Festspelsymra 4/2009

Page 1

FESTSPELSYMRA NYTT FRÅ DEI NYNORSKE FESTSPELA 2009

LAURDAG 27. JUNI

24 25 26 27 28

SIDE BROK OG TABANKA CREW I KVELD Runar Gudnason gler seg storleg til i kveld og den store utekonserten på Volda bygdetun med Side Brok. – Vi vil sjå meir folk enn gras frå scena, seier han. Side Brok stiller med eit nimanns stort band på scena og lovar sugande rytmar og feite blåseriff på bygdetunet i kveld. Kvelden opnar med eit forrykande danseshow med gruppa Tabanka Crew, kjent frå Norske talenter. Dei serverer heftige afrikanske og karibiske dansar i sommarvarmen. Du får kjøpt billettar på Narvesen, i Aasen-tunet og ved inngangen. Ungdom mellom 16 og 20 får 50 % kulturrabatt på denne konserten, støtta av Møre og Romsdal fylke.

I FESTHUMØR: F.v.: Anna Marie Mork, Anette Moe Bjørkedal, Tale Rørvik Lejon og Jonathan Sørheim. Foto: Tonje Stavdal

BOLLAR OG FEST MED BØ OG BÆ – Ho sette seg ned på stolen, og så sette ho seg oppå ballongen, fortel Anna Marie Mork. Saman med Anette Moe Bjørdal, Tale Rørvik Lejon, Jonathan Sørheim og mange andre born, fekk ho med seg framsyninga ”Bø og Bæ i festhumør” med Inger Bakke på utescena i Aasen-tunet i går. Der fekk dei sjå ei litt sær dame som gjorde seg klar til fest med dei kjende figurane frå bøkene som Ragnar Hovland har omsett til norsk. – Ho var ei litt klønete, gammal dame, slår Tale fast etterpå, då alle borna fekk utdelt bolle og festspelvatn. – Ho gjorde alt feil, seier dei og ler. Dei unge festspelgjestene kunne fortelje at dei har høyrt om Bø og Bæ før. – Vi har boka i barnehagen, seier Jonathan. – Det er mange bøker. Bø og Bæ-festen samla heile 180 glade born og vaksne i Aasen-tunet fredag føremiddag, og er eitt av fem barnearrangement under årets festspel. I dag er det framsyning med Agent ordspion Lurivar av Aasen-tunet og søndag er det vandring i 12-åringen Ivar Aasens fotspor frå Sivert Aarflotmuseet til Aasen-tunet.

SVAL BRIS PÅ FESTSPELFERJA Det er så heitt no om dagen at kvar og ein har behov for å kjøle seg litt ned. Då passar det perfekt med ein tur med Festspelferja innover Austefjorden. Om ikkje sjølufta er svalande nok, gir Storm Weather Shanty Choir publikum stormfulle sjømannssongar så du formeleg kjenner lukta av båttjære og Festspelferja 2007 gjekk òg inn Austefjorden. I dag er det MF Folkestad som trosser. siglar innover fjorden. Om du ikkje alt har sikra deg billett, bør du møte opp på kaia i god tid før ferja legg frå land kl. 14.00. FRANSK PÅ KAFÉ – Eg såg meg ut dette arrangementet tidleg, fordi eg er litt frankofil, seier Mariann Barstad frå Volda. Fredag føremiddag var ho på Kaffi, bokstaveleg talt på Fugl Føniks kaffibar i Ørsta for å høyre den franske forfattaren Marie Desplechin lese frå boka Aldri tilfreds. Barstad har budd i Frankrike tidlegare og saknar franske impulsar i kvardagslivet. – Det er første gongen eg er på eit slikt arrangement, men det var veldig kjekt som eit ekstra krydder i tilveret, seier ho. Dei fleste andre frammøtte var nok glade for at Tove Bakke også var til stades og las frå den norske omsetjinga av boka. Aldri tilfreds er ei ungdomsbok, men ho fall godt i smak hos dei vaksne kafégjestene òg.

UTGIVAR: NYNORSK KULTURSENTRUM REDAKTØR: GAUTE ØVERENG ANSVARLEG REDAKTØR: OTTAR GREPSTAD


Jon Fosse vil ikkje argumentere for kvifor han bruker nynorsk. – Eg blei no fødd i det. Det er mitt språk. Skulle ikkje det vere greitt då? sa han i samtalen med Cecilie N. Seiness i Aasentunet fredag. Fosse blei varmt motteken av festspelpublikummet. Til hausten fyller han 50 år, og i samband med dette jubileet kjem det ut ei bok om Jon Fosse, skriven av Cecilie N. Seiness. Det

er ikkje ein biografi, men eit portrett. Seiness har følgt Fosse på reiser til Tyskland og Paris i arbeidet med boka, og ho fortalte publikum at det kan bli mykje oppstuss når Fosse er med på mottakingar etter teaterpremierar. – På ein fest i Paris enda det med at ei ambassadedame nærmast knelte ved føtene dine, sa Seiness. – Det er jo litt sånn, då, repliserte Fosse. – Det er litt rockestjerneaktig, slo han fast. Som student i Bergen oppdaga Fosse at han hadde eit talent for skriving. – Det var lett for meg å etterlikne ein annan forfattar sin stil, på same måten som ein god gitarist lett kopierer ein annan. Men eg såg ikkje for meg eit liv som forfattar, meir som journalist i ein lokalavis på Vestlandet, sa Fosse. I studietida snuste han på journalistyrket i Gula Tidend. Seiness har snakka med kollegaene hans derifrå, og dei seier at Fosse hadde eitt stort handikap som journalist: at han ikkje likte å snakke med folk. – Kva er nøkkelen til suksessen din i teaterverda? ville Seiness vite. – Det høyrest fælt ut, men det er sant: Eg skriv gode stykke. Det er den beste forklaringa, sa han. – Det internasjonale nettverket i teaterbransjen er også veldig godt. Det har mykje å seie for at mine stykke så brått blei kjende i store delar av verda, sa Jon Fosse til ein fullsett sal i Aasentunet.

FESTSPELA I DAG

FESTSPELA I MORGON

FØDD TIL NYNORSK

Jon Fosse og Cecilie N. Seiness

Gir og propellar

17.30 Monteringshallen, Scana Volda Frode Grytten om trehytter og eigedomsmeklarar, festspeldiktar Tove Bakke og svingande musikk frå Cajun du Nord Kr 100

Foto: Tonje Stavdal

Ragnhild Hilt og Unn Vibeke Hol

Per Arne Glorvigen Foto: Siri Juell Rasmussen

Kontinent av røyster

Aasen-stemnet 2009

23.00 Rokken

13.30 Salen, Aasen-tunet

Hallgeir Opedal med eit skrått, sjølvironisk og morosamt blikk, om å omsetje seg sjølv. Kr 100

Dikt av kvinner frå heile verda, med Ragnhild Hilt og Unn Vibeke Hol. Ei framsyning frå Det Norske Teatret Kr 150

Per Arne Glorvigen, Lyst og Gunhild Berge Stang Kr 200 / 150 / barn 100

Alltid på ein søndag

15.00 Uteamfiet, Aasen-tunet

Billettar og meir informasjon på www.aasentunet.no. Du får også kjøpt billettar på Narvesen. HOVUDSPONSORAR


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.