Onen 2/2013

Page 1

ONEN Foto: Mocca Design/Monica Hansen

NYTT FRÅ OLAV H. HAUGE-SENTERET 3. ÅRGANGEN

SELJESTAD MED KOMP Merk deg datoen 29. september. Denne søndagen kjem Lars Ove Seljestad m/Storspringkameratane og litteraturkritikar Tom Egil Hverven til Hauge-senteret. Seljestad er frå Odda og har gjeve ut fleire romanar sidan han debuterte med klassereiseromanen «Blind» i 2005. «Storspring» er første diktboka hans. Ramma for dikta er industriprosessen på fabrikken. Forfattaren si opplesing er fletta saman med autentiske opptak frå det no nedlagde Odda Smelteverk, og musikalske uttrykk frå trommene til Bjørn Moe og elgitaren til Kjell Arne Bauge. Storspringkameratane improviserer fram eit rytmisk, melodisk, tekstbasert konsertuttrykk med eit snev av tungindustri og rock. Før konserten vert det litterær samtale mellom Seljestad og Hverven.

2/2013 Lyrikken har alltid hatt ein sentral plass i både store og små seremoniar og hendingar. Den samlar oss og fortel oss noko om det å vera menneske. Me vil arbeida for å styrkja bevisstgjeringa omkring språk og identitet.

FLEIRE ARRANGEMENT I SPRÅKÅRET Hardingen Ruth Lillegraven er i Ulvik med si nye kritikarroste diktsamling «Urd» fredag 6. september. Det blir opplesing og litterær samtale med BT-journalist Kjersti Mjør. Arrangementet inngår i nynorskstafetten og er eit samarbeid med mållaget. Laurdag 26. oktober kan du høyra Bob Dylan, Leonard Cohen og Salomos høgsong på norsk på Hauge-senteret. Forfattar og gjendiktar Håvard Rem fører oss inn i munnleg poesi gjennom tre tusen år før konserten med duoen Rem & Rem der sonen Simen er med på song og gitar. Elevar ved Brakanes skule får i haust møte ungdomsbokforfattar Mahmona Kahn på Hauge-senteret. HAUGE-SENTERET FEIRA IVAR AASEN Den 5. august gjekk flagget til topps. Hauge-senteret feira 200-årsdagen til Ivar Aasen med fødselsdagskake og fint besøk frå m.a. ordførar og styret i Ulvik Mållag. Olav H. Hauge sette Aasen høgt som språkforskar, språkgrunnleggjar og diktar. INTERVJU FRÅ LANDRO SI HAND Hauge-senteret har gjennom eksklusiv avtale med Bergens Tidende rett til å publisera intervju med diktarar gjort av tidlegare kulturredaktør i BT Jan H. Landro. Desse finn du på nye haugesenteret.no, og kvar fredag vil me publisera eit nytt intervju fram til det ein fredag vil vera tid for det siste i bunken. Intervjua er gjorde mellom 1978 og 2006, og blant dei finst mange viktige røyster i norsk litteratur.


O L AV H . H A U G E - S E N T E R E T

Under utvikling: eit dokumentasjons- og H. Hauge og lyrikk i mange former på tv

ARRANGEMENT HAUSTEN 2013

Innslag ved Ulvik kulturskule

Foto: Paal Audestad / Tiden

Eit arrangement i Språkåret 2013. I samarbeid med Ulvik mållag Kr 150

Lars Ove Seljestad samtalar med litteraturkritikar Tom Egil Hverven. Deretter framfører Seljestad, Kjell Arne Bauge (gitar) og Bjørn Moe (trommer) tonesette dikt frå Seljestad si siste bok “Storspring. Fabrikkdikt” Kr 200

Berre regn til kvar dag. Surt å plukka eple. Trei har vakse. Eg slit meg ut med denne frukthagen. Han veks meg yver hovudet. Det var ingi sak so lenge trei var små, gå rundt med ei saks og klippa og d[r]essera dei, ein hadde dei under uppsyn og tukt. Men no – eg er makteslaus. Og dei andre diktar og diktar – parar seg og reiser hit Foto: Odd Nerbø

LAURDAG 26. OKTOBER 20.00 Den grøne kafé, Ulvik Håvard Rem Gjendikting – munnleg poesi gjennom tre tusen år Munnleg poesi frå Salomos høgsong til Leonard Cohens “Hallelujah”

gjendiktingar av Bibelen, Cohen og Dylan Eit arrangement i Språkåret 2013. Med støtte frå Norsk kulturråd Kr 150

Deretter konsert med duoen Rem & Rem. Håvard (resitasjon og munnspel) og sonen Simen Rem (song og gitar) framfører

Foto: Schibsted Forlag

Ruth Lillegraven les eigne dikt og samtalar med journalist Kjersti Mjør

SØNDAG 29. SEPTEMBER 19.00 Den grøne kafé, Ulvik Lars Ove Seljestad og Storspringkameratane

Foto: Aschehoug

FREDAG 6. SEPTEMBER 19.00 Den grøne kafé, Ulvik Møt Ruth Lillegraven

LAURDAG 9. NOVEMBER Litterært kulturprogram Kva, kvar og klokkeslett vert annonsert seinare I FØRJULSTIDA No er det jul igjen Førjulsarrangement. Program vert annonsert seinare KONTAKT OSS: Olav H. Hauge-senteret, Promenaden 7, 5730 Ulvik www.haugesenteret.no Tlf. 56 52 70 70 admin@haugesenteret.no

og dit... Det har aldri kome inn i hovudet på meg at eg er «poet», som Mehren segjer han er. Ein arbeidsmann er ein arbeidsmann, eg vert aldri anna.

GJESTENE HAR ORDET

Olav H. Hauge i dagboka 13. september 1974

Vakkert som fineste musikk. Takk! Helge Bøkenes

Takk for oss – etter å ha sett pris på dikta lenge, var det ei glede å oppleve utstillinga. Kjem gjerne att! Ingvild B. Myklebust, Oddhild Brandal og Jon Martin Sjøvold


T I L S K O T S G I VA R A R

ULVIK HERAD

DIKTARTAVLA 2013 Diktardagen blei markert på Utne søndag 18. august. Årets prisvinnar, lyrikaren Arvid Torgeir Lie, las sjølv opp sitt utvalde dikt frå tavla: Gje oss, ikkje desse ord for dei tilbakelente, gje oss poesien og dens slunkne proletar, dens eld og dens høgd! Styrar Agnete Sivertsen ved Hardanger folkemuseum og dagleg leiar Geir S. Netland ved Olav H. Hauge-senteret, var spesielt glade for og stolte av å kunna dela ut prisen på diktarens 75-årsdag, som også var Olav H. Hauge sin 105-års- dag. Lie stod Hauge nær, dei brevveksla, besøkte kvar-

HAUGE PÅ HAVET Den 4. juni 1992 var Olav H. Hauge og Bodil Cappelen i Romsdal. Dei var inviterte av Edvard Hoem i høve Molde by sitt 250 års jubileum. Turen gjekk også til Vedøy der Hoem sitt historiske spel vart framført. andre fleire gonger og feira bursdag i lag i Telemark for 25 år sidan. Forfattaren Einar Økland kåserte og framheva spesielt Lie si evne til å formidla både notid, fortid og framtid samstundes i dikta sine. Diktardagen blei avslutta med ein vakker og stemningsfull konsert med Linda Gytri for dei 50 frammøtte på museet.

MITT HAUGE-DIKT Når det kjem til stykket År ut og år inn har du site bøygd yver bøkene, du har samla deg meir kunnskap enn du treng til ni liv. Når det kjem til stykket, er det so lite som skal til, og det vesle har hjarta alltid visst. I Egypt hadde guden for lærdom hovud som ei ape.

Janglestrå, 1980

Mellom dei mange gode Hauge-dikta som eg er svært glade i, er dette vesle diktet eit av dei som betyr mest for meg. Og som eg sjølv har framført offentleg i mange ulike samanhengar. Eg trur grunnen til at eg blitt så glad i dette vesle diktet, er at det uttrykker, på ein svært enkel og slagferdig måte, det vi alle innerst inne veit, at om det finst noko i oss som kan redda oss, så er det hjarta - og ikkje hovudet. Ikkje minst ber det i seg ei djupt følt erkjenning som eg som ein lesande, og skuleflink, arbeidarson har måtta bera på etter at eg vart vaksen: At eg gjennom å følgja kunnskapens vegar kom til å lesa meg bort frå min eigen familie og mitt eige oppvekstmiljø.

Hauge tykte vel om prestegarden på Vedøy og spesielt den gamle steinkyrkja frå 1100-talet. Om kvelden var det stor middag med ei rekkje forfattarvener til stades. Mellom Olav og Bodil står dåverande leiar i forfattarforeininga, Thorvald Steen.

Foto: arkiv, Olav H. Haugesenteret

formidlingssenter om Olav vers av språkgrenser

Når eg sjølv, til sist, valde å stiga av frå kunnskapens vegar og heller prøva meg på litteraturens og poesiens vegar, så var det eit val eg gjorde med hjarta. Fornuftig var det ikkje. Eg har tapt mye i form av økonomi, tryggleik og karrieremulegheiter. Men eg har funne noe eg ikkje fann i akademia. Eg har, for ei tid, funne heim, slik Hauge skriv i diktet om lauvhytter og snøhus; ”... vera der/i kalde kveldar.” Så no blir eg her ei stund til, i poesien i diktinga, i Hauges landskap.

Lars Ove Seljestad, forfattar


UTGIVAR: NYNORSK KULTURSENTRUM ANSV. REDAKTØR: OTTAR GREPSTAD

Tilbod frå nettbutikken

–Ved tilsetjinga av Guro Ljone får Hauge-senteret ein

dyktig, strukturert og kreativ medarbeidar som vil bidra til å skapa eit levande og interessant program for ulike publikumsgrupper, seier dagleg leiar Geir S. Netland. SENTERET I 2014 Arbeidet med basisutstilling er i full gang. Planen er å opna 10. mai dersom finansiering og framdrift går som planlagt. Dersom heradstyret i Ulvik fylgjer formannskapet si samrøystes tilslutning til avtale, vil Hauge-senteret overta ansvaret for Ulvik po-

esifestival frå 2014. Mange er imponert over den innsatsen som frivillige, Olav H. Hauge-stiftinga, Venelag, Ulvik herad og kultursjef Espen Eide har lagt ned i festivalen sidan starten i 2000. Festivalane har hatt fagleg spanande program og populære konsertar og kulturinnslag for eit breitt publikum. Det forpliktar å ta over eit slikt arrangement. Hauge-senteret vil ta med seg det beste og vidareutvikla festivalen, som i 2014 er lagt til 4.–7. september.

Lars Ove Seljestad Storspring Olav H. Hauge og Bodil Cappelen: ABC Kr 229

Olav H. Hauge Dagbok 1924-1994. I Utval Kr 262

Kr 262

GJEST NR. 1000! Svanhild Skeie Lothe vitja Hauge-senteret fredag 30. august og vart med det vår gjest nummer 1000. Som gåve fekk Svanhild ein «matpakke» frå Syse gard. Haugesenteret gratulerer og vonar Svanhild hadde ein fin runde i utstillingane.

www.haugesenteret.no

FORMIDLAR PÅ PLASS Måndag 2. september hadde Guro Ljone sin første arbeidsdag som formidlar ved Hauge-senteret. Ljone kjem frå stillinga som dagleg leiar for musikkorganisasjonen AKKS i Bergen.


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.