1212hannekleinhauskrogster

Page 1

Hanne Kleinhans Krogsæter

Er morsmålet så viktig som vi skal ha det til? Morsmålet vårt er ein viktig del av identiteten vår. Dette er noko som er verdt å bevare, men til dags er det stadig truga frå mange kantar. Det står ovanfor både internasjonal, men også nasjonal konkurranse. Eg er bekymra for at morsmålet mitt eller dialekta mi skal døy ut. Eg er vaksen opp på ei lita øy ute i havgapet i Sunnmøre. Eg som øybuar har ikkje hatt so mykje å skryte over. Ikkje har vi eit levande bysentrum. Ikkje har vi lange fjordar, eller høge fjell. Og ikkje har vi nokon B-kjendisar som var med på ”Jakten på Kjærligheten” i 2009. Men det vi har, som kjenneteiknar meg som ein øybuar og er ein viktig del av identiteten min, er dialekta vår. Og ho er det verdt å ta vare på. Som sagt, vert ho stadig truga frå mange kantar. Det at ho vert truga av det engelske språket, er vel ikkje so rart med tanke på at vi lev i ein stadig meir globalisert verd, der det engelske språket spelar ei større og større rolle. Internasjonal påverking I 2015 var systera mi ein utvekslingselev i USA i eitt år. Eg forventa at når ho kom heim, ville ho ver den same gamle, men berre med litt ekstra vekt då dette er typisk stereotyping av amerikanarar. Då ho kom heim, fekk eg meg litt av eit sjokk då det var store delar av det norske språket hennar som hadde vorte ”bytta ut” med det amerikanske. Det var fleire tilfeller der ho til dømes skulle ta bilete frå ein spesiell ”angel” i staden for vinkel. Eg har dessverre hatt nokre slike situasjonar sjølv. Eg har fleire gonger tatt meg sjølv i å seie at eg er ”obligert” til å gjere noko, då eg eigentleg er forplikta. Dette skremmer meg. Vi har blitt so vant til det engelske språket at det verker heilt naturleg å fornorske engelske ord eller uttrykk og adoptere dei inn i det norske språket. Nasjonal påverking Dette er sjølvsagt ei stor bekymring for meg, men enda verre er det når vi blir truga av vår kjære nabo-by, Ålesund. Eg har aldri sett på Ålesund som ein trussel mot dialekta mi. Heilt til eg sjølv flytta inn på hybel i Ålesund i 2015. I starten av skuleåret fekk eg høyre frå fleire klassekameratar at eg snakka rart eller hadde ei morosam dialekt. Eg tok ikkje noko hardt på dette, og synest berre det var ”stas” at eg og dialekta mi vart sett på som ”eksotisk”. Men berre nokre månadar etter skulestart, starta det utenkelige. Eg hadde sjølv starta å miste delar av dialekta mi. I starten av skuleåret var eg svært språkforvirra, og visste ikkje lenger kva som var mest naturleg for meg å snakke. No, derimot, er det heilt naturleg å seie ”får” og ”går” i staden for ”fær” og ”gjeng”. Ein svikar ovanfor mi eiga øy og mitt eige morsmål. Korleis ser framtida for morsmålet mitt ut? Kvart år er det nye 16-åringar som flyttar til Ålesund for å gå på skule. Mistar delar av si eiga dialekt. Kjem heim, og påverkar andre.


Hanne Kleinhans Krogsæter Kan ein miste morsmålet sitt? Sjølv om eg kanskje snakkar annleis no enn det eg gjorde for eit par år sidan, betyr det at eg har mista morsmålet mitt? Ein viktig del av identiteten min? Det finst mange definisjonar på morsmål. Ifølge Wikipedia er morsmålet det første språket eller talemålet ein person lærer, eller eit språk ein person lærer i veldig ung alder. Men kva er morsmålet til nokon som for eksempel har lært pakistansk som barn, men i seinare alder flytta til Noreg, og gløymt ”morsmålet sitt” med tida. Vil dei da som voksen kunne seie at morsmålet deira er pakistansk, sjølv om dei ikkje lenger kan snakke det? Kanskje legg vi for mykje vekt i omgrepet ”morsmål” og kva det betyr for oss. Det som definerer oss som personar er ikkje kor vi kjem frå, eller kva språk vi snakka som barn, men det er kor vi kjem til å ende opp. Kanskje det ikkje nødvendigvis er dårleg at systera mi snakkar delvis amerikansk, eller at eg har starta å adoptere inn delar av ålesund-dialekta inn i mi eiga. Det er med på å definere kven eg er, kvar eg kjem frå, og kva eg har opplevd. Det eine året systera mi var i USA, har blitt ein del av ho sjølv, og identiteten hennar. Mange gjer narr av John Arne Riise og korleis dialekta hans har forandra seg. I mi eiga meining synest John Arne Riise burde vere stolt over korleis han snakkar, då det beviser at han er vorte ein verdsvant person. Vi må slutte å tenke på morsmål som noko veldig høgtideleg. Etter kvart som ein blir eldre og opplever nye delar av verda, er det heilt naturleg å legge igjen delar av morsmålet sitt heime, og bli påverka av andre språk eller dialekter. Det å forandre språket sitt er ikkje negativt, men heller noko positivt som vi ikkje burde sjå ned på. Morsmålet ditt definerer deg ikkje som person, men det er korleis det lyd om 50 år.


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.