Festspelavisa 2010

Page 1

D EI NyNOR SkE FE S T SP ELA I var Aasen-tunet 24. - 27. juni 2010 Ørsta og Volda

Festspeldiktar Rønnaug Kleiva Valkyrien Allstars Sigvart Dagsland

Steinar Albrigtsen Monika Nordli Sigrid Merethe Hanssen

Jorunn Torsheim

Hans-Tore Bjerkaas

Gabriel Fliflet

Tunkatten Lurivar

Oddgeir Bruaset Maria Parr Inga Juuso Steinar Raknes

Margit Lovise Holte Erling Lægreid Malin Reitan Olaug Nilssen


S

2

D E I N Y N O R S K E F E S T S P E L A • I v a r A a s e n - t u n e t • 24 . – 27. j u n i 2010 • Vo l da og Ør s t a

Velkomen til festspel Velkomen til fire dagars festspel for første gong! Vi har i år konsentrert festivalen vår til fire dagar, og vonar med det at fleire får høve til å få med seg alle festspeldagane. Programmet er proppa fullt med arrangement for små og store, og mykje ein kan oppleve saman på tvers av generasjonane; lesestund med Årets nynorskbrukar Maria Parr, konsertar, møte med tunkatten Lurivar og vandring frå Ekset til Åsen. Festpeldiktaren Rønnaug Kleiva er i spissen for dei mange forfattarane som kjem til Dei nynorske festspela i år. Som elles i litteraturen er reise eit sentralt tema hos fleire av desse forfattarane. Kva skulle diktekunsten gjort utan reiser? Og kva skjer med språk på reise i verda? Dette er nokre av spørsmåla som blir stilte festspeldagane.

Velkomne til Volda og Ørsta! Vi helsar velkomne til Dei nynorske festspela 2010! Gjennom språket byggjer vi identitet, og vi har ein sterk identitet knytt til nynorsken og Ivar Aasen-tunet. Ivar Aasen representerer ein av dei viktigaste tradisjonane i det norske samfunnet. Som vertskommunar for Ivar Aasentunet gler det også å kunne vere vertskap også for Dei nynorske festspela.

Den arkitektoniske perla av Sverre Fehn er eit godt utgangspunkt som kulturell møteplass. Vi ynskjer alle gjester frå fjern og nær velkomne til bygdene våre og vonar at de får mange gode opplevingar

Ragnhild Aarflot Kalland Ordførar i Volda

Gudny Fagerhol Ordførar i Ørsta

Til lykke med Dei nynorske festspela 2010!

Ivar Aasen-tunet er i år 10 år, og vi har valt å bruke den spektakulære utescena i Aasen-tunet til store arrangement kvar dag under årets festspel. Og opplevingane står i kø. Steinar Albrigtsen, Sigvart Dagsland og Valkyrien Allstars spelar alle på Dei nynorske festspela for første gong, medan Jorunn Torsheim har vore her før. Ho kjem no med ein heilt ny miniopera som handlar om Mozart som får kreativ hjelp av Oddvar Torsheim i Nynorskens skog. Programmet er ei god blanding av musikk, litteratur, språk, debatt og utstillingar; det er berre å ta føre seg! Om du treng mat desse dagane – og det skal du ikkje sjå bort frå – har festspeldiktaren gitt inspirasjon til ein spennande festspelmeny. Velkomen!

Programmagasin Dei nynorske festspela 2010 Utgivar: Nynorsk kultursentrum, Indrehovdevegen 176, 6160 Hovdebygda Tlf 70 04 75 70 • Faks 70 04 75 71 www.aasentunet.no • admin@aasentunet.no Ansvarleg redaktør: Ottar Grepstad Redaktør: Gaute Øvereng I redaksjonen: Magni Hjertenes Flyum, Ottar Grepstad, Åshild Widerøe, Gaute Øvereng og Anders Aanes Produksjon: Rune Hauge Aarflot, Aarflots Prenteverk AS Trykk: Sunnmørsposten/Polaris Trykk Nordvest Opplag: 38 000, av dette 36 000 som innstikk i Sunnmørsposten 9. juni

Dei nynorske festspela er medlem av


D E I N Y N O R S K E F E S T S P E L A • I v a r A a s e n - t u n e t • 24 . – 27. j u n i 2 010 • Vo l da og Ør s t a

3

S

Steinar Albrigtsen og Monika Nordli Steinar Albrigtsen har urpremiere på sitt nye låtmateriale når han opnar Dei nynorske festspela i Ivar Aasen-tunet torsdag 24. juni. Albrigtsen syng på nordnorsk på Festspela der han står på scena saman med vokalisten og gitaristen Monika Nordli med konserten ”Dobbelt norsk”. – Så tilfeldig kan ein opningskonsert kome på plass, seier programansvarleg Åshild Widerøe, og fortel om då ho og Steinar Albrigtsen skulle ta same fly vestover ein søndag i slutten av november i fjor. Medan dei venta på Gardermoen kom dei i snakk. Ho fortel om kvar ho arbeider, og Albrigtsen fortel om sitt nye prosjekt; sin første CD med tekstar på dialekt som skal kome neste haust. – Vi avtalte der og då at opningskonserten på Dei nynorske festspela 2010 skal bli den første konserten med ”Dobbelt norsk”. Eg måtte berre kontakte manageren dagen etter for å avtale detaljane. Som

Monika Nordli sagt, så gjort, og så var opningskonserten i boks, seier Åshild Widerøe begeistra. 20 år etter platedebuten, syng Steinar Albrigtsen for første gong berre på dialekt. Musikalsk har han begge føtene godt planta i den amerikanske landsbygda, med sin blues- og jazzinspirerte countrymusikk, no tek han denne musikken med seg heilt

Steinar Albrigtsen heim med nordnorske tekstar. konserten har dei Andrew NesTelemarkingen Monika Nordli blom på bass. skriv alle songane sine sjølv, og har gitt ut to album som ber preg av m.a. pop, rock og roots. Torsdag 24. juni 22.00–23.30 Til hausten kjem ho med det Utescena, Ivar Aasen-tunet tredje albumet, denne gonOpningskonsert: gen med tekstar på nynorsk. Steinar Albrigtsen Konserten ”Dobbelt norsk” er og Monika Nordli sett saman av stoff frå Monika Kr 300 / student og honnør Nordli og Steinar Albrigtsen 200 sine nye CD-ar. Med seg på

Nye bølgjer frå Benedicte Maurseth – Den tradisjonelle slåttemusikken er som bølgjer som går og går, ein straum av tonar der det eine tek det andre, difor syntest eg det passa bra å gi den første soloplata mi tittelen ”Alde”, som er eit gamalt omgrep for bølgjer, seier felespelaren Benedicte Maurseth. Platesleppet for ”Alde” skjer i Aasen-tunet laurdag under Festspela. Laurdag 26. juni 16.00 Salen, Ivar Aasen-tunet Benedicte Maurseth solo Kr 200 / honnør og student 150 / barn 100

Den nye CD-en frå Benedicte Maurseth inneheld berre nyskrivne komposisjonar, og det er den første soloutgivinga hennar. Mykje av musikken blei skrive til framsyninga ”Andvake” av Jon Fosse som blei spelt på Det Norske Teatret i 2009. – Då eg var i skapingsprosessen, kom det fleire tonar enn vi kunne bruke i framsyninga, seier Maurseth, som no er glad for å få samla alle komposisjonane på ein CD. – Formspråket mitt er slåttemusikk, det er det eg har spelt heile livet og det eg baserer komposisjonane mine på. Nokre tonar vil ein høyre er nyskrivne, medan andre kanskje høyrest ut som ein tradisjonell folketone,

seier Benedicte Maurseth. Ho nyttar både hardingfeler, viola d´amore og vokal på innspelingane sine. På innspelingane spelar ho gjerne fleire instrument oppå kvarandre. – Det blir jo spennande å overføre det til ei levande framføring. Eg kjem i alle fall til å syngje og spele samtidig, seier ho.

Foto: Anders Bergersen, Rikskonsertane


S

4

D E I N Y N O R S K E F E S T S P E L A • I v a r A a s e n - t u n e t • 24 . – 27. j u n i 2010 • Vo l da og Ør s t a

ORDGARTNAREN: Rønnaug Kleiva likar å luke både i ord og hage. Foto: Andrea Øien Sæverud/NPK

Rått frå hjartet Rønnaug Kleiva skriv for å skape orden i det kaotiske. For å finne fram til den djupare meininga i teksten, lukar ho vekk overflødige ord. Av: Andrea Øien Sæverud, Nynorsk Pressekontor – Her kunne vi hatt piknik og dansa! Rønnaug Kleiva ser mot den spirande parken på Sankthanshaugen i Oslo. Graset nærmar seg grønt, men vårsola har ikkje varma opp vinterstive norske kroppar så mykje som Kleiva skulle ønskje. For årets festspeldiktar har nettopp avslørt at ho gjer meir enn å skrive. Ho dansar òg. – I mange land er folkedans mykje meir integrert i festlivet enn her. Tenk kor kjekt det hadde vore dersom folk hadde samlast her og dansa, seier ho og ser på parken som er i ferd med å vakne etter vinteren. Men å byte bort pennen er ikkje aktuelt. – No har eg nok med skriving. Eg har funne min måte å uttrykkje meg på, og ein kan ikkje

vere best i alt. Det er ille nok at eg spreier meg på alle sjangrar når eg skriv, ler ho.

Spennvidd Barne- og ungdomsbøker, vaksenromanar, noveller, dikt, kortprosa og dramatikk for radio og scene.. Årets festspeldiktar har vore innom det meste av skjønnlitterære sjangrar. Men ho veit ikkje alltid kva sjanger ho landar i når ho byrjar å skrive. – Ofte prøver eg ut same stoff i fleire sjangrar. Eg kan ha noko i diktform, men blir det litt tamt prøver eg ut det same stoffet i prosa. På 25 år har det kome 23 bøker frå forfattaren, som ser langt yngre ut enn sine 59 år. Litteraturen hennar er blitt kalla stilrein og konsekvent, og ofte skildrar ho med harde vendingar smerta som kan oppstå i menneskelege relasjonar. Fleire av bøkene til Rønnaug Kleiva er prislønte, og ho er omsett til åtte språk. I 1997 fekk Kleiva både Kritikarprisen og Kultur- og kyrkjedepartement sin pris for Ikkje gløym å klappe katten for beste barne- og ungdomsbok.

Skriveutbrotet Rønnaug Kleiva blei fødd i 1951 på Vartdal i Ørsta kommune, midt i ein søskenflokk på fem jenter. Sjølv om ho no bur i bokmålsland, har ho alltid skrive nynorsk. Noko anna har aldri vore aktuelt. – Eg brukar å fleipe med at eg skiftar heller kjønn enn språk, men det er det vel ikkje heilt politisk korrekt å seie i desse Eia- og Hjernevask-tider. Ho har skrive omtrent like mange bøker for born som for vaksne, og mange av tekstane blir brukte i skulen, heilt frå fyrste klasse og opp til universitetsnivå. Sjølv stod Rønnaug Kleiva bak kateteret i 15 år før ho fann ut at det ikkje var nok å skrive med tavlekrit. Ho hadde skrive litt i ungdomstida, men frå ho var 20 til godt over 30 låg pennen stille. – Eg forstår ikkje kva eg kan ha drive med. Sidan har det jo kome omtrent ei bok i året, så kanskje er det bra å ha ein liten indre vulkan som ligg og godgjer seg? Det heile tok til med at ho såg ein annonse for skrivekurs på Nordfjordeid. Ho sende inn dikt og blei oppmuntra av kursleiaren, som såg ho hadde anlegg. Dei innsende dikta


D E I N Y N O R S K E F E S T S P E L A • I v a r A a s e n - t u n e t • 24 . – 27. j u n i 2 010 • Vo l da og Ør s t a

blei til debutsamlinga Animasjon, som kom i 1985. Sidan gjekk ho nokre månader på forfattarstudiet i Bø med Eldrid Lunden, der ho fekk gjere det ho hadde mest lyst til: å skrive. I ettertid har ho fleire gonger vore tilbake på forfattarstudiet, men då for å undervise i barnelitteratur.

Ingen moralist Den direkte tonen som til tider kan stikke i hjartet av ubehag, er gjennomgåande i forfattarskapen. Sjølv er ho ikkje like stramt disiplinert som tekstane sine. – Eg har heile tida ei kjensle av at eg ikkje gjer noko. Slik er det når ein ikkje har fast kontortid. Likevel står eg opp tidleg, les avisa og ser ut vindauget, noterer litt her og der. Så lenge det blir ei bok i året, får det vere god nok arbeidsmoral. Målet hennar er ikkje å frelse verda med bøkene sine, men å lage tekstar som fungerer. Kleiva hevdar det ikkje ligg nokon klår moralsk intensjon bak det ho skriv, men vedgår at kanskje noko skin gjennom umedvite. – Eg vil jo helst ha dei gode kjenslene, men det er jo mykje grums, vanskar og tull i eit menneskeliv. Folk har ikkje sorglause liv. Ho nektar for at innhaldet i bøkene hennar er like svart som innhaldet i kaffikoppen ho har i handa. – Somme vil kalle vaksenlitteraturen min kynisk, eg vil kalle han realistisk. Dessutan kan ein finne mykje positivt dersom ein leitar. Forførande knapp Kritikarar karakteriserer Kleiva som både knapp og kald i stilen. Sjølv er ho redd for at det blir babbel dersom ho skriv for langt. Ho synest det er lettare å ta vekk enn å leggje til, så i skriveprosessen stryk ho alle overflødige ord. – Det er ikkje min pust å skrive langt. Kanskje er eg slik når eg snakkar òg, – eg seier litt for lite. Det er tryggare å skrive enn å snakke. Då har ein betre kontroll. Eg skriv for å skape orden i det kaotiske. Rønnaug Kleiva meistrar kunsten å fylle få

ord med mykje meining. For å gjere det har ho heile tida eit klårt bilete av kva ho vil formidle – Eg har heile tida eit dobbelspor i hovudet som er klar over den djupare meininga som kan liggje i orda. Når eg skriv, prøver eg å peike på noko. Og peikar gjer ho, med ein smal finger ut i dammen framfor benken vi sit på. – Dersom ein seier at det flyt ein død pinne i vatnet, kan det framkalle noko hos lesaren. Eg peikar på noko, så blir lesaren med på å danne meining i det. Å skrive er ei forføring, som veldig mykje annan kunst

Gartnarglede Når Rønnaug Kleiva ikkje lukar vekk overflødige ord, lukar ho vekk uønskte plantar. I grønsakshagen på den to mål store hytteeigedomen sør for Strömstad, kan ho liggje heile dagen og fjerne ugras. I den svenske hagen dyrkar ho mellom anna krydderplanter, raudbetar, salatar og løkar. – Eg har til og med fått til physalis. No skal eg ned og byggje drivhus, og satsar på at endå fleire blir modne. Nei, forresten, kall det veksthus, det høyrest så mykje meir positivt ut. Grønsakene blir foredla på eige kjøken, for matlaging er éin av Kleiva sine store lidenskapar. Ein spesialitet er fylte squashblomar av eigendyrka squash. Unngår allfarveg Matinteressa har resultert i ei stor avdeling kokebøker i leilegheita på Sankthanshaugen i Oslo, der ho har budd dei siste 15 åra. Ho har blitt glad i hovudstaden, men reiser likevel ofte frå han. – Eg må reise. Det å få konkret kunnskap er viktig, og ein endrar seg når ein møter noko nytt. Når ein sit og gnikkar med ein penn i fleire år, treng ein å bli skubba litt for å få i gang tankeprosessar. Rønnaug Kleiva vel seg gjerne dei reisene som går utanfor allfarveg når ho pakkar sekken. – Eg reiser litt lenger vekk for kvar gong.

Fredag 25. juni 12.30–12.45 Basisutstillinga, Ivar Aasen-tunet Novellekunst Utstillingsopning

18.00–19.00 Salen, Ivar Aasen-tunet Opningshøgtid Kr 150

14.00–14.45 Salen, Ivar Aasen-tunet Diktekunst utan reiser? Kr 100

19.15 Gamletunet, Ivar Aasen-tunet Blomar ved bauta: Ivar Aasen-bautaen

19.00–20.15 Bjørke Festspel i Notanaustet Kr 150 / barn gratis

Laurdag 26. juni 10.00–10.30 Morgongymnastikk med festspeldiktaren 14.00–14.45 Salen, Ivar Aasen-tunet Reise Kr 100 20.00–20.30 Salen, Ivar Aasen-tunet Ønskedikt Kr 100

S

Rønnaug Kleiva Fødd 1951 på Vartdal på Sunnmøre Forfattar, dramatikar og barnebokforfattar Utdanna cand.mag. med lærarskule, idrett grunnfag, og norsk mellomfag. Har gått på forfattarstudiet i Bø Arbeidde 15 år som lærar Debuterte i 1985 med diktsamlinga Animasjon Har gitt ut 23 bøker og er representert i fleire antologiar og norskverk for grunnskulen og den vidaregåande skulen Omsett til åtte språk Festspeldiktar under Dei nynorske festspela 2010 l

l

l

l

l

l

l

l

Akkurat no ligg eg på andre sida av Middelhavet, i Armenia, Georgia og den kurdiske delen av Tyrkia.. Som forfattar går eg også stadig litt vidare; eg blir flinkare og finn andre måtar å gjere ting på. Ho tek alltid med seg avleggjarar eller frø heim til hagen frå reisene sine. Ofte føretrekkjer Kleiva å leggje ut på tur åleine. – På reisene der ein frys, er svolten eller har det ubehageleg, føretrekkjer eg å vere åleine utan born eller kjærast. Eg er veldig flink til å overnatte på dårlege og billege hotell. Ein kan få mykje for lite pengar. Slik sett er det ikkje så dumt å vere sunnmøring, ler ho. Kleiva gler seg til å reise til heimtraktene som festspeldiktar, og den allsidige forfattaren kan dessutan avsløre at ho har nye skriveprosjekt på gang. – Det er litt hemmeleg, men det skal nok kome noko. Men ikkje i haust, for det tek på å vere festspeldiktar, smiler ho. Å skrive direkte og usminka om realitetane, vil ho halde fram med. Skulle det bli for nedbrytande har ho løysinga klar: – Viss livet er ille, kan ein alltids lage mat eller luke i hagen!

Her møter du festspeldiktaren Torsdag 24. juni 17.00–24.00 Kafeen, Ivar Aasen-tunet Rønnaug Kleivas favorittrett

5

Søndag 27. juni 11.00–12.00 Utescena, Ivar Aasen-tunet Festspelgudsteneste i det fri


S

6

D E I N Y N O R S K E F E S T S P E L A • I v a r A a s e n - t u n e t • 24 . – 27. j u n i 2010 • Vo l da og Ør s t a

Forrykande laurdagskveld med Valkyrien Allstars Valkyrien Allstars vartar opp med forrykande felespel og rocka folketonar på Dei nynorske festspela. Sjelfull og sterk vokal akkompagnert av feleriff og kollektiv improvisasjon har blitt deira varemerke. Laurdag 26. juni spreier dei gode vibrasjonar frå utescena i Ivar Aasen-tunet. Med Tuva Syvertsen som frontfigur trollbind dei tre forføreriske felespelarane publikum med ei leikande og virtuos blanding av norsk og unorsk. Dei vågar å kople det kjenslevare med det fyrige, det enkle med det ekstravagante. Inspirert av både blues, jazz, reggae og rock flyttar dei grenser ved å eksperimentere med tradisjonane og la urbane villskot få blomstre på urnorsk rot. Tradisjon med noko ekstra Tuva Syvertsen si fyldige, nærast bluesaktige stemme tvinnar seg rundt melodiar som gjerne har rot i det norske tradisjonsmiljøet. Samstundes eksperimenterer og blandar dei stilar og sjangrar, og har på den måten utvikla sitt eige lydbilete. Dette gjer Valkyrien Allstars både nyskapande og internasjonal. Tuva Syvert-

sen, Erik Sollid og Ola Hilmen elskar å leike seg frem til nye variantar, men alltid med respekt for det opphavlege. På denne måten gir dei stadig nye lyttarar ei oppleving av at folkemusikken kan bergta. Songen gir det musikalske biletet ein ekstra dimensjon ved

å kombinere stev- og kvedartradisjonen med eit urbant og rocka uttrykk. Tekstane er til dels henta frå kjende forfattarar, som Olav H. Hauge, Arne Garborg og Halldis Moren Vesaas, men også her blandar dei mål og form for å skape sitt eige uttrykk.

Valkyrien Allstars gir oss ein midtsommarlaurdag vi seint vil gløyme.

– Eg brukar å ta med meg gjestar til Festspela, for det er ein perfekt måte å vise fram Sunnmøre på: Det skjer mykje, og naturen er på sitt finaste, seier ho. Slettevoll er busett i Drammen, men kjem opphavleg frå Rovde. I år gler ho seg også spesielt til å høyre meir frå Maria Parr, som kjem frå same kommunen. – Eg synest også at foredraga er spennande, og eg likar den tette stemninga når det er opplesing på dei intime kafeane i Ørsta og

Volda, seier Slettevoll.

Laurdag 26. juni 21.00 Utescena, Ivar Aasen-tunet Valkyrien Allstars Kr 300 / barn 250 / familie 750

Mykje å sjå fram til Med meir enn 40 arrangement på fire dagar er det mykje å gle seg til på årets festspel. Mellom foredrag, samtalar, bokkafear og konsertar er det også ei særeigen festivalstemning i Aasen-tunet og på dei andre arrangementsstadene desse dagane i juni. Vi har spurt nokre om kva dei ser mest fram til på Festspela i år.

– Det er ikkje berre einskilde arrangement eg ser fram til, men det er det særeigene rommet for påfyll og refleksjon som ein får på Festspela. Her er ei stor breidd i arrangement, og mi erfaring er at kvaliteten er gjennomgåande høg, seier Helga Arianson frå Bergen. Ho har vore fast festspelgjest i fleire år, og legg til at ho er ei kritisk dame. Kirsti Slettevoll reiser også langt for å få med seg Festspela.

Hans Morten Sundnes frå Folkestad ser fram til å møte minst ein av årets måldivaer; Maria Parr og Rønnaug Kleiva. – Her er mykje anna å gle seg til òg, som historia om Øl på Målbar, kaféarrangementa der vi til dømes får høyre frå boka om Ferdaminne av A. O. Vinje, og konsertar med både Valkyrien Allstars og søndagsopera med Jorunn Torsheim, seier Sundnes.


D E I N Y N O R S K E F E S T S P E L A • I v a r A a s e n - t u n e t • 24 . – 27. j u n i 2 010 • Vo l da og Ør s t a

Endeleg Sigvart Dagsland Han slengde ut jokeren alt med si første plateutgiving for 25 år sidan. Sidan har det berre gått oppover. Sterke tekstar, iøyrefallande melodiar og ein fantastisk stemme har gjort Sigvart Dagsland til ein av dei sjølvskrivne og store popartistane i Noreg. Fredag kveld høyrer vi han på utescena i Aasen-tunet. Då han var med i den norske finalen i Melodi Grand Prix i 1987, blei han introdusert med orda: ”Han må synge på dialekt om teksten skal ha meining for han, seier han.” Forankringa i dialekten er framleis viktig, men når han ser tilbake, synest han kanskje den utsegna var litt vel eplekjekk. – Eg er jo oppteken av tekstinnhald og meiner at tekst og melodi er fullstendig likestilte i songane mine. No syng eg helst på dialekt eller engelsk, men eg kan også syngje songar på normert skriftspråk med skarre-r og føle at det fungerer, seier Sigvart Dagsland. Sterke tekstar er eit av vare-

merka på Dagsland sine CD-ar. Frå byrjinga av karrieren fekk han tekstar frå Erik Hillestad og Gunnar Roalkvam, men dei siste åra har det blitt meir Dagsland i tekstane også, i samarbeid med tekstforfattaren Mike McGurk. – Mine eigne meiningar kjem klarare fram på dei siste utgivingane, og det har nok vore ei dreiing frå det miljøbevisste til det meir allmennmenneskelege desse åra. Det kyrkjekritiske, eller skal vi seie kyrkjemedvitne, har nok vore der heile tida, seier han. På konserten under Festspela får vi høyre songar frå heile karrieren, frå ein folkekjær artist som har vore aktiv i tre tiår. Dagsland har med seg sitt faste laivband med Torjus Vierli på piano og song, Ingelin Reigstad Norheim på song og gitar, og Hildegunn Garnes Reigstad på song og perkusjon.

Fredag 25. juni 21.30 Utescena, Ivar Aasen-tunet Sigvart Dagsland Kr 300 / student og honnør 200

Førsnakk med Dagsland og Nilssen Det er ikkje ein biografi, og det er heller kanskje ikkje ei rein portrettbok. – Det er meir ei blanding av ein roman og ei portrettbok, seier Sigvart Dagsland om Olaug Nilssen si bok Nesten frelst av Sigvart Dagsland. Fredag kveld møtest forfattaren og portrettet til ein førsnakk i salen i Aasentunet. Dagsland og Nilssen har arbeidd nært saman om denne boka som kom ut i fjor haust.

Resultatet er blitt både intelligent og underhaldande. Nilssen er sjølv aktivt med i forteljinga, og leitar både hos tilhengarar og familie for å finne ut meir om ein av dei mest folkekjære artistane i Noreg. Kanskje får vi også høyre meir om Nilssens tvilsame tolkingar av Dagsland sine djupe tekstar denne fredagskvelden. Foto: Jens Helland Aadnanes Fredag 25. juni 20.00–20.45 Salen, Ivar Aasen-tunet Førsnakk Kr 100

7

S


S

8

D E I N Y N O R S K E F E S T S P E L A • I v a r A a s e n - t u n e t • 24 . – 27. j u n i 2010 • Vo l da og Ør s t a

Kulturministeren opnar Festspela Ved inngangen ventar jordbær overtrekte med sjokolade. I kafeen fyllest det opp med folk som er her for første gong eller som har vore med på dette før. Inne i salen skal helst alle lyd- og lysprøver vere ferdige. Programleiaren er spent, og utøvarane gler seg til å kome i gang. Ikkje minst festspeldiktaren, som i over eitt år har visst at dette er kvelden. I år er ikkje spenninga der om kven som får prisen Årets nynorskbrukar. Det har vore kjent i to månader, men prisvinnaren skal få sin tale og prisen delast ut til applaus som fyller salen og kjenslene. Opningshøgtida for Dei nynorske festspela skal vere nettopp det – ei høgtid som er open for kven som helst. Difor blir aldri

salen fylt opp med inviterte gjester. Det gjeld berre å vere tidleg nok ute med å skaffe seg billett. Så, når resepsjonen og kafeen er full av røyster, går dørene opp: Steng sommarkvelden ute ein times tid, sjå lyset bli teke ned og høyr stega frå den som no skal få i gang Dei nynorske festspela for 19. gong.

Kulturminister Anniken Huitfeldt held opningstalen for Dei nynorske festspela 2010. Foto: Scanpix, Berit Roald Torsdag 24. juni 18.00– 19.00 Salen, Aasen-tunet Opningshøgtid Kr 150

Årets nynorskbrukar 2010 Med bok og gitar Onsdag 24. mars 2010 kl. 18.30 blei Maria Parr stille. Ho hadde nettopp fått vite at styret i Nynorsk kultursentrum hadde kåra henne til Årets nynorskbrukar. Dei som får den telefonen, har som regel lite å seie der og då. Dei har nettopp fått høyre at prisen går til ”personar eller institusjonar som har synt evne til å bryte med språklege og kulturelle konvensjonar om bruk av nynorsk, som gjennom sitt føredøme eller praktiske arbeid gjer det lettare å vere nynorskbrukar, eller som skaper større allmenn forståing for nynorsk.” Kva skal ein svare til slikt? Opningskvelden får Maria Parr prisen, og publikum får høyre heile grunngivinga. Litt seinare

Feletonane legg seg varmt kring orda når Gunnvald spelar ”Blåmann, Blåmann” og Tonje Glimmerdal syng. Songen om Blåmann er ein av fleire folketonar som har ein forløysande verknad på karakterane i boka Tonje Glimmerdal av Maria Parr. Fredag 25. juni les ho frå den prislønte boka på Volda omsorgssenter og på Bakk-Olamarka i Ørsta. gir Audhild Gregoriusdotter Rotevatn henne sjansen til å seie det ho har tenkt. Kanskje også noko ho ikkje ante ho kom til å seie. Torsdag 24. juni 20.00–20.30 Salen, Aasen-tunet Maria Parr i samtale med Audhild Gregoriusdotter Rotevatn Kr 50

Maria Parr les så forteljinga blir levande. Og der ho stoppar, tek gitarist og trubadur Øystein Eckhoff Holsvik publikum med vidare, med både Blåmann og andre folketonar og viser. Fredag 25. juni 11.00–11.45 Volda omsorgssenter, Volda Litteratur og musikk hand i hand Gratis

Eckhoff er ein strålande underhaldar, og fredag legg han både varme og humørfylte tonar rundt orda frå Maria Parr.

Fredag 25. juni 12.30–13.15 Bakk-Ola-marka, Ørsta Litteratur og musikk hand i hand Kr 100 / student og honnør 50 / barn 50


D E I N Y N O R S K E F E S T S P E L A • I v a r A a s e n - t u n e t • 24 . – 27. j u n i 2 010 • Vo l da og Ør s t a

9

S

Kva skal vi med alle reisene? Kvar dag reiser 120 000 nordmenn med fly. På flyplassane kjøper mange av dei reiselektyre. I dei bøkene er det nesten alltid nokon som reiser. Kva hadde diktekunsten vore utan reiser? Det reiser tre forfattarar og ein journalist til Dei nynorske festspela for å diskutere. Der blir festspeldiktaren Rønnaug Kleiva, forfattaren Hilde Kvalvaag og essayisten Jon Severud utfordra av kulturredaktør Jan H. Landro i Bergens Tidende. For alt vi veit, minner han dei om dei gamle grekarane alt før dei sjølve kjem til orde. Den eldste kjende reiseskildringa er skriven av ein egyptisk prest for 3100 år sidan. Greske Homer skapte seinare storverket Odysseen, bygt over eldre munnlege forteljingar. Den kinesiske buddhisten HsüanTsang vandra på 600-talet gjennom Asia i 16 år og skildra det han såg. Den eldste kjende teksten av ein nordmann skriv seg frå den nordnorske høvdin-

Vittige tunger meiner Aasen-tunet er det einaste museet i Noreg med eigen flyplass. gen Ottar som reiste sørover til England på 800-talet. Arabaren Ibn Batuta skildra ei langferd på 1300-talet, og Christopher Columbus skreiv brev frå det han trudde var hi sida av jorda kring 1500. Dagboka av Johann Wolfgang von Goethe frå hans italienske reise 1816–17 bør ingen lesar dra forbi. Nokre tiår seinare skreiv Aasmund Olavsson Vinje den norske grunnboka ”Ferdaminne frå sumaren 1860”.

I mange forteljingar er reisa nødvendig for handlinga og historia. Kva skulle Agatha Christie ha gjort utan Orientekspressen? Eller Ragnar Hovland utan ferjene på vestlandsfjordane? Reiser kan vere gode å ha fordi dei opnar nye utvegar i poesien. Dei litterære reiseskildringane har gitt meir prøvande tekstar. Der representerer i prinsippet kvar einaste reise eit kulturmøte. I litteraturen har lesarane altså kunna møte andre kultu-

Reise i ord og tonar

Ønskedikt

Lars Petter Sveen debuterte i 2008 med boka Køyre frå Fræna. Kva passar då betre enn at han les tittelnovella under Dei nynorske festspela det året temaet er reise? Sveen er tidlegare elev på Skrivekunstakademiet. For debutboka si fekk han Tarjei Vesaas’ debutantpris, Aschehoug debutantstipend og Sunnmørsprisen.

Festspeldiktaren Rønnaug Kleiva har til dette programmet gjort eit utval av dei dikta ho set mest pris på. Lyrikken til Eldrid Lunden er sjølvsagd i dette utvalet. Lunden debuterte i 1968 med diktsamlinga f.eks. juli, og er ein nyskapande poet i moderne norsk lyrikk. Ho skriv nedtona og presise dikt, blir det framheva i nettleksikonet Allkunne.

Perkusjonist Terje Viken og Rønnaug Kleiva samarbeidde første gong under Vinterfestspill i Bergstaden i 2001, og dei gler seg stort til å møte publikum

saman igjen. Terje Viken er perkusjonist i Oslo Filharmoniske Orkester og har spesielt til dette høvet laga musikk til tekst av Rønnaug Kleiva. Dette er altså ei urpremiere det er verdt å få med seg. Karoline Riise Kristiansen, opphavleg frå Volda, er sjefredaktør i Nynorsk Pressekontor. Denne ettermiddagen skal ho leie oss gjennom reisa i ord og tonar. Laurdag 26. juni kl. 14.00– 14.45 Salen, Ivar Aasen-tunet Reise Kr 100

Av utanlandske lyrikarar festspeldiktaren vil dele med oss,

rar lenge før dei same kulturane vandra inn i grannelaget. Reisa har vore der så lenge det har vore dikta, men no når lesarane reiser sjølve, kva skal då diktekunsten gjere med alle reisene? Fredag 25. juni 14.00–14.45 Salen, Ivar Aasen-tunet Diktekunst utan reiser? Kr 100

finn vi Robert Bly og Raymond Carver, gjendikta av høvesvis Olav H. Hauge og Tor Obrestad. Vidare får vi møte dikt av mellom andre svenske Thomas Tranströmer; han som skriv så godt at Rønnaug Kleiva bestemte seg for å slutte å skrive dikt; hennar dikt kunne aldri måle seg med hans. Festspeldiktaren treng ikkje få rett i den påstanden, men det blir spennande å få høyre dikt som ho set så høgt. Laurdag 26. juni kl. 20.00– 20.30 Salen, Ivar Aasen-tunet Ønskedikt Kr 100


S

10

D E I N Y N O R S K E F E S T S P E L A • I v a r A a s e n - t u n e t • 24 . – 27. j u n i 2010 • Vo l da og Ør s t a

Poetisk og energisk Åresong I fjor haust kom boka Songar av Jon Fosse, dikt til trøyst og undring. Fredag under Festspela får vi oppleve trekkspelvirtuosen Gabriel Fliflet sine tonar til desse songtekstane i verket ”Åresong”. – Det er melodiøst og songbart, ein stor del poesi, og innimellom bryt ein meir fandenivoldsk energi gjennom. Musikken er imøtekomande, men litt uventa, utan å vere prega av klisjear, seier Gabriel Fliflet om verket han har skrive som tingingsverk til Festspillene i Bergen. Jon Fosse sine dikt er som songar og er skrivne for å bli sette tone til. Dei er lette og humoristiske, enkle og klare, og samtidig rommar dei djupner mot det vanskelege og alvorlege. Her er dikt om angst og splitting, aldring og drikking, og tonen er filosoferande og forsonande. Dette er tekstar å syngje, bli glad i og kjenne seg att i. – Songtekstane er små glimt av livet, av verda vår. Dei har titlar

Robåt i solnedgang. Foto: Tormod Iversen som ”Jentesong”, ”Månesong”, ”Vil bort-song”, ”Barnesong” og ”Vindsong”. Vi som framfører dette – folk i ulik alder, av begge kjønn, av ulik karakter – speglar desse små glimta, seier Fliflet. Tre av musikarane er hovudsongarar både som solistar og som kvar sin tråd i ein større stemmevev.

Gabriel Fliflet er kjend for si smittande speleglede og stemningsfulle konsertar. Han skriv melodiøse tonar, der ettertanke og poesi vekslar med rytmiske energifelt. Til framføringa av ”Åresong” har han med seg eit topplag av norske musikarar; Per Jørgensen (song og trompet), Benedicte Maurseth (song

og hardingfele), Kristoffer Vogt (song og kontrabass) og Stein Urheim (song og strengeinstrument). Fredag 25. juni 18.00–19.15 Salen, Ivar Aasen-tunet Åresong Kr 200

Gabriel med trekkspel Frukost i tunet Det har blitt ein tradisjon og gjester å arrangere frukost i tunet Gabriel Fliflet er musikaren som får alt til å verke mogleg. Melodilinjene dansar i takter og rytmar slik berre trygge musikarar får dei til å gjere, og i hans hender blir eit trekkspel rein poesi. I Bergen har han bygt opp ei sterk konsertscene for nye talent. Samstundes koplar han saman kunstnarar på dei mest uventa vis. Å takke nei til ein idé frå Fliflet er noko berre den gjer som ikkje veit kva anger er. Fredagsnatta er det på ny Målbar i peisestova på Møre Folkehøgskule. Baren opnar alt kl. 21.00. Når det lid på, fyller Gabriel scena med trekkspel – og gjester som ikkje vil gå.

under Festspela. God mat, smakfullt pålegg, varm drikk og viktige ord er i år som tidlegare viktige ingrediensar.

Fredag 25. juni 23.30–00.15 Møre Folkehøgskule Med Gabriel og gjester Gratis

Dagen tek til med at bryggjerimeister Espen Lothe frå Kinn Bryggeri deler raust av sine erfaringar med etablering av ei lokal verksemd med sterk identitet. Lothe er noregsmeister i ølbrygging og godt handverk kjenneteiknar det vesle bryggeriet i Florø. Torsdagskvelden har han med seg både øl og gode historier på MålBar. Denne morgonen i Aasen-tunet legg

han vekt på den meir matnyttige sida av verksemda si. Kjøkkenleiar Milan Ilic og gode samarbeidspartnarar byr på freistande frukost. God appetitt!

Fredag 25. juni 09.00–11.00 Kafeen og utekafeen, Ivar Aasen-tunet Frukost i tunet I samarbeid med Kontaktpunktet Kr 100


D E I N Y N O R S K E F E S T S P E L A • I v a r A a s e n - t u n e t • 24 . – 27. j u n i 2 010 • Vo l da og Ør s t a

11

S

Språkrekneskap frå NRK-sjefen Som nytilsett kringkastingssjef gav Hans-Tore Bjerkaas ei språkleg programerklæring under Dei nynorske festspela i 2007. Han gjorde det klart at han ville setje ned foten og syte for at den viktigaste nynorskbrukaren i landet oppfylte krava Stortinget har sett om bruk av nynorsk. Kom tilbake om nokre år, så ser vi kva som har skjedd, sa arrangørane. Avtale, sa Bjerkaas. No skal første rekneskapen gjerast opp. Fredag gjer NRKsjefen opp status for den språklege delen av verksemda i NRK. Det blir mest om nynorsk, men med dei perspektiva han finn det rimeleg å ta med. Etterpå får publikum høve til å

seie si meining om nynorsk og dialekt i NRK, og ta opp slikt dei grundar på. Ikkje i form av sms-meldingar som rullar anonymt over skjermen, men med spørsmål frå salen som Bjerkaas svarar på. Sjølv undrar mannen frå Tromsø seg over at nynorsk ikkje blei skriftspråket for folk i Troms, så nær talemåla deira er nynorsk.

Fredag 25. juni 15.30–16.15 Salen, Aasen-tunet Nynorsk i NRK: min språkrekneskap Gratis

– Mindre er meir, seier Skei – Mindre er meir, seier litteraturvitaren Hans H. Skei når han førebur seg til å halde Ivar Aasen-minneforedraget 2010 og leggje fram nye tankar om den korte forteljinga. Novella og andre korte forteljingar har vore ein av spesialitetane hans i fleire tiår, både som bokmeldar i Aftenposten og som litteraturforskar. Dessutan er han ein av desse som praktiserer nordisk samarbeid og difor kjenner diktekunsten i mange land. Merkeleg nok har Dei nynorske festspela greidd å vente heilt til 2010 med å få denne kyndige lesaren til å reise til Aasentunet. Før han får ordet, les den nye novellekunstnaren Sigrid Merethe Hanssen. Fredag 25. juni 13.00–13.45 Salen, Aasen-tunet Ivar Aasenminneforedraget 2010 Kr 100

Ivar Aasen-minneforedraga 2006–2010 2006 Andreas Hompland: Framsteg. Kulturelle og sosiologiske perspektiv på regionalisering 2007 Gunvor Risa: Undring og utforsking mellom Løland og Osland 2008 Atle Kittang: Kva er poenget med diktekunst i dag?

2009 Paal-Helge Haugen: Å løfte seg sjølv etter teksten 2010 Hans H. Skei: Mindre er meir. Nye tankar om den korte forteljinga

Dette er Ivar Aasen I 26 år var Ivar Aasen ute på reiser i språket. Ikkje året rundt kvart år, men lenge nok til at det blei langt. Til no har ingen visst kor langt han reiste. Det vanlege har vore å seie at han reiste 400 mil. Det einaste som er sikkert om det talet, er at det må vere altfor lågt. Laurdag kjem svaret. Då må eg ha gjort meg ferdig med både dagbøkene og reisehandbøkene og karta. Dette blir det andre av ei rekkje foredrag om Ivar Aasen som etter planen blir avslutta i 2013. Kva han gjorde på desse reisene, veit vi frå før. Eller? Ottar Grepstad

Laurdag 26. juni 15.00– 15.45 Salen, Aasen-tunet Dette er Ivar Aasen I år: reisene Gratis


S

12

D E I N Y N O R S K E F E S T S P E L A • I v a r A a s e n - t u n e t • 24 . – 27. j u n i 2010 • Vo l da og Ør s t a

Venskap, oppfinnarevne og ketsjup Fredag føremiddag inviterer vi til festspel for born med blod og ketsjup. Forfattaren og illustratøren Kari Stai boltrar seg i raudfargane i den nye boka si Blodrik og Blodfabrikken. Kjempa Blodrik er proppfull av blod og må tappe blod kvar dag for ikkje å sprekke. Då er det godt å ha den tørste Myggen som ven. Kari Stai debuterte med biletboka Jakob og Neikob, ei bok ho vann Kulturdepartementets debutantpris for. Som Jakob og Neikob er også boka om Blodrik fylt av fantastiske illustrasjonar i Stai sitt særeige formspråk. Ho teiknar liv og sjel i stiliserte figurar ved hjelp av enkle basisformer og fargerike flater. I Blodfabrikken lagar dei alt mogleg som er veldig raudt, som chiliketsjup, neglelakk, julepynt og jukseblod. Vi kan garantere at det også blir mykje raudt når Kari Stai kjem til Festspela for å teikne og for-

telje om Blodrik. Etterpå blir det aktivitetar for alle borna med mellom anna kapper, raud ansiktsmaling og kanskje nokre dosar ketsjup.

Illustrasjon frå Blodrik og Blodfabrikken av Kari Stai.

Arrangementet høver best for born i alderen tre til seks år.

Sommarklar Malin Det er sommar og skulefri når Malin Reitan kjem til Volda bygdetun for å halde familieshow under Dei nynorske festspela fredag 25. juni. Etter at Malin vann den norske finalen i MGP Junior i 2005, har ho etablert seg som artist med fire solide CD-utgivingar og meir enn 100 000 selde CDar. Tidlegare i år blei ho den yngste vinnaren av Spellemannprisen nokosinne. Med den siste CD-en har Malin droppa museflettene og slått ut håret. Ho viser til fulle at ho er meir enn ei sjarmerande barnestjerne. Tekstane er blitt meir modne, musikken er litt røffare i kantane, men like fengande.

Det er ein heilstøypt artist som formidlar kjensler, mot og livsglede gjennom musikken, alt like sjølvsagt framført på trønderdialekt. – Det kanskje viktigaste for meg er at lyttarane kan kjenne seg igjen i det eg syng om, seier ho sjølv beskjedent. Når Malin er ferdig på scenen legg festspelarrangøren til rette for fleire aktivitetar for borna på Volda bygdetun. Det blir også høve til å få kjøpt sommarleg mat og drikke i det flotte miljøet på bygdetunet. Familieshowet med Malin er eitt av fleire arrangement for born under Dei nynorske festspela. Fredag 25. juni 17.00–19.00 Volda bygdetun, Volda Familieshow med Malin Kr 100 barn og vaksen / familie 300

Fredag 25. juni 10.00–13.00 Utescena, Ivar Aasen-tunet Festspel for born Kr 50 / familie 150


D E I N Y N O R S K E F E S T S P E L A • I v a r A a s e n - t u n e t • 24 . – 27. j u n i 2 010 • Vo l da og Ør s t a

13

S

Draumedag med ordspionen Lurivar – Det var gøy med katt. Eg kjem til å drøyme om det i natt, skreiv Theresa frå Tonning skule etter at dei hadde hatt besøk av ordspionen Lurivar og forteljaren Hilde. Skulen hennar er ein av mange som har hatt besøk av Lurivar og framsyninga ”Katta i sekken” dei siste to åra. Laurdag under Festspela kjem både Lurivar og Hilde på eit sjeldant besøk heim til Aasen-tunet med denne framsyninga. Tunkatten Lurivar i Ivar Aasentunet er svært glad i bøker og er ein ivrig ordsamlar. Noko av det han likar aller mest, er å dele denne ordgleda med born i alle aldrar. I framsyninga ”Katta i sekken” tek Lurivar (Aslak Strønen) og forteljaren Hilde (Unn Fyllingsnes) oss med på ei reise gjennom ordverda og den nynorske barneboklitteraturen. Der får vi oppleve ei verd av artige ord, musikk, gjøgleri og gode tekstar.

Lurivar og Hilde teikna av Silje frå Tonning skule. Etter framsyninga vert det tunkatt-aktivitetar ute på tunet, og Lurivars ordløype til Høgetua der Lurivar no har laga sitt eige bibliotek! Alle som kjem

til Aasen-tunet denne føremiddagen, vil få oppleve at ”Dette stykket var gøy. Det var betre enn å hoppe i høy”, som Silje i fjerde klasse skriv.

Laurdag 26. juni 13.00–13.45 Uteamfiet, Ivar Aasen-tunet Agent ordspion Lurivar av Aasen-tunet Kr 50 / familie kr 150

Vandring i Ivar Aasens fotspor Somme ting kan ikkje seiast for ofte, og somme turar er så fine at ein meir enn gjerne tek han ein gong til. Vandringa i 12-åringen Ivar Aasens fotspor frå prenteverket på Ekset til Åsen er ei slik turoppleving som freistar til gjentaking. Med felespelaren Benedicte Maurseth, forteljaren Heidi Alice Aarseth og Heidi Thöni Sletten som turleiar reiser vi igjen 200 år tilbake i tid med bøker og post frå Ekset til Åsen. For 200 år sidan var Ekset eit viktig knutepunkt for opplysning, med det første trykkeriet

på landsbygda i Noreg. For den kunnskapshungrige gutungen på Åse-garden var vegen til Ekset kort og her fann han bøker og aviser i rikt monn. Han vart også god ven med barnebornet til Sivert Aarflot, den fire år yngre Sivert. Vandringa byrjar på Ekset der Thöni Sletten fortel om trykkeriet og alt som skjedde her. Frå Ekset går turen til Åsen over Høgetua. Framme i Ivar Aasentunet møter vandrarane Heidi Alice Aarseth som fortel meir om Ivar Aasen som gut. Vandringa høve særleg godt for born på 9-12 år, men her er interesserte i alle aldrar velkomne.

Også i år blir det musikk på vandringa i Ivar Aasens fotspor.

Søndag 27. juni 12.15–14.45 Aarflot-museet til Aasen-tunet Med bøker og post frå Ekset til Åsen Kr 50 / familie kr 150


S

14

D E I N Y N O R S K E F E S T S P E L A • I v a r A a s e n - t u n e t • 24 . – 27. j u n i 2010 • Vo l da og Ør s t a

Program for Dei nyn Torsdag 24. juni

Fredag 26. juni

10.00 Ivar Aasen-statuen, Ørsta sentrum Blomar ved bauta: Ivar Aasen-statuen Direktør Ottar Grepstad

09.00–11.00 Kafeen, Ivar Aasen-tunet Frukost i tunet 09.00–09.20 Salen Bryggjerimeister Espen Lothe fortel om etableringa av Kinn bryggeri. God mat, smakfullt pålegg, varm drikk I samarbeid med Kontaktpunktet Kr 100

17.00–24.00 Kafeen, Ivar Aasen-tunet Rønnaug Kleivas favorittrett 17.30 Kafeen, Ivar Aasen-tunet Velkomen! Direktør Ottar Grepstad og programansvarleg Åshild Widerøe står klar med glas og bær 18.00–19.00 Salen, Ivar Aasen-tunet OPNINGSHØGTID Opning ved Kulturminister Anniken Huitfeldt Steinar Albrigtsen og Monika Nordli Utdeling av prisen Årets nynorskbrukar 2010 til Maria Parr Kr 150 19.15 Gamletunet, Ivar Aasen-tunet Blomar ved bauta: Ivar Aasen-bautaen Festspeldiktaren Rønnaug Kleiva les og kransar Ivar Aasen-bautaen Allsong: ”Dei gamle fjelli” 20.00–20.30 Salen, Ivar Aasen-tunet Maria Parr Årets nynorskbrukar 2010 i samtale med Audhild Gregoriusdotter Rotevatn Kr 50 IVAR AASEN-TUNET TI ÅR 21.00–21.15 Galleriet, Aasen-tunet Festspelutstillinga 2010 Ivar Aasen i bruk Samlaren Jostein O. Mo stiller ut bruksgrafikk med Ivar Aasen som motiv Jostein O. Mo fortel om samlinga og utstillinga Gratis 22.00–23.30 Utescena, Aasen-tunet Opningskonsert: Steinar Albrigtsen og Monika Nordli Kr 300 / student og honnør 200 23.00–02.00 Møre folkehøgskule, Ørsta Målbar Sal av mat og drikk frå 21.00 00.30–01.00 Smaken av historier. I år: Øl Bryggjerimeister Espen Lothe, Kinn bryggeri

10.00–13.00 Utescena, Ivar Aasen-tunet Festspel for born Kari Stai les og fortel frå den nye boka Blodrik og Blodfabrikken Aktivitetar etterpå. Høver best for born 3–6 år Kr 50 / familie 150 11.00–11.45 Salen, Ivar Aasen-tunet Lettbeint, laus og ledig – nynorsk som underhaldningsspråk Halvor Folgerø, Agnes Ravatn, Fredrik Steen og Finn Tokvam. Samtaleleiar: Hilde Sandvik Utdeling av Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar til Astrid Brekken Arrangør: NRK Nynorsk mediesenter Gratis 11.00–11.45 Volda omsorgssenter, Volda Litteratur og musikk hand i hand Forfattar Maria Parr og gitarist Øystein Eckhoff Holsvik. Opning av sommarfesten på Volda omsorgssenter. Arrangement i Leseåret 2010 Gratis

Hans H. Skei: Mindre er meir: Nye tankar om den korte forteljinga Sigrid Merethe Hanssen les Kr 100 14.00–14.45 Salen, Ivar Aasen-tunet Diktekunst utan reiser? Festspeldiktaren Rønnaug Kleiva, Hilde Kvalvaag og Jon Severud i samtale med kulturredaktør Jan H. Landro, Bergens Tidende Kr 100 15.30–16.15 Salen, Ivar Aasen-tunet Nynorsk i NRK: min språkrekneskap Kringkastingssjef Hans-Tore Bjerkaas Gratis 17.00–19.00 Volda Bygdetun, Volda Familieshow med Malin Songleikar og annan tradisjonsrik leik Sal av mat og drikke etterpå Høver best for born frå 5 år I samarbeid med Volda Bygdetun Kr 100 barn og vaksen / familie 300 18.00–19.15 Salen, Ivar Aasen-tunet Åresong Gabriel Fliflet (piano, trekkspel), Per Jørgensen (trompet), Benedicte Maurseth (hardingfele), Kristoffer Vogt (kontrabass) og Stein Urheim (strengeinstrument). Tingingsverk til Festspillene i Bergen 2010 Kr 200

11.30–12.00 Mylneriet, Volda Kaffi, bokstaveleg talt Sigrid Merethe Hanssen Kr 50

19.00–20.15 Bjørke Festspel i Notanaustet Fylkesmann Lodve Solholm, festspeldiktar Rønnaug Kleiva, Guro Håvik med musikarar, Enok Kippersund og Einar Saure Arrangør: Hjørundfjorden kulturvernlag Kr 150 / born gratis. Kr 100 for suppe med brød og kaffi

11.30–12.00 Fugl Føniks kaffibar, Ørsta Kaffi, bokstaveleg talt Jon Severud les frå boka Ei gjenreise. Ferdaminne etter A. O. Vinje Kr 50

20.00–20.45 Salen, Ivar Aasen-tunet Førsnakk Olaug Nilssen og Sigvart Dagsland i samtale med Halvor Folgerø om boka Nesten frelst Kr 100

12.30–12.45 Basisutstillinga, Ivar Aasen-tunet Kort sagt: stort tenkt Opning av utstilling om noveller og korprosa Festspeldiktar Rønnaug Kleiva Gratis under Festspela

21.30–23.00 Utescena, Ivar Aasen-tunet Sigvart Dagsland Sigvart Dagsland, Torjus Vierlid (piano), Hildegunn Garnes Reigstad (vokal) og Ingelin Reigstad Norheim (vokal) Kr 300 / student og honnør 200

12.30–13.15 Bakk-Ola-marka, Ørsta Litteratur og musikk hand i hand Forfattar Maria Parr og gitarist Øystein Eckhoff Holsvik. Arrangement i Leseåret 2010 Kr 100 / honnør og student 50 / barn 50 13.00–13.45 Salen, Ivar Aasen-tunet Ivar Aasen-minneforedraget 2010

23.00–02.00 Møre folkehøgskule, Ørsta Målbar Sal av mat og drikk frå 21.00 23.30–00.15 Med Gabriel og gjester Gabriel Fliflet inviterer med seg andre festspelutøvarar opp på scena Kr 100


D E I N Y N O R S K E F E S T S P E L A • I v a r A a s e n - t u n e t • 24 . – 27. j u n i 2 010 • Vo l da og Ør s t a

15

S

norske festspela 2010 Laurdag 26. juni 10.00–12.00 Volda sentrum Festspelfrukost Renate Lade (song) og Jan Inge Bueide Forfattar Hilde Kvalvaag les Dansegruppe frå Druva i Latvia I samarbeid med Volda handelsforening 10.00–12.00 Ørsta sentrum Festspelfrukost 10.00–10.30 Morgongymnastikk med festspeldiktaren Rønnaug Kleiva les spreke tekstar Treningsinstruktør leier treningsprogram I samarbeid med Ørsta handelsog serviceforeining 10.00– Bondens Marked 11.00–11.45 Møre folkehøgskule, Ørsta Mannen som visste for mykje Førpremiere på biografien om ordbokforfattaren og psykologen Ola Raknes Biograf Jan Olav Gatland og Erling Lægreid i samtale med kulturredaktør Jan H. Landro, Bergens Tidende Kr 100 11.30–12.00 Mylneriet, Volda Kaffi, bokstaveleg talt Marit Kaldhol Kr 50 11.30–12.00 Kafé Fru Svendsen, Ørsta Kaffi, bokstaveleg talt Aina Basso les frå roman som kjem ut hausten 2010 Bjarte Daviknes Klakegg les frå Heliumhjarte Kr 50 13.00 Kunsthuset, Ørsta Sommarutstilling Opning kollektivutstilling Skaidi med Inga Juuso og Steinar Raknes tek del under opninga Gratis 13.00–13.45 Salen, Ivar Aasen-tunet Når språk skal normerast Unn Røyneland og Lars S. Vikør innleier til debatt med perspektiv på den nye norma for nynorsk Førspel ved Stig Ulv (gitar) Arrangør: Ivar Aasen-instituttet Gratis

13.00–13.45 Utescena, Ivar Aasen-tunet Agent ordspion Lurivar av Aasen-tunet Tunkatten Lurivar (Aslak Strønen) og Unn Catodotter Fyllingsnes på tur i litteraturen Tunkattaktivitetar på tunet og Lurivars ordløype til Barneboktuva Høver best for born 6–10 år Kr 50 / familie 150 14.00–14.45 Salen, Ivar Aasen-tunet Reise Forfattaren Lars Petter Sveen les frå Køyre frå Fræna Festspeldiktar Rønnaug Kleiva les eigne tekstar til musikk av perkusjonist Terje Viken Programleiar: Karoline Riise Kristiansen Kr 100 IVAR AASEN-TUNET TI ÅR 15.00–15.45 Salen, Ivar Aasen-tunet Dette er Ivar Aasen I år: Reisene Illustrert foredrag av Ottar Grepstad Gratis 16.00–16.45 Salen, Ivar Aasen-tunet Benedicte Maurseth solo Plateslepp I samarbeid med Grappa Kr 200 / honnør og student 150 / barn 100 20.00–20.30 Salen, Ivar Aasen-tunet Ønskedikt Festspeldiktar Rønnaug Kleiva Kr 100 21.00–22.30 Utescena, Ivar Aasen-tunet Valkyrien Allstars Med festspeldiktarens musikkønske Kr 300 / barn 150 / familie 750 23.00–02.00 Møre folkehøgskule, Ørsta Målbar Sal av mat og drikk frå 22.00 23.30–00.15 Skaidi Inga Juuso (joik) og Steinar Raknes (kontrabass) Kr 100

Søndag 27. juni 11.00–12.00 Utescena, Ivar Aasen-tunet

Festspelgudsteneste i det fri

Preike ved sokneprest Margit Lovise Holte Liturg: Kjell-Roger Isene Tekstlesing ved festspeldiktar Rønnaug Kleiva Arrangør: Volda sokneråd i samarbeid med Ørsta sokneråd 12.00–17.00 Kafeen og Jostein Nerbøvikplassen, Ivar Aasen-tunet Kyrkjekaffi og søndagskafé

12.15–14.45 Frammøte Sivert Aarflot-museet

Med bøker og post frå Ekset til Åsen

Vandring i 12-åringen Ivar Aasens fotspor frå Sivert Aarflots prenteverk og postopneri til Ivar Aasen-tunet Turleiar: Heidi Thöni Sletten Felespelaren Benedicte Maurseth og forteljaren Heidi Alice Aarseth Høver best for born 9–12 år I samarbeid med Sivert Aarflot-museet Kr 50 / familie 150 13.00–13.45 Salen, Ivar Aasen-tunet All verdas språk I år: Språk på vandring

Reiseleiar: Rolf Theil Kr 100 14.00–14.45 Salen, Ivar Aasen-tunet Journalisten Oddgeir Bruaset

i samtale med Audhild Gregoriusdotter Rotevatn Kr 100 15.00–16.30 Utescena, Ivar Aasen-tunet AASEN-STEMNET 2010

Allsong Stemnetale ved Erling Lægreid Susanna frå Sunnfjord

Jorunn Torsheim (song), Tove Kragset (piano) Koreografi og regi: Erlend Samnøen Scenografi av Oddvar Torsheim m. fl. I samarbeid med Sogn og Fjordane Teater Kr 200 / honnør og student 150 / barn 50 / familie 400


S

16

D E I N Y N O R S K E F E S T S P E L A • I v a r A a s e n - t u n e t • 24 . – 27. j u n i 2010 • Vo l da og Ør s t a

Mozart møter Torsheim på Aasen-stemnet Året er 1786 og Mozart har tilbrakt ein sommar i Sunnfjord. Han er forelska i gardsjenta Susanna frå Sunnfjord og bestemmer seg for å skrive ein opera til henne og den skal framførast om nokre veker i Wien. I operaen skal Susanna spele Mona som slit med forholdet til Disco-Lars. Mona vil finne tilbake til den ho var og bestemmer seg for å starte på nytt i Hellas. Vil dette vestlandske universet gjere suksess i Wien? Og korleis vil det gå med Susanna, Eg og meg og Mona? Vi møter Susanna gjennom øvingsperioden der ho blir forstyrra av mygg, postmannen og den irritable regissøren Volfgang Oddvartzen. Dette er noko av handlinga i den komiske kammeroperaen ”Susanna frå Sunnfjord” som blir eit verdig punktum for Dei nynorske festspela 2010 på Aasen-stemnet søndag ettermiddag. Jorunn Torsheim spelar Susanna i denne fantasien krinsa rundt Susanna-figuren frå Figaros Bryllaup av W.A. Mozart og silketrykket til Oddvar Torsheim frå 1971, Susanna frå Sunnfjord. ”Susanna frå Sunnfjord” er ein uhøgtideleg leik og innfallsport til to kunstnarar. Musikken er komponert av W.A. Mozart, medan librettoet er nyskrive av Jorunn Torsheim og Erlend Samnøen, sterkt inspirert av Oddvar

Jorunn Torsheim. Foto: Astrid Waller Torsheim sitt univers i tekst og bilete. Erlend Samnøen har regien på stykket og spelar også postbod og regissør frå Wien. Bodil Kvamme er ansvarleg for dramaturgien og Tove Kragset spelar piano til. Reisande i meiningar Erling Lægreid har gledd og provosert med meiningane sine i NRK Radio i ein mannsalder. Humor og gravalvor går gjerne hand

Erling Lægreid. Foto: Helge Skodvin i hand når Lægreid kommenterer og kåserer på sitt ordrike og til tider grove språk. Søndag kjem han til Aasen-stemnet for å halde stemnetale om årets festspeltema – reise. Det er berre å gle seg. Søndag 27. juni 15.00–16.30 Utescena, Ivar Aasen-tunet Aasen-stemnet Kr 200 / student, honnør 150 / barn 50 / familie 400

Journalisten som lyttar Språk på vandring Som journalist har Oddgeir Bruaset nådd uvanleg langt ut til fjernsynssjåarar i Noreg. Vi har alle sett det: Dei glidande bileta av norsk natur, akkompagnert av naturmytisk musikk, og den rolege røysta til Bruaset som fortel om menneske som har teke eit anna val enn dei fleste av oss. Det heile går føre seg i eit tempo som står i kontrast til mykje anna programinnhald i dag. Kunne ein ha vore meir i utakt med tida? Søndag får du svar på kva løyndomen bak formidlingssuksessen til Oddgeir Bruaset er, når han samtalar med Audhild Gregoriusdotter Rotevatn i Ivar Aasen-tunet.

Frå basisutstillinga i Ivar Aasen-tunet (Foto: Ivar Aasen-tunet)

Søndag, 14.00-14.45, Salen, Ivar Aasen-tunet Journalisten Oddgeir Bruaset i samtale med Audhild Gregoriusdotter Rotevatn Kr 100

Offisielt bur det om lag 11 millionar menneske i den brasilianske verdsbyen Säo Paolo. Korleis har det seg at ein million av dei snakkar japansk? Og kor kinesiske er dei mange bydelane i USA som blir kalla Chinatown? Slike spørsmål risikerer publikum å få svar på like etter kyrkjekaffien søndag. For fjerde gong er språkvitaren Rolf Theil på plass med si entusiastiske og svært innsiktsfulle formidling

av store linjer og små kuriosa om all verdas språk. Dette er ikkje ein time om dei gamle kolonispråka. Det blir heller ein time om koloniar av språk verda rundt. – Eg har alt byrja å gle meg, sa Theil i april. Søndag 27. juni 13.00–13.45 Salen, Aasen-tunet All verdas språk Kr 100


D E I N Y N O R S K E F E S T S P E L A • I v a r A a s e n - t u n e t • 24 . – 27. j u n i 2 010 • Vo l da og Ør s t a

17

S

Eit kraftverk av ein duo På Målbar laurdagskvelden får vi eit heilt spesielt møte mellom to musikksjangrar og to musikarar som kommuniserer på fantastisk vis. Grensene blir sprengde for det du trudde var mogleg i møtet mellom joik og jazz, mellom den profesjonelle joikaren Inga Juuso og kontrabassisten Steinar Raknes. Inga Juuso er kjend for å vere direkte til stades i musikken med ei rå og gripande stemme. Publikum kjenner Steinar Raknes som ein kompromisslaus jazzmusikar som kan ta pusten Laurdag 26. juni 23.30 Møre folkehøgskule, Ørsta Skaidi Kr 100

frå nokon kvar. Samspelet med Inga Juuso er ikkje noko unntak, og det blir gjort med djupn og humor og med eit stort hjarte for musikken. Musikarane kallar på smilet også fordi ein blir full av beundring og undring over at det går an å musisere slik.

Inga Juuso er landsdelmusikar i Troms. Gjennom heile karrieren har ho jobba med å utvikle og fornye samisk musikktradisjon i samarbeid med musikarar frå andre sjangrar. Ho har sunge saman med Raknes i ti år i ulike samansetningar. Saman har dei utvikla ein særeigen energi og musikalsk formidlingsevne. Resultatet er eit unikt musikalsk landskap kor joik og bass-spel tek like mykje plass. Det er eit elegant musikalsk møte mellom to tradisjonar vi får oppleve på Målbar på Møre folkehøgskule laurdag.

Målbar er staden festspelpublikum, utøvarar, frivillige og tilsette møtest om kveldane etter lange og innhaldsrike fest-

speldagar. Det er seint på kveld, men langt ifrå søvndyssande.

Sterkt øl gjer store ord Amfi – Norges største senterfamilie – Norges største senterfamilie

Amfi – Norges største senterfamilie – Norges største senterfamilie

Vi leverer alt av blomster til Dei nynorske festspela Ekstra stort utval i Festspelveka Vi leverer ferske blomster av høg kvalitet

Amfi Ørsta tlf. 70 06 73 81 – Møtestaden midt i sentrum Åpent: man­fre 10­20 • lør 10­18 • amfi.no

amfi.no

Slik heiter det i eit av ordtaka etter Ivar Aasen. Bryggerimeister Espen Lothe frå Kinn Bryggeri har med seg både øl og ord til Målbar på Møre folkehøgskule opningskvelden. Lothe er noregsmeister i ølbrygging og godt handverk kjenneteiknar det vesle bryggeriet i Florø. Den sjølvlærte bryggjaren starta produksjon i eige bryggjeri før jul i 2009 og lagar øl i opne kar og brukar ekte overgjær. Det kan verke gamaldags, men gir eit meir smaksrikt øl. Britisk øltradisjon og eigen

produksjon er utgangspunktet når Espen Lothe deler noko av alt det han veit om øl. Dei som kjem til Møre folkehøgskule kan vente seg både gode bryggjehistorier og smak av godt øl. Øl frå Kinn Byggeri er eit ekte nynorskøl og vert tilgjengeleg i Ivar Aasen-tunet alle festspeldagane. Torsdag 24. juni 00.30-01.00 Målbar, Møre folkehøgskule, Ørsta Smaken av historier. I år: Øl Gratis


S

18

D E I N Y N O R S K E F E S T S P E L A • I v a r A a s e n - t u n e t • 24 . – 27. j u n i 2010 • Vo l da og Ør s t a

Digitalisering av film, bilete og lyd

Ta vare pŒ gamle minner SYT FOR AT ALLE DATA VERT F¯RT OVER TIL FRAMTIDSRETTA MEDIER!

DIGITALISERING

Vi tek pŒ oss alt av oppdrag innan digitalisering av film, bilete og lyd. Døme. 8mm smalfilm, compact VHS, Hi8, VHS, Beta, dias, lydband, kassettar og LP plater. Opptaka legg vi pŒ DVD/CD eller harddisk, etter kunden sitt eige ynskje.

MASSEKOPIERING

Vi utfører óg massekopiering av CD/DVD for skular, lag og organisasjonar.

Ta kontakt for tilbod!

AV- senteret as

KŒrstadvegen 5 6100 Volda

post@av senteret.no

tlf. 70 05 61 40

ein LokaL bidragsytar Tussa er ein del av lokalsamfunnet, og vi vil gjere ein innsats for å gjere det attraktivt å bu og arbeide her. Tussa er ei viktig kompetansebedrift, utviklingsaktør og ein svært viktig arbeidsplass i regionen. Vi er opptekne av å sikre spennande arbeidsplassar og eit godt teneste- og velferdstilbod ved å vere ein aktiv støttespelar til næringsutvikling, utdanning og til frivillige lag og organisasjonar innan kultur og idrett.

Tussa - med krafT Til å skape

tussa.no


D E I N Y N O R S K E F E S T S P E L A • I v a r A a s e n - t u n e t • 24 . – 27. j u n i 2 010 • Vo l da og Ør s t a

19

S

Varm drikk, gode ord Unn deg ein rykande varm kopp kaffi til lyden av fersk litteratur, lesen av forfattarane sjølve. Som små oasar i bygdebyane våre ligg dei der, kaffihusa. Under Dei nynorske festspela har du høve til å gjere lunsjpausen til eit triveleg litterært avbrekk på eitt av dei. På det tradisjonsrike Mylneriet i sentrum av Volda, vil forfattaren Sigrid Merethe Hanssen fredag lese frå dei to novellesamlingane ho har gitt ut dei siste åra. Hanssen har hausta gode kritikkar for utgivingane sine, som har titlane Sprang (2007) og Ingen heime (2009). I den førstnemnde samlinga er det variasjon i tekstane, med både kvinnelege og mannlege synsvinklar som skildrar born, ungdom, vaksne og eldre. I ein nøktern og nådelaust avslørande tone tematiserer tekstane overgangsfasane i livet - frå fellesskap til einsemd, frå klaustrofobi til fridom, og frå liv til død. Om den siste novellesamlinga skriv Maya Troberg Djuve i Dagbladet: ”På vart og intenst vis – med en antydningskunst som minner om Johan Borgen – lar Hanssen oss ane konturene av noe forferdelig. Den er en fortellerteknisk svært velgjort, fortettet og vakker novelle.”

Spora etter Vinje På same tidspunktet i Ørsta sentrum, i den intime sfæren på kaffibaren Fugl Føniks, les Jon Severud frå boka Ei gjenreise - Ferdaminne etter A. O. Vinje. Til 150-årsjubileet for den

Sigrid Merethe Hanssen. Fredag 25. juni kl. 11.30– 12.00 Mylneriet, Volda Kaffi, bokstaveleg talt Sigrid Merethe Hanssen Kr 50

legendariske reisa journalisten og forfattaren Vinje gjorde til Trondheim i 1860, har Severud gått opp spora med relevante omvegar etter denne landsmåls-pioneren. I Vinjeinspirert essayistisk stil rissar Severud opp dei historiske og sosiale rammene som rådde i Noreg då ”Dølen” skreiv sine forvitnelege ferdaminne. Laurdag får publikum høve til å høyre tre forfattarar. Den prislønte forfattaren Marit Kaldhol frå Sunnmøre tek med seg den varierte forfattarskapen sin til Volda og Mylneriet. Kaldhol har skrive litteratur for vaksne, born og ungdom innanfor ei rekkje sjangrar. Kva ho vel å lese, får du vite om du svippar innom ein halvtime.

Bjarte Daviknes Klakegg

Basso og helium I det fasjonable og restaurerte Svendsen-huset i Ørsta si gågate er det òg kafé. Hit kjem Aina Basso og Bjarte Daviknes Klakegg. Basso er utdanna historikar, og debuterte i 2008 med romanen Ingen må vite. Laurdag føremiddag får vi rett nok smake på ny litteratur, nemleg ein roman som kjem hausten 2010. Heliumhjarte er tittelen på novellesamlinga til Bjarte Daviknes Klakegg. Historiene spenner frå det realistiske til det fabulerande, og har hausta mykje god kritikk. Då boka kom ut i 2009, skreiv litteraturmeldaren til Dag og Tid: ”Den stilsikre tekstsamlinga Heliumhjarte er éin av årets beste skjønnlitterære debutar.”

Marit Kaldhol. Foto: Andersson Fredag 25. juni kl. 11.30– 12.00 Fugl Føniks kaffibar, Ørsta Kaffi, bokstaveleg talt Jon Severud Kr 50

Jon Severud. Foto: Oddleiv Apneseth

Aina Basso

Laurdag 26. juni kl. 11.30– 12.00 Mylneriet, Volda Kaffi, bokstaveleg talt Marit Kaldhol Kr 50

Laurdag 26. juni kl. 11.30– 12.00 Kafé Fru Svendsen, Ørsta Kaffi, bokstaveleg talt Aina Basso og Bjarte Daviknes Klakegg Kr 50


S

2 0 D E I N Y N O R S K E F E S T S P E L A • I v a r A a s e n - t u n e t • 24 . – 27. j u n i 2010 • Vo l da og Ør s t a

Lettbeint, laus og ledig

Finn Tokvam og Halvor Folgerø

Nynorsk er vakkert i dikt, gir oss romanar av Maria Parr, gjer Bibelen mange sider kortare og blir dagleg brukt som nyheitsspråk. Men underhaldning? Då skal du ha takk, sjølv om Linda Eide i 2009 var farleg nær ved å bryte ned kvar ein fordom med tv-serien ”Norsk attraksjon”. Per Ståle Lønning fekk herje i beste sendetid laurdagskveldane tidleg i 1990åra, men elles plar grensa for radio og tv å gå ein stad kring kåseriet. Dette vil NRK Nynorsk mediesenter gjere noko med. I beste sendetid under Dei nynorske

festspela, når i det minste publikum er morgonfriske og utkvilte, mønstrar dei både Finn Tokvam, Halvor Folgerø og Agnes Ravatn til å snakke alvor om underhaldning på nynorsk. Faren er stor for uventa innsikt og vittige replikkar. Dette toppar dei med å dele ut Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar. Det er femte gongen dei gjer det, til glede for mange fleire enn prisvinnaren, som i år er NRKveteranen Astrid Brekken. Torsdag 25. juni 11.00–12.00 Salen, Aasen-tunet Lettbeint, laus og ledig Gratis

Er du på jakt etter gode undervisningsopplegg? Treng du døme på teikneseriar eller velskrivne reportasjar på nynorsk? Leitar du etter tips om gode, nye nynorske tekstar?

www.nynorsksenteret.no Nynorsksenteret

Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa

Korleis skal nynorsk skrivast? Det spørsmålet har vore diskutert i over 100 år. Om mindre enn eitt år legg ei nemnd under leiing av Grete Riise fram eit forslag til rettskriving for nynorsk som mange vonar vil vere levedyktig i mange tiår. Arbeidet er ope og kan følgjast dagleg på sprakradet.no. Oppdraget frå Språkrådet er klart. Det skal bli ei tydeleg, enkel og stram norm utan sideformer som gjer det lettare å vere nynorskbrukar, som er tydeleg for alle med nynorsk som sidemål, og som er stabil over tid. Denne norma skal vere lett å bruke uavhengig av formell utdanning og språkkompetanse.

Så enkelt og så vanskeleg. Kva vil det seie å normere eit språk? Kva slags mekanismar gjer seg gjeldande i slike prosessar? Kva kan debatten om arbeidet i Riise-nemnda med fordel hente frå fagkunnskapen om utvikling av skriftkulturar? Slike og andre store spørsmål står på saklista laurdag når Ivar Aasen-instituttet inviterer til debatt om normering av språk.

Laurdag 26. juni 13.00–14.00 Salen, Aasen-tunet Når språk skal normerast Arrangør: Ivar Aasen-instituttet Gratis

Nynorsk skriftkultur Mastergradsstudentane i Volda går inn i eit aktivt og kreativt miljø. Studentane arbeider tett med undervisarar og rettleiarar frå fleire fagmiljø i Volda, og frå andre institusjonar i inn- og utland. Mastergradsstudiet i nynorsk skriftkultur er eineståande i Noreg, og legg vekt på skriftkulturen allment, samstundes som det nynorske eksempelet vert brukt for å vise korleis menneska har forma skrifta, og skrifta har forma menneska. Studiet tilsvarar 120 studiepoeng, og kan takast på heiltid eller deltid. Undervisninga er organisert i tre vekesamlingar kvart semester. Det er også opning for utanlandsopphald. Studiet gir brei kulturkompetanse og kvalifiserer for arbeid i fagstillingar ved museum, i offentleg og privat kultursektor, i utdanningssektoren, i forlag, i media, i kulturadministrasjon, ved kulturformidlingsinstitusjonar. Fullført mastergrad gir høve til å søkje om opptak ved doktorgradsprogram. Kontakt instituttleiar Odd Monsson: om@hivolda.no, T: 70 07 50 43 eller Roger Ole Rangsæter: ror@hivolda.no, T: 70 07 50 16

www.hivo lda.no


D E I N Y N O R S K E F E S T S P E L A • I v a r A a s e n - t u n e t • 24 . – 27. j u n i 2 010 • Vo l da og Ør s t a

www.bokdykk.no

Nynorsk kulturhistorie på Internett

www.moreforsk.no

kanskje møter du også kjentfolk på tur... Nyt utsynet til den fantastiske naturen som susar forbi deg på veg til- og frå jobb eller skule. Du kan slappe av, lese dagens avis eller førebu deg til arbeids- eller skuledagen under vegs. Stress ned, gløym ferjekøen, spar

vil du skrive for oss?

w w w . t e g n e r e n . n o Foto: Tegneren, Mørebil og Destinasjon Ålesund & Sunnmøre

Ver fri - bruk bussen

miljø og bilutgifter; Mørebil skyssar deg trygt fram presis etter ruta. ruteinformasjon tlf 177 - www.morebil.no

www.allkunne.no

Havnevik FOTO: TONY HALL

S

Kaja Bruun Terje eggum DeT norsKe TeaTreT BergljoT engeseT jon Hellesnes melanD Kommune HalvDan KoHT BernT anKer solveig muren sanDen joHannes laviK engvalD BaKKan Torolv solHeim roalD KalDesTaD jørgen viKør Hans eiDnes Den norsKe BoKByen anne gullesTaD HauK Buen ByglanD Kommune olav DalgarD eDvarD Hoem KnuT eiK-nes FeDraHeimen olaus alvesTaD Trygve BjerKreim Finnøy Kommune joHannes BelsHeim rasmus Flo Per oDDvar HilDre asKvoll Kommune KnuT ForTun Bjarne Huus Karl aKre Bjarne raBBen ragna BreiviK sTeFan FricH KnuT liesTøl iDar sTegane narve Fulsås einar FørDe syn og segn aneTTa garaTHun gisKe Kommune maria HøgeTveiT Berg ole joHan grønsKag HalvarD Drægni oDDmunD Hagen leiF Halse Torleiv Hannaas HarDanger BygDeBlaD PeDer Haug ola HegDal erling FolKvorD HellBillies gro Holm olaus islanDsmoen jol i sogn rønnaug Kleiva nisseDal Kommune oDDgeir BruaseT anne joHanne Kvale gunvor lanDe nils HjelmTveiT ingmar ljones alFreD FiDjesTøl arve moen BergseT elDriD lunDen HemseDal Kommune PeTTer løviK ole DanBolT mjøs reiDar DjuPeDal sven moren eivinD groven rolF myKleBusTBømlo Kommune ragna ryTTer mållova josTein nerBøviK jens esPeDal øyvinD norDsleTTen norsK målungDom aslaug nyrnes KrisTen sTallelanD orKDal oFF. lanDsgymnas leiv BlaKseT liDvin oslanD KjarTan FløgsTaD lars reinTon HoPalong KnuT synnøve risTe Hans ross ausTevoll Kommune HeiDi granDe røys e. Bø Kjell BonDeviK einar arne På www.allkunne.no prioriterer vi i ola første omgang stoff om nynorsk Karl seglem rasmus BreisTein HerBjørn søreBø FjorDaBlaDeT Tønnes sirevåg språkog kulturhistorie. Her er grundige artiklar om viktige personar, olav Høyem anna sKeiDe sigurD verDal nils nilsson sKaar reiDun Horvei joHannes BarsTaD Klaus sleTTen BriT BilDøen emBriK sTranD jens Kåre engeseT institusjonar og organisasjonar, og mange av desse er ikkje nemnde ola svein sTugu linn T. sunne jørunD Telnes PeTra Kvisli olaus FjørToFT jon Tolaas oluF TurTumøygarD ullensvang HeraD HovDen KrisToFer i andre oppslagsverk. Nettstaden har anDers òg ei omfattande krønike uPPDal som eiriK vanDviK HallvarD BjørKum vesTre sliDre Kommune aslaug vaa Torunn ysTaas av denlinDa nynorsk kulturhistoria, ogBeriT kvaroPHeim dag vertversTo georgviser griegframveksten ørsKog Kommune øvreBø Hans aarnes inga TusviK conraD clausen Karin sveen arne Brimi Klara semB ingelin røsslanD eit nytt språk presentert. På sikt skal nettstaden òg innehalde tekstar osKar sTein BjørlyKKe åse-marie nesse TorDis maursTaD HerBorg KråKeviK PeTra Kvisli Kaja Bruun Terje eggum DeT TeaTreT BergljoT engeseT Hellesnes frå andre område. VinorsKe har kjøpt rettane til å omsetje ogjon leggje melanD Kommune HalvDan KoHT BernT anKer solveig muren sanDen joHannes laviK til rette 32 000 artiklar frå Caplex. engvalD BaKKan Torolv solHeim roalD KalDesTaD jørgen viKør Hans eiDnes Den norsKe BoKByen anne gullesTaD HauK Buen ByglanD Kommune olav DalgarD eDvarD Hoem KnuT eiK-nes FeDraHeimen olaus alvesTaD Trygve BjerKreim Finnøy Kommune joHannes BelsHeim rasmus Flo Per oDDvar HilDre asKvoll Kommune KnuT ForTun Bjarne Huus Karl aKre Bjarne raBBen ragna BreiviK sTeFan FricH KnuT liesTøl iDar sTegane narve Fulsås einar FørDe syn og segn aneTTa garaTHun ViKommune har skrive kontrakt med rundt 100joHan forfattarar, menHalvarD treng fleire! gisKe maria HøgeTveiT Berg ole grønsKag Drægni oDDmunDViss Hagen BygDeBlaD PeDer Haug du leiF har Halse lyst tilTorleiv å skriveHannaas for oss, HarDanger må du gjerne ta kontakt! ola HegDal erling FolKvorD HellBillies gro Holm olaus islanDsmoen jol i sogn rønnaug Kleiva nisseDal Kommune oDDgeir BruaseT anne joHanne Kvale Alle forfattarar får betalt etter vanlege leksikonsatsar. gunvor lanDe nils HjelmTveiT ingmar ljones alFreD FiDjesTøl arve moen BergseT elDriD lunDen HemseDal Kommune PeTTer løviK ole DanBolT mjøs reiDar DjuPeDal Bak Allkunne står selskapet AS, som er eigd av Det Norske Samlaget ogmållova sven moren eivinD groven rolFAllkunne myKleBusTBømlo Kommune ragna ryTTer josTein nerBøviK jens esPeDal norsK målungDom aslaug nyrnes Nynorsk kultursentrum. Alle øyvinD innsendenorDsleTTen artiklar vert vurderte av redaksjonen. I redaksjonen KrisTen orKDal oFF. Aina lanDsgymnas leiv BlaKseTKirsti liDvin oslanD sit OttarsTallelanD Grepstad (hovudredaktør), Basso, Kjerstin Gjengedal, Langstøyl, KjarTan FløgsTaD lars reinTon HoPalong KnuT synnøve risTe Hans ross Vibeke Lauritsen og Sverre Tusvik. Artiklane blir òg språkvaska før dei blir publiserte. ausTevoll Kommune HeiDi granDe røys ola e. Bø Kjell BonDeviK einar arne Karl seglem rasmus BreisTein HerBjørn søreBø FjorDaBlaDeT Tønnes sirevåg olav Høyem anna sKeiDe sigurD verDal nils nilsson sKaar reiDun Horvei joHannes BarsTaD Klaus sleTTen BriT BilDøen emBriK sTranD jens Kåre engeseT ola svein sTugu linn T. sunne jørunD Telnes PeTra Kvisli olaus FjørToFT jon Tolaas oluF TurTumøygarD ullensvang HeraD anDers HovDen KrisToFer uPPDal telefon 56 52 98 35 e-post: allkunne@allkunne.no eiriK allkunne.no vanDviK HallvarD BjørKum vesTre sliDre Kommune aslaug vaa Torunn ysTaas georg grieg ørsKog Kommune linDa øvreBø Hans aarnes BeriT oPHeim versTo inga TusviK conraD clausen Karin sveen arne Brimi Klara semB ingelin røsslanD osKar sTein BjørlyKKe åse-marie nesse TorDis maursTaD HerBorg KråKeviK PeTra Kvisli

kulturbokhandelen på nett www.blamannbok.no

21

Tenk framtid no! Spar fast – kvar månad Du veit at det er lurt å spare. Du har berre ikkje kome i gong. Start fast sparing no, så går resten av seg sjølv. Vi hjelper deg i gong. Ta kontakt med rådgivaren din, eller ring Kundeservice på tlf. 70 11 33 00. www.sbm.no

Eit kaos av overflatiske nyhende. Er det slik du opplever mediekvardagen?


S

2 2 D E I N Y N O R S K E F E S T S P E L A • I v a r A a s e n - t u n e t • 24 . – 27. j u n i 2010 • Vo l da og Ør s t a

Mannen som visste for mykje Ola Raknes? Gløymd av altfor mange i dag. Viktig for like mange i går. Til hausten gir Jan Olav Gatland ut den første biografien om denne mannen som visste for mykje. For festspelgjestene røper han for første gong litt av innhaldet. Med i samtalen blir også radiojournalisten Erling Lægreid som blei godt kjend med han i 1960-åra. Raknes var høgt respektert blant psykoanalytikarar i verda den vide, og ein av dei som målfolk av ymse språklegningar kunne stole på. James Bond-skodespelaren Sean Connery reiste til Oslo for å gå i terapi hos han, og den som trong ei god ordbok, kom ikkje utanom Raknes.

Språkforskaren og menneskevitaren Ola Raknes frå Osterøy døydde i 1975, 88 år gamal. I 1920-åra styrte han i praksis Det Norske Samlaget, og i eit kvart hundreår sat han i styret i Det Norske Teatret.

for dei fleste det året. Ikkje for Raknes. Same året gav han også ut den religionspsykologiske studien ”Møtet med det heilage”. Med den boka skreiv han seg ut av sterk religiøs tru og inn i psykologien.

Filologen Raknes gjorde seg uunnverleg med to svære ordbøker til nynorsk. ”Engelsknorsk ordbok” kom i 1927 og var den første store framandspråklege ordboka på norsk. ”Fransk-norsk ordbok” blei gitt ut i 1942. Begge bøkene inneheldt også dei orda som meir pripne ordbokforfattarar ville teie om. I tillegg omsette han viktige fagbøker, som ”Låtten” av nobelprisvinnaren Henri Bergson.

Allkunne.no fortel at Raknes studerte psykoanalyse i Berlin i 1928–29 og seinare praktiserte som psykoanalytikar. Han var ein omstridd og svært ettertrakta terapeut i inn- og utland. Som ein av Wilhelm Reich sine nærmaste elevar skreiv Raknes også ei svært viktig bok om læremeisteren sin. Alt dette seier ikkje alt om mannen frå Osterøy. Kom og høyr meir på laurdag!

Å gi ut ei ordbok på nær 1100 sider i 1927 ville ha vore nok

Jan Olav Gatland Laurdag 26. juni 11.00–11.45 Møre folkehøgskule, Ørsta Mannen som visste for mykje Kr 100

Ord og tonar i notanaust Dei nynorske festspela har gode tradisjonar for å invitere til arrangement på stader som er ei oppleving i seg sjølv. Eit gamalt notanaust på Bjørke dannar ramma for eit særeige festspelarrangement fredag 25. juni. Hjørundfjorden kulturvernlag inviterer til festkveld i sjøkanten med mellom andre festspeldiktar Rønnaug Kleiva, songaren Guro Håvik og fylkesmann Lodve Solholm. Etter 15 år i musikkbransjen kom Volda-jenta Guro Håvik i fjor med sitt første eige album. Saman med Rune Aarseth på tangentar og Kjell Arne Dimmen på gitar serverer ho countrybasert pop av ypparste merke på nynorsk og dialekt i fjøresteinane på Bjørke. Vi får i tillegg høyre Einar Saure fortelje historia om både notanaustet, notlag, fiske, og Enok

Kippersund lese dikt. Det blir også høve til kulturvandring med vegvisar mellom den gamle naustrekkja frå mellomalderen. Notanaustet på Bjørke fekk store skader under orkanen i 1992. Etter mange år med forfall tok

Hjørundfjord kulturvernlag tak i arbeidet med restaurering. No er det ført tilbake på murane, det er lagt golv, veggene er nye eller bygt opp att delvis av gamle båtbord. Alt er klart til at fylkesmann Lodve Solholm offisielt kan opne det nyrestaurerte notanaustet fredag kveld.

Fredag 25. juni 19.00–20.15 Bjørke Festspel i Notanaustet Kr 150 / barn gratis Kr 100 for suppe med brød og kaffi Arrangør: Hjørundfjorden kulturvernlag


D E I N Y N O R S K E F E S T S P E L A • I v a r A a s e n - t u n e t • 24 . – 27. j u n i 2 010 • Vo l da og Ør s t a 23

S

Friluftsgudsteneste med festspeldåm – Det er ei ære og ei stor glede å bli spurt om å preike på Dei nynorske festspela, seier Margit Lovise Holte, sokneprest i Lommedalen menighet. Søndag held ho preika på den tradisjonsrike friluftsgudstenesta i Aasen-tunet. Holte seier ho har fine, sterke røter på Folkestad og blei ordinert i Volda kyrkje for ni år sidan. – Det er kjekt om eg kan gi noko attende til staden eg som barn og ungdom fekk allsidig lærdom om kultur og fellesskap. Som fungerande sokneprest

Søndag 27. juni 11.00–12.00 Uteamfiet, Aasen-tunet Festspelgudsteneste i det fri

i Lommedalen kyrykje i Bærum er det offisielle og liturgiske språket bokmål, så det er høgtid for meg å skulle delta i gudsteneste på nynorsk, seier ho. Friluftsgudstenesta i Aasen-tunet har røter tilbake til 1980-talet, før Festspela blei etablert. Gudstenesta er no ein viktig del av festspeltradisjonen, og kvart år er uteamfiet fylt av tilreisande frå heile Sunnmøre og Nordfjord. Festspeldiktar Rønnaug Kleiva er tekstlesar og sokneprest Kjell-Roger Isene er liturg. Etter gudstenesta er alle inviterte til kyrkjekaffi og søndagskafé på den nyplanerte Jostein Nerbøvik-plassen. I snart ti år har vi laga til kafébord på det skråplanet som var ute på tunet, men frå og med i år er det slutt på å servere ein kyrkjekaffi som ikkje er heilt i vater.

Foto: Margit Lovise Holte

Festspelfrukost med noko attåt Laurdag føremiddag dekkjer handelsstanden på til gratis frukost for alle i sentrum av Ørsta og Volda. Festspelfrukosten er eit årvisst og svært populært tiltak med mykje folk og god stemning i gatene. Festspelfrukosten er meir enn mat. Også i år kjem både forfattarar og musikarar for å gi publikum ei ekstra oppleving. Som tidlegare gymlærar har festspeldiktar Rønnaug Kleiva sørga for at det også skal bli morgongymnastikk til festspelfrukosten i Ørsta. Sjølv vil ho lese nokre velvalde ord til morgonkaffien. I Ørsta blir det også arrangert Bondens Marked med eit stort utval av gardsmat. Det blir både song, dans og litteratur til festspelfrukosten

i Volda laurdags morgon. Songaren Renate Lade frå Sykkylven gir oss ein smakebit av sine eigne komposisjonar med Jan Inge Bueide ved pianoet. Forfattaren Hilde Kvalvaag kjem med ungdomsboka Fengsla til hausten. Gjestene på festspelfrukosten blir mellom dei første som får høyre utdrag frå denne spennande boka. Latvisk folkedans står også på frukostmenyen i Volda. Festspeldagane er nemleg ei dansegruppe frå Volda sin venskapskommune Druva i Latvia på besøk, og dei vil vise seg fram i samband med festspelfrukosten. Hilde Kvalvaag Festspelfrukostane blir til i samarbeid med Volda Handelsforening, Ørsta handels- og serviceforeining og Bondens Marked.

Laurdag 27. juni 09.30–11.30 Volda sentrum Festspelfrukost Gratis

Renate Lade Laurdag 27. juni 09.30–11.30 Ørsta sentrum Festspelfrukost Gratis

Høyr! Last ned! Syng!


S

24

D E I N Y N O R S K E F E S T S P E L A • I v a r A a s e n - t u n e t • 24 . – 27. j u n i 2010 • Vo l da og Ør s t a

stationary

15 Quality Hotel Ulstein

Alle brevark, konvolutter, visittkort, etc settes opp i henhold til faste maler. Det er ikke rom for avvik. Stationary designes i regi av Choice In-house.

Godt språk og rett sjanger?

TINA OLSEN JOHN JOHNSEN General Manager

Hotelldirektør | Hotel Manager

john.johnsen@choice.no mob.: +47 987 65 432

QUALITY HOTEL 33

Østre Aker vei 33 NO-0581 OSLO COMFORT HOTEL OSLO ı Møllergata 26 ı NO-0179 OSLO tel +471223 33ı 33 tel +47 3419 56 78 mob +47 90 74 03 39 ı fax +47 12 34 56 78 fax +47 23 19 33 34 tina.olsen@choice.no ı choice.no q.hotel33@choice.no choice.no

Quality Hotel Ulstein I Sjøgata 10 I 6065 Ulsteinvik www.choice.no

Velkomen til vårt moderne og maritime hotell ved hamna i Ulsteinvik!

Språk- og dokumentlære, nynorsk

Quality Hotel 33 ı Østre Aker vei 33 ı no-0581 oslo ı choice.no

Todagars kurs for kommunal og statleg forvaltning

Quality Hotel 33 ı Østre Aker vei 33 ı no-0581 oslo ı +47 23 19 33 33 ı qu.hotel33@choice.no ı choice.no

Bestilling: tel. 70 01 30 00 q.ulstein@choice.no • ulike teksttypar i det offentlege • rett form og rett språk

Kulturfylket Hordaland med festspelbyen Bergen ynskjer Sunnmøre lukke til med dei

Nynorske festspela 2010!

• ordval og ordlegging • nynorsk rettskriving • den gode saksutgreiinga

Velkomen til eventyrlege turopplevingar i 2010/11!

Modellen er utprøvd med gode resultat: Diagnose – kursdag – mellomliggjande arbeid – kursdag

• Silkevegen – Kina, september • Kapadokia – Tyrkia, oktober • Egypt, oktober • India/Nepal, november • India, januar 2011 • Cuba, påska 2011

Kursa er utvikla i samarbeid mellom Landssamanslutninga av nynorskkommunar og Høgskulen i Sogn og Fjordane. Dei kan bestillast av ein oppdragsgjevar og haldast på arbeidsplassen. Meir informasjon finn du på www.LNK.no og www.hsfoppdrag.no

HSF Oppdrag svarer gjerne på spørsmål og tek i mot tingingar på kurs:

www.sviggumdesign.no

hsfoppdrag@hisf.no eller telefon 57 67 60 00

LYD -

LYS

-

Informasjon om fylket og fylkeskommunen, finn du på

www.hordaland.no

Informasjon og påmelding på våre nettsider: www.kulturreiser.com tlf.: 70 04 19 99

Postboks 7900, 5020 Bergen Tlf.: 55 23 90 00 Faks: 55 23 99 49

SCENE

Utleie av lyd, lys og scene til festivaler og større arrangementer

Kven manglar? Det er over 10 000 medlemer i Noregs Mållag, og vi vil gjerne bli fleire. Kjenner du til ein eller fleire som du trur vil bli medlem, så send namna til oss.Vi skriv eit hyggeleg brev, der det står at du tykkjer at personen bør melde seg inn. Melder ho eller han seg inn, vankar det vervepremiar til deg. Den som på denne måten vervar flest nye medlemer, vinn eit reisegåvekort på kr 10 000! Send namn og adresser til nm@nm.no.

www.nm.no


D E I N Y N O R S K E F E S T S P E L A • I v a r A a s e n - t u n e t • 24 . – 27. j u n i 2 010 • Vo l da og Ør s t a 25

S

Ivar Aasen på trykk Ivar Aasen gjekk til fotografen berre tre gonger i livet sitt. Likevel er motivet av han brukt i tallause samanhengar. Jostein O. Mo har gått lengre enn dei fleste i å samle på bruksgjenstandar der bileta av Aasen og statuen av han er trykt. Flasker, koppar, t-skjorter, plakatar, frimerke. Samlinga til Jostein O. Mo har han berre sjølv fullstendig oversyn over. Under Dei nynorske festspela blir eit utval av dei mest råkande gjenstandane stilt ut i Galleriet i Ivar Aasen-tunet. – Det å samle på noko har vanlegvis ikkje ein fastsett dato for når det tek til. Eg har samla i mange år, men det var nok i samband med Ivar Aasen-året i 1996 at eg verkeleg blei klar over at eg hadde så mange gjenstandar at det kunne kallast ei samling, seier Mo om bakgrunnen for interessa. Dette er ikkje ei vanleg samling, seier Mo. Truleg er han den einaste som samlar på denne

Jostein Mo har ei unik samling av bruksgjenstandar med Ivar Aasen som motiv. typen gjenstandar i eit slikt omfang. Når han møter publikum under utstillingsopninga, kjem han til å leggje vekt på Ivar Aasen som ein profil og ein merkevarebyggjar i moderne tid. – Både portretta og statuen av han gir assosiasjonar til nynorsken og Ørsta. Han blir brukt for å vise noko utover det som kan skrivast og lesast, poengterer Mo. I Ulsteinvik har ein russegjeng

målbore denne utsegna på ein konkret måte. Dei har pryda russebilen – ein kvit limousin – med bilete og slagord av Aasen. I tillegg har dei både klede og anna i same stilen. Mo har alt vore i kontakt med ungdomane og dokumentert fenomenet grundig. Men om han har tenkt å kjøpe russebilen? – Nei, det har eg ikkje. Han vil ta for mykje plass. Det hadde vore kjekt, men kva i all verda

skal eg med ein limousin? Det er ein god idé, og det er moro at det er ungdomar i ein nabokommune som gjer dette.

Fredag, 21.00-21.15, Galleriet, Ivar Aasen-tunet Festspelutstillinga 2010 Ivar Aasen i bruk Gratis

Meining bak kvart eit ord Ei fortetta stemning av uhygge, eller like gjerne livsglede, er ofte eit kjenneteikn på ei novelle. Når litteratur skal formidlast over få sider, er det ikkje plass til eitt unødvendig ord. – Eg skriv kort, deretter stryk eg, har festspeldiktar Rønnaug Kleiva sagt om korleis ho skriv. Kleiva har skrive bøker i fleire sjangrar, men den knappe stilen særmerkjer forfattarskapen hennar heile vegen. Ho har dessutan gitt ut to novellesamlingar. Det var difor naturleg at ei temautstilling der Kleiva skal vise att,

dreiar seg nettopp kring novelleog kortprosatekstar. Novellesjangeren har røter minst attende til 1300-talet, då Giovanni Boccaccio skreiv meisterverket Dekameronen. Her står den levande forteljesituasjon sentralt. Sidan har sjangeren utvikla seg og blitt like variert som dialektmangfaldet i Noreg. Det er vanskeleg å gi eit eintydig svar på kva ei novelle er i dag. Kanskje var den amerikanske forfattaren Edgar Allan Poe inne på noko då han skreiv at novella skal kunne lesast i one sitting? Det er i alle høve klart at kontrastane i sjangeren er store. Både vekeblad- og krimnoveller finst i utal. Samtidig

Rønnaug Kleiva. Foto: Ingjerd Kleiva synest det som sjangeren har nokon av dei strengaste litterære krava i skjønnlitteratur i det heile. I basisutstillinga fredag opnar vi for å sjå på desse perspektiva.

Fredag, 12.30-12.45, Basisutstillinga, Ivar Aasen-tunet Kort sagt: stort tenkt Temautstilling Rønnaug Kleiva Gratis under Festspela


S

2 6 D E I N Y N O R S K E F E S T S P E L A • I v a r A a s e n - t u n e t • 24 . – 27. j u n i 2010 • Vo l da og Ør s t a ����������������������������������������� ����

Rett i mål!

Vi ynskjer festspeldiktaren Rønnaug Kleiva utøvarar og publikum velkomne til

DEI NYNORSKE FESTSPELA 2010

Når du kjenner leselysta vakne, og du treng bøker på rappen: Velg mellom 55.ooo titlar – fakta og fiksjon, nytte og glede. Velkomen til rask og effektiv bokhandel på nettet! • Alle ordrar over kr 249,– får du fraktfritt tilsendt i Noreg. • Avbetaling utan pristillegg på ordrar over kr 750,– • Alltid gode boktilbod og rask ekspedering! • Kundeblad med knalltilbod 4 gonger i året. • STUDENTKONTO: Sjekk vår nettside!

Ørsta kommune www.orsta.kommune.no

Volda kommune

www.volda.kommune.no

haugenbok. no

STlar I eTttbE T k hand S o E B 0 nors ke n

Postboks 175, 6101 Volda • epost@haugenbok.no • Tlf 70 07 45 00

S C A N A VO L DA A S

Rønnaug Kleiva

Maria Parr

Notat vedrørande kjærleik

Tonje Glimmerdal

Foto: Ingjerd Kleiva

Rønnaug Kleiva er årets festspeldiktar! “…en sterk opplevelse...Notat vedrørande kjærleik viser at Rønnaug Kleivas litterære prosjekt er nokså enestående i norsk samtidsdiktning.” Terje Stemland, Aftenposten

9) 1–200

nn 1 blant (B ok og S amfu

“Ei herleg boblande bok, fylt av fart og sjølvtillit.... Ein bør unne ungane sine eit besøk i Glimmerdalen!” Gerd Elin Stava Sandve, Dagsavisen


D E I N Y N O R S K E F E S T S P E L A • I v a r A a s e n - t u n e t • 24 . – 27. j u n i 2 010 • Vo l da og Ør s t a 27

S

Festspeldiktarens livrett Ei av gledene med å vere festspeldiktar er å få livretten sin servert kvar dag. Det beste er at også alle festspelgjestene kan få ta del i denne gleda. Då vi spurde festspeldiktar Rønnaug Kleiva om kva hennar favorittrett er, fekk vi dette svaret: ”For godt og vel 10 år sidan tok eg meg ein månads ryggsekktur til Makedonia og Bulgaria. Mykje vakkert å sjå og spanande ting å oppleve, men vanskeleg og einsamt reint språkleg. Stor var gleda då eg i solsteiken stod og venta på toget til Tessaloniki i ein liten grenseby på grensa

til Tyrkia og Hellas og plutseleg høyrde gresk, som for meg er langt mindre gresk enn bulgarsk. Og så gav dei meg spinatpai! Sidan har eg alltid elska spinatpai, eller spinatburek, eg har ete han i tallause variantar, alle gode, og eg lagar han sjølv når eg skal gjere stas på folk.” Bureken blir servert i fleire variantar frå kjøkkenet i Aasentunet, men det er berre spinatbureken som er festspeldiktaren sin livrett. I tillegg kan du få kjøpt ei fabelaktig gulrotsuppe, kyllingklubbe, cevapcici med rjomesaus og fleire andre velsmakande store og små rettar. Eigen barnemeny har vi òg.

Tog-t-skjorte og arkitekturprodukt Årets festspel-t-skjorte, i blått eller svart, passar for alle tog- og litteraturinteresserte. Rønnaug Kleiva har også laga teksten til årets festspelkrus, det åttande i rekkja. Når det gjeld bøker av festspeldiktaren er utvalet rikt. I Notat vedrørande kjærleik frå i år har Samlaget samla dei fire siste vaksenbøkene i ei bok. Det meste handlar om kjærleik… Blir du inspirert, kan du følgje opp med å kjøpe eit ordsmykke eller ein øyrepynt med ”Kjærleik” eller eit anna fint nynorskord til nokon du vil gle med ei gåve.

Dersom alt går etter planen, skal fjorårssuksessen Ivar Aasen-boksaren vere i sal att til Festspela, i alle storleikar. Røynslene frå i fjor tyder på at det er lurt å vere tidleg ute om ein vil sikre julegåva i år! Av nye spesiallaga produkt satsar ein i år meir på arkitektur og Aasen-gjenstandar. – Vi kan tilby ein fin linjal og kjøleskåpmagnetar med arkiteturdetaljar, pusseklut med lupa til Ivar Aasen, og ei fin notisblokk med pennen til Ivar som motiv, fortel tunvert Ingrid Opedal. Godbitar på tilbod Fram mot festspeldagane vil ho fylle hyllene med bøker av alle dei spanande forfattarane

publikum kan møte under Festspela, saman med CD-ar av festspelmusikarane. Nokre godbitar kjem på tilbod, mellom anna bøker av 150-årsjubilan-

ten Anders Hovden, Grisehefte for fargeglade, små blomsterpresser og spanande tøybøker med bjørnen Alfred og hunden Samuel!

Frivillig fest Gode frivillige er ein viktig nøkkelfaktor for å få festspelhjula til å gå rundt. Kvart år er om lag femti personar med på å gjere Festspela til ei god oppleving for både utøvarar og publikum. Dei frivillige får også meir ut av festspela.

– Det er kjekt å vere med der det skjer, og å gjere ein jobb der ein slepp planlegginga på førehand, seier Bente Lothe Eldholm, mangeårig frivillig frå Volda. – Det er også ein stor bonus å få med seg så mange festspelarrangement heilt gratis, seier ho. Eivind Myklebust frå Ørsta er samd i det. – Eg er frivillig for å få kjenne eit lite snev

av ansvar for dei beste festspela i Noreg og for å få oppleve alle dei fantastiske arrangementa! Å få sjansen til å nyte festspeldiktarens favorittrett fire dagar på rad er også fint, seier han.


S

2 8 D E I N Y N O R S K E F E S T S P E L A • I v a r A a s e n - t u n e t • 24 . – 27. j u n i 2010 • Vo l da og Ør s t a

Arrangementsstader 1. Ivar Aasen-statuen 2. Målbar, Møre Folkehøgskule 3. Volda omsorgssenter 4. Fugl Føniks kaffibar 5. Bakk-Ola-marka 6. Volda bygdetun

2

3

12

7. Festspelfrukost Volda 8. Festspelfrukost Ørsta 9. Mylneriet 10. Kafé Fru Svendsen 11. Kunsthuset - Ørsta kunstlag 12. Sivert Aarflot-museet

4 8 10 7

11 5 1

6 9

Volda og Ørsta

Volda

Ivar Aasen-tunet Opningstider 15. juni - 15. august Måndag - fredag kl. 10-17 Laurdag og søndag kl. 12-17 Utvida opningstider under Festspela 16. august - 14. juni Måndag - fredag kl. 10-16 Søndag kl. 12-17

Ørsta

Billettar Billettprisar Vaksne: 70,Barn (6-16), student, honnør: 35,Grupper (minst 15 personar inkl. leiar): 35,- pr person. Familie (inntil to vaksne): 150,Eigne prisar for barnehagegrupper og skuleklassar.

www.billettluka.no/aasentunet Narvesen og 7-Eleven over heile landet Telefon 70 04 75 84 Rabattar Eigen barnebillett på nokre arrangement, elles halv pris. Ev. honnør- eller studentbillett er oppført spesielt. Festspelpass kr 1200 Gir tilgjenge til alle festspelarrangement NB: Også publikum med festspelpass må tinge plass på førehand til arrangement i lokale med avgrensa plass, t.d. i Salen i Ivar Aasen-tunet

Takk til tilskotsgivarar og sponsorar

Volda kommune

Ørsta kommune

Samarbeidspartnarar Bama  Blåmann Barnebokklubb  Bondens Marked  Det Norske Samlaget  Friele  Fugl Føniks kaffibar  Grappa Hjørundfjorden Kulturvernlag  Hotell Ivar Aasen  Hovdebygda Idrottslag  Ivar Aasen-instituttet  Kafé Fru Svendsen Kontaktpunktet  Møre folkehøgskule  Norsk Forfattersentrum  Nynorsk mediesenter  Ole Ringdal as  Scana Volda Sivert Aarflot-museet  Sunnmøre museum  Tine  Volda Bil  Volda Bygdetun  Volda elektriske mylne Volda handelsforening  Volda sokneråd  Volda omsorgssenter  Westres bakeri  Ørsta handels- og serviceforeining  Ørsta sokneråd


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.