både Spellemannprisen og Grammy Award, og søndag 10. februar kjem dei til Aasen-tunet. Romvesen med skattekart Ein skurk har stole den magiske musikkeliksiren romvesena på planeten Superiora dell’Aria treng for å syngje dei vakre songane sine. Søndag 3. mars landar romvesenet i Aasen-tunet. Ho har med eit skattekart med gåter og treng hjelp frå borna. Utan songane kan dei ikkje leve, og all musikk vil døy ut! Høver for born i alderen 5–12 år.

Foto: Lars Opstad

Foto: Tina Stafrén

Brageprisvinnaren til Aasen-tunet Lars Amund Vaage har skrive ein modig og djupt personleg roman om å leve med ei dotter med autisme. Vaage vann den prestisjetunge Brageprisen for romanen Syngja og forfattaren kjem til Aasen-tunet onsdag 27. februar.


IVAR AASEN-TUNET JANUAR – APRIL SØNDAG 27. JANUAR 18.00

TYSDAG 5. FEBRUAR 20.00

ONSDAG 27. FEBRUAR 20.00

Premiere: Songspelet Ervingen – Ivar Aasen

Ingelin Røssland

Lars Amund Vaage

Jubileumsframsyning av og med Vinjeproduksjonar, basert på Ervingen av Ivar Aasen (1855) Kr 200 / student, honnør 150

I samtale med Marit Brekke om dameromanen Kirsebærsnø Kr 100 / student 50

Brageprisvinnaren om romanen Syngja I samtale med Jan Inge Sørbø Kr 100 / student 50

Foto: CF Wesenberg, kolonihaven.no

MÅNDAG 28. JANUAR

Språkstafetten 2013

Arrangør: Noregs Mållag, Sunnmøre Mållag og Ørsta Mållag

SØNDAG 10. FEBRUAR 18.00

Trio Mediæval

Konsert Anna Maria Friman, Linn Andrea Fuglseth og Berit Opheim I samarbeid med Høgskulen i Volda Kr 200 / student 150

Vinteren 1855 fullførte Ivar Aasen syngjespelet Ervingen som 60 år seinare blei det første stykket Det Norske Teatret framførte. I eit brev til venen Maurits Aarflot skreiv Aasen: Den Stævleikjin elde Komediaa, so me snakka um, æ so fulle mæ Vise, ate d’æ ’kje mindre elde aatte Stykkje, (…) Aasen song sjølv melodiane til kapellmeisteren, somme av dei var truleg hans eigne. Då stykket hadde premiere 29.4.1855, skreiv han i dagboka: Ervingen gaaet i det norske Theater. Ingen Ulyd.

Foto: Hans Jørgen Brun

Strikking og hekling på fleire språk

Foredrag og verkstad med Magni Hjertenes Flyum, presentasjon av omsette strikke- og heklebøker Samarbeid med lokale husflidslag og garnbutikkar Kr 50 Utsnitt frå boka Hekla kosedyr

Foto: Jon Severud

Foto: Lars Myhren Holand

ONSDAG 13. FEBRUAR 20.00

SØNDAG 3. MARS 15.00

Familieframsyning SUPERIOPERA, mysteriet med den magiske musikkeliksiren

Musikkteater for born i alderen 5–12 år Knut Sævik, Hildegunn Hovde og Gro-Marie Svidal Kr 100

UTSTILLING OM IVAR AASEN I SPRÅKÅRET 2013 Kven var Ivar Aasen? Kvifor gjorde han det han gjorde? Og kva blei konsekvensane? Sidan språkplanleggjaren, diktaren og mennesket Ivar Andreas Aasen døydde 23. september 1896, har det blitt skrive og sikkert sagt endå meir om denne mannen. Han var flogvitet som kom frå tronge kår, gjorde ei klassereise mot alle odds, og brukte livet sitt for at fedrelandet skulle få eit språk, står det ofte skrive. Men kva meir ligg der bak denne fasaden? Korleis var Aasen som person? Og korleis endra nynorsken Noreg, djupast sett? Ei ny temautstilling frå Aasen-tunet skal prøve å nærme seg desse spørsmåla. Det er jo trass alt 200-årsjubileet for Aasen.


HOVUDSPONSORAR

FREDAG 8. MARS 20.00

GRENSELAUST PÅ FESTSPELA

Kvinnerøyster mellom rosablogg og opprør

Markering av stemmerettsjubileet 2013 I samarbeid med Volda kommune Kr 100 / student 50

SØNDAG 10. MARS

Aasens gjestebod

Morten Schakenda 16.00 Foredrag 17.00 Trerettars middag inspirert av Ivar Aasens livrett

ONSDAG 10. APRIL

Lansering av programmet til Dei nynorske festspela

I Språkåret 2013 går vi utover dei faste grensene. Derfor er det naturleg at temaet for årets Festspel er Grenselaust. Grenselaust gir rom for nye og annleis programpostar, utøvarar og arenaer. I 2012 sette Kjartan Fløgstad lys på kor godt det gror blant unge, nynorske forfattarar. Vi har late han inspirere oss til å endre vår faste tradisjon med éin festspeldiktar, som vi har hatt heilt sidan 1994. Under Dei nynorske festpela 2013 blir det ikkje berre ein festspeldiktar, men tre: Søstrene Guri og Sigrid Sørumgård Botheim og Lars Petter Sveen. Alle tre har debutert etter 2008 i ulike sjangrar, og har merkt seg ut i det litterære landskapet. – Forfattarane vi har valt, er svært ulike, men har til felles at dei med sine tydelege stemmer har framtida føre seg, seier programansvarleg Karine Munch. Programmet til Dei nynorske festspela 27.–30. juni 2013 blir lansert onsdag 10. april. Set av datoen!

Tid og stad blir annonsert

MÅNDAG 25. – ONSDAG 27. MARS 13.00

Lurivar og påskemysteriet

Leik med bokstavar Høver for born frå 4 år og oppover Kr 50 / familie 150

Festspeldiktarane 2013: Lars Petter Sveen og søstrene Sigrid og Guri Sørumgård Botheim

SPRÅK MED HAUGE Olav H. Hauge-senteret i Ulvik utvidar publikumstilbodet sitt i Språkåret 2013 med ei rekkje arrangement om språk og poesi. Årsprogrammet opnar laurdag 23. mars med ei stor markering av verdsdagen for poesi. Både då og seinare vil publikum få oppleve noko dei knapt har visst om.

OR GJESTEBOKA I IVAR AASEN-TUNET Muy interesante! Fanny (España), 9.8.2012 Livet uten ordtak hadde vært forferdelig kjedelig. Så takk Aasen for mye godt materiale. usign., 19.8.2012 Sykt fint Knut & Anett, 17.9.2012

PROGRAM OG BILLETTAR Oppdatert informasjon: www.aasentunet.no Billettar til arrangement billettluka.no/aasentunet 70 04 75 84 Billettar kan hentast og kjøpast i alle Narvesen og 7-Eleven-butikkar Med atterhald om endringar


UTGIVAR: NYNORSK KULTURSENTRUM REDAKTØR: GAUTE ØVERENG

Kulturministeren opna Språkåret 2013

2. januar opna Språkåret 2013 med ei festframsyning i Kristiansand. Framsyninga markerte også starten på jubileumsåret til Det Norske Teatret som er 100 år i år. Verken dagen eller staden var tilfeldig, den 2. januar var det nemleg nøyaktig 100 år sidan Det Norske Teatret spelte si aller første

framsyning nettopp i Kristiansand. Kulturminister Hadia Tajik stod for den offisielle opninga av Språkåret 2013. Ho oppmoda til å snakke så folk forstår, og seie det med eigne ord. Leiar av Europarådets arbeid for region- og minoritetsspråk, Stefan Oeter, heldt ein tale der han såg på den norske språksituasjonen utanfrå. Han framheva Noreg som eit

føregangsland med vår særeigne skriftspråksituasjon. Kulturinnslag frå Det Norske Teatret og frå musikarar og scenekunstnarar frå ulike språkmiljø ramma inn framsyninga, som markerte at er året er i gang. Vi ønskjer alle hjarteleg velkomne til å vere med vidare. Besøk nettstaden vår og sjå kva som skjer.

Gratis studentscene

Aasen-tunet ønskjer å vere med og løfte fram dei unge kunstnarane i regionen. Ungdom som studerer musikk eller andre kunstformer, kan nytte salen i Ivar Aasen-tunet gratis til å arrangere konsertar for publikum her heime. Vi stiller salen vår til rådvelde for to slike arrangement kvart halvår. Ta kontakt på 70 04 75 70 for tinging!

Kulturminister Hadia Tajik og skodespelar Gjertrud Jynge under opninga av Språkåret 2013

www.aasentunet.no

Tilbod frå nettbutikken

SPRÅKÅRSTILBOD!

Ivar Aasen Skrifter i samling

Kr 149

Anders Hovden

Dvergmål

Huldregåva

Ivar Aasen i kvardagslaget

Visor og kvæde frå

Ut på vegom

Blåberglandet

Kr 40

Kr 29

Kr 180


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.