Symra 1/2012

Page 1

1/2012 Forlag og e-bokentusiastar kranglar om kva som er den beste strategien for å gjere norske e-bøker lett tilgjengelege. Samtidig forsyner dei amerikanske distributørane seg av den vek-

NYTT FRÅ IVAR AASEN-TUNET 14. ÅRGANGEN

sande marknaden. Skal tru om dei tek språkpolitiske omsyn?

Gaute Øvereng

Foto: Jørgen Norby Henriksen

TO KRITIKARROSTE FORFATTARAR Frode Grytten og Marit Eikemo kjem til Aasen-tunet i vinter med dei siste bøkene sine. Grytten er først ute. Torsdag 9. februar får publikum oppleve han lese frå og samtale om boka Saganatt, som kom ut i 2011. På kvinnedagen, 8. mars, vil Marit Eikemo lese frå og samtale om boka Samtale ventar. Med ein særeigen, mørk humor skriv ho om einsemd og lengt etter fellesskapet.

TURNÉOPNING Beate Slettevoll Lech frå Volda har fått tre kvinnelege nynorske lyrikarar til å skrive nye tekstar til kjende og kjære religiøse folketonar. På CD-en Min song og hjarteskatt syng ho desse tekstane i arrangement inspirert av klassikaren Jazz på svenska. Slik blir det Spellemannprisnominasjon av. No legg ho også ut på turné med denne songskatten, og den første konserten blir i Ivar Aasen-tunet 1. februar. Marius Reksjø, Erlend Slettevoll, David Wallumrød og Helge Norbakken gir solid musikalsk tonefølgje til tekstane frå Marit Kaldhol, Hilde Myklebust og Bente Bratlund.

KVA HAR TUNKATTEN GØYMT? I år vil Lurivar feire påske i Aasen-tunet. Han har planar om å setje dei minste i arbeid rundt omkring i tunet. Nøyaktig kva han pønskar på, vil han ikkje røpe enno, men den som tek turen til tunet denne dagen, kan gle seg til å leite. PROGRAMSLEPP DEI NYNORSKE FESTSPELA Tysdag 27. mars er den store dagen! Då blir programmet for Dei nynorske festspela avduka i Ivar Aasen-tunet. Årets tema er ”Songen” og festspeldiktar Arne Moslåtten vil vere til stades heile dagen. I år feirar Festspela 20 år, og dette skal sjølvsagt markerast. Programansvarleg Åshild Widerøe lover fleire godbitar. Sett av datoane 28. juni – 1. juli!

Søndag 12. februar: Operabarnetimen - eit superfamilieshow.


IVAR AASEN-TUNET JANUAR – APRIL

SØNDAG 19. FEBRUAR 16.00 Salen, Ivar Aasen-tunet Fiskarkona og døtrene hennar – eit 100-årig kvinneminnealbum Forteljeframsyning med Guri Aasen og Andrine Longva Kopperstad Kr 200 / honnør, student 150 / barn 100

Ivar Aasen hadde øyre for musikk. Særleg høgt sette han dei årlege pasjonskonsertane ved påsketider. For han var véret og landskapet vakkert eller meget vakkert. Kunst var helst morsom eller herlig. Under pasjonskonserten våren 1849 stod Nathalie Dahm saman med orkesteret for røysta frå himmelen. “Overmaade vakkert”, skreiv Ivar Aasen. Dei orda skreiv han berre denne eine gongen mellom 1830 og 1896.

TORSDAG 22. MARS 20.00 Salen, Ivar Aasen-tunet Dylan til nynorsk Tom Roger Aadland om arbeidet med å gjendikte Bob Dylan sine tekstar til nynorsk Kr 50 / studentar gratis

ONSDAG 29. FEBRUAR 20.00 Salen, Ivar Aasen-tunet Ordnytt frå Norsk Ordbok Prosjektdirektør Åse Wetås og redaktør Toril Opsahl Gratis TORSDAG 8. MARS 20.00 Salen, Ivar Aasen-tunet Marit Eikemo

Foto: Robert Meyer

SØNDAG 12. FEBRUAR 14.00 Salen, Ivar Aasen-tunet Operabarnetimen – eit superfamilieshow Ei humoristisk og energisk operaframsyning av og med Ensemble Fanfaronner for heile familien. Nyskrivne tekstar med utgangspunkt i både kjend og mindre kjend operalitteratur. Charlotte Lund Sager, sopran, Ingvild Storhaug, alt, og Marita Vårdal Igelkjøn, piano. Høver for barn frå 3 år og oppover Kr 50 / Familie 150

Forfattaren Marit Eikemo om boka Samtale ventar. Opplesing og samtale med Margunn Vikingstad Kr 100 / student 50

21.00 Salen, Ivar Aasen-tunet Tom Roger Aadland Konsert Olav Christer Rossebø (strengeinstrument) Dylan på nynorsk og eit knippe nye

NYTT FRÅ HAUGE-SENTERET I Ulvik har eit fagråd og ei utstillingsgruppe no hatt sine første møte. Begge utvala er breitt samansette med medlemer frå heile landet. Dei skal vere med og forme dei beste ideane til innhald i Olav H. Hauge-senteret. Huset på kaia i Ulvik viser fleire temautstillingar frå Ivar Aasen-tunet og er ope for omvisingar etter avtale.

Foto: Odd E. Nerbø

ONSDAG 1. FEBRUAR 20.00 Salen, Ivar Aasen-tunet Beate Slettevoll Lech ”Min song og hjarteskatt” Marius Reksjø, Erlend Slettevoll, David Wallumrød og Helge Norbakken Kr 300 / student og barn 200

TORSDAG 9. FEBRUAR 21.00 Salen, Ivar Aasen-tunet Frode Grytten Forfattaren Frode Grytten om boka Saganatt. Opplesing og samtale Kr 100 /student 50

Foto: Rune Sævig, BT

ONSDAG 25. JANUAR 19.00 Salen, Ivar Aasen-tunet SANS og samling Eigne og omsette songar. Andreas Bjåstad, Ronald Øvrelid, Odd Goksøyr, Ingfrid Grimstad, Einfrid Grindheim, Tormod Engen og Svein Hunnes Kr 150


HOVUDSPONSORAR

låtar med sterke, nynorske tekstar og vakre melodiar. Kr 200 / student 150 MÅNDAG 26. MARS 20.00 Salen, Ivar Aasen-tunet Ein time med filosofen Gunnar Skirbekk Kr 100 / student 50

av Moslåtten sine songtekstar blir ein del av eit spennande program. Enkel servering Gratis

VIL DU VERE FRIVILLEG UNDER FESTSPELA? Kvart år er om lag femti personar med på å gjere Dei nynorske festspela til ei god oppleving for både utøvarar og publikum. – Innsatsen dei frivillige gjer, er avgjerande for at vi skal kunne ha fest og spel fire flotte dagar kvar sommar, seier Widerøe. I år blir Festspela arrangert 28. juni - 1. juli og har du lyst å vere med, så ta kontakt med oss. Dei som er frivillige får fribillettar til festspelarrangement, t-skjorte og avslutningsfest med mat og drikke.

Påskeveka MÅNDAG 2. –ONSDAG 4. APRIL 13.00 kvar dag Ivar Aasen-tunet Kva har Tunkatten gøymt? Marit Lid Bjerkvik som Lurivar Kr 50 / familie 150

Foto: Erik Burås/kolonihaven.no

TYSDAG 27. MARS 19.00 Salen og kafeen, Ivar Aasen-tunet Festspel på forskot

Programslepp for Dei nynorske festspela 28. juni – 1. juli 2012 Årets tema er “Songen”, festspeldiktar Arne Moslåtten er tilstades og nokre

STOR PLAN FOR SPRÅKÅRET ONSDAG 18. APRIL Bergen (tid og stad blir kunngjort seinare) Språkfakta 2012 Ottar Grepstad presenterer siste nytt om språk i verda og Noreg. Gratis

HØGT OG LÅGT I AASEN-TUNET Ideane flyg både høgt og lågt i Aasen-tunet for tida i arbeidet med å fornye basisutstillinga. Som arbeidstittelen «Høgt og lågt» indikerer skal utstillinga innehalde mykje for både liten og stor. Språk frå heile verda skal få sin vel fortente plass saman med leikne perspektiv på ord og litteratur. Og vonleg er fleire av verkemidla av det uventa slaget.

Fredag 6. januar var 200-årsdagen for bokmålets far, Knud Knudsen. Styringsgruppa for Språkåret 2013 brukte dagen til sitt siste møte. Den 12. januar leverte prosjektleiar Jens Kihl frå seg framlegget til prosjektplan og prosjektbudsjett for det nasjonale språkåret. Etter drøfting og vedtak i styret i Nynorsk kultursentrum får Kulturdepartementet planen 1. februar. Både Ivar Aasen-tunet og Hauge-senteret har eigne store planar for året. Difor kom det godt med at Nynorsk kultursentrum like før jul fekk 578 000 kr ekstra frå Kulturdepartementet til arbeidet med Språkåret.

OR GJESTEBOKA I IVAR AASEN-TUNET Ein smedlande go’e middag! Sverre Volle, 18.9.2011 Takk til Ivar Aasen for det nydelege nynorske språket og for alle dei nynorske teikneseriane! Helsing han Marius Hestness

PROGRAM OG BILLETTAR Oppdatert informasjon: www.aasentunet.no Billettar til arrangement billettluka.no/aasentunet 70 04 75 84 Billettar kan hentast og kjøpast i alle Narvesen og 7-Eleven-butikkar Med atterhald om endringar


UTGIVAR: NYNORSK KULTURSENTRUM REDAKTØR: GAUTE ØVERENG

FEDRAHEIMEN DIGITALISERT

Alle årgangane av Fedraheimen, frå 1877 til 1891, er no digitalisert og tilgjengeleg i Aasen-tunet. Arbeidet er gjort ved Senter for digitalisering av kulturarv. Med tid og stunder kjem alle årgangane også på nettstaden. Fedraheimen blei gradvis viktigare i samfunnsdebatten, samstundes som det var ein arena for nynorske skribentar, også skjønnlitterære. Fleire forfattarar debuterte her, og einaste gongen Per Sivle publiserte diktet ”Dan fyrste songen” var i Fedraheimen.

LURIVAR-LANSERING Straks lanserer Aasen-tunet heilt nye barnesider på tunkatten.no. Eit grundig arbeid har vore lagt ned og forteljingar, spel, og ikkje minst songboka kjem i ny og meir brukarvenleg utgåve. Utover våren vil nok også Lurivar spe på med overraskingar for nettvenene sine. NYE MEDARBEIDARAR I Aasen-tunet byrja Sigbjørn Mork som driftsansvarleg og Laila Walseth Lid som kommunikasjonsrådgivar i desember. Marita Bett Jensen tok til på nyåret og skal vikarere som formidlar til august.

KURS OG KONFERANSER Stadig fleire legg kurs og konferanser til Aasen-tunet. Med ein konferansesal til 110 og kafé som kan dekkast til store og små grupper, har Aasen-tunet stor fleksibilitet.

FORNYA PROFIL Våren 2012 tek Nynorsk kultursentrum i bruk nye logoar og ein fornya profil. Med omorganisering og fleire tiltak i porteføljen var det ønskjeleg å knyte tette band gjennom ein samla grafisk profil. Inn i det nye har vi teke med oss det beste vi hadde frå før. Styret godkjende logoane i desember og vedtek heile profilprogrammet om få veker.

VIDEOKONFERANSE Nytt i år er utstyr til videokonferanser i møterommet, som høver for grupper opp til 10 personar. Kontakt oss gjerne for tinging: e-post admin@aasentunet.no eller tlf. 70 04 75 70.

Gode tilbod frå butikken i Aasen-tunet

NYNORSK LYRIKK Høgdepunkt frå nynorsk dikting gjennom over hundre år NO KR 149 (FØR KR 398)

PAKKETILBOD CD OG BOK:

BEATE S. LECH

Odd Nordstoga Bestevenn og Maria Parr Vaffelhjarte

Min song og hjarteskatt

NO KR 258 (FØR KR 308)

KR 180

www.aasentunet.no/butikk


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.