Festspelavisa 2016

Page 1

Annonsevedlegg

Illustrasjon av Ingvild Mork, tekst av Ruth Lillegraven

Volda og Ørsta 23.–26. juni 2016

Festspeldiktar Ruth Lillegraven  Ingebjørg Bratland Simone Eriksrud og Bugge Wesseltoft  Guy Puzey  Marit Eikemo Unn Røyneland  Heine Totland og Gisle Børge Styve

festspela.no

#festspela


2 Dei nynorske festspela • Ivar Aasen-tunet • 23.–26. juni 2016 • Ørsta og Volda

Velkomen til festspel – Orda som syng i oss, mellom oss, til oss, er festspeldiktar Ruth Lillegraven sin tekst på årets plakat og t-skjorte. Skriven på mange ulike språk gir han ein fin inngang til temaet Morsmål, som går gjennom festspelprogrammet som ein raud tråd i år. Ulltråd, er det freistande å seie, for på eitt av dei mange barnearrangementa er farging av ull og kva fargar heiter på ulike morsmål, eit viktig element. Fotball, lesestunder, latter, kalligrafi og debatt er elles stikkord for det breie tilbodet til born og unge. Morsmål i det fleirspråklege samfunnet, korleis det er å bu i Noreg når ein har eit anna morsmål enn norsk, at det kanskje ikkje er like enkelt å banne på andre språk enn morsmålet sitt, og mykje anna får du høyre om under Festspela. Utøvarane har morsmål som arabisk, engelsk, kanadisk-engelsk, norsk, polsk, serbisk, tigrinja og tysk. Litteratur og musikk, biletkunst og annan levande kunst, alt får du i rikt monn på Dei nynorske festspela, og det heile tek til på jonsokaftan. Fire dagar med femti arrangement. Utandørs og innandørs – her i Aasen-tunet og på mange andre arenaer i Ørsta og Volda. Vi ønskjer at du skal få opplevingar som engasjerer og rører. Velkomen!

Kjære festspeldeltakar Av dei eigenskapane som gjer oss menneske unike, er det ein som skil seg ut, nemleg språket. Det er uråd å tenkje seg eit samfunn og fellesskap utan språk som bindemiddel. Språk er kommunikasjon, men det er òg så mykje meir. Så grunnleggjande viktig som språk er for oss, er det ikkje merkeleg at morsmålet er eitt av våre aller viktigaste identitetsmerke. Ikkje berre bind språk oss saman – på godt, det kan òg skape avstand mellom oss – på vondt. I eit samfunn med eit mangfald av morsmål er det viktig at vi som har norsk som morsmål, er opne for at menneske som kjem til Noreg, blir integrerte i kvardagen ved at vi lèt dei få ta del i vårt morsmål. Vi bør glede oss over det når nokon kastar seg over det harde arbeidet det er å lære seg språket i eit nytt heimland. Å lære eit språk er meir enn å lære ord og grammatikk, det er å lære eit samfunn å kjenne frå innsida. På Festspela vil du få rikeleg

Linda C. Hofstad Helleland kulturminister (foto: Thomas Haugersveen, Statsministerens kontor)

med høve til å lære, oppleve og bli utfordra. Eg ønskjer alle gode festspeldagar!

Frå ein Aasen til ein annan

Programmagasin Dei nynorske festspela 2016 Utgivar: Nynorsk kultursentrum Indrehovdevegen 176, 6160 Hovdebygda Tlf. 70 04 75 70 festspela.no • aasentunet.no • admin@aasentunet.no Ansvarleg redaktør: Ottar Grepstad Redaktør: Laila Walseth Lid I redaksjonen: Åshild Widerøe, Gaute Øvereng og Kjerstin Gjengedal Produksjon: Aarflot Media ved Rune Hauge Aarflot Trykk: Polaris Trykk Trondheim Opplag 29 500, av dette 23 500 som innstikk i Sunnmørsposten 9. juni, og 5 000 som innstikk i Møre-Nytt 16. juni Miljømerka trykksak

Polaris Trykk Trondheim 241-738

Dei nynorske festspela vert i år arrangerte for 25. gong. Temaet i år er Morsmål, og som tidlegare er det stor variasjon i programmet. Med blant anna fargerik familiedag, morsmålskafé, diktlesing og konsertar ligg det til rette for kulturopplevingar for alle. Språkleg mangfald er viktig i samfunnet vårt, og morsmålet er viktig for sjølvkjensla til kvar og ein av oss. Temaet vert meir og meir aktuelt i våre dagar når stadig fleire nye innbyggjarar skal få oppleve god integrering. Eg ynskjer difor lukke til med Festspela, med eit inkluderande og dagsaktuelt tema!

Jon Aasen fylkesordførar

Nynorsk kultursentrum Nynorsk kultursentrum, arbeider for nynorsk skriftkultur ut frå visjonen «Nynorsk, sjølvsagt, når som helst og kor som helst». I 2016 har Nynorsk kultursentrum 18 tilsette i driftsavdelingane Hauge-senteret i Ulvik og Aasentunet i Ørsta med Dei nynorske festspela, Ulvik poesifestival, det digitale oppslagsverket Allkunne og åtte andre nettstader. Vinje-senteret for dikting og journalistikk er under utvikling i Vinje i Telemark.


Dei nynorske festspela • Ivar Aasen-tunet • 23.–26. juni 2016 • Ørsta og Volda 3

Velkomne til Ørsta og Volda! Det er ei stor glede for ordførarane i Volda og Ørsta å ønskje alle velkomne til kommunane våre i samband med Dei nynorske festspela. Temaet Morsmål er nær knytt til språk og identitet. I lokalsamfunna våre, med stadig fleire morsmål, er det viktig å sjå og utnytte fordelane med språkleg mangfald. Samtidig krev det at ein er trygg på sitt eige.

Festspela er kvart år med på å gjere arven frå Ivar Aasen stadig viktigare, også for framtida til Ørsta og Volda. Vi ønskjer frivillige, arrangørar, artistar og publikum hjarteleg velkomne til Dei nynorske festspela i 2016!

Stein Aam ordførar i Ørsta

Jørgen Amdam ordførar i Volda

Festspeldiktar Ruth Lillegraven

Skriv om tida og lagnaden Hadde ting vore berre litt annleis, kunne festspeldiktar Ruth Lillegraven hatt nederlandsk som morsmål. Av Kjerstin Gjengedal

Mor hennar er frå Nederland. – Men ho var redd for at vi ikkje kom til å lære norsk skikkeleg dersom ho snakka nederlandsk med oss. Det var nok eit utslag av 70-talspedagogikk. I dag tenkjer ein heilt annleis, at det berre er ein fordel å lære fleire språk, seier Lillegraven.

Ballar i lufta Ruth Lillegraven er sterkt – kanskje i overkant sterkt, vedgår ho sjølv – knytt til heimgarden i Granvin i Hardanger, og ho går stadig med planar om å flytte tilbake ein dag. Men i tillegg dukkar slektskapskjensla med Nederland opp med jamne mellomrom. Då ho gifta seg for fem år sidan,


4 Dei nynorske festspela • Ivar Aasen-tunet • 23.–26. juni 2016 • Ørsta og Volda skjedde det i Haag, der besteforeldra budde då ho var lita. Sidan har ho ikkje vore der, og lengten vaknar til liv av å tenkje på det. Men nett no er det vanskeleg å finne tid. Dagane har ein tendens til å gå. Ikkje berre har ho tvillingane på fire og dei to bonustenåringane å halde styr på i heimen. Ei ny vaksendiktbok er i arbeid, ei barnediktbok og ein diktantologi, og dessutan ei meir faglitterær bok om Modum bad og naturen som terapi. Og så er det oppdraget som festspeldiktar, då. – Det er jo eigentleg eit godt teikn, at det er travelt, seier ho. Forfattaryrket har gradvis blitt ein fulltidsjobb. Då ho fekk sitt andre arbeidsstipend i fjor, sa ho opp stillinga som taleskrivar i Samferdsledepartementet dagen etter. Men ein forfattarjobb er jo, i motsetnad til kva mange trur, ikkje berre skriving. Det er administrasjon, møte med redaktørar og samarbeidspartnarar, fakturaer som må sendast, arrangement ein må delta på, intervju som dette. – Eg øver stadig på å bli flinkare til å skjerme skrivetid. Ein kan kjenne seg nokså skvisa sjølv om ein styrer tida si heilt sjølv. Eg blir veldig oppteken av tid, seier ho.

Episk i diktform Det merkar ein også når ein les bøkene hennar. Dei handlar ikkje berre om menneske, men også om «tidas elv» som fangar dei og ber dei med seg anten dei vil eller ikkje.

Ruth Lillegraven 21. oktober 1978 i Granvin i Hardanger, bur no i Bærum l Studerte ved BI, har arbeidd med kommunikasjon i Det Norske Samlaget og i Samferdsledepartementet. Er no forfattar på heiltid. l Debuterte i 2005 med Store stygge dikt l H ar seinare skrive romanen Mellom oss, diktsamlingane Urd og Manilahallen, og fleire barnebøker l Fekk Brageprisen og Bokbloggarprisen for Urd l K jem med fire bøker i år, mellom anna vaksendiktsamlinga Sigd og barnediktsamlinga Eg er eg er eg er l E r festspeldiktar ved Dei nynorske festspela 2016 l

(Alle foto: Kjerstin Gjengedal)

Bøkene til festspeldiktaren

Fødd


Dei nynorske festspela • Ivar Aasen-tunet • 23.–26. juni 2016 • Ørsta og Volda 5 – Eg likar godt nedslag i tid, er fascinert av det episke, det som skjer på fleire tidsplan. Den einaste romanen min, Mellom oss, er basert på tre-fire hovudforteljarar og store hopp attover og framover i tid. Likevel, der andre forfattarar skriv mursteinsromanar for å få plass til flest mogleg av dei interessante detaljane dei har oppdaga i research-fasen, har ho valt den knappe diktforma til å fortelje dei episke sogene sine. Sjølv trur ho at ho er altfor utolmodig for romanskriving. – Ofte skriv eg førsteutkastet til eit dikt raskt, for å få med ein slags energi. Eg treng intensitet og driv og rytme i teksten. Så kan eg flikke på det i det uendelege etterpå. Men eg er blitt meir profesjonell med tida, på den måten at det ikkje lenger er like store kvanta som blir høvla av. Eg har nok utvikla ein meir minimalistisk stil etter kvart. Ser eg på debutboka mi no, kjennest ho litt pludrete.

Eit liv på 40 sider Urd, som Lillegraven fekk Brageprisen for, opna døra til poesien for mange som ikkje hadde lese dikt tidlegare, etter tilbakemeldingane å døme. I Urd tek ho for seg to kvinneliv som er knytte i hop av eit gamalt hus på Vestlandet. Notidskvinna Cecilie, som har mykje til felles med Lillegraven sjølv, tek over huset til Seselja, som på si side aldri har eksistert. Mange lesarar er likevel overtydde om at Lillegraven har gjeve litterært liv til ein av sine eigne slektningar. – Eg vart begeistra for dette med å skrive om eit heilt liv på 40 sider, og fekk lyst til å gjere det meir, seier Lillegraven. Det gjorde ho med Manilahallen, ein diktbiografi om ei verkeleg kvinne, og ho gjer det igjen i boka ho arbeider med no, som skal heite Sigd. Historia er laust basert på ein verkeleg person som levde i heimbygda Granvin på 1800-talet, ein odelsgut som vart sjuk og enda med å måtte selje slektsgarden.

å bli som det blir, kvifor folk tek dei vala dei tek. Ofte kan det kanskje vere slump som avgjer. Men samtidig trur eg at ein eldre person gjerne har hatt den same personlegdomen sidan han var ung, så kanskje er ikkje ting så tilfeldige likevel. Vi vel jo fordi vi er som vi er. Lillegraven vedgår at ho har mykje melankoli i seg, og at litteraturen hennar skil seg frå tidlegare festspeldiktarar som Agnes Ravatn og Gunnhild Øyehaug, som skriv meir humoristisk. Dette gir den nynorske samtidslitteraturen eit godt spenn, tykkjer ho. – Det er rett nok ting i bøkene mine som får folk til å le, men eg blir vel ikkje først og fremst omtala som morosam. Det plagar meg faktisk litt at eg ikkje kan kome på noko i den komande diktsamlinga mi som er til å le av, innrømmer ho.

Språket er ein sjølvsagd ting – Får du ofte høyre at nynorsk er så vakkert i dikt? – Eg trur jo folk meiner det som eit kompliment. At det er eit rytmisk og klangfullt språk, seier Lillegraven, som elles ikkje er ein særleg sjølvmedveten nynorskbrukar i det daglege. Det er rett og slett det språket ho er oppvaksen med og alltid har brukt. Det vil ikkje seie at det litterære språket hennar ikkje endrar seg. Ho har hatt periodar med «me» og periodar med «vi». Hovudpersonen i Sigd får bruke dialektuttrykk som fungerer som geografiske og tidsmessige markørar. – Men eg er ikkje som Carl Frode Tiller eller Lars Petter Sveen, som aktivt har valt å skrive på nynorsk. For meg har det alltid vore ein sjølvsagd ting. Men eg veit jo at grunnen til at eg slepp å tenkje på det, er at andre har teke støyten for meg, stått på barrikadane, slik at eg kan bruke det på ein slik sjølvsagd måte. Eg trur det beste eg kan gjere for nynorsken – og for diktet – er å skrive det.

Lite å le av – Eg har vore relativt oppteken av lagnadene til såkalla vanlege folk. Korleis eit liv endar opp med

Ruth Lillegraven har skrive ein eigen tekst til årets festspelkrus.

Festspeldiktarar 2011–2015 2011 Bjørn Sortland 2012 Arne Moslåtten 2013 Lars Petter Sveen, Guri Sørumgård Botheim og Sigrid Sørumgård Botheim 2014 Agnes Ravatn 2015 Gunnhild Øyehaug

Her møter du festspeldiktaren Torsdag 23. juni

18.00–19.00 Salen, Ivar Aasen-tunet Opningshøgtid Rett etter Opningshøgtida går vi samla ut til Ivar Aasenbautaen Gamletunet, Ivar Aasen-tunet Blomar ved bauta: Ivar Aasen-bautaen 23.00–02.00 Peisestova, Møre Folkehøgskule, Ørsta Målbar 23.30–23.45 «Um nætene låg eg ofte og lydde etter susen i lauvet»

Fredag 24. juni

11.00–11.45 Volda omsorgssenter Kjent og kjært i ord og tonar 14.00–14.45 Salen, Ivar Aasen-tunet Litteratur med Landro: Festspeldiktaren 17.00–18.30 Salen, Ivar Aasen-tunet Heime – hæm

Laurdag 25. juni

11.00–11.45 Matsalen, Møre Folkehøgskule Lyrikk i tida 13.00–15.00 Volda bygdetun Festsprell: Fargerik familiedag 19.00–20.00 Salen, Ivar Aasen-tunet Mellom oss: Tett på hovudpersonen

Søndag 26. juni

11.00–12.00 Uteamfiet, Ivar Aasen-tunet Festspelgudsteneste i det fri 13.00–13.50 Salen, Ivar Aasen-tunet Sigd – ein poetisk konsert 16.00–17.30 Uteamfiet, Ivar Aasen-tunet Aasen-stemnet 2016 Takk til festspeldiktaren


6 Dei nynorske festspela • Ivar Aasen-tunet • 23.–26. juni 2016 • Ørsta og Volda

Fredagskveld med Ingebjørg Ingebjørg Bratland har treft eit stort publikum med sine poplåtar med røter i folkemusikken. Med den siste plata si, Månesinn, har Ingebjørg Bratland teke steget til å bli seg sjølv som musikar. På denne plata har ho for første gong laga dei fleste songane, til svært gode kritikkar. «Nå er det ikke bare det vokale som skinner. Nå glitrer også sangenes egenart i lysende arrangementer slik at stemmen får bre seg ut i all sin prakt», skriv Aftenposten i meldinga si. Bratland er frå Vinje i Telemark og er både norsk og nordisk meister i folkemusikk. Mange kjenner Bratland frå plata Heimafrå, som ho gav ut saman med Odd Nordstoga, og som dei fekk Spelemannprisen for. Bob Dylans Fordi eg elskar deg, omsett til norsk av Bjarte Hjelmeland, har med Bratlands stemme vorte ein favoritt for mange. Med utgangspunkt i folkemusikken blandar ho moderne og tradisjonelle uttrykk i songane sine, og ho

syng på sitt eige morsmål. – Det blir ei stor oppleving for dei som får høyre henne i Uteamfiet i Aasen-tunet fredag kveld, seier programansvarleg Åshild Widerøe. Med seg på scena har Bratland Haldor Røyne, Andreas Ulvo, Chris Holm og Pål Hausken.

Ingebjørg Bratland (foto: Atle Richter Schie)

Fredag 24. juni 20.00–21.15 Uteamfiet, Ivar Aasen-tunet Ingebjørg Bratland Kr 350 i amfiet / 325 / student og ungdom 250 / barn 200

Samlar på ord og rytmar Oppbygginga av språksamlingar har vore ei ryggrad i den vitskaplege utforskinga av norsk språk frå Ivar Aasens tid og fram til i dag. Under Aasen-stemnet får dette arbeidet sin fortente festtale før Festspela blir avslutta med eit musikalsk fyrverkeri. Samlingane inneheld mange millionar ord samla inn frå 1600-talet og fram til i dag, og ligg til grunn for Norsk Ordbok, som vart ferdigstilt i vår. Tidlegare har Universitetet i Oslo hatt ansvar for samlingane, og då dei

Søndag 26. juni 16.00–17.30 Uteamfiet, Ivar Aasen-tunet Aasen-stemnet 2016 Kr 200 / honnør 150 / ungdom og barn 100

ønskte å seie det frå seg, tok Nynorsk kultursentrum initiativ til å bevare samlingane. – Språksamlingane er resultatet av ein gigantisk dugnad, frukter av eit nært og tillitsfullt samarbeid mellom vitskapen og hundretals heimelskvinner og -menn som såg ein visjon bak innsamlingsarbeidet. Norsk språk skal ha ei framtid i den digitale tidsalderen vi enno berre har sett starten på. At Vestlandet tek ansvaret for denne nasjonale forskingsoppgåva, er verd ein festtale. Det seier årets stemnetalar, professor Johan Myking ved Universitetet i Bergen. Han har, som leiar for Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium, eit overordna ansvar for språksamlingane. Det fekk han då Universitetet i Bergen saman med Høgskulen i Volda nyleg tok over ansvaret for dei nasjonale språksamlingane. Stemnet blir avslutta med eit fyrverkeri av skeive taktartar. Akkordeonisten Jovan Pavlovic er opphavleg frå Serbia, men har

Jovan Pavlovic (pressefoto)

Johan Myking (foto: UiB)

utdanning i klassisk musikk frå Trondheim, med folkemusikk frå Balkan som hovudfelt. I Uteamfiet har han med seg Gjermund Silset på kontrabass og Helge Norbakken på perkusjon. Pavlovic lagar og arrangerer musikken sjølv, ein smeltedigel

av folkemusikk frå Balkan, tango frå Argentina, jazzimprovisasjon og klassiske element. Eit solid punktum for fire mangfaldige festspeldagar.


Dei nynorske festspela • Ivar Aasen-tunet • 23.–26. juni 2016 • Ørsta og Volda 7

Jonsokaftan i Aasen-tunet På opningskvelden slepp Heine Totland og Gisle Børge Styve seg laus i Uteamfiet, der dei slår fast at morsmål er kome for å bli. Dei to artistane har fått meldarane til å hente fram dei store orda overalt der dei har framført showet sitt «Musikk e komme for å bli’». På Dei nynorske festspela får festspeltemaet Morsmål setje sitt preg på framsyninga. Gisle Børge Styve frå Førde er eit kjent andlet for alle som har vore innom NRK på fredagskveldane. Der sat han fram til i fjor ved tangentane i Beat for Beat-studioet og spela alt som spelast kunne, med stor autoritet. Han er utdanna jazzpianist frå Noregs musikkhøgskule og trakterer om nødvendig fele, gitar og bass. Heine Totland frå Moster er ein allsidig vokalist med rik erfaring som musikalartist. Han har mellom anna spela i den norske oppsetjinga av

Mamma Mia! og Buddy Holly i showet med musikk frå rockelegenda med same namn. Han var også ei drivkraft bak a cappella-koret Gli Scapoli. Totland har fleire soloalbum og andre prosjekt bak seg. Saman har dei to vestlendingane funne tonen på scena med showet sitt, der begge hevdar at dei får fram det beste i kvarandre. Torsdag kveld kan du gjere deg opp di eiga meining i Aasen-tunet.

Torsdag 23. juni 21.00–22.15 Uteamfiet, Ivar Aasen-tunet Heine Totland og Gisle Børge Styve: Morsmål er kome for å bli Kr 300 i amfiet / 275 / ungdom 225 /barn 200

Gisle Børge Styve og Heine Totland (foto: Svein Finneide)

Simone på to språk Laurdag kveld inntek Simone Eriksrud Uteamfiet i Aasentunet, med songar på norsk og morsmålet tysk, i lag med jazzmusikaren Bugge Wesseltoft. Mange kjenner Simone Eriksrud som vokalist i D’Sound. I det siste har ho vore oppteken med å lage nye låtar, denne gongen på dialekt. Låtane har ho delt i strøymetenester denne vinteren, og dei har fått mykje merksemd. – Eg hadde eigentleg mista litt trua på dette materialet. Men så framførte eg ein song på ein konsert der Bugge var til stades, og han sa eg måtte gi dei ut. Sidan han har skulda for at songane vart publiserte, er han nøydd til å vere med meg på scena i Aasen-tunet, ler ho. Eriksrud er fødd i Tyskland og flytta til Volda som åtteåring. På konserten vil ho også framføre tyske songar som har inspirert henne gjennom karrieren hennar. – Det blir ei salig musikalsk blanding, men den raude tråden ligg i uttrykket Bugge og eg har i lag. Vi har god scenekjemi, og Bugge er god til å improvisere i augneblinken. Kanskje

Simone Eriksrud (foto: Sandra Noer) blir det rom for allsong òg, seier Eriksrud, som gler seg til konserten. – Uteamfiet er ein magisk setting for ein slik kveld!

Laurdag 25. juni 21.00–22.15 Uteamfiet, Ivar Aasen-tunet Simone Eriksrud og Bugge Wesseltoft Kr 300 i amfiet / 275 / student og ungdom 225 / barn 150

Bugge Wesseltoft (foto: Andreas Nygjerd)


8 Dei nynorske festspela • Ivar Aasen-tunet • 23.–26. juni 2016 • Ørsta og Volda

Morsmål i det fleirspråklege samfunnet Fredag skal det handle om morsmål i det fleirspråklege samfunnet. Det er klart for det årvisse Ivar Aasen-minneforedraget. Unn Røyneland, professor ved Universitetet i Oslo og nestleiar ved MultiLing, Senter for fleirspråklegheit, Humanistisk fakultet, står på talarstolen i år. Røyneland har særleg forska på dialektbruk og dialektendring blant ungdom, og på

Ivar Aasenminneforedraget 2013–2015 2013 K vifor er Noreg dialektparadiset? Arne Torp 2014 I var Aasen og Grunnlova Bjørn K. Nicolaysen 2015 G odt språk i nynorske fagtekstar Pernille Fiskerstrand

framveksten av nye dialektar i fleirspråklege bymiljø. Ho er også oppteken av korleis språk blir brukt, oppfatta og debattert på nett og i media. Røyneland har drive mykje med språkpolitikk, språkplanlegging og språknormering, og var mellom anna med på arbeidet med å lage ny rettskriving for nynorsk. Kva vil det eigentleg seie å ha eit morsmål? Har alle det? Må det vere det same gjennom heile livet – eller kan ein skifte morsmål? Kan ein ha fleire morsmål? Morsmål er det språket ein kan best og identifiserer seg mest med, men i eit samfunn som stadig blir meir mobilt, globalisert og fleirspråkleg, er ideen om eitt morsmål utfordra.

Fredag 24. juni Kl. 10.30–11.15 Salen, Ivar Aasen-tunet Ivar Aasen-minneforedraget: Morsmål i det fleirspråklege samfunnet Kr 120 / ungdom 70

Unn Røyneland (foto: Nadia Frantsen)

Kvar vart det av morsmåla? Fredag 24. juni held professor Unn Røyneland Ivar Aasen-minneforedraget sitt om morsmål i det fleirspråklege samfunnet. Det gjer ho det året Ukraina kan feire 25-årsjubileum for sjølvstendeerklæringa si. Med sigeren i Eurovision Song Contest treng ingen lure på kva songar som pregar den feiringa. Vinnarsongen om krimtatarane opnar på engelsk før Jamala slår over til krimtatarisk, morsmålet til

oldemor hennar. Brukt av om lag 300 000 krimtatarar er dette eit lite og dermed typisk språk i verda. Få år etter at Ivar Aasen hadde gjort ferdig Norsk Ordbog, var Ismail Gasprinski ein av dei som samla krimtatariske dialektar til eit felles skriftspråk. Utover på 1900-talet brukte jamt fleire det latinske alfabetet, men nokre heldt fast ved det kyrilliske. Halvparten av krimtatarane bur på Krim-halvøya, dit Stalin-regimet forviste dei i 1944 etter skulding om kollektivt landssvik. Den som var i Moskva sommaren 1987, kunne sjå krimtatarar som dagleg demonstrerte mot denne uretten. Den eine dagen skreiv Pravda kritisk mot

krimtatarane. Brått, dagen etter, var tonen ein annan. Med sin perestrojka hadde Gorbatsjov-regimet rehabilitert folkegruppa. Siste ord var likevel ikkje sagt, og krimtatarane vart verande eit symbol på sovjetrussisk og seinare russisk undertrykking. I ein slik situasjon blir språket ein del av den førestilte fellesskapen ei etnisk eller sosial gruppe treng. I språkvitskapen snakkar ein helst om førstespråk, det språket eit barn lærer først. Viktigare er det at ordet morsmål kan ha skifta tyding. Fram til 1980-åra handla morsmålsundervisning i Noreg mest om norskundervisning. Med innvandrarane kom

nye spørsmål på bordet, og morsmål vart etter kvart brukt om førstespråka deira. Når all verdas språk blir feira 21. februar kvart år, skjer det likevel med dei gamle orda. Dette er Den internasjonale morsmålsdagen, Internationaler Tag der Muttersprache, International Mother Language Day. Nei, det blir ikkje det same å feire Den internasjonale førstespråkdagen. Om dette og mykje meir handlar Dei nynorske festspela om det året då fleire hundre millionar i fleire verdsdelar for første gong høyrde nokon bruke krimtatarisk.

Menneske og språk på vandring Kva skjer eigentleg når menneske på vandring mistar høvet til å bruke morsmålet sitt på same måten som tidlegare og må tilpasse seg ein heilt ny språkleg kvardag?

Like før Festspela opna temautstillinga «Menneske og språk på vandring» i Ivar Aasen-tunet. Dokumentasjonsleiar Anders Aanes i Aasen-tunet vil fortelje meir om sjølve utstillinga og arbeidet med henne. Vi får eit endå djupare innblikk i tematikken gjennom eit foredrag og ein samtale med mellom

andre professor Unn Røyneland ved Universitetet i Oslo og Birgitte Fondevik frå Høgskulen i Volda. Samtaleleiar er Heidi Fagna frå Nynorsksenteret, tidlegare journalist i NRK.

Laurdag 25. juni 13.00–15.00 Salen, Ivar Aasen-tunet Menneske og språk på vandring Kr 150 / honnør 100 / student og ungdom 50


Dei nynorske festspela • Ivar Aasen-tunet • 23.–26. juni 2016 • Ørsta og Volda 9

Framande banneord Då Guy Puzey skulle omsetje Vaffelhjarte av Maria Parr, valde han å setje kystsmak på kraftuttrykka. Dermed vart «søren ta!» og «honden dondre» til «smoking haddocks!» og «suffering sticklebacks». Fredag ettermiddag fortel han om utfordringane banneord og kraftuttrykk lagar for ein omsetjar. – Banneord har ulike funksjonar på ulike språk. I Vaffelhjarte var det viktig å få fram stemninga kring det at handlinga skjer i eit kystsamfunn, og difor brukte eg fiskenamn, fortel Puzey, som til vanleg underviser i

skandinaviske språk på Universitetet i Edinburgh. Folk bannar ulikt i ulike land. I Noreg er dei sterkaste banneorda knytte til religion, medan dei sterkaste banneorda på engelsk har med sex og kroppsdelar å gjere. – I Storbritannia ser vi også at grove rasisistiske og diskriminerande ord om andre menneske er blitt vanlegare. Dei er etter mi meining mykje farlegare på grunn av konsekvensane dei kan få. Sjølv om banneorda ofte kjem lettast på morsmålet, bannar Puzey lite på engelsk. – Eg snakkar italiensk også, og då bannar eg mykje oftare. Italiensk er

eit uttrykksfullt språk der ein kan vere kreativ med kraftuttrykka. Ein finn det same i nordnorske dialekter. Snakkar du nordnorsk, slepp du unna med banneord som aldri hadde passert i Sør-Noreg.

Fredag 24. juni 13.00–13.45 Salen, Ivar Aasen-tunet Verda den vide: Morsmål er det språket du kan banne på Kr 120 / student og ungdom 70

Den engelske versjonen av Vaffelhjarte

Kvardagen med ulike morsmål Korleis er kvardagen i det norske samfunnet når du ikkje har norsk som morsmål? Hibba Sarmadawy er journalist og tidlegare praktikant ved Nynorsk mediesenter. Ho kom til Noreg som flyktning frå Libanon og har arabisk som morsmål. Sarmadawy vaks opp i Hardanger, men vart eksponert for færre norske ord og uttrykk enn venene, m.a. fordi det var arabiske tv-kanalar som stod på heime. Då ho skulle studere, oppdaga ho at ho

Fredag 24. juni 15.00–15.45 Salen, Ivar Aasen-tunet Kvardagen med ulike morsmål Kr 150 / honnør 100 / student og ungdom 50

Árpád Kun (foto: Balázs Székehyhidi) måtte bruke meir tid enn andre på å slå opp ord og grammatikk. Árpád Kun er forfattar frå Ungarn og arbeider til dagleg som heimehjelp i Gaupne i Sogn. Han lærte noko norsk før han kom til Noreg, men fortel at han fekk sjokk då han møtte norske dialektar. Anders Nilsen er kanadiskengelsk og er no lærar ved Volda vidaregåande skule. Han har budd

Hibba Sarmadawy (foto: Sigrid Agnethe Hansen, NRK)

Anders Nilsen (foto: privat)

i Noreg sidan 2006 og har norske anar. Foreldra snakka ein del norsk i heimen då han vaks opp. Nilsen opplever at det å ikkje bruke morsmålet sitt kan føre til ei kjensle av maktesløyse.

Samtaleleiar er Heidi Fagna, tidlegare journalist i NRK, no tilsett ved Nynorsksenteret. Før samtalen les forfattar Eirik Ingebrigtsen frå boka Spikrar frå fallande plankar, som nyleg fekk Nynorsk litteraturpris 2015.

Sin eigen litteratur På Førde bibliotek har flyktningar i norskopplæring møtst for å skrive på det nye språket. Det resulterte i boka Det nye landet. Laurdag får du smakebitar frå tekstane i Salen. – Dei skriv om sakn og minne, om kulturen dei ber med seg, og om

møte med det nye. Fleire av dei er musikarar og har skrive tekstar om gleda ved musikk, fortel biblioteksjef Jorun Systad. Skriveprosjektet kom i gang i samarbeid mellom biblioteket og Førde norsksenter, og det var forfattar og pedagog Erna Osland som leidde skrivearbeidet. I Salen fortel Systad om prosjektet, det blir opplesing frå boka og musikk attåt. – Skal ein gjere noko slikt, må det

gjerast av nokon som veit korleis det er å skulle leite etter dei rette orda, seier Systad.

Laurdag 25. juni 15.30–16.30 Salen, Ivar Aasen-tunet Det nye landet Kr 120 / student og ungdom 70


10 Dei nynorske festspela • Ivar Aasen-tunet • 23.–26. juni 2016 • Ørsta og Volda

Ei livshistorie i ord og tonar Ruth Lillegraven si nyaste diktsamling Sigd får selskap av hardingfela og songen til Benedicte Maurseth i Salen søndag. Hovudpersonen Endre i diktsamlinga Sigd er odelsgut på Vestlandet i den tida då mange andre reiste til Amerika for å skape seg eit betre liv. Endre er innkapsla i ættesamfunnet og i kjensla av plikt mot garden og slekta, så han

Søndag 26. juni 13.00–13.50 Salen, Ivar Aasen-tunet Sigd – ein poetisk konsert Kr 200 / student og ungdom 150

blir heime. Likevel må han også på eit vis skape seg eit nytt liv når det han har, ikkje blir som det skulle. – Eg har hatt stor glede av å samarbeide med musikarar før, først og fremst med materiale frå diktsamlinga Urd. Dette er eit nytt prosjekt, seier Ruth Lillegraven om konserten, som er eit samarbeid med felespelar Benedicte Maurseth. Noko av musikken er nyskriven, og noko er tradisjonelt slåttemateriale. – Eg har ein indre tekstrytme og merkar fort dersom noko ikkje stemmer når eg skriv. Eg tenkjer på dikt og musikk som nært i slekt. Det er mykje poesi i musikken, og musikk i poesien, seier Lillegraven. Benedicte Maurseth er også frå Hardanger. Ho er ein allsidig tradisjonsmusikar som har samarbeidd med fleire forfattarar. Mellom anna

Ruth Lillegraven (foto: Paal Audestad)

Benedicte Maurseth (foto: Ingvil Skeie Ljones)

har ho laga og framført musikken til Jon Fosses Andvake-trilogi, som

har vore spela på Det Norske Teatret denne våren.

Å skrive eit menneske Korleis oppstår ein litterær hovudperson? Laurdag kan du høyre Ruth Lillegraven og Marit Eikemo diskutere sine ulike innfallsvinklar i Salen i Aasen-tunet. Laurdag 25. juni 19.00–20.00 Salen, Ivar Aasen-tunet Mellom oss: Tett på hovudpersonen Kr 120 / student og ungdom 70

– Det tek ofte til med at eg ser for meg ei scene. Så veks hovudpersonen fram i møte med omgivnadene etter som scena spelar seg ut, seier Marit Eikemo. Ho har skrive fleire bøker med hovudpersonar som på ulike måtar feilar i sine forsøk på å finne ein plass i fellesskapen. – Eg er oppteken av lengten etter fellesskap på den eine sida, og det umoglege i å vere saman på den andre sida. Det går sjeldan særleg bra med hovudpersonane mine, dei finn seg ikkje til rette og gjer ofte feil. Kva skjer då, og korleis utviklar personen seg? Det hadde ikkje vore like

morosamt å skrive om eg visste alt om personane mine på førehand. Festspeldiktar Ruth Lillegraven tek ofte utgangspunkt i røyndom og spinn vidare på det. Historiene hennar har handla om personar som har vore heilt oppdikta, personar som har lånt visse trekk frå henne sjølv eller andre, og i eine boka, Manilahallen, skreiv ho om ein verkeleg person som lever no. – Men alle personane eg har skrive om, har eg blitt gradvis kjend med. Eg lagar ikkje noko rekneark med alle eigenskapane deira, seier ho. Samtalen blir leia av Margunn Vikingstad.

Marit Eikemo (foto: Agnete Brun)

Den levande lyrikken Med sine rim og rytmar har diktet alltid vore lett å hugse og lett å bruke i dei mest skiftande situasjonar. No er formene friare, men kva nye sjansar representerer den digitale kvardagen for diktet? Det er samtaletema på Møre Folkehøgskule laurdag føremiddag. Då bombene og skota small i Paris i november i fjor, bad A-magasinet ulike personar skrive ned dei umiddelbare reaksjonane sine.

Festspeldiktar Ruth Lillegraven var den einaste som skreiv dikt, eit heilt kort og tilsynelatande enkelt dikt om fortviling og trøyst i det kvardagslege. – Eg fekk mykje respons på det diktet. At folk ikkje bryr seg om dikt, stemmer kanskje når ein ser på hylleplass i bokhandlane, men dikt er eit godt og hendig format for å seie noko om aktuelle hendingar. Dikt passar faktisk godt i snapchat-tidsalderen, seier Lillegraven. Laurdag skal ho samtale med Øystein Hauge om lyrikken sin plass i folks hjarte. Hauge har utgitt ei rekkje diktsamlingar, og har mellom

anna samarbeidd med dagbladet.no om Haikuskolen, som vart forløparen til Diktkammeret, og om eit prosjekt der folk fekk haikudikt tilsendt på mobilen. Han skreiv også eit av dei mest delte dikta på nettet i fjor, eit dikt om søndagsopne butikkar. Samtaleleiar er litteraturvitar og kritikar Margunn Vikingstad.

Laurdag 25. juni 11.00–11.45 Matsalen, Møre Folkehøgskule Lyrikk i tida Kr 120 / ungdom 70

Øystein Hauge (foto: Kjell Herskedal, Scanpix)


Dei nynorske festspela • Ivar Aasen-tunet • 23.–26. juni 2016 • Ørsta og Volda 11

Lyrikk i Noreg og i verda Litteratur med Landro har vore ein populær programpost i fleire år. I år møter Jan H. Landro, tidlegare kulturredaktør i Bergens Tidende, to svært ulike lyrikarar. Først ut er festspeldiktaren sjølv, Ruth Lillegraven. Landro kjenner godt til forfattarskapen hennar og har mykje han kan tenkje seg å snakke med henne om. – Lillegraven har gjort det til ein spesialitet å skrive biografiar i lyrisk form, både frie biografiar, og ein som er basert på livsopplevingane til ei verkeleg kvinne. Den forma er ho

Fredag 24. juni 14.00–14.45 Salen, Ivar Aasen-tunet Litteratur med Landro: Festspeldiktaren Kr 150 / honnør 100 / student og ungdom 150

Jan H. Landro (foto: Jan M. Lillebø)

Ruth Lillegraven (foto: Aasen-tunet, Anders Aanes)

Knut Ødegård (foto: Milan Richter)

nokså åleine om, og det er det naturleg å ta opp, seier Landro.

I løpet av samtalen får vi også høyre smakebitar frå bøkene til festspeldiktaren. Knut Ødegård har ein lang diktarkarriere bak seg, som har involvert ei mengd ulike aktivitetar frå etableringa av Bjørnsonfestivalen i heimbyen Molde, til arbeid for menneskerettar, og kulturformidling mellom Island og Noreg. Han har skrive bøker innanfor ei rekkje sjangrar, og omsett bøker frå andre

språk. Nyleg har han gjendikta Den eldre Edda til moderne norsk. Den siste festspeldagen samtalar han med Jan H. Landro om sin eigen lyrikk på norsk og i omsetjingar, og om det vidtfemnande internasjonale arbeidet hans – ein naturleg konsekvens, meiner han sjølv, av å bli omsett til andre språk tidleg i karrieren.

Søndag 26. juni 14.30–15.15 Salen, Ivar Aasen-tunet Litteratur med Landro: Knut Ødegård Kr 120 / student og ungdom 70

Utferd og heimlengt Kva gjer at vi kjenner oss heime ein stad? Det kan du utforske gjennom poesi og musikk fredag. Heimstad og tilknyting er viktige tema i festspeldiktar Ruth Lillegravens diktsamling Urd. Det er det også i tidlegare festspeldiktar Guri Sørumgård Botheims poesidebut, Heime mellom istidene. Botheim er frå Lesja, men bur i Trondheim. – I Trondheim er heime snevra inn til eit inneområde, medan det på Lesja er fjella og eit stort område som kjennest heimleg, sa Botheim til Framtida.no då diktsamlinga kom ut. I Salen les forfattarane sjølve frå Guri Sørumgård Botheim diktsamlingane sine før Ingebjørg (foto: Benedikte Skarvik) Loe Bjørnstad og Frode Haltli avslutder eg vaks opp, fortel Bjørnstad. tar med konserten Hæm. – Det var ikkje meininga å skrive Songane du får høyre, er skrivne om heimstaden, men i ettertid såg eg av Ingebjørg Loe Bjørnstad på henat det handla mykje om barndomsnar eigen surnadalsdialekt. Haltli er ein internasjonalt anerkjend musikar minne, om å bli vaksen og om å lure på kvar ein høyrer heime. med eit breitt repertoar. Inspirasjonen til å bli songar fekk – Eg skreiv songane då eg som Bjørnstad då ho for mange år sidan vaksen budde eit par år i Surnadal,

Frode Haltli og Ingebjørg Loe Bjørnstad (foto: Kjell Gunnar Polden) gjekk på folkehøgskule i Ørsta. Der våga ho å prøve seg som vokalist. – Så å kome tilbake og framføre dette materialet, blir også litt som å kome heim, seier ho.

Fredag 24. juni 17.00–18.30 Salen, Ivar Aasen-tunet Heime – hæm Kr 250 / honnør, student og ungdom 200 / barn 150


12 Dei nynorske festspela • Ivar Aasen-tunet • 23.–26. juni 2016 • Ørsta og Volda

t s Fe ll spre

Dei nynorske festspela har mykje å by på også for dei yngre festspelpublikummarane. Kva med fargedag i Volda bygdetun eller latterteater i Aasen-tunet?

Eg ler meg ihel Fredag føremiddag står latteren i sentrum i Uteamfiet i Aasen-tunet. Det er skodespelarane Ingeborg Stige og Frøydis Flotve som har laga framsyninga Eg ler meg i hel, basert på

faktaboka He he av Erna Osland. – Det er ei bok om den livsviktige latteren. Latter kan vere ein døropnar og er eitt av få fenomen i verda som kan knyte saman menneske uavhengig av bakgrunn og språk, fortel Flotve. Med framsyninga vil dei to setje søkjelys på at leik og latter er livsviktig både for born og vaksne. – Latter er universelt, men likevel svært personleg. Klovnen er hovudpersonen, og klovnefiguren får fram den livsviktige latteren, på same tid som klovnen representerer både sorg og redsle med latteren han utløyser. Dei to skodespelarane vonar dei kan få publikum til å tenkje meir på dei mange funksjonane latteren har.

Korleis har vi det saman, kven ler vi av, og kven ler vi med? Kva skjer med oss når vi ler, og kva skjer om vi sluttar med det? Framsyninga passar for alle, men hovudmålgruppa er born frå 3 til 6 år. Etter framsyninga blir det latterløype og aktivitetar rundt om i tunet.

Fredag 24. juni 11.00–11.30 Ivar Aasen-tunet Eg ler meg ihel 11.30–13.30 Utandørsaktivitetar Kr 50

Jakta på firkløveren Mange kjenner Christian Wiik Gjerde frå tida som programleiar i Superblokka i NRK P1. No er han også forfattar, ein draum han har hatt lenge. Laurdag kan du høyre han lese frå og fortelje om boka på Ørsta folkebibliotek. Det blir konkurransar og aktivitetar med bokpremiar, før vi avsluttar med bollar til alle. Jakta på firkløveren handlar om Alvar, som er besteven med Jens, og som bur på ei øy i havgapet. Ein

då han fekk Kulturdepartementets dag kjem ein ny gut flyttande. Alvar, nynorskpris for journalistar i 2013. som trudde at no når dei er tre, blir det trippelt så kjekt, oppdagar at det ikkje er så enkelt. Men korleis kan Christian Wiik Gjerde han ordne opp i forviklingane? (foto: Carl Christian Raabe) – Temaet i boka er venskap, sjalusi og kva ein gjer i møte med det nye, Laurdag 25. juni seier Gjerde. 11.00–12.00 – Som lærar og programleiar har eg lenge samla inspirasjon frå born Ørsta folkebibliotek eg har møtt, og venskap og sjalusi ser Jakta på firkløveren eg overalt, ikkje berre hos born. Kr 50 Gjerde har vitja Festspela tidlegare,

På Barneboktua Søskenparet Mari og Magnus står overfor eit mysterium: Det er kviletid i barnehagen, men alle smokkane er forsvunne! Har det vore ein smokketjuv på ferde? Heldigvis er Mari og Magnus gode både til å spionere og halde vakt, så vonleg greier dei å løyse mysteriet. Festspeldiktar Ruth Lillegraven har skrive fleire bøker om Mari og Magnus, i lag med illustratør og biletkunstnar Inger Landsem. Bøkene passar for dei minste borna, og søndag ettermiddag blir det høgtlesing frå mysteriet med smokketjuven på Høgetua ved Aasen-tunet, og på barneboktuer i kommunane ikring:

Volda: Heltnelihuken Ulsteinvik: Osberget Hareid: Rotarystien Herøy: Herøy gard Sula: Uteskuleplassen på Fiskarstranda Hornindal: Gapahuken ved skuleplassen Stryn: Leikeplassen i Tonningsbakkane

Søndag 26. juni 13.00–13.30 Høgetua, Ivar Aasen-tunet og på barneboktuer i kommunane rundt På Barneboktua Gratis

Festsprell er i samarbeid med Ørsta folkebibliotek, Volda folkebibliotek, Samlaget, Skald, Nynorsksenteret, Volda fotball, Volda bygdetun, Westre Bakeri og barneboktuene.


Dei nynorske festspela • Ivar Aasen-tunet • 23.–26. juni 2016 • Ørsta og Volda 13

Leseland på biblioteket Anna Folkestad og Vegard Markhus er begge forfattarar og illustratørar med ei rad barnebøker bak seg. Den nyaste boka til Folkestad handlar om Besta og Bo, som vil vinne ein krabbefiskekonkurranse. Det er lettare sagt enn gjort, men kanskje Bo kan hjelpe Besta ut av krabbekrisa? Markhus har skrive om Rine og Ravi som må trå til då Lærar-Knut får den utruleg dårlege ideen å ta med klassen på epleslang for å stele eple til å rekne med i mattetimen.

Bøkene er ein del av Samlaget sin Leseland-serie for born som nett har lært seg å lese. Fredag blir det lesestund med begge forfattarane på Volda folkebibliotek.

Fredag 24. juni 12.30–13.15 Volda folkebibliotek Leseland på biblioteket Kr 50

Alle mann i forsvar Barcelona-gjengen har enno aldri vunne ein kamp mot Storebø. No vil trenarane sikre seg mot eit nytt tap ved å setje alle mann i forsvar. Men er det verkeleg måten å spele bra fotball på? Det tykkjer ikkje Leo, og når trenarane dessutan er foreldra hans, må han vise dei at feiging-fotball ikkje er noko for Barcelona-gjengen. – Bøker om fotball er ofte skrivne for å vere morosame og få folk til å le,

Fredag 24. juni 09.00–09.45 Volda stadion Alle mann i forsvar Gratis

men i bøkene om Barcelona-gjengen prøver eg å ta fotballen på alvor. Her er ingen ironisk distanse, Barcelonagjengen er superinteresserte i fotball og forgudar Barcelona, fortel forfattar Atle Berge, som så langt har skrive fire bøker i det som skal bli ein serie på sju. Kvar bok har ein ny spelar som hovudperson. På Volda stadion fredag morgon les Berge frå boka Alle mann i forsvar, og deretter er det fritt fram å prøve å score mål på ein av keeperane frå Volda Fotball, og på Ragnfrid Trohaug, forlagsredaktør i Samlaget. Det er slett ikkje første gongen Trohaug vaktar målet, så her er det best å finstille scoringsfoten. Frå Festspela 2013 (foto: Guro Kvammen)

Fargerik familiedag Laurdag ettermiddag er det fritt fram for å slå seg laus med fargar på Volda bygdetun. Visste du til dømes at ein i gamle dagar brukte å farge saueulla med plantar og lav som ein samla i naturen? No kan du få vere med på prosessen og sjå kva fargar dei ulike

plantane gir. – Det spennande er at når ein varierer mengda av planten ein brukar, eller haustar på ulike tidspunkt, blir resultatet forskjellig. Ein har ikkje heilt kontroll på prosessen, og det er spennande å sjå korleis den kvite ulla skiftar farge med enkle middel, og korleis ho blir sjåande ut til slutt, seier avdelingsleiar Cecilie Rørstad ved Volda bygdetun. Og det er ikkje berre heimlege ingrediensar som blir brukte. Ein type lus som lever på kaktus i SørAmerika, vart importert til Noreg i fleire hundre år, for å kunne brukast til farging. Kva farge dei lagar, får du sjå i bygdetunet. Ruth Lillegraven les frå Mari og Magnus hos bestemor. Anna Folkestad har skrive og illustrert boka Unni og Gunni malar. Ho vil lese frå boka, og

Volda bygdetun (foto: Volda bygdetun) det blir maleaktivitetar etterpå. Kle deg i maleklede og ver budd på å bli endå meir fargerik før ettermiddagen er omme.

Laurdag 25. juni 13.00–15.00 Volda bygdetun Fargerik familiedag Kr 50


14 Dei nynorske festspela • Ivar Aasen-tunet • 23.–26. juni 2016 • Ørsta og Volda

Ut med språket! Ungdom er engasjerte i mykje, men engasjementet kjem ikkje alltid til uttrykk. Fredag blir Volda samfunnshus arena for debatt og kåring av beste kronikkskribent. For fjerde gong har Festspela og Sunnmørsposten arrangert skrivekonkurranse for ungdom mellom 16 og 20 år. I år har sjangeren vore kronikk, med utgangspunkt i årets festspeltema, Morsmål. På ungdomsarrangementet fredag røper juryleiar Marit Eikemo kven som har hamna på topp i konkurransen. Men før vi kjem så langt, blir det høve til å delta på debattkurs for ungdom. Det er Svein Olav B. Langåker, redaktør i Framtida.no, som leier kurset. – Det kjem til å handle om korleis ein debatt går føre seg, med vekt på det å leie ein debatt. Ungdom må kunne arrangere debattar sjølve når

Ungdom er engasjerte (foto: Framtida.no.) det er noko dei tykkjer er viktig å ta opp. Debattleiing inneber å få vist fram ulike sider ved saka og følgje opp spørsmål som blir stilte undervegs, slik at alle partane blir involverte, fortel Langåker.

Viktig med debattarena Han vil også kome med tips til korleis ein kan handtere problem undervegs, som når nokon ikkje følgjer reglane, prøver å kuppe debatten eller ikkje held tida. Ein prøvedebatt gir høve til å trene på teknikkane. Under ungdomsarrangementet etter kurset vil det bli ein verkeleg debatt om språk og integrering, der ein kan få debattere med publikum i salen. – I Framtida.no er vi opptekne av å synleggjere det engasjementet som finst hos ungdom, og å styrkje det. Det er viktig at ungdom har arenaer å debattere på, anten det

skjer gjennom spaltene våre eller på debattmøte, seier Langåker. Sist, men ikkje minst, vil teikneserieskaparen Øystein Runde fortelje om det å lage teikneseriar på nynorsk. Runde er ei særmerkt stemme i norsk teikneserieflora og står mellom anna bak den vestlandske superhelten Bjartmann, vikingserien Soga om Olav Sleggja, teikneseriedokumentaren Moskva og fleire forteljingar om Dei fire store, der Bjørnson, Ibsen, Kielland og Lie jaktar på troll og zombierobotar når dei ikkje skriv bøker.

Fredag 24. juni 13.00–16.00 Volda samfunnshus Debattkurs for ungdom Øystein Runde (foto: privat)

Kr 50, meir info og påmelding på festspela.no

Svein Olav B. Langåker (foto: Framtida.no)

Ivar Aasen

Banning er ei form for kraftig kjensleutbrot der det blir nytta tabuord. Tradisjonell norsk banning inneheld ord som er knytte til religion, men i andre språk kan dei grovaste bannorda syne til kroppsfunksjonar og sjukdom. Les meir på www.allkunne.no

Ruth Lillegraven

Kr 50

Språk i verda

Allkunne

Ivar Andreas Aasen, språkforskar, språkgrunnleggjar og diktar. Han endra den språklege framtida i Noreg og forma skriftspråket nynorsk på grunnlag av talemål frå heile landet.

Afrikaans, arabisk, cree, engelsk, færøysk, guaraní, islandsk, jødespansk, khoekhoe, mandarin, nahuatl, pirahã, russisk, samiske språk, tamasjek, urdu, wolof og mange fleire artiklar om språk signert Rolf Theil.

Allkunne er eit nynorsk digitalt oppslagsverk. Alle tekstar er vurderte redaksjonelt og språkvaska.

Les meir på www.allkunne.no

Les meir på www.allkunne.no

Les meir på www.allkunne.no

ELLE mELLE Foto: Paal Audestad / Tiden Norsk Forlag

Banning

Fredag 24. juni 17.00–18.30 Volda samfunnshus Ungdomsarrangement


Dei nynorske festspela • Ivar Aasen-tunet • 23.–26. juni 2016 • Ørsta og Volda 15

Seminar om lettlesne bøker for born Synest du det er vanskeleg å finne gode nynorske barnebøker for born som lærer å lese? Tilbodet av lettlesne bøker på nynorsk har aldri vore betre enn det er no, og under Festspela kan du få betre kjennskap til kva som finst å velje i, og korleis bøkene er laga. Fredag 24. juni 10.00–13.15 Volda samfunnshus Leseland – om lettlesne bøker Seminar Kr 100

– Med serien Leseland har vi no fått endå fleire bøker med gode historier, fengjande tema og lettlesen tekst. Leseland stimulerer og inspirerer ferske lesarar, seier formidlar Liv Astrid Skåre Langnes i Aasen-tunet. Formidlarar frå Nynorsksenteret vil presentere alle bøkene i den nye serien og fortelje om andre gode, lesevenlege barnebøker på nynorsk. Forfattarane og illustratørane Vegard Markhus og Anna Folkestad fortel om korleis dei arbeider når dei skriv og illustrerer bøker for born. Seminaret «Leseland – om lettlesne bøker» er for deg som arbeider med born og bøker, og for deg som sjølv har born i alderen 5–10 år. Som avslutning les forfattarane i Volda folkebibliotek. Under seminaret blir det enkel servering og sal av bøker.

Vegard Markhus (foto: Bjarte Bjørkum)

Anna R. Folkestad (foto: Bodil Haga 2013)

Treng idrettslaget, skulen eller laget ein enkel måte å ta betalt på? Nokon har kontantar, nokon har kun kort, men mobil har alle. No kan lag, organisasjonar og skular ta seg betalt for alt frå parkering til pølser på mobilen! Det er enkelt å registrere seg og kome i gong med mCASH. Mange ulike arrangørar, lag og organisasjonar er allereie godt i gong. Kom i gong du også på mCASH.no


16 Dei nynorske festspela • Ivar Aasen-tunet • 23.–26. juni 2016 • Ørsta og Volda

Dei nynorske f Torsdag 23. juni

Fredag 24. juni

10.00 Ivar Aasen-statuen, Ørsta Blomar ved bauta: Ivar Aasen-statuen

09.00–10.30 Kafeen, Aasen-tunet Frukost i tunet Ole Lislerud

12.00–12.30 Kantina Furene AS, Volda Kaffi, bokstaveleg talt Eirik Ingebrigtsen les

09.00–09.45 Volda stadion Festsprell: Alle mann i forsvar Forfattar Atle Berge og Ragnfrid Trohaug

12.00–12.45 Salen, Aasen-tunet Medietimen Utdeling av Kulturdepartementets nynorskpris for journalistar Arrangør: NRK Nynorsk mediesenter

16.30 Kunsthuset, Ørsta Ole Lislerud: Kalligrafi – ÆØÅ Opning av kunstutstilling med kunstnaren til stades Arrangør: Volda og Ørsta kunstlag Gratis

18.00–19.00 Salen, Aasen-tunet Opningshøgtid Opningstale av Jon Aasen Festspeldiktar Ruth Lillegraven Utdeling av prisen Årets nynorskbrukar 2016 Programleiar: Hibba Sarmadawy Kr 150 / S U 100

Rett etter opningshøgtida Blomar ved bauta: Ivar Aasen-bautaen Festspeldiktaren les og kransar bautaen 19.30–20.15 Ute, Aasen-tunet Kurt Johannessen: Det å drikke vatn saman med eit tre Levande kunst Gratis

20.00–20.30 Salen, Aasen-tunet Årets nynorskbrukar 2016 Martine Rørstad Sand i samtale med Audhild Gregoriusdotter Rotevatn Kr 150 / S U 70

21.00–22.15 Uteamfiet, Aasen-tunet Heine Totland og Gisle Børge Styve: Morsmål er kome for å bli Konsert Kr 300 i amfiet / 275 / U 225 / B 200

23.00–02.00 Møre Folkehøgskule, Ørsta Målbar 23.30–23.45 «Um nætene låg eg ofte og lydde etter susen i lauvet» Ruth Lillegraven om Olav H. Hauge Kr 50

Kr 100 for frukost

Lesing, dribling og skåring Gratis

10.00–13.15 Volda samfunnshus Leseland om lettlesne bøker Seminar Kr 100

10.30–11.15 Salen, Aasen-tunet Ivar Aasen-minneforedraget: Morsmål i det fleirspråklege samfunnet Unn Røyneland Kr 120 / U 70

11.00–11.45 Volda omsorgssenter Kjent og kjært i ord og tonar Ruth Lillegraven og Songlaget i BUL i Oslo Gratis

11.00–11.30 Uteamfiet, Aasen-tunet Festsprell: Eg ler meg ihel Framsyning basert på boka He-he av Erna Osland med Ingeborg Stige og Frøydis Flotve 11.30–13.30 Utandørsaktivitetar, latterløype. Høver best for born 3–6 år Kr 50

11.00–17.00 Kunsthuset, Ørsta Ole Lislerud: Kalligrafi – ÆØÅ Kunstnaren er til stades 12.00–13.00 Volda statlege mottak, Volda Morsmålskafé Dessale B. Abraham les Gratis

Gratis

Gratis

12.30–13.15 Volda folkebibliotek Festsprell: Leseland på biblioteket Lesestunder med forfattarane Anna Folkestad og Vegard Markhus Høver best for born 6–10 år

15.00–15.45 Salen, Aasen-tunet Kvardagen med ulike morsmål Hibba Sarmadawy, Arpád Kun og Anders Nilsen Samtaleleiar: Heidi Fagna Kr 150 / H 100 / S U 50

17.00–18.30 Samfunnshuset, Volda Ungdomsarrangement Kåring av vinnar i skrivekonkurransen Debatt om språk og integrering Teikneserieskapar Øystein Runde Kr 50

Kr 50

17.00–18.30 Salen, Aasen-tunet Heime – hæm Forfattarane Ruth Lillegraven og Guri Sørumgård Botheim, Ingebjørg Loe Bjørnstad, song, og Frode Haltli, trekkspel

13.00–13.45 Bakk-Ola-marka, Ørsta Ei reise i tid Ingunn Røyset les Frode Haltli, trekkspel

20.00–21.15 Uteamfiet, Aasen-tunet Ingebjørg Bratland Konsert

Kr 250 / H S U 200 / B 150

Gratis

Kr 350 i amfiet / 325 / S U 250 / B 200

13.00–13.45 Salen, Aasen-tunet Verda den vide: Morsmål er det språket du kan banne på Foredrag ved Guy Puzey, omsetjar av bøkene til Maria Parr

22.00–22.45 Salen, Ivar Aasen-tunet B.R.U.S. Platekåseri med vinyl med Olav Hove og Arild Torvund Olsen

Kr 120 / S U 70

13.00–16.00 Samfunnshuset, Volda Debattkurs for ungdom Svein Olav B. Langåker, redaktør i Framtida.no

Påmelding på festspela.no, 16–20 år. Kr 50

14.00–14.30 Kantina Tussa, Hovdebygda Kaffi, bokstaveleg talt Eirik Ingebrigtsen les Gratis

14.00–14.45 Salen, Aasen-tunet Litteratur med Landro: Festspeldiktaren Ruth Lillegraven i samtale med Jan H. Landro Kr 150 / H 100 / S U 50

Kr 100

23.00–02.00 Møre Folkehøgskule, Ørsta Målbar 23.30–24.00 Historia om Eirik Raude Lysbiletshow ved Øystein Runde Kr 50

Opningstider i Ivar Aasen-tunet Torsdag 23. juni 1000–2400 Fredag 24. juni 900–2400 Laurdag 25. juni 1000–2400 Søndag 26. juni 1000–1800


Dei nynorske festspela • Ivar Aasen-tunet • 23.–26. juni 2016 • Ørsta og Volda 17

festspela 2016 Laurdag 25. juni 10.30 Gågata, Ørsta sentrum Festspelfrukost 11.00 Volda sentrum Festspelfrukost

Søndag 26. juni 13.00–15.00 Salen, Aasen-tunet Menneske og språk på vandring Utstilling, foredrag og samtale Kr 150 / H 100 / S U 50

11.00–11.45 Møre Folkehøgskule, Ørsta Lyrikk i tida Ruth Lillegraven og Øystein Hauge Samtaleleiar: Margunn Vikingstad

14.00–14.30 Det Grøne Treet, Volda Kaffi, bokstaveleg talt Marit Eikemo les frå Alt inkludert

11.00–12.00 Ørsta folkebibliotek Festsprell: Jakta på firkløveren Christian Wiik Gjerde les frå boka si Konkurransar og leikar, bokpremiar Høver for born 8–12 år

15.30–16.30 Salen, Aasen-tunet Det nye landet Jorun Systad, biblioteksjef på Førde bibliotek, fortel om skriveprosjektet med flyktningar som resulterte i boka Det nye landet. Høgtlesing og musikkinnslag

Kr 120 / U 70

Kr 50

Kr 50 / U 30

Kr 120 / S U 70

11.00–13.30 Kunsthuset, Ørsta Kurs i kalligrafi med kunstnar Ole Lislerud For ungdom i alderen 12–15 år Arrangør: Volda og Ørsta kunstlag Gratis

12.00–12.30 Fru Svendsen kunst- og kulturkafé, Ørsta Kaffi, bokstaveleg talt Omsetjar Jostein Sæbøe les dikt av George Mackay Brown og samtalar med Knut Ødegård om diktaren og språket hans Kr 50 / U 30

12.00 Spinneriet kjøpesenter, Volda Parkert piano og Songlaget i BUL i Oslo Gratis

17.00–18.00 Volda kyrkje Den song som allting heilar Konsert med Songlaget i BUL i Oslo, dirigent Vegar Sandholt Jorun Marie Kvernberg, fele Arrangør: Songlaget i BUL i Oslo Kr 180 / U 130 / B 90

19.00–20.00 Salen, Aasen-tunet Mellom oss: Tett på hovudpersonen Ruth Lillegraven og Marit Eikemo om det å skrive fram ein litterær hovudperson Samtaleleiar: Margunn Vikingstad Kr 120 / S U 70

21.00–22.15 Uteamfiet, Aasen-tunet Simone Eriksrud og Bugge Wesseltoft Konsert

Kr 300 i amfiet / 275 / S U 225 / B 150

13.00–15.00 Volda bygdetun Festsprell: Fargerik familiedag Farging av ull, språk- og fargeaktivitetar. Høgtlesing av forfattarane Ruth Lillegraven og Anna Folkestad Kr 50

23.00 Det Grøne Treet, Volda Kviss med Allkunne.no Audhild Gregoriusdotter Rotevatn Kr 50

23.00–02.00 Møre Folkehøgskule, Ørsta Målbar

Med atterhald om endringar Oppdatert program på festspela.no Artiklar om fleire av utøvarane på allkunne.no

11.00–12.00 Uteamfiet, Aasen-tunet Festspelgudsteneste Preike: Hans Johan Sagrusten Ruth Lillegraven les eigne tekstar Songlaget i BUL i Oslo Liturg: Arne Moltubak Organist: Bert Handrick Arrangør: Volda sokneråd i samarbeid med Ørsta sokneråd 12.00–17.00 Kaf éen og Jostein Nerbøvikplassen, Aasen-tunet Kyrkjekaffi og søndagskafé 12.00 og 13.00 Ved Hovden Møbel Hovderittet Sjå informasjon på www.orstask.no Arrangør: Ørsta sykkelklubb 13.00–13.30 Høgetua ved Aasen-tunet og på barneboktuer i kommunane rundt (sjå side 12) Festsprell: På Barneboktua Høgtlesing av Mari og Magnus og smokketjuven, skriven av Ruth Lillegraven Høver best for born 3–6 år

13.00–13.50 Salen, Aasen-tunet Sigd – ein poetisk konsert Ruth Lillegraven les, Benedicte Maurseth, fele Kr 200 / S U kr 150

13.00–14.00 Uteamfiet, Aasen-tunet På kyrkjebakken 13.00 Salmekunstnaren Peter Hognestad Foredrag ved biograf Per Halse 13.30 Språk for tru Migrantar og morsmål i Den katolske kyrkja på Sunnmøre Foredrag ved Anders Aschim Gratis 14.30–15.15 Salen, Aasen-tunet Litteratur med Landro: Knut Ødegård Kr 120 / S U 70

16.00–17.30 Uteamfiet, Aasen-tunet Aasen-stemnet 2016 Stemnetale: Johan Myking Konsert med Jovan Pavlovic Trio Jovan Pavlovic, trekkspel, Gjermund Silset, kontrabass, og Helge Norbakken, perkusjon Kr 200 / H 150 / U B 100

Gratis

Utstillingar under Festspela Kunstgata, Ørsta, opnar 22. juni kl. 17.00 Kunsthuset, Ørsta Ole Lislerud: Kalligrafi – ÆØÅ Salsutstillinga er open kvar dag under Festspela og står t.o.m. 3. juli Ivar Aasen-tunet Temautstilling: Menneske og språk på vandring Basisutstilling om nynorsk skriftkultur

Ungdomsprisane er støtta av ordninga Kulturrabatt for ungdom Forkortingar i programmet: student (S), ungdom (U), honnør (H), born (B)


18 Dei nynorske festspela • Ivar Aasen-tunet • 23.–26. juni 2016 • Ørsta og Volda

Opning på fleire morsmål Jon Aasen, fylkesordførar i Møre og Romsdal, opnar Dei nynorske festspela 2016. Opningshøgtida blir det første møtet med festspeldiktar Ruth Lillegraven, og her blir prisen Årets nynorskbrukar 2016 utdelt. – Fylkestinget i Møre og Romsdal vedtok i april at nynorsk framleis skal vere administrasjonsspråket til fylkeskommunen, og vi synest difor det er flott at fylkesordføraren vil opne Festspela i år, seier programansvarleg Åshild Widerøe. Festspeldiktar Ruth Lillegraven møter publikum med ein ny tekst skriven spesielt for denne dagen. Dagens programleiar, journalisten Hibba Sarmadawy, er fødd i SaudiArabia med far frå Syria og mor frå Libanon. I Noreg busette familien seg i Øystese, der ho tileigna seg dialekten og det nynorske skriftspråket. Men morsmålet hennar er arabisk, og ho vil lese eitt av Lillegraven sine dikt på dette språket.

Torsdag 23. juni 18.00–19.00 Salen, Ivar Aasen-tunet Opningshøgtid Kr 150 / student og ungdom 100

Ruth Lillegraven (foto: Kjerstin Gjengedal)

Hibba Sarmadawy (foto: Sigrid Agnethe Hansen, NRK)

Tradisjonen tru er opningshøgtida også staden for utdeling av prisen til Årets nynorskbrukar. Prisen går i år til Martine Rørstad Sand for innsatsen hennar for å gjere det lettare å vere nynorskbrukar i den digitale kvardagen. Sand har omsett Facebook, dataspel og programvare til nynorsk. Publikum får dessutan høyre utdrag frå Um sakne springe blome som kjem ut til hausten, av debutanten Catherine Blaavinge Bjørnevog. – Språket i boka kom av seg sjølv. Det var ei slags språkleg openberring, eg skreiv ned det eg såg og høyrde, seier Bjørnevog, som i skriveprosessen vart nøydd til å lage si eiga ordJon Aasen, fylkesordførar i Møre og bok for språket ho skreiv på. Romsdal, (foto: Møre og Romsdal fylke)

Catherine Blaavinge Bjørnevog (pressefoto)

Ho som gjorde jobben Årets nynorskbrukar 2016 får prisen fordi ho gjorde jobben. Martine Rørstad Sand (26) på Hamar har omsett både Facebook, dataspel og programvare til nynorsk.

Årets nynorskbrukar 2011–2015 2011 Linda Sæbø 2012 Ingvild Bryn og Arill Riise 2013 Gunnar Skirbekk 2014 Aasmund og Odd Nordstoga 2015 Jorunn Veiteberg

Det er 16. gong prisen blir utdelt. I år hadde styret i Nynorsk kultursentrum heile 52 kandidatar til prisen. Sand får prisen for sin eineståande innsats i arbeidet med å gjere det lettare og kjekkare å vere nynorskbrukar i dataspel og sosiale medium. Nynorsk er eitt av vel 100 menyspråk i Facebook, takka vere arbeidet til Sand. Arbeidet innebar å omsetje 27 000 ord. – Eg er svært overraska over å bli tildelt denne prisen, seier Sand. – Nynorsk har hatt svært mykje å seie for meg, og det er fint å sjå at arbeidet mitt for å synleggjere det språket eg elskar, blir lagt merke til av andre. Under Festspela er det ho som får merksemda. Under opningshøgtida deler nestleiar Grete Riise ut

prisen, som er på 100 000 kroner. Seinare same kvelden samtalar prisvinnaren med dagleg leiar Audhild Gregoriusdotter Rotevatn i Allkunne. Dei to har mykje å snakke om i det digitale.

Torsdag 23. juni Kl. 20.00–20.30 Salen, Aasen-tunet Årets nynorskbrukar 2016 Kr 150 / student og ungdom 70

Martine Rørstad Sand (foto: Klas Klokkernes Lothe)


Dei nynorske festspela • Ivar Aasen-tunet • 23.–26. juni 2016 • Ørsta og Volda 19

LYKKE TIL MED FESTSPELA www.TINDEtrykk.no

Turbuss på Søre Sunnmøre Tlf. 700 74 700 - bussmore@nettbuss.no

Bokstav­ sommaren

Erna Osland og Inger Lise Belsvik har laga ei gjennomillustrert samling med forteljingar til alle bokstavane i alfabetet. Tekstane kan lesast saman­ hengande, men det er òg mogleg å lese dei frittståande. I Bokstavsommaren møter borna mellom anna ærfugl, eremittkreps, ålekvabbe og o­skjel – og bokstavane deira. Alle tekstane finn du gratis på nynorsksenteret.no/bokstavsommaren

NyNorskseNteret

NYT SOMMAREN I ULSTEINVIk Quality Hotel Ulstein ligg fint til ved sjøen i den maritime småbyen Ulsteinvik. • 119 hotellrom – mange med sjøutsikt • 4 store, flotte suiter • Oljepiren Bar & Restaurant • Uterestaurant Beddingen • 13 møterom av ulik storleik • Gratis parkering Vi har gode sommarprisar og du er hjarteleg velkomen til eit opphald hos oss! Quality Hoteltm ulstein Tlf. 700 13 000 - e-post: q.ulstein@choice.no

Billeg hyttestraum innkjøpspris + fastbeløp kr 1,- pr. dag. tindekraft hytte er ein gunstig spotavtale, du betalar det same som vi kjøper straumen for på Nord-Pool + kr 1,- pr. dag. Påslag som inkluderer el-sertifikat kjem i tillegg. Avtalen krev at du også vel ein straumavtale til huset ditt. E-postfaktura eller eFaktura må nyttast som betalingsmåte.

Illustrasjon: Mikael Tabutiaux

www.tussa.no

Scan qr-koden og få eit spesaltilbod til både hus og hytte!


20 Dei nynorske festspela • Ivar Aasen-tunet • 23.–26. juni 2016 • Ørsta og Volda

Pris til skarp penn og tunge Jon Hustad får Kulturdepartementets nynorskpris for journalistar 2016 Dag og Tid-journalisten, TV 2-profilen og debattanten Jon Hustad får Kulturdepartementets nynorskpris for journalistar for 2016. – Hustad har skarpe analysar, ein skarp penn – og ei skarp tunge. Han kan oppfattast som ein rabulist, men han inntek ofte rolla som folkedjupet sin velutdanna talsmann, skriv juryen. – Å vere reaksjonær no for tida er så slitsamt at til og med eg framstår som moderat, seier Jon Hustad, som er glad og forundra over å få prisen. – Jon Hustad er ein uredd journalist som baserer seg på fakta og grundige undersøkingar når han vågar å utfordre det politisk korrekte og stille spørsmål ved etablerte sanningar. Hustad har markert seg som ei kritisk og viktig røyst i den norske samfunnsdebatten, både i avis, på TV og i sosiale medium, skriv juryen. Hustad sjølv hadde ikkje rekna med å få ein målpris. – Eg er veldig glad, men også veldig forundra. Eg har alltid oppfatta nynorskrørsla å

vere langt til venstre i det politiske landskapet. Der er ikkje eg. Difor hadde eg ikkje rekna med å få ein slik pris. Men eg takkar ja med begge hender, seier Hustad. Juryen omtalar Hustad som ein kunnskapsbasert kranglefant som brukar eit godt og levande nynorsk for å fremje sakene og meiningane sine. Prisen er på 50 000 kroner og vert delt ut under Medietimen. Håkon Haugsbø deler ut prisen og intervjuar prisvinnaren etterpå. Det kan bli ei underhaldande stund, gratis og open for alle. Nynorsk mediesenter

Jon Hustad (foto: Axel Iversen)

Fredag 24. juni 12.00–12.45 Salen, Aasen-tunet Medietimen Gratis

Kulturdepartementets nynorskpris for journalistar 2011–2015 2011 Njord V. Svendsen, Bergens Tidende 2012 Katrin Sele, Firda, og Hilde Sandvik, Bergens Tidende

2013 Christian Wiik Gjerde, NRK Super 2014 Ingunn Solheim, NRK 2015 Jan Zahl, Stavanger Aftenblad

Frå det nynorske vinylskattkammeret Etter tallause oppmodingar blir det nytt møte med godbitar frå den nynorske vinylhistoria, denne gongen med søkjelys på føregangspersonar innanfor den nynorske populærmusikken. Det er platesamlar Arild Torvund Olsen og allmennlærar Olav Hove, kjend frå Utakt på NRK P1, som presenterer det musikalske utvalet. Dei to heldt platekåseri på Festspela

Fredag 24. juni 22.00–22.45 Salen, Ivar Aasen-tunet B.R.U.S. Kr 100

i 2015, og no tek dei soga vidare i Salen i Aasen-tunet fredag. – Den tematisk raude tråden denne gongen blir føregangspersonane: den første nynorske rocken, den første punken og så bortetter, seier Olsen. Eit døme er den første norske punksingelen Du er eit svin, med Noregs punklag. Den vart utgitt i 1977, før punken fekk fotfeste i Noreg. – Det er rett nok eit definisjonsspørsmål om gruppa fanst eller ikkje, vedgår Olsen. Det viste seg nemleg at Noregs punklag eigentleg var Jahn Teigen og humorgruppa Prima Vera, som hadde laga ein coverversjon av Sex Pistolslåta God Save the Queen, på nynorsk. – Så den første norske punkplata var altså ein parodi på nynorsk. Olsen fortel at det stadig kjem nye

Arild Torvund Olsen (foto: Nynorsksenteret)

Olav Hove (foto: Ole Henrik Kalviknes)

nynorske vinylplater på marknaden, slik at samlinga hans stadig veks. Men kveldens repertoar vil stort sett

vere henta frå 50-, 60- og 70-åra. – Har du ein personleg favoritt? – Ivar Medaas. Han er alltid med.


Dei nynorske festspela • Ivar Aasen-tunet • 23.–26. juni 2016 • Ørsta og Volda 21

Religion på morsmålet Søndag er kviledag, men også ein god dag for å lære noko nytt. Under Festspela kan du høyre to foredrag som på kvart sitt vis tek opp tilhøvet mellom religion og språk. Peter Hognestad var bondesonen frå Jæren som vart biskop i Bergen i 1916. Han var Noregs første «målbiskop», men vegen dit var ikkje berre lett. Då han insisterte på å få førelese på landsmål som lærar ved Menighetsfakultetet, var det mange som trekte støtta si til institusjonen. I år er det 150 år sidan Hognestad vart fødd. Han var ein pioner for

Søndag 26. juni 13.00–14.00 Uteamfiet, Ivar Aasen-tunet På kyrkjebakken 13.00 Salmekunstnaren Peter Hognestad 13.30 Språk for tru Migrantar og morsmål i Den katolske kyrkja på Sunnmøre Gratis

nynorsk kyrkjespråk, var hovudredaktør for den første Bibelen på landsmål og laga Nynorsk Salmebok saman med Anders Hovden og Bernt Støylen. Sjølv stod han for omsetjingar av mellom anna Fager kveldsol smiler og Det hev ei rosa sprunge. I høve jubileet har teolog Per Halse skrive den første biografien om Hognestad, og i Aasen-tunet fortel han om Hognestad som salmediktar.

Mangfaldig kyrkjespråk I dag står dei religiøse institusjonane overfor andre språklege utfordringar. Professor Anders Aschim ved Høgskulen i Volda forskar på kristne arbeidsmigrantar på Sunnmøre og deira tilhøve til Den katolske kyrkja. Katolske migrantar kjem til Noreg frå land over heile verda. – Den katolske kyrkja i Ålesund, som dekkjer heile regionen, har medlemmer frå 70 ulike nasjonar. Det er truleg den mest mangfaldige sivilsamfunnsinstitusjonen i området vårt, fortel Aschim. Kyrkja har som prinsipp at alle skal få dei kyrkjelege tenestene på sitt eige språk. Kyrkja har altså ein svært inkluderande og multikulturell språkpolitikk, men gjennomføringa byd på praktiske utfordringar. – I Ålesund har dei éin polsk og

Per Halse ved barndomsheimen til Peter Hognestad. (foto: Ottar Grepstad)

éin norsk prest, så ressursane set grenser for kva dei kan tilby. Eg kjem til å seie litt om kva som skjer i dette spenningsfeltet mellom ideal og realitet, seier Aschim.

Anders Aschim (foto: Høgskulen i Volda)

Den heilande songen Det er sagt at der orda tek slutt, der tek musikken over. Men ein kan òg seie at musikken var der før orda kom. Songlaget i Bondeungdomslaget (BUL) i Oslo byd på levande tradisjonsmusikk i lag med felespelaren Jorun Marie Kvernberg. – Den fyrste song me høyra fekk var kan hende mor sin song ved vogga. Og når me er vortne gamle og ikkje lenger har orda, heng musikken i oss så lenge det er ande i oss, seier dirigent Vegar Sandholt i Songlaget. Songlaget i BUL i Oslo er eit av dei

Laurdag 25. juni 12.00 Spinneriet kjøpesenter, Volda Parkert piano og Songlaget i BUL i Oslo

Songlaget Bondeungdomslaget i Oslo (foto: Jon Skille Amundsen) eldste særlaga i BUL og feira 100 år i 2014. Dei framfører eit rikt repertoar med både norske og utanlandske folketonar og klassiske verk.

Laurdag 25. juni 17.00–18.00 Volda kyrkje Den song som all ting heilar Kr 180 / ungdom 130 / barn 90

Songlaget vitjar Festspela frå byrjing til slutt, og det blir fleire høve til å høyre dei. Du kan få ein smakebit i Spinneriet kjøpesenter i Volda ved lunsjtid laurdag, då koret tek oppstilling ved det parkerte pianoet som er utplassert der. Hovudkonserten blir halden i Volda kyrkje laurdag ettermiddag. Her får Songlaget selskap av felespelaren Jorun Marie Kvernberg, kjend for si kraftfulle og sterke formidlingsevne.

Jorun Marie Kvernberg (foto: Geir Dokken) – Det er ei glede å vitje Festspela med nokre av dei tonane som lever og syng i Songlaget i BUL i Oslo, seier Sandholt.


22 Dei nynorske festspela • Ivar Aasen-tunet • 23.–26. juni 2016 • Ørsta og Volda

Målbar kvar kveld Peisestova på Møre Folkehøgskule er staden for drøs og godt lag utover festspelnatta. Kveldane på Målbar høyrer til dei mest rotfesta festspeltradisjonane. Torsdag kveld kjem festspeldiktar Ruth Lillegraven innom for å snakke om Olav H. Hauge sitt dobbeltliv som diktar og gardbrukar. – Eg er oppvaksen med Hauge sine dikt, dei var omtrent det første eg las. Dikta hans er konkrete og samstundes tidlause og eksistensielle. Det er mange lag i dei. Og eg kjenner meg godt att i landskapet han skriv om, seier Lillegraven. Fredag blir Målbar gjesta av teikneserieskaparen Øystein Runde, som i ord og teikningar gir deg ein ekspressversjon av ein viktig del av den norrøne litteraturen, Historia om Eirik Raude. Runde åtvarar om at det vil bli om lag halvt om halvt med stand-up-komedie og vaksenopplæring. – Eg tek for meg Eirik Raude,

vikingen som var så upopulær at ikkje eingong Island ville ha han. Det står eksplisitt i soga om han at då han kom til Grønland, fann han på namnet Grønland fordi han hadde det keisamt og ville lokke folk dit. Heile Grønland var ein einaste stor PR-kampanje, fortel Runde.

Øystein Runde (foto: privat)

Torsdag 23. juni 23.00–02.00 Peisestova, Møre Folkehøgskule, Ørsta Målbar 23.30–23.45 (Merk tidspunktet) «Um nætene låg eg ofte og lydde etter susen i lauvet»

Ruth Lillegraven (foto: Kjerstin Gjengedal)

Fredag 24. juni 23.00–02.00 Peisestova, Møre Folkehøgskule, Ørsta Målbar 23.30–24.00 Historia om Eirik Raude

Laurdag 25. juni 23.00–02.00 Peisestova, Møre Folkehøgskule, Ørsta Målbar

Kr 50

Kr 50

Høgskulen i Volda Volda er kjent for eit godt studentmiljø og eit mangfald av lag og organisasjonar. Aktive og kreative studentar gir deg høgdepunkt som VEKA, Animation Volda, Dokfilm og X2. Høgskulen i Volda legg vekt på fleksible studieformer og har mange nett- og deltidsstudium.

Høgskulen i Volda tilbyr studium innan: • Administrasjon, planlegging og leiing • Estetiske fag, kunst- og musikkfag • Helse og sosialfag • Historie og religion • Idrett og friluftsliv • Lærarutdanning • Medie- og journalistfag • Språk og litteratur

Les meir på hivolda.no / hivolda


Dei nynorske festspela • Ivar Aasen-tunet • 23.–26. juni 2016 • Ørsta og Volda 23

Litterære kaffipausar At kaffi og litteratur går godt i hop, er vel kjent. I år vil fleire kantiner og kafear få litterært besøk. Forfattaren Eirik Ingebrigtsen utforskar det personlege ansvaret vårt for verda ikring oss, og kva vi gjer når empati eller pliktkjensle krev handling av oss. I den siste romanen hans, Spikrar frå fallande plankar, har Sven brote av studia for å ta over omsorga for syster si. Då ein sigøynarfamilie tek tilflukt i hagen deira, blir Sven tvinga til å tenkje over kva som er rett å gjere. Ingebrigtsen fekk Nynorsk litteraturpris 2015 for boka. Fredag les han frå boka, først i kantina hjå Furene AS i Volda, deretter i kantina hjå Tussa i Hovdebygda. Forfattaren og journalisten Dessale Berekhet Abraham er frå Eritrea, men måtte flykte på grunn av det regimekritiske arbeidet sitt. No lever han som fribyforfattar i Bø i Telemark. Han har arbeidd mykje med språk og kultur, og saman med ein kollega har han samla og skrive ned eventyr, fablar og ordtak frå den munnlege forteljartradisjonen i heimlandet. På Volda statlege mottak les han frå denne boka på morsmålet tigrinja.

Poesi frå Orknøyane Forfattaren George Mackay Brown levde nesten heile livet sitt i Stromness på Orknøyane. Der skreiv han dikt, romanar, noveller og essay inspirerte av livet og kvardagsslitet på Orknøyane, og av den norrøne historia deira. Brown blir i dag

Boka For øyane syng eg av Georg Mackay Brown

Dessale B. Abraham (foto: privat) rekna som ein av dei største skotske – og britiske – poetane i det 20. hundreåret. I fjor kom for første gong eit utval av dikta hans på norsk, gjendikta av Jostein Sæbøe. Sæbøe er ein røynd gjendiktar og har samarbeidd mykje med diktaren Knut Ødegård. Denne laurdagen på Fru Svendsen kunst- og kulturkafé snakkar dei to om Georg Mackay Brown og språket hans. Seinare same dagen les forfattar Marit Eikemo frå den nyaste romanen sin Alt inkludert på Det Grøne Treet i Volda. Her møter vi Agnes og den vesle dottera hennar som flyttar tomhendte inn i eit norsk nabolag og prøver å etablere seg der. Eikemo skildrar korleis Agnes strevar for å finne ein fellesskap, og kva tinga våre har å seie for korleis vi oppfattar kvarandre. – Ein framand som kjem til byen, er eit klassisk litterært motiv. Agnes og dottera eig ingenting, og ingen veit kven dei er. Det er eit underliggjande spørsmål kvifor det går som det går: Er det fordi Agnes er den ho er, eller fordi ho blir møtt som ho blir? seier Eikemo.

Marit Eikemo (foto: Agnete Brun)

Eirik Ingebrigtsen (foto: Finn Ståle Felberg)

Fredag 24. juni 12.00–12.30 Kantina Furene AS, Volda Kaffi, bokstaveleg talt Eirik Ingebrigtsen

Laurdag 25. juni 12.00–12.30 Fru Svendsen kunst- og kulturkafé, Ørsta Kaffi, bokstaveleg talt Jostein Sæbøe og Knut Ødegård om George Mackay Brown

Gratis

Kr 50 / ungdom 30

Fredag 24. juni 12.00–13.00 Volda statlege mottak Morsmålskafé Dessale B. Abraham

Fredag 24. juni 14.00–14.30 Kantina Tussa, Hovdebygda Kaffi, bokstaveleg talt Eirik Ingebrigtsen

Laurdag 25. juni 14.00–14.30 Det Grøne Treet, Volda Kaffi, bokstaveleg talt Marit Eikemo

Gratis

Gratis

Kr 50 / ungdom 30


24 Dei nynorske festspela • Ivar Aasen-tunet • 23.–26. juni 2016 • Ørsta og Volda

DAG OG TID

Vi treng arbeidslystne menneske med smittande godt humør uansett vêr

Frivillig på Festspela?

Prøv DAG OG TID

Dei nynorske festspela er ein fest mykje takka vere frivillig innsats.

- den nynorske vekeavisa for kultur og politikk

Vi ønskjer oss endå fleire på laget og håper du har lyst til å oppleve Festspela både frå innsida og utsida.

- gratis! fotball

TV 2 får fotballmonopol i Noreg. | Side 8–9

fri vekeavis for kultur og politikk a-avis kommentar

Dei norske rettane til Premier League, her ved Arsenal og Chelsea, nærmar seg no NRK-lisensen i samla verdi. Foto: NTB scanpix

DAG OG TID miljø | side 4–5 Farleg støv. Luftureining frå vegtrafikk kan hemme den kognitive utviklinga til barn, syner ein ny studie frå Spania. ukraina | side 10–11 Stillstand. I Donbass har tida stått stille i mange år, skriv Andrej Kurkov. No må ho snart kome i gang att.

| side 2–3

Gebyra for privatisteksamen er tredobla. Det er urettvist: Privatskulane gjer arbeidet den offentlege skulen ikkje lenger tilbyd, skriv Kaj Skagen.

nr. 11 13.–19. mars 2015 54. årgang kr 45,-

Funky frelse Dansar for Jesus: «Are you pumped?» ropar pastor Andreas Hasseløy frå scena. Pinsevenene i Intro vil nå dei som aldri går i kyrkja.

film | side 20–21

Svenskjävel er både underhaldning og moralsk peikefinger.

reportasje | side 22–24

Vi får avgjerande hjelp med stort og smått, og du får eit minne for livet. NÆRINGSMIDDEL BYGG INDUSTRI TRANSPORT

Brit Aksnes

Bianca Kronlöf spelar Dino i Svenskjævel.

finland | side 13

www.vartdalplast.no

Språk. Svensk skal vera obligatorisk språk i den finske skulen også i framtida, har den finske Riksdagen avgjort. litteratur | side 14–15 Hovding. Den store tyrkiske forfattaren Yasar Kemal døydde nyleg. Han var både landsfader og diktarhovding for Tyrkia. ISSN 0803-3340

9

11

Bilettekst Foto: Daniel Feidal, Intro

770803 334015

miljø

Glyfosat kan gje kreftfare, seier WHO. | side 8-9

fri vekeavis for kultur og politikk

- KUNDEN ALLTID FØRST -

Kommunisme, fascisme, nazisme og islamisme samsvarar i målet om eit verdsomspennande rike styrt av ein ideologisk elite, skriv Kaj Skagen.

DAG OG TID

nr. 16 17.–23. april 2015 54. årgang kr 45,-

utanriks | side 10–11

festspela.no

Atomavtale. Iranarane let seg ikkje stogge av økonomiske sanksjonar. Det aukar presset på USA for å få til ein avtale. landbruk | side 14–15 Jord. 1600 bønder er drepne i Brasil dei siste tretti åra. Landet er eitt av få som ikkje har omfordelt jorda sidan kolonitida. essay | side 22–23

«Alt var jo her på Grønland; havet, fjellet, eventyret.» kim leine

Foto: privat

reportasje | side 26–28 Cowgirl. Korleis kan ein skrive om ranchlivet utan å verke blenda av romantikk? Tina Åmodt har vitja Wyoming. litteratur | side 16–17 Rastlaus sjel. – Har eg funne stilen min, så freistar eg å gå bort frå han, seier forfattaren Helle Helle. ISSN 0803-3340

9

Osloproppen kork: Stortinget har vedteke storstila utbygging av tog og motorveg inn til Oslo. Men i Oslo er det fullt, seier transportforskarane. Fleire hundre milliardar kan bli kasta vekk. politikk | side 4–5

16

770803 334015

utanriks

Drakmen er på veg attende. | side 10–11

fri vekeavis for kultur og politikk a-avis kommentar

Hellas er tomme for euro. Eit pengepolitisk eksperiment utan like står for døra, skriv Jon Hustad. Foto: NTB scanpix

| side 11

Den britiske valordninga er utdatert. Ved siste parlamentsval gjekk over halvparten av røystene til kandidatar som ikkje vart valde, skriv Rune Kjempenes.

DAG OG TID Blar opp for Clinton

nr. 18 30. april–7. mai 2015 54. årgang kr 45,-

reportasje | side 8–9

Låste lagnader. Dei fleste syriske flyktningane i Jordan bur i private heimar. Dei får ikkje arbeidsløyve, og gjelda deira veks og veks. arbeidsliv | side 12–13

Brutalt. Gudmund Harildstad vart oppsagd etter 22 år ved Universitetet i Oslo. – Kynisk av UiO, meiner professor John Peter Collett. intervju | side 22–23

«Me drog oss ut av Afghanistan for tidleg.» Anne-Cathrine Riebnitzsky

gjevmildt: Når Bill og Hillary bed om pengar, seier Noreg ja. Norske regjeringar har i alt gjeve ein halv milliard kroner til prosjekta til Clinton-stiftinga. bistand | side 4–5

Anne-Cathrine Riebnitzsky er dansk forfattar og ekssoldat.

politikk | side 7

M E IR PÅ NYNORSK TIL FLE IRE

Syrisk gåve. Ap-vedtaket om å ta imot 10.000 syriske flyktningar er ei julegåve til regjeringa, meiner Carl I. Hagen. litteratur | side 18–19 Krigsroman. Dansk-norske Kim Leine kjem med roman frå den finske borgarkrigen. Danske meldarar er begeistra. ISSN 0803-3340

9

770803 334015

Meir informasjon får du på telefon 70 04 75 70 eller admin@aasentunet.no Informasjon og påmeldingsskjema:

a-avis kommentar | side 12–13

Roundup og andre ugrasmiddel med glyfosat er enormt populære. No meiner WHO at glyfosat truleg er kreftframkallande. Foto: NTB scanpix

Du treng ikkje å ha festivalerfaring frå før, arbeidsoppgåvene er ulike, og her er heilt sikkert noko som høver for deg.

18

Bilettekst Hillary Clinton og utanriksminister Børge Brende på «Cookstoves Future Summit» i New York i fjor. Foto: NTB scanpix

Send SMS med kodeordet DT3V til 2007 og vent på svarmelding for å tinge tre gratis prøvenummer med automatisk stopp. Eller sjå www.dagogtid.no/DT3V

www.n p k.n o


Dei nynorske festspela • Ivar Aasen-tunet • 23.–26. juni 2016 • Ørsta og Volda 25

Friluftsgudsteneste i tunet Også i år inviterer Dei nynorske festspela og sokneråda i Volda og Ørsta til festspelgudsteneste i Aasen-tunet. «Eg kjem for å samla alle folkeslag og tungemål», seier Herren i Jesajas bok. Dette verset er dagens preiketekst, og det er Hans Johan Sagrusten, prest, diktar og ein av omsetjarane bak den nyaste norske bibelomsetjinga, som held preika. Festspeldiktar Ruth Lillegraven deltek under gudstenesta med eigne tekstar, og Songlaget i Bondeungdomslaget i Oslo medverkar musikalsk. Det blir sunge salmar

omsette til nynorsk av den første «målbiskopen», Peter Hognestad, som vart fødd for 150 år sidan. Arne Moltubak, sokneprest i Ørsta, er liturg, og Bert Handrick er organist.

Hans Johan Sagrusten (foto: privat)

Søndag 26. juni 11.00–12.00 Uteamfiet, Ivar Aasen-tunet Festspelgudsteneste i det fri

Dikta vi hugsar Nokre dikt er meir slitesterke enn andre. Det er fordi dei seier noko viktig om livet, noko som får ein til å stoppe opp og tenkje: Så er eg likevel ikkje åleine om å kjenne det slik. Denne hausten kjem ein antologi med slike kjende og slitesterke dikt, som festspeldiktar Ruth Lillegraven har redigert saman med Tordis

Ørjasæter. Her er dikt om alle livsfasar og livskjensler, om glede og sorg, om kvardagane og om æva. Utvalet spenner frå Bibelen og Håvamål til diktarar som Tor Jonsson, Inger Hagerup og Olav H. Hauge, og vidare til samtidslyrikken. Antologien er ikkje utkomen enno, men på Volda omsorgssenter kan du få ein smakebit av innhaldet. Lillegraven les eit utval kjende dikt henta frå boka. Ho har selskap av Songlaget i Bondeungdomslaget i Oslo, som i meir enn 100 år har teke

vare på og framført norske song- og musikktradisjonar. Det blir eit gjenhøyr med ord og musikk som gir gjenklang gjennom slektsledda.

Fredag 24. juni 11.00–11.45 Volda omsorgssenter Kjent og kjært i ord og tonar Gratis

Ruth Lillegraven (foto: Paal Audestad)

Då mormor var jente Korleis ville det vere for ein ungdom i dag å leve under andre verdskrigen? Det får du høyre når forfattar Ingunn Røyset les frå den nyaste boka si. Med seg har ho ein tidlegare noregsmeister i trekkspel. Journalist og forfattar Ingunn Røyset har skrive to bøker om Dagny, ei vanleg jente som ein morgon brått vaknar i 1945, der ho må kome seg gjennom krigsvinteren slik hennar eiga mormor opplevde det. Heldigvis har Dagny den fordelen at ho veit at krigen kjem til å ta slutt. I den nyaste boka, Aldri fred å få, får ho oppleve fredsdagane våren 1945, men ho får også oppleve kontrastane mellom livet under krigen og livet i dag. På aktivitetssenteret Bakk-Olamarka fredag ettermiddag kjem Røyset til å presentere boka og lese utdrag, og vi får høyre litt om

Ingunn Røyset (foto: Hugo Opdal)

Frode Haltli (foto: Kjell Gunnar Polden)

arbeidet som ligg bak det å skildre livet under krigen. Røyset får tidsriktig tonefølgje av Frode Haltli på trekkspel. Haltli er ein allsidig musikar som har vunne fleire internasjonale

prisar for spelet sitt, og dette er eitt av to høve til å høyre han under Dei nynorske festspela.

Aldri fred å få av Ingunn Røyset

Fredag 24. juni 13.00–13.45 Bakk-Ola-marka, Ørsta Ei reise i tid Gratis


26 Dei nynorske festspela • Ivar Aasen-tunet • 23.–26. juni 2016 • Ørsta og Volda

AS REGIONTEATRET I MØRE OG ROMSDAL

Alltid videre for å skape verdier på norsk sokkel Alltid videre for å skape verdier på norsk sokkel

teatretvart.no

Alltid videre for å skape verdier på norsk sokkel

Vi ønskjer Ruth Lillegraven, Vi ønskjer festspeldiktar festspeldiktaren Arne Moslåtten utøvarar og publikum velkomne til utøvarar og publikum velkomne til Dei nynorske festspela 2016 DEI NYNORSKE FESTSPELA 2012

Ørsta kommune www.orsta.kommune.no

Volda kommune

www.volda.kommune.no

Sommaren 2016 Overnatting under Festspela 545,- pr person i dobbeltrom 795,- i enkeltrom

Nasjonsbyggaren Nasjonsbyggaren

Nasjonsbyggaren IvarAasen IvarAasen Ivar Aasen kryssa Noreg i si innIvar Aasen i sitil innsamling av kryssa ord og Noreg ordtrykk det samling av ord og ordtrykk til det som i dag er nynorsk. Det norske som i dagverda er nynorsk. Detå norske tek heila i bruk for byggje tek heila verda i bruk for åi byggje Ivar Aasen kryssa Noreg si innut Ivar Aasen-feltet i Nordsjøen. ut Ivar Aasen-feltet i Nordsjøen. samling av ord og ordtrykk til det som i dag er nynorsk. Det norske tek heila verda i bruk for å byggje ut Ivar Aasen-feltet i Nordsjøen.

www.detnor.no www.detnor.no www.detnor.no

Prisane er inkludert frukost

A la carte 12–22 unnateke søndag Parkvegen 9 6150 Ørsta 70 04 51 00 resepsjon@

hotellivaraasen.no

Opplesing, foredrag, temaveker og mykje meir for både born og vaksne i sommar. Lurivar i veke 27 og 31 Sjå programmet på aasentunet.no Avdeling i

Årets museum 2015


Dei nynorske festspela • Ivar Aasen-tunet • 23.–26. juni 2016 • Ørsta og Volda 27

Festspelfrukost på tre stader Frukost er dagens viktigaste måltid. Laurdag får du han servert i sentrum både i Ørsta og Volda, og fredag i Aasen-tunet. Kva kan vel vere enklare enn å få frukosten servert på veg til dagens første festspelarrangement? I Volda sentrum blir frukosten organisert, laga og servert i eit samarbeid mellom Volda næringsforum, Volda frivilligsentral og ungdomsorganisasjonen RE:ACT. Denne organisasjonen arbeider for ei berekraftig verd fri for fattigdom og global urettvise, og lokallaget i Volda er engasjert i ei rekkje aktivitetar, mellom anna med bebuarane på asylmottaket. Saman med folk på mottaket og flyktningar busette i kommunen serverer dei ein internasjonal frukost, der du får smake frukostrettar frå mange land. I Gågata i Ørsta serverer butikkane frukost i samarbeid med Ørsta

Laurdag 25. juni 10.30 Gågata, Ørsta sentrum Festspelfrukost

RE:ACT saman med flyktningar (foto: Ellen Hessenberg) næringskontor og eit lokalt lag. Kunstgata dannar ei fin ramme

Laurdag 25. juni 11.00 Volda sentrum Festspelfrukost

rundt arrangementet, der mat og kaffi blir sponsa av næringslivet i Ørsta og Volda. Fredag blir det frukostservering i kafeen i Aasen-tunet. Her kan du slå deg ned ved eit bord i kafeen, drøse med kjende eller nye og ta deg god tid med maten før det første arrangementet i tunet tek til. Lokale

produsentar bidreg til frukosten, og nokre av dei presenterer produkta sine. Under frukosten snakkar kunstnar Ole Lislerud om arbeidet med utsmykkinga i basisutstillinga i Aasentunet. Han samarbeidde med arkitekt Sverre Fehn og komponist Arne Nordheim om kunstverket «Teikn».

Kviss på Det Grøne Treet Jaså, du trudde du hadde peiling? Ta med deg vener, naboen, kollegaen og ver med på kviss. Du kan anten stille med lag, eller få tildelt lagkameratar når kvelden er komen. Fem personar per lag. Her blir det

Laurdag 25. juni 23.00 Det Grøne Treet, Volda Kviss med Allkunne.no Kr 50

fire rundar à 10 spørsmål i ei rekkje emne, både frå det nynorske universet og verda rundt om. Det kan dukke opp spørsmål om språk, om forfattarar, geografi, kommunar, politikk, blomar, aviser og vekeblad, filosofi og mykje anna. Kvissmeister Audhild Gregoriusdotter Rotevatn er redaktør i Allkunne, verdas einaste kvalitetssikra nettleksikon på nynorsk. (Ho kan ikkje bestikkast.) PS! Alle svara finn du allereie i Allkunne.no med over 22 000 artiklar. Det er berre å lese seg opp!

Det Grøne Treet i Volda (foto: Liv Jorunn Nyhagen, Møre)

Kunstgata i Ørsta For tredje året på rad viser butikkane i gågata i Ørsta fram lokal kunst i vindauga sine. I år er også borna representerte. – Nytt av året er at barnehagane i Ørsta bidreg til utstillinga

i kunstgata, seier leiar Carl Åge Henriksen i arrangørkomitéen. Han fortel at spekteret i år er breiare enn før, og med ekstra vekt på born og unge. Nytt er også eit eige kunstkontor i

lokala til Fotograf Henriksen, for den som måtte ønskje meir informasjon om kunstnarane. Kunstgata i Ørsta opnar onsdag 22. juni kl. 17.

Kvissmeister Audhild Gregoriusdotter Rotevatn (pressefoto)

Onsdag 22. juni 17.00 Gågata i Ørsta Opning av kunstgata Utstillinga står ut juli Gratis


28 Dei nynorske festspela • Ivar Aasen-tunet • 23.–26. juni 2016 • Ørsta og Volda

Kunst i augneblinken Straks etter opningshøgtida torsdag kan du oppleve eit stykke levande kunst framført av kunstnaren Kurt Johannessen på uteområdet i Aasen-tunet.

Torsdag 23. juni 19.30–20.15 Ute, Ivar Aasen-tunet Kurt Johannessen: Det å drikke vatn saman med eit tre

Johannessen er ein kunstnar som trivst i romma mellom dei ulike kunstformene. Han er utdanna biletkunstnar frå Bergen og London, men uttrykkjer seg med installasjonar, ord, bilete og video, og er gjennom åra meir og meir blitt kjend for framføringskunsten sin. På Dei nynorske festspela framfører han kunstverket Det å drikke vatn saman med eit tre, som er laga spesielt for Festspela. Kurt Johannessen (foto: Pavana Reid)

Gratis

Ny temautstilling

Språket som er med deg overalt Vi lever i ei tid der folk flyttar på seg, anten fordi dei leitar etter arbeid, eit nytt liv, eller flyktar frå krig og uro i heimlandet. Kva gjer det med folk å måtte gå inn i eit heilt nytt språksamfunn, og kva gjer det med tilhøvet deira til morsmålet? Språket, ein av dei viktigaste brikkane i identiteten vår, blir lite tematisert når vi ser dei store overskriftene om flyktningkriser og folkevandringar. Men det er på morsmålet tankane går føre seg, og det er i dette språkuniverset ein opplever dei

første og viktigaste åra av livet sitt. Kva skjer eigentleg når menneske på vandring mistar høvet til å bruke morsmålet sitt på same måten som tidlegare, og må tilpasse seg ein heilt ny språkleg kvardag? Dette spørsmålet har vi undersøkt i temautstillinga «Menneske og språk på vandring», som opnar like før Dei nynorske festspela. Her møter du mellom anna menneske vi har intervjua som har eit anna morsmål enn norsk. Utstillinga har fått støtte frå stiftinga Fritt Ord.

Framtida.no og Startsida

er eit lokomotiv for nynorsk på nett. Les kva du kan gjera på Framtida.no!


Dei nynorske festspela • Ivar Aasen-tunet • 23.–26. juni 2016 • Ørsta og Volda 29

Ole Lislerud med utstilling og kurs Torsdag 23. juni opnar utstillinga ÆØÅ på Kunsthuset i Ørsta med kunstnaren Ole Lislerud sjølv til stades. Kalligrafiprosjektet ÆØÅ integrerer dei særnorske bokstavane i landskapet, mellom anna inspirert av Ivar Aasens reiser. – Etter kvart som eg har jobba med utgangspunkt i ÆØÅ, har tanken om Ivar Aasen og reisene hans gjennom dalar og over fjordar for å samle dialektane slått meg. For meg har desse reisene blitt eit viktig kunstnarleg poeng og symbol.

Torsdag 23. juni kl. 16.30 Kunsthuset, Ørsta Ole Lislerud: Kalligrafi ÆØÅ Opning av kunstutstilling med kunstnaren til stades Salsutstillinga er open kvar dag under Festspela og står t.o.m. 3. juli Gratis Arrangør: Volda og Ørsta kunstlag

Landskapet blir integrert i språket, og språket blir ein del av landskapet, seier Lislerud. Kalligrafiprosjektet er laga i atelieret hans i Beijing og er utført med kinesisk blekk på handlaga rispapir. Lislerud har gjennom heile kunstnarskapen sin vore oppteken av kalligrafi, teikn og språk som skriftsystem og har hatt utstillingar og utsmykkingsoppdrag over heile verda. Då basisutstillinga i Aasentunet skulle utformast i 1999, var Lislerud eit naturleg val. Saman med arkitekt Sverre Fehn og komponist Arne Nordheim har han stått for kunstverket «Teikn», som er det første som møter utstillingsgjestene i Aasen-tunet. Ole Lislerud (foto: Marian Heyerdahl)

Kurs i kalligrafi for ungdom Laurdag 25. juni held kunstnar Ole Lislerud kurs i kalligrafi for ungdom mellom 12 og 15 år. Her får deltakarane kunnskap, tips og rettleiing i kalligrafisjangeren med hovudvekt på ei eksperimenterande haldning. Kurset er gratis og er eit samarbeid med kulturskulane i Ørsta og Volda.

Laurdag 25. juni kl. 11.00–13.30 Kunsthuset, Ørsta Kurs i kalligrafi Med kunstnar Ole Lislerud for ungdom i alderen 12–15 år Gratis Arrangør: Volda og Ørsta kunstlag Meir info på festspela.no

LOUD AND CLEAR AS

haugenbok.no har Noregs mest fornøgde bokhandelkundar Tusen takk for tilliten!

haugenbok.no AS - Postboks 175 - 6101 Volda - Telefon 70 07 45 00 – epost@haugenbok.no - www.haugenbok.no


30 Dei nynorske festspela • Ivar Aasen-tunet • 23.–26. juni 2016 • Ørsta og Volda

Bli med i Mållaget!

o Aure Mållag

o Sande Mållag

o Borgund Mållag o Fosna Mållag

o Skodje og Ørskog Mållag o Stranda Mållag

o Giske Mållag o Gjemnes Mållag

o Sula Mållag o Sunndal Mållag

o Halsa Heimbygdlag o Haram Mållag

o Surnadal Heimbygdlag o Sykkylven Mållag

o Hareid Mållag o Herøy Mållag o Molde Mållag o Norddal Mållag o Rauma Mållag o Rindal Heimbygdlag o Rovde Mållag

o Tingvoll Mållag o Ulstein Mållag o Vanylven Mållag o Vestnes Mållag o Volda Mållag o Ørsta Mållag

Noregs Mållag har 12 000 medlemer og er bygd opp av lokallag, fylkeslag og eit sentralt styre. Det er 190 lokallag spreidde over heile landet. Utan Mållaget vil nynorsk få mindre plass i skulen og det offentlege rommet. Fleire medlemer gjer Noregs Mållag til ein sterkare organisasjon, og det gjev viktige inntekter til målarbeidet. Vi vil gjerne ha deg med på laget! Når du melder deg inn i Mållaget, blir du med i det næraste lokallaget. Om du ynskjer å vita meir om lokallaget ditt og kva dei driv med, så finn du kontaktinformasjon på heimesida vår. Du kan bli medlem ved å senda ei tekstmelding med ordet NYNORSK til 2490. Det kostar kr 200 over mobilrekninga. Då er du medlem ut året. Du kan også melda deg inn via www.nm.no. Hugs at me også har rabatt ved hustandsmedlemskap.

Vi kan freiste med ei spennande rundbaneløype i flotte omgjevnader i Hovdeåsane i Hovdebygda. Ein god miks av sti, kjerreveg, grus og litt asfalt.

Søndag 26. juni 2016 Start og mål ved Hovden Møbel i Hovdebygda

NYHEIT! Ungdomscup 11–16 år, start kl. 12 Startkontingent kr 50 (+ ev. eingongslisens NCF turritt kr 50)

Trimklasse, start kl. 12.10

1 runde à 6,7 km utan tidtaking Startkontingent kr 50 Påmelding i startområde, seinast 1 time før start

Turrittklasser, start kl. 13.00

Senior: 3 rundar à 6,7 km, totalt 20 km Kvinner: 2 rundar à 6,7 km, totalt 13,5 km Junior: 2 rundar à 6,7 km, totalt 13,5 km Startkontingent kr 150 (+ ev. eingongslisens NCF turritt kr 150) For påmelding, informasjon, video og nærmare presentasjon av løypa:

www.orstask.no

www.nm.no


Dei nynorske festspela • Ivar Aasen-tunet • 23.–26. juni 2016 • Ørsta og Volda 31

Sentral festspeldiktar i butikk og kafé Festspeltemaet Morsmål har inspirert festspeldiktar Ruth Lillegraven til dei lyriske orda som prydar festspelskjortene i år. Strofa «Orda som syng i oss, mellom oss, til oss» er omsett til dei språka som er nytta mest til morsmålsundervisning i grunnskulen, og motivet er formgitt av Ingvild Mork. T-skjortene er produserte i økologisk bomull. Festspeldiktaren har også spesialskrive ein tekst til det tradisjonsrike festspelkruset, nummer 15 i rekkja. Bøker av festspeldiktaren og andre forfattarar som kjem til Festspela, vil også ha ein sentral plass i hyllene desse dagane. – Ei gladnyheit til alle som har etterlyst ein ny Ivar Aasen-ryggsekk, er dagstursekken med ordtaket Det som kjem sist i sekken, må først ut att, seier tunvert Ingrid Opedal. Sekken er del av ein serie turprodukt med Aasen-ordtak, mellom anna termos, sitjeunderlag og vassflaske.

Variert og spennande festspelmeny – Chèvre, raudbetar og byggryn! sa festspeldiktar Ruth Lillegraven då ho skulle velje ingrediensar til årets festspelrett.

og kalde rettar under Festspela. Den økologiske nynorskisen Isrosa er sjølvsagt å finne i kiosken, i år med nye spennande smakar. Søndag blir det kyrkjekaffi og eigen søndagsmiddag etter friluftsgudstenesta.

Inspirert av dette har kaféleiar Milan Ilić komponert ein salat du aldri har smakt maken til. Den franske geitosten blir bytt ut med kortreist Kvitlin frå meieriet i Ørsta, med mjølk frå geitene som steller kulturlandskapet i bratte lier på Sunnmøre som råstoff. Kafeen i Ivar Aasen-tunet byd på eit godt utval velsmakande varme

Kaféleiar Milan Ilić syner fram dei gode nynorskisane til Isrosa Flyplass-krysset

Ekstra parkeringsplassar

Coop Extra og Nettbuss Gangavstand 10–15 minutt

NAF øvingsbane NB! Innkøyring i flyplass-krysset Gangavstand 5–10 minutt

Parkering under Festspela Ivar Aasen-tunet har eigen parkeringsplass, men under Festspela er det ikkje plass til alle her. Vi har avtale om parkering med gode naboar i nærområdet. Det vil vere parkeringsvakter i området under heile Festspela.


Dei nynorske festspela 23.−26. juni 2016 1. Ivar Aasen-statuen 2. Målbar, Møre Folkehøgskule 3. Festspelfrukost, Ørsta 4. Bakk-Ola-marka 5. Fru Svendsen kunst- og kulturkafé 6. Hovden Møbel, Hovdebygda 7. Kunsthuset 8. Ørsta folkebibliotek 9. Tussa ASA

6 9

15

Buss

LURIVAR og påskemysteriet Måndag 14.4. kl. 13.00 Tysdag 15.4. kl. 13.00 Onsdag 16.4. kl. 13.00

10. Volda omsorgssenter 11. Det Grøne Treet 12. Volda kyrkje 13. Festspelfrukost, Volda 14. Volda folkebibliotek 15. Furene AS 16. Volda samfunnshus 17. Volda stadion 18. Volda statlege mottak 19. Volda bygdetun 20. Spinneriet

Kr 50 / familie 150 NB! Avgrensa plassar på kvar framsyning

aasentunet.no

10 16 14

2

Kafeen: Solbollar Opningstider i påska Palmesøndag: 12-17 Måndag-onsdag: 10-16 1.påskedag: 12-17 2. påskedag 12-17

18 17

3

5

12 13

5

7

11

20

4

Volda og Ørsta

19

1 8

Ørsta

Ivar Aasen-tunet

Billettar

Opningstider

Billettprisar

1. juni – 15. august Måndag – fredag kl. 10–17 Laurdag og søndag kl. 12–17 Utvida opningstider under Festspela (sjå midten)

Vaksne: 80 Born (6–16), student: 40 Honnør: 60 Grupper: 60 pr. person (minst

16. august – 31. mai Måndag – fredag kl. 10–16 Søndag kl. 12–17

Volda

15 personar inkl. leiar) Familie: 180 (inntil to vaksne)

Eigne prisar for skuleklassar Barnehagegrupper gratis

festspela.no / ebillett.no Telefon 70 04 75 84 Rabattar Ev. honnør, studentbillettar eller Kulturrabatt for ungdom er oppført spesielt.

Festspelpass kr 1550 Gir tilgjenge til alle festspelarrangement. NB: Også publikum med festspelpass må tinge plass på førehand til arrangement i lokale med avgrensa plass, t.d. Salen i Ivar Aasen-tunet.

Takk til tilskotsgivarar, sponsorar og samarbeidspartnarar Ørsta kommune

Volda kommune

Allkunne  Amfi Ørsta  Bakk-Ola-marka, Ørsta  Bertel O. Steen avd. Volda  Bil & Gummiservice AS  Butikkane i gågata, Ørsta Det Grøne Treet  Det Norske Samlaget  Frivilligsentralen i Volda  Fru Svendsen kunst- og kulturkafé  Furene AS Hotell Ivar Aasen  Høgskulen i Volda  Møre Folkehøgskule  Nordsjøforlaget  Norsk Barneblad  Norsk Forfattersentrum NRK Nynorsk mediesenter  Nynorsksenteret  SKALD forlag  Spinneriet  Tiden forlag  Tussa ASA Volda bygdetun  Volda folkebibliotek  Volda kulturskule  Volda læringssenter  Volda Næringsforum  Volda og Ørsta kunstlag Volda omsorgssenter  Volda sokneråd  Volda statlege mottak  Volda Fotball  Westre Bakeri  Ørsta Bil AS Ørsta folkebibliotek  Ørsta næringskontor  Ørsta sokneråd  Ørsta sykkelklubb


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.