Symra 1_2018

Page 1

SYMRA – Våren 2018


150 år etter at det første nynorskforlaget blei stifta, står den nynorske skjønnlitteraturen sterkare enn nokon gong. Vårprogrammet vårt femnar berre ein liten del av det store mangfaldet, frå matoppskrifter, fiskehistorier og poetiske vêrskildringar, til dei tunge utfordringane ein kan møte som menneske. Gaute Øvereng, dagleg leiar Ansv. redaktør: Ottar Grepstad Redaktør: Gaute Øvereng Utgivar: Nynorsk kultursentrum Utgiving: 1/2018. Opplag: 5 000 Trykkeri: Tinde Design & Trykk Framside: Olaug Nilssen Foto: Bent R. Synnevåg Ingunn Røyset Foto: Ingunn Røyset Anders Totland Foto: Marius Knutsen Billettinformasjon:

Tlf. 70 04 75 70 aasentunet.no

Program våren 2018 4. februar: Familiedag: Do

s. 4

11. februar: Kunstverkstad for vaksne

s. 4

15. februar: Bok og bakverk: Lyrikk

s. 5

21. februar: Gresk for meg

s. 5

4. mars: Familiedag: Fiskelykke

s. 6

7. mars: Tung tids tale med Olaug Nilssen

s. 3

11. mars: Digg

s. 7

13. mars: Bok og bakverk: Brevet til Rosalin

s. 7

21. mars: Vêret i poesien

s. 8

26.–28. mars: Påskejakt med Lurivar

s. 8

15. april: The secrets of the best museums

s. 9

11. mai: Homoerotikk frå 1930-talet

s. 9

23. mai: Glimt av opphav

s. 10


Litteratur

Tung tids tale Onsdag 7. mars kl. 19.00 Kr 100 Foto: Bent R. Synnevåg

Forfattaren Olaug Nilssen møter Siri Økland til samtale om boka Tung tids tale, som resulterte i Brageprisen for skjønnlitteratur hausten 2017. Boka handlar om å vere foreldre til eit autistisk barn, og møtet med det offentlege byråkratiet og diagnosesystemet.

Siri Økland er journalist og litteraturvitar. Ho har skrive boka Det står til liv, ei samling tekstar om å vere tett på døden og tett på livet. Billett til temautstillinga Olaug Nilssens basar inkludert i prisen. 3


Omvising Familie

Familiedag: Do

Samlingsstund kl. 13 med høgtlesing frå boka Do. Ei stinkande reise i bæsjens historie, som er skriven av Pia Strømstad. Korleis går eigentleg astronautar på do? Og kva i all verda skal du gjere om du må på do når du er på ubåtferd? Aktivitetar i Aasen-tunet etterpå. Høver best for barn frå 5 år.

Foto: bokomslag, Samlaget

Søndag 4. februar kl. 13.00 Kr 70 / familie 50 per person

Verkstad

Kunstverkstad (for vaksne)

Kunstverkstad for vaksne inspirert av bøkene Norges låver og Av stein av Oddleiv Apneseth og Eva Røyrane. Rita Slotterøy frå Seanse rettleier i enkle male-, kollasj- og trykketeknikkar. Ta med forkle eller arbeidstøy som toler målingsflekkar. 4

Foto: bokomslag, Skald

Søndag 11. februar kl. 13.00–16.00 Kr 500, påmelding innan 6.2.


Litteratur

Bok og bakverk

Bibliotekar Siri Beate Gjerde presenterer og les aktuell litteratur. Dagens bøker: Jordsjukantologien av Stein Torleif Bjella, Eg og ho eg kunne ha vore av Marie Lundquist og Alt brenner av Helge Torvund. Kafeen serverer fersk bakst og god kaffi.

Foto: Sigbjørn Mork

Torsdag 15. februar kl. 14.00 Gratis, sal av kaffi og fersk bakst

Foredrag

Onsdag 21. februar kl. 19.00 Kr 100

I høve den internasjonale morsmålsdagen fortel førstelektor Reidun Aambø om alfabet og teikn i ulike kulturar, og korleis folketru kan kome til uttrykk i språket.

Foto: Marta Lystad Johansen

Gresk for meg

5


Familie Konsert

Tittel Familiedag: Fiskelykke Søndag Dag dato 4.kl. mars 00.00 kl. 13.00 Stad, Kr 70 kr / 50 000 familie per person Foto: Ingunn Røyset / Bokomslag: Samlaget

Samlingsstund kl. 13 der forfattaren Ingunn Røyset les frå boka Fiskelykke, ei bok om vennskap og ein irriterande katt! Fiskelykkeliknande aktivitetar i Aasentunet etterpå. Arrangementet høver best for barn frå 4 år. 6

Fiskelykke er ein del av Leseland, Samlaget sin serie for barn som lærer å lese.


Mat Omvising

Digg

Forfattar og kokk Anders Totland deler matlagingstriksa som gjer kvardagen til fest, og blir utfordra av Lene Havåg frå Framtiden i våre hender – Søre Sunnmøre til å trylle fram herlege rettar av restemat.

Foto: bokomslag, Skald

Søndag 11. mars kl. 15.00 Kr 150

Litteratur

Bok og bakverk

Bibliotekar Siri Beate Gjerde presenterer og les frå aktuell litteratur. Dagens bok: Brevet til Rosalin av Øystein Orten. Kafeen serverer fersk bakst og god kaffi.

Foto: Samlaget

Tysdag 13. mars kl. 14.00 Gratis, sal av kaffi og fersk bakst

7


Foredrag

Vêret i poesien

Kva rolle har vêret i dikta til Hans Børli, Arne Garborg og Ivar Aasen? Tre litteraturmuseum presenterer sine diktarar og tilhøvet deira til vêret. Ingun Aastebøl (Anno Museum), Inger Undheim (Garborgsenteret) og Anders Aanes (Aasen-tunet).

Foto: Hans Børli-selskapet

Onsdag 21. mars kl. 19.00 Kr 100

Familie

Påskejakt med Lurivar

Ordspion Lurivar av Aasen-tunet får eit nytt mysterium å løyse, og barna blir med på kattekrumspring omkring i det svære Fehn-bygget. Påskeverkstad med ulike oppgåver. Høver for born frå 4 år og oppover. 8

Foto: Laila Walseth Lid

Måndag 26., tysdag 27. og onsdag 28. mars kl. 13.00 Kr 70 / 50 familie per person


Foredrag Omvising (engelsk)

The secrets of the best museums

Tomislav S. Šola, professor emeritus frå Zagreb, etablerte i 2002 verdskonferansen «Best in Heritage». Dit har han kvart år invitert dei beste musea frå fleire verdsdelar. Kva gjer museum gode?

Foto: Privat

Søndag 15. april kl. 19.00 Gratis

Lyrikk til lunsj

Fredag 11. mai kl. 12.00 Gratis

Redaktør i Allkunne, Per Magnus Finnanger Sandsmark, les frå diktsamlinga Andletet (Åsmund Sveen 1931) og fortel om den homofile nynorskpoeten frå Hedmark som vart NS-medlem. Arrangør: Allkunne.no og Ørsta og Volda Pride

Foto: Gyldendal norsk forlag

Homoerotikk frå 1930-talet

9


Litteratur Konsert

Tittel av opphav Glimt Onsdag Dag dato23. kl.mai 00.00 kl. 19.00 Stad, Kr 100kr 000 Foto: Greta Sandanger Goksøyr

Den shetlandske lyrikaren Christine De Luca les frå den siste samlinga si Glims o origin, omsett til norsk av Odd Goksøyr. Sjeldan møter vi ein forfattarskap som er så gjennomsyra av ei kjensle av stad. Øystein Orten presenterer Shetland i ord og bilde med utgangspunkt i denne diktsamlinga. 10

Christine De Luca har gitt ut ei rad diktsamlingar på både shetlandsk dialekt og engelsk, og var offisiell bypoet i Edinburgh frå 2014 til 2017.


Utstillingar Olaug Nilssens basar 2. januar–2. april Vi heidrar brageprisvinnaren i 2017 ved å vise temautstillinga om henne frå 2006, då ho var festspeldiktar. Forfattaren og dramatikaren frå Solheimsdalen ved Førde har hatt mange jern i elden i løpet av karrieren, og kan skilte med både romanar, barnebok, tidsskrift, dramatikk og essay. For mange er Nilssen kanskje mest kjend for romanen Få meg på, for faen, som har nådd både filmlerretet og teaterscena. Kort sagt: stort tenkt. Ei utstilling om noveller. 3. april–31. mai Få med deg denne temautstillinga om den

kanskje mest krevjande litterære sjangeren. Når litteratur skal formidlast over få sider er det nemleg ikkje plass til eitt unødvendig ord. – Eg skriv kort, deretter stryk eg, har forfattar Rønnaug Kleiva sagt om korleis ho skriv. Ny temautstilling om nynorsk og identitet Det blir sagt at nynorsk er meir enn eit språk. Kva er det som ligg i dette? spør vi oss når årets temautstilling skal lagast. Kva er det for karaktertrekk nynorskbrukarar ser i kvarandre når dei oppfattar seg som ei gruppe? Kanskje ønsker ein nettopp ikkje å vere ein del av denne gruppa, men berre bruke språket sitt utan å bli sett i bås. Utstillinga opnar 1. juni.

11


Om Ivar Aasen

Vinje-senteret er i gang

“Den Samling af Sagn fra Hallingdal som det norske Samlag har udgivet, betragter jeg som en herlig Ting, og noget som kan vise Folk, at naar sligt Sprog endnu findes i Landet, da maa man sige at Landsmaalsforsøget ikke er bygget paa bare Indbildning.” Ivar Aasen i brev til Georg Grieg 25.6.1868

Den 8. januar hadde dagleg leiar Kristian W. Rantala første arbeidsdagen i Vinje-senteret, førebels i leigde lokale. Ei av oppgåvene er å komponere program til Litteraturdagane i Vinje 24.–26. august. 200-årsjubileet for A.O. Vinje vil prege året, og jubileumsprogrammet er klart 1. februar.

Foto: C. C. Wischmann, 1871.

Foto: Kari R. Bø

12


Siste nytt Kvar dag kjem nye artiklar om all verdas emne på det digitale nynorske oppslagsverket Allkunne.no I april kjem ei nynorsk litteraturhistorie. Blant dei nesten 25 000 artiklane finn du nye artiklar med definisjonar av viktige omgrep frå elektronikk og informatikk, alle nynorskaviser frå Dølen til Framtida Junior og biografiar om verdsleiarar som Macron og Merkel. Herborg Kråkevik opnar Ulvik poesifestival fredag 7. september. Festivaltemaet i år er Ordskifte – kva rolle, plass og funksjon har poesien i den offentlege samtalen? Poesifestivalen blir i år arrangert for tiande gongen, noko

som blir markert med å opprette Olav H. Hauge-stipendet for unge diktarar. Fleire framifrå norske og nordiske poetar kjem til festivalen saman med dyktige musikarar og andre utøvarar. Styret i Nynorsk kultursentrum vedtok i desember eit driftsbudsjett for 2018 på 33,5 millionar. Større inntekter har vi aldri rekna med før. Frå årsskiftet har vi 20 fast tilsette, og etter planen blir det 21 før året er omme. Nynorsk kultursentrum blei stifta i 1993, og 25-årsjubileet blir feira hausten 2018. Vil du få Symra i posten? Send e-post til admin@aasentunet.no eller meld deg på via nettstaden aasentunet.no. 13


Festspelnytt Dei nynorske festspela i Ørsta og Volda blir arrangert 7.–10. juni 2018. Marit Eikemo er festspeldiktar og festspelgjestane kan gle seg til eit spennande møte med ein aktuell

forfattarskap på fleire arenaer. Eva Weel Skram held konsert i uteamfiet i Aasen-tunet opningskvelden og Tord Gustavsen ensemble kjem laurdag med eit tingingsverk inspirert av A. O. Vinjes Ferdaminne. I propellhallen i Volda blir operaen Kimen av Magnar Åm framført for første gong. Festspelpass er i sal på billett@aasentunet.no. Vil du vere frivillig? Festspela treng mange hender i arbeid. Har du lyst å vere med på laget, finn du informasjon og påmeldingsskjema på festspela.no.

Foto: Hans Fredrik Asbjørnsen og Stine Raastad

14


Stort utval i nynorske varer i Ivar Aasen-tunet og pĂĽ Handlenett.no

Her finn du güvene til den som har alt og til deg som fortener noko ekstra. Vi har eit breitt og nyttig utval av varer som ingen andre har, og eit stort utval i nynorsk musikk og litteratur for barn og vaksne. Besøk nettbutikken vür eller kom innom for ein hyggeleg handel!


Ivar Aasen-tunet Indrehovdevegen 176 6160 Hovdebygda Tlf. 70 04 75 70 aasentunet.no Samarbeidspartnarar:

Opningstider 16. august–31. mai: Måndag–fredag kl. 10–16 Søndag kl. 12–17 1. juni–15. august: Måndag–fredag kl. 10–17 Laurdag og søndag kl. 12–17 Utanom vanleg opningstid opnar vi etter avtale

Indrehovdevegen 176, 6160 Hovdebygda, tlf. 70 04 75 70 admin@aasentunet.no

aasentunet.no


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.