Symra 1-2011

Page 1

1/2011 Knapt nokon produserer meir språk og tekst enn avisene. Likevel har eit offentleg utval føreslått ein støttepolitikk for norske aviser som ikkje tek omsyn til kor viktige desse er i

NYTT FRÅ IVAR AASEN-TUNET 13. ÅRGANGEN

norsk språkpolitikk og for bruk av nynorsk. Hrmf.

TRE STORE Ein av dei ville ha vore nok. Søndag 30. januar kjem dei tre i følgje til Volda kyrkje. Songaren Sondre Bratland. Munnspelaren Sigmund Groven. Organisten Iver Kleive. Kvar for seg har dei vore på dei mest ulike scener og ytt sitt på fleire hundre plateinnspelingar. Saman er dei no på turné for første gong. Med musikk frå mange hundreår fyller dei kvar ei krå og alle sjeler som har fått billett i tide. HUNDRE STRIKKEPINNAR ”Norske vottar og vantar” var ein av dei store boksuksessane i 2010. Onsdag 9. februar kjem forfattaren Annemor Sundbø til strikkekafé i Aasen-tunet. Ho er ein fin formidlar av strikkekunsten. Det fekk dei merke som var på strikkekafé med henne i fjor vinter om selbuvottar. Berre lyden av hundre strikkepinnar er nok til å ta turen.

RØYSTA FRÅ NORD Avstandane er store nordpå, men det er kort mellom dei fine artistane. Dei siste åra har Tonje Unstad (30) markert seg sterkt på morsmålet med songar som gjer inntrykk. Søndag 20. februar får publikum høyre henne i Aasen-tunet både i solokonsert og saman med Anders Aschim, som snakkar om Elias Blix. Dagen er ei dobbel markering – av Den internasjonale morsmålsdagen og av 175-årsjubileet for Elias Blix. Han var fødd i Gildeskål 24. februar 1836, og Gildeskål kommune har store planar for å feire salmediktaren og målmannen. Det gjer dei både siste helga i februar og i midten av august.

NESSE Åse-Marie Nesse er ein av svært få forfattarar som har overraska bokhandlar Harald Haugen. Då ho var festspeldiktar i 1998, hadde han teke inn godt med bøker av henne. Likevel var han tom etter ein time. Kva er det med den dama? spurde Haugen. Svaret gir biografen Elisabeth Vallevik Engelstad når ho kjem til tunet onsdag 16. mars og gir eit anna bilete av Nesse enn det vanlege. SPRÅKÅRET I 2013 er det 200-årsjubileeum for Ivar Aasen og 100-årsjubileum for Det Norske Teatret. Dette dannar grunnlaget for eit nasjonalt språkår, som regjeringa har bedt Nynorsk kultursentrum planleggje. Det skal bli noko ingen har sett før og som ingen har gjort før – ei raus feiring av språklege skilnader. Det er lettare sagt enn gjort.


IVAR AASEN-TUNET JANUAR – APRIL SØNDAG 30. JANUAR 17.00 Volda kyrkje Sondre Bratland, Sigmund Groven og Iver Kleive

LAURDAG 5. FEBRUAR 20.00 Salen, Ivar Aasen-tunet Elin Furbotn og Karl Seglem: Viser i vintermørkret

ONSDAG 9. FEBRUAR 18.00–22.00 Salen, Ivar Aasen-tunet Strikkekafé i Aasen-tunet

SØNDAG 20. FEBRUAR 18.00 Salen, Ivar Aasen-tunet Elias Blix 175 år Vi feirar Elias Blix og morsmålet i høve den internasjonale morsmålsdagen 21. februar Tonje Unstad syng Blix-salmar Anders Aschim om Bibelen si rolle for morsmåla i verda I samarbeid med Elias Blix-jubileet 2011 Kr 100 / studentar 50

Konsert I samarbeid med Rikskonsertane

Kr 250 / honnør 200 / student 150 / barn 100 Kr 200 for medlemmer i De Norske Bokklubbene

Konsert med Elin Furubotn, song og gitar, og Karl Seglem, tenorsax og bukkehorn Kr 200 / student 100

Vi tek opp att suksessen med strikkekafé med Annemor Sundbø, denne gongen med utgangspunkt i boka Norske vottar og vantar. Dyremønster og andre figurar frå norsk strikkearv Sal av kveldsmat, kaker og kaffi. Ta med strikketøy! Kr 50

PREMIERE I ULVIK På den lange reisa gjennom språket var Ivar Aasen i Hardanger knappe to månader våren 1844. ”Hardanger er langt fra ikke saa vakkert som Voss”, skreiv han til Maurits R. Aarflot 4. juli 1844: ”Derimod kan jeg ikke noksom rose Folket i Hardanger”. Dei var ”den edleste Forgrening af Folket i Bergens Stift”, og talemålet deira hadde ”visse Fuldkommenheder”. Det var eit ord Aasen sjeldan brukte.

Torsdag 13. januar var det premiere for Olav H. Haugesenteret i Ulvik. I utstillingsromma i heradshuset på kaia i Ulvik song Annjo Klungervik Greenaal tekstar av Billie Holiday på nynorsk, Ruth Lillegraven (biletet) las frå ein heilt ny roman, og Sindre Hovdenakk plasserte forfattaren og kulturmannen Henrik Rytter mellom Garborg og Hauge.

19.15 Basisutstillinga, Ivar Aasentunet Mannen som kristna landsmålet – Elias Blix 175 år Opning av revidert utgåve av temautstillinga om Elias Blix Utstillinga står til og med 1. mai Gratis opningsdagen, elles inkludert i prisen til basisutstillinga

20.00 Salen, Ivar Aasen-tunet Tonje Unstad Konsert der ho framfører eigne songar Kr 200 / studentar 100


HOVUDSPONSORAR

MÅNDAG 21. – FREDAG 25. FEBRUAR Ungdomsskulane i Volda og Ørsta Festspela ut i skulane! Alle 8. klassane får tilbod om besøk av festspeldiktar Bjørn Sortland I samarbeid med Ørsta kommune og Volda kommune

ONSDAG 16. MARS 20.00 Salen, Ivar Aasen-tunet Åse-Marie Nesse – eit poetisk liv

SØNDAG 27. MARS 15.00 Salen, Ivar Aasen-tunet Lyset frå fars ansikt

TYSDAG 12. APRIL 10.00 Ivar Aasen-tunet Programslepp Dei nynorske festspela 2011

Biograf Elisabet Vallevik Engelstad i samtale med Jan Inge Sørbø

Jan Inge Sørbø les og fortel frå boka. Alf Vatne framfører fire songar av Brahms til tonefølgje av Bert Handrick

Open pressekonferanse. Festspeldiktar Bjørn Sortland er til stades

SØNDAG 13. MARS 13.00–15.00 Ivar Aasen-tunet Familiedag med tunkatten Lurivar

I samarbeid med Ivar Aasen-instituttet Kr 100

13.00 Salen Samlingsstund før tunkatten Lurivar tek borna med på omvising i utstillinga Aktivitetar og verkstad Med tunkatten Lurivar spelt av Marit Lid Bjerkvik Kr 50 / familie 150

TORSDAG 17. MARS Ingvild Holvik 14.15 Høgskulen i Volda Å skrive kvinneliv Wencke Mühleisen og Elisabet Vallevik Engelstad i samtale med Stephen Walton Arrangør: Ivar Aasen-instituttet i samarbeid med Ivar Aasen-tunet

DIKTAREN FRÅ SULDAL Norsk barnelitteratur blei ikkje som før etter at Rasmus Løland tok til å dikte. Han var ein av dei aller første som såg livet og verda slik borna opplever det. Dette har Rasmus Lølandmarkeringa mint om like sidan vinteren 2007. I mai blir denne store satsinga på barne- og ungdomslitteratur avslutta med å feire 150-årsdagen til Løland.

Kr 150 / honnør kr 100

TYSDAG 29. MARS 19.00 Salen, Ivar Aasen-tunet Kva skjer i kulturjournalistikken? Foredrag ved Knut Olav Åmås Diskusjon etter foredraget Kr 100 / studentar gratis

19.00 Biblioteket, Ivar Aasen-tunet Innsats Festspela 2011! Vel møtt til alle som vil vere frivillige under Festspela 23.–26. juni 20.00 Salen, Ivar Aasen-tunet Opptakt til Dei nynorske festspela Festspeldiktar Bjørn Sortland, musikk og litterære gjester

Kr 100, gratis for deltakarane på frivilligmøtet

OR GJESTEBOKA I IVAR AASEN-TUNET Eg har hatt eit ønske om å komme hit i ti år, no endeleg, og det blir ikkje siste gongen! Johan L. Tønnesson, Oslo, 30. august 2010 Her er som å koma heim. Berre at her slepp eg å sjone … Aasmund Nordstoga, Vinje, 15. september 2010

PROGRAM OG BILLETTAR Oppdatert informasjon: www.aasentunet.no Billettar til arrangement billettluka.no/aasentunet 70 04 75 84 Billettar kan hentast og kjøpast i alle Narvesen og 7-Eleven-butikkar Med atterhald om endringar


UTGIVAR: NYNORSK KULTURSENTRUM REDAKTØR: OTTAR GREPSTAD

Tilbod frå butikken i Aasen-tunet

DET STORE BØKETREET Bøketreet i Aasen-tunet er gamalt, stort og flott. Fagmannen vår varsla i fjor haust at nokon av dei store greinene kunne brotne og skade verneverdige bygningar i tunet. Fylkeskonservatoren var klinkande klar: Bygningar er viktigare enn tre.

Saka utløyste eit offentleg engasjement på noko sviktande føresetnader. Kommunestyret i Ørsta bad samrøystes fylkeskonservatoren vurdere å frede treet. Vi bad fag-

Knipekrus av Rolf Vatn med fragment av Ivar Aasens handskrift. Kr 140

ÅR FOR ARKITEKTUR I 2011 feirar norske arkitektar alt dei har tenkt og gjort dei siste hundre år, som arkitektar. Ein av arenaene for den nasjonale markeringa blir Ivar Aasen-tunet. Annakvart år arrangerer Nynorsk kultursentrum Sverre Fehn-dagen i samband med fødselsdagen til Sverre Fehn. I 2011 blir denne dagen markert fredag 12. august med stort program.

T-skjorte med sitat frå Rønnaug Kleiva Festspel-t-skjorta 2010 Før kr 199 No kr 149

HUGS FESTSPELA I gang med ferieplanar for sommaren? Dei nynorske festspela blir opna torsdag 23. juni kl. 18.00 og varer til søndag ettermiddag 26. juni. Komplett program blir lagt fram onsdag 6. april. Billettsalet for utvalde arrangement er alt i gang.

Detalj frå salen i Aasen-tunet

Det er den draumen Sondre Bratland syng tekster av Olav H. Hauge Kr 180

Ope: Mån.–fre. 10–16 • Søn. 12–17 www.aasentunet.no/butikk

mannen vår undersøkje treet ein gong til. No var tilrådinga å følgje nøye med og kontrollere treet kvart år. Det rådet følgjer vi, men den dagen det er nødvendig blir treet teke ned for å verne bygningar og folk.

ÅMÅS FÅR ORDET På få år er Aftenposten blitt den viktigaste kulturavisa i Noreg. Å snakke om den gamle tanta i Akersgata gir berre meining for folk med langhugsen i orden. Ein som har prega avisa meir enn dei fleste, er kulturredaktør Knut Olav Åmås. I mars gjestar han Aasen-tunet for å gjere opp status om norsk kulturjournalistikk.


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.