Onen vår 2017

Page 1

ONEN – Våren 2017


Diktekunsten har mange former. Hauge-senteret heidrar i vår to store songpoetar, nobelprisvinnar Bob Dylan og legendariske Leonard Cohen, som gjekk bort i november. «There is a crack in everything, That’s how the light gets in», syng Cohen i Anthem frå 1992. Geir Netland, dagleg leiar Ansv. redaktør: Ottar Grepstad Redaktør: Geir Netland Utgivar: Nynorsk kultursentrum Utgiving: 1/2017. Opplag: 9500 Trykkeri: Tinde Design & Trykk Framside: Guro von Germeten Foto: Frida Kildal Bob Dylan Foto: Hulton Archive Jan Erik Vold Foto:Ulla Montan Billettinformasjon:

Tlf. 56 52 70 70 haugesenteret.no

Program våren 2017 Og plassen heitte... 8.februar

3

Morsmålsdagen 21. februar

4

So long Leonard 25. februar

5

Poesifritidsordning 17. mars

5

Verdas poesidag 21. mars

6

Bob Dylan: Den store songen 29. april

7

Temautstilling: ORDEFAR 11. mai

8

Siderslepp: Guro von Germeten 19. mai

9

Hardingtokt 31. mai

10

Diktardagen 17. juni

10


Og plassen heitte... Onsdag 8. februar kl.19.00 Hauge-senteret, kr 150 / gratis for pensjonistar

Stadnamna fortel kva geografiske område heiter og er ein viktig del av den norske språkkulturen. Gunnstein Akselberg er språkprofessor ved Universitetet i Bergen og ein populær formidlar om språk.

Foto:Det Norske Samlaget

Kåseri

Akselberg kjem til Ulvik med eit opplysande kåseri om gardsnamn, namnetolking og namnenormering. Arrangementet er i samarbeid med Den kulturelle spaserstokken i Ulvik herad.

3


Språkkafé

Morsmålsdagen Tysdag 21. februar kl. 19.00 Ulvik folkebibliotek, gratis

Dei siste åra har Ulvik fått mange nye innbyggjarar frå ulike delar av verda. Dette nye språkmangfaldet feirar me på den internasjonale morsmålsdagen. Me inviterer dei som har flytta til Ulvik frå ein

4

annan del av verda til å presentera poesi frå heimlandet sitt, og sjølve presenterer me Olav H. Hauge på ulike språk. Arrangementet er i samarbeid med Ulvik folkebibliotek.


Foredrag

So long, Leonard «So long» song Leonard Cohen til kjærasten Marianne. No er det vår tur til å takka av ein av dei songlyrikarane i vår tid som har påverka flest. Lyrikar og forfattar Håvard Rem har skrive biografi om Leonard Cohen. Rem held eit underhaldande foredrag om Cohen med omsette dikt og songtekstar.

Foto: Kristian Jacobsen

Laurdag 25. februar kl. 21.00 Drøs bakeri og kafé, kr 200

Poesifritidsordning Fredag 17. mars kl. 08.00–16.00 Hauge-senteret, kr 150

Det er planleggingsdag for skulen og barnehagen. Kva skal ein då finna på? Hauge-senteret arrangerer poesifritidsordning (alternativ skulefritidsordning) for alle born mellom 6 og 10 år. Det blir leik med ord, konkurransar, lesestund, songar og aktivitetar heile dagen.

Foto: Ingvil Skeie Ljones, Hauge-senteret

Born

5


Forfattarmøte Litteratur

Dag dato 00.00 Tysdag 21.kl.mars kl. 19.00 Stad, kr 000 Syse gard, kr 200

Jan Erik Vold er både ein av dei fremste poetane i landet og ein av dei viktigaste formidlarane av det andre har skrive. Både som poet og plateartist, essayist og debattant har han med dikt og avisartiklar sett i gang ei rekkje diskusjonar om litteratur og politikk. Vold debuterte som lyrikar i 6

Foto: Ulla Montan Foto:

Tittel poesidag Verdas

1965 med samlinga mellom speil og speil, og sidan har han vore der. I 1996 gav han ut Under Hauges ord. Jan Erik Vold kjem til Ulvik på Verdas poesidag for å lesa dikt og for å samtala med Jan H. Landro om eit langt liv i teneste for poesien.


Samtale og konsert

Bob Dylan: Den store songen Laurdag 29. april kl. 19.30 Drøs bakeri og kafe, kr 250 Foto: Eva Lene Gilje Østensen, Eivind Senneset, Jarle H. Moe

Då Bob Dylan i fjor haust fekk Nobelprisen i litteratur, var det som den første songlyrikaren nokosinne. Kva er det som gjer tekstane hans så gode? Professor i litteraturvitskap, Gisle Selnes, har skrive boka Bob Dylan: Den store sangen og vil fortelja om Dylans songlyrikk.

Forfattar, musikar og Dylan-fan Pedro Carmona Alvarez kjem også til Ulvik saman med musikarven Annlaug Børsheim, og vil spela favorittlåtane sine frå Dylans rike katalog.

7


Temautstilling: ORDEFAR Torsdag 11. mai kl. 18.00 Hauge-senteret, gratis

Kva skjer når lyrikk spelar saman med andre kunstformer? Korleis kan lyrikk opplevast gjennom eit taktilt, visuelt språk? Kunstnar Randi Annie Strand stiller ut arbeid der skrift, språk og sanseerfaringar er sentrale element.

8

Strand er fødd i 1962 og har sitt virke i Oslo. Ho arbeidar innanfor ulike medier som grafikk, installasjon, foto og video. Strand har utdanninga si frå Kunstakademiet i Lisboa og Høgskolen for kunsthandverk og design i Bergen.

Foto: Randi Annie Strand

Utstilling


Konsert Forfattarmøte

Foto: Foto Michael Holzinger

Siderslepp: Tittel Guro Germeten Dag datovon kl. 00.00 Stad, kr19. 000mai kl. 21.00 Fredag Den grøne kafé, kr 250

Under det årlege sidersleppet inviterer me til ein sprudlande konsert på Den grøne kafé. Guro von Germeten er blitt kalla den skumle vetlesøstera til Kaizers Orchestra, og «ho med det raude trekkspelet». Saman med Line Grenheim på fele og Christian Svensson på perkusjon leverer ho ein miks

av gammal jazz, balkanske takter og smektande popmelodiar. Arrangementet er i samarbeid med Frukt- og siderruta. siderruta.no

99


Omvising Hardingtokt

Kjærleiksbreva mellom Olav og Bodil

Etter 25 år i framande farvatn kjem M/F Hardingen sr. tilbake til Hardanger og legg ut på Hardingtokt 2017. Ferja kjem til Ulvik, og Hauge-senteret stig om bord i kjærleikens teikn. Der tek Stein A. Hevrøy publikum med inn i breva mellom Olav H. Hauge og Bodil Cappelen. I samarbeid med Hardanger åtgaum.

Foto: AK Glück-Teigland

Onsdag 31. mai kl. 18.00 M/F Hardingen sr. ved Ulvik kai, kr 200

Omvising Prisutdeling

Dag dato17. kl. juni 00.00 Laurdag Stad, kr 000 Hardanger folkemuseum

Lyrikkprisen Diktartavla feirar 25-årsjubileum. Diktarstien på Utne Sed perspiciatis unde omnis isteH.natus error sit voluptatem vart ut opna på 85-årsdagen til Olav Hauge i 1993. Diktartavla går accusantium doloremque laudantium, totam rem til ein markant norsk lyrikar, og kven som får denneaperiam, heidereneaque i 2017 . totam rem aperiam, ipsa quae ab illo inventore veritatis et quasi vert kunngjort i april. Prisen vert delt ut av Hardanger folkemuseum eaque ipsa ab illo inventore veritatis et quasi. og Olav H. quae Hauge-senteret. 10

Foto: Hardanger folkemuseum

Tittel Diktardagen


Ny skuleframsyning

Ny forsking på Hauge

Ein nordmann likar ikkje å vera våpenlaus skal på turné i Den kulturelle skulesekken i Hordaland i vår. Framsyninga er ei musikalsk ordtevling, også kalla rapbattle, og skal inspirera unge til å bli meir interesserte i lyrikk. Utøvarar er Per Olav H. Mydske og André J. Jensen.

I siste utgåve av tidsskriftet Edda er det to artiklar og ei bokmelding om Olav H. Hauge. Ein av artiklane er skrive av Stein A. Hevrøy på Hauge-senteret. Hevrøy syner påverknader frå antikk tenking i diktet «Kom ikkje med heile sanningi».

Foto: Ingvil Skeie Ljones, Hauge-senteret

Illustrasjon:Universitetsforlaget A/S

11


Siste nytt Vinje-senteret for dikting og journalistikk blir no etablert. Budsjettforliket om statsbudsjettet gav 1,2 millionar til drifta i 2017, og Vinje kommune har løyvt 1 million. I februar og mars blir det sendt søknader om investeringstilskot til både offentlege og private instansar, og i mars blir stillinga som dagleg leiar lyst ut.

Foto: Hille Strandskogen Arkitekter, Tove Breistein

12

Lars Mæhle er festspeldiktar under Dei nynorske festspela i Ørsta og Volda 29. juni–2. juli. Festspelgjestene kan gle seg til fleire møte med ein aktuell og mangfaldig forfattarskap. Opningskonserten står Stein Torleif Bjella med band for. Festspelpass og andre billettar er i sal på festspela.no og eBillett.


Allkunne har lansert kunnskapskvissar på allkunne.no. Prøv deg på kviss om norsk språkhistorie eller språk i verda, nynorsklitteratur, norsk historie og anna. Fleire kvissar til ulike aldersgrupper vil jamt kome til. Kvissane finst både digitalt og til utskrift til bruk i klasserommet, på hytta eller i anna godt selskap. Kvissane held same faglege kvalitet som resten av innhaldet på allkunne.no. Skjerp hjernecellene og pirr kunnskaps-tørsten med kvissar frå Allkunne!

Foto: Allkunne

13


Mitt Hauge-dikt Håvard Rem

Kortdikta til Hauge er gjerne lette improvisasjonar. Sonettane hans er tunge meditasjonar, knadd saman i krevjande rimmønster, men kvar arbeidstime som er stengd inne i dei fjorten linene, opnar seg sakte i lesaren. Sjå epletreet no om vinteren. Sjå sjølvportrettet.

Apal i snø Ein apal utfor glaset i låg sol blør, bøygd ned av snø. Atthangande, skrukka blad skrøyvar munaleg upp hans bør; i epli som heng att, har fuglar plukka. Han stod i snø i vår, stod søt og ør i humlesurr og gav og tok av lukka; og bladi smidde, nøytte alle glør, til struten kart i lauvet mulen rukka og vart til eple, kantute og grå. Dei laga skurv og tege rosor på, alt med dei rodna under doggi blå.

Foto: Odd E. Nerbø, Hauge-senteret,

14

Dei datt i doggvått gras, og regn og vind sleit lauvet av han. Av solkraft sogi inn byggjer han draumar att bak borkgrå kinn.

14


Stort utval i nynorske varer på Hauge-senteret og Handlenett.no

Butikken på Olav H. Hauge-senteret har eit stort utval av lyrikkbøker og barnebøker på nynorsk.Me er best på litteratur om og av Olav H. Hauge, og har eit godt utval av eigenproduserte Hauge-varer. Kom innom for ein hyggeleg handel!


Olav H. Hauge-senteret Promenaden 7 5730 Ulvik Tlf. 56 52 70 70 haugesenteret.no

Regionale støttespelarar:

TINDEtrykk.no

Opningstider 1. januar-30. april Tysdag til fredag 10.00-16.00 Søndag 12.00-17.00 1. mai-31. august Tysdag-fredag 10.00-16.00 Laurdag og søndag 11.00-17.00

Promenaden 7, 5730 Ulvik, tlf. 56 52 70 70 admin@haugesenteret.no

haugesenteret.no


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.