Onen 1 / 2018

Page 1

ONEN – Våren 2018


Vi ber alle med oss ein song i hjarta. Songar bind oss saman og fortel kven vi er. Hauge-senteret opnar det nye året med «Voggesongar undervegs» og «Migrasong», to spennande konsertar om møte mellom menneske og kulturar. Geir Netland, dagleg leiar Ansv. redaktør: Ottar Grepstad Redaktør: Geir Netland Utgivar: Nynorsk kultursentrum Utgiving: 1/2018. Opplag: 9000 Trykkeri: Tinde Design & Trykk Framside: Stein Torleif Bjella Foto: Therese C. Wangberg Benedicte Maurseth Foto: Anders Bergersen Frode Grytten Foto: Oddbjørn Steffensen Billettinformasjon:

Tlf. 56 52 70 70 haugesenteret.no

Program våren 2018 Voggesongar undervegs 27. januar

3

Migrasong 14. februar

4

Morsmålsdagen 21. februar

5

Timothy mister seg sjølv 1. mars

5

Verdas poesidag 21. mars

6

Seljefløyta 26. april

7

Siderslepp 18. mai

8

Diktardagen 16. juni

9


Konsert

Voggesongar Laurdag 27. januar kl. 18.30 Elvatun, kr 200 / 100 student Foto: Anders Bergersen / Ingvild Siglen Berger

Voggesongar er ein del av folkesjela. Songane går gjerne i arv frå generasjon til generasjon og ber i seg ulike musikalske tradisjonar og identitetar. «Voggesongar undervegs» tek utgangspunkt i utvalde songar som ni innvandrarkvinner, busette i Ulvik og på

Voss, har med seg frå sine heimland. Konserten er eit musikalsk møte mellom innvandrarkvinner, songkoret d’kor og Benedicte Maurseth. I samarbeid med Voss bibliotek og d’kor

3


Foto: Museumssenteret i Hordaland

Konsert

Migrasong Onsdag 14. februar. kl. 19.00 Elvatun, kr 200 / familie 350

På 1800-talet emigrerte mange nordmenn til Amerika. Det gjorde også songane deira. Saman med musikarkollegaer gir Reidun Horvei innblikk i eit viktig kapittel i norsk-amerikansk historie. Songane på Elvatun denne kvelden dirrar av heimlengt, men dei ber også i 4

seg fantasiar om det nye tilværet. Ikkje minst speglar songane dei norske emigrantane sine møte med nye kulturar, og slik kastar framsyninga også lys over situasjonen for mange flyktningar i dag. I samarbeid med Ulvik herad


Språkkafé

Morsmålsdagen Onsdag 21. februar kl. 13.00 Ulvik folkebibliotek, gratis

Ulvik har mange innbyggjarar frå ulike deler av verda og derfor eit stort språkmangfald. Dette mangfaldet feirar vi på den internasjonale morsmålsdagen. Hauge-senteret vil presentere dikt av Olav H. Hauge på ulike språk. I samarbeid med Ulvik folkebibliotek Familie

Torsdag 1. mars kl. 11.00 Hauge-senteret, gratis

Forfattar og illustratør Vegard Markhus kjem til Hauge-senteret med høgtlesing og song. Dessutan treng han hjelp til å finne nokre forsvunne kroppsdelar og løyse eit kroppsdelspuslespel. Er du klar? I samarbeid med Ulvik herad

Illustrasjon: Vegard Markhus

Timothy mister seg sjølv

5


Konsert Lyrikk

Verdas poesidag Onsdag 21. mars kl. 20.00 Syse gard, kr 250 Foto: Therese C. Wangberg

Med album som Heidersmenn, Heim for å døy og Gode liv er Stein Torleif Bjella kjend som ein av våre fremste musikarar. No har songaren og låtskrivaren debutert som poet. Diktsamlinga Jordsjukantologien kom hausten 2017 og kretsar om dei to store 6

tragediane i livet: «tap av kjæraste og jordskifte». Bjella les dikt, samtalar om poesi og fortel om sitt forhold til Olav H. Hauges dikting. Poeten frå Ål tek òg med seg gitaren.


Boklansering Bting

Seljefløyta Torsdag 26. april kl. 19.00 Voss bibliotek, kr 200 Foto: Aasen-tunet / Morten Krogvold

Bodil Cappelen har gjort eit utval av tidlege Olav H. Hauge-dikt. Fleire av dikta publiserte Hauge sjølv i aviser og tidsskrift i 1930-åra. Utvalet inneheld også dikt frå den første samlinga som Hauge sende til Norlis forlag. Manuskriptet hadde tittelen «Seljefløyta»

og vart refusert i 1939. I vår gir Samlaget ut desse Hauge-dikta for første gong i bokform. Bodil Cappelen les frå boka og held poesikonsert saman med felespelar Knut Hamre og sopran Ranveig Lægreid. I samarbeid med Voss bibliotek 7


Konsert

Siderslepp: Frode Grytten Beat Band Fredag 18. mai kl. 21.00 Lekve gard, kr 275 Foto: Helge Skodvin

Det er Siderslepp i Ulvik og vi inviterer til konsert med Frode Grytten Beat Band. Når Grytten kjem til poesibygda har han med seg Pedro CarmonaAlvarez og Annlaug Børsheim. Bandet miksar eksplosiv poesi med songar av artistar som Talking Heads, 8

Bruce Springsteen og The Velvet Underground – Amerika med vestlandsbeat! Velkomen til ein pulserande konsertkveld mellom epletre i bløming! I samarbeid med Frukt- og Siderruta


Foto: Agurtxane Concellon

Prisutdeling

Diktardagen Laurdag 16. juni kl. 15.30 Hardanger folkemuseum, Utne

Laurdag 16. juni deler Hauge-senteret og Hardanger folkemuseum ut lyrikkprisen Diktartavla for 26. gong.

Prisvinnaren blir gjennom diktartavla foreviga på Diktarstien i museumstunet på Utne.

Diktartavla går til ein markant norsk lyrikar, og kven som får denne heideren i 2018, blir kunngjort i mars.

Tidlegare vinnarar er mellom anna Jon Fosse, Cecilie Løveid, Hanne Bramness og Øyvind Rimbereid. 9


Ulvik poesifestival 7.–9. september er det på ny festival i poesibygda. Festivaltemaet i år er Ordskifte - kva rolle, plass og funksjon har lyrikk i den offentlege samtalen? Poesifestivalen blir arrangert for 10. gong, og det markerer vi med å opprette Olav H. Hauge-stipendet for unge diktarar. Stipendet blir delt ut under opningsseremonien. Festivalen feirar også 200-årsjubileet for A.O. Vinje og 150-årsjubileet for Det Norske Samlaget.

Foto: Nina Djerff

10

Fleire framifrå norske og nordiske poetar kjem til festivalen saman med dyktige musikarar og andre utøvarar. Følg med på poesifestivalen.no og facebook framover. Der finn du program og billettar – det er berre å gle seg!


Utstilling Basisutstillinga i Hauge-senteret er utvida med nytt innhald. Ei tidslinje for lyrikk syner eit breitt utval av poesi, frå klassisk diktekunst til populærmusikk, brukslyrikk og visesong på dialekt. Her kan ein oppdage samanhengar mellom lyriske tekstar frå heile verda til ulike tider, frå Sapfo til Edith Södergran eller frå Homer til Bob Dylan. Ny temautstilling opnar i Hauge-senteret 12. april. Førebels røpar vi berre at jubilanten Aasmund Olavsson Vinje blir ein viktig figur i utstillinga, og at utstillingsopninga blir feira med eit poesiarrangement. Foto: Hauge-senteret

11


Siste nytt Kvar dag kjem nye artiklar om all verdas emne i det digitale nynorske oppslagsverket Allkunne.no. I april kjem ei nynorsk litteraturhistorie. Blant dei 25 000 artiklane byd vi på definisjonar av viktige omgrep frå elektronikk og informatikk, alle nynorskaviser frå Dølen til Framtida Junior og biografiar om verdsleiarar som Emmanuel Macron og Angela Merkel.

Illustrasjon: Allkunne

12

Styret i Nynorsk kultursentrum vedtok i desember eit driftsbudsjett for 2018 på 33,5 millionar. Større inntekter har vi aldri rekna med før, ikkje ein gong då vi gjennomførte Språkåret i 2013. Frå årsskiftet har vi 20 fast tilsette, og etter planen blir det 21 før året er omme. Nynorsk kultursentrum blei stifta i 1993, og 25-årsjubileet blir feira hausten 2018.


Marit Eikemo er festspeldiktar under Dei nynorske festspela i Ørsta og Volda 7.–10. juni. Festspelgjestene kan gle seg til mangfaldige møte med ein aktuell forfattarskap. Tord Gustavsen kjem til Festspela med eit tingingsverk inspirert av Ferdaminne av Aasmund Olavsson Vinje. Festspelpass er i sal på festspela.no Den 8. januar hadde Kristian W. Rantala første arbeidsdagen sin i Vinje-senteret, førebels i leigde lokale. 200-årsjubileet for A.O. Vinje vil prege dette året, og jubileumsprogrammet blir presentert i januar. Den som skal til Ulvik poesifestivalen, rekk å få med seg Litteraturdagane i Vinje først, 24.–26. august.

Foto: Agnete Brun / Hille Strandskogen Arkitekter

13


Mitt Hauge-dikt Eit ord Eit ord – ein stein i ei kald elv. Ein stein til – Eg lyt ha fleire steinar skal eg koma over.

Fyrst kjøpte eg Dikt i samling, så Dikt i umsetjing, så biografien til Knut Olav Åmås, og endeleg fekk eg dagbøkene. Eg blir ikkje ferdig med Hauge. Det er alltid noko viktig, fint, moro, oppsiktsvekkande, oppklarande å hente. Hauge uttalte, eller kanskje skreiv han det, at dikta var meint som livsråd til seg sjølv. Slik verkar dei òg på meg, sjølv om eg lever eit anna liv, i ei anna bygd, i ei anna tid, på andre sida av vêr- og vasskille. Særleg likar eg når Hauge skriv om det å skrive (gjorde han eigentleg det heile tida?). Eit favorittdikt for meg kan godt vera «Lauvhyttor og snøhus», eller «Eit ord». Forresten, når eg fyrst har ordet: angåande tittelen på biografien «Mitt liv var draum». Hauge skriv den linja i eit dagboksnotat 5. mai 1982. Nøyaktig same linja skreiv Tor Jonsson i diktet «Så stig i meg einsemd» like før han døydde i 1951. Stein Torleif Bjella

Foto: Odd E. Nærbø / Arkivet til Hauge-senteret

14

14


Stort utval i museumbutikken og nettbutikken Handlenett.no

Butikken i Hauge-senteret har eit stort utval lyrikkbøker og barnebøker på nynorsk. Vi er best på litteratur om og av Olav H. Hauge, og har eit godt utval eigenproduserte Hauge-varer. Ta med dette nummeret av Onen og få ti prosent rabatt!


Olav H. Hauge-senteret Promenaden 7 5730 Ulvik Tlf. 56 52 70 70 haugesenteret.no

Regionale støttespelarar:

TINDEtrykk.no

Opningstider 2. januar - 30. april Tysdag-fredag 10.00-16.00 1. mai - 31. august Tysdag-fredag 10.00-16.00 Laurdag og søndag 11.00 - 17.00

Promenaden 7, 5730 Ulvik, tlf. 56 52 70 70 admin@haugesenteret.no

haugesenteret.no


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.