AskøyMagasinet 03 2015

Page 24

ESELØRET  AV HALDIS PETERSEN

ESELØRET Av og til kjem ein tilfeldig over små perler av nokon bøker. Det har eg gjort denne gongen, med bøker som atter ein gong gjer at eg oppdagar at ein skal ikkje «skue hunden på hårene». TEKST | HALDIS PETERSEN

Ada av Odd Klippenvåg Cappelen Damm 2014

Voksesmerter av Thor Soltvedt Kapabel forlag 2013

24

Me befinn oss midt på 50-talet. Paul er 20 år, frå Trøndelag, nett ferdig med gymnaset, og i påvente av å finna ut kva han vil seinare i livet, søkjer han lærarpost i ei lita veglaus bygd i Nord-Norge. Han blir tenken imot på kaia av den andre læraren i bygda, Harald Nilsen, som viser han skulen der han skal ha ansvar for «småskulen» 1–4 klasse. Sjølv skal han bu i ein liten kvistleilighet over klasseromma. Slik var det i mange små bygder på den tida. Eg kjende meg veldig att i skildring av nettopp dette… Harald Nilsen fortel at skulen har ein «pedell», eller vaktmeister som me ville sagt i våre dagar. Det er Ada som vaskar og ryddar på skulen og fyrer i ovnen når det trengs, noko som skjer ofte i det ugjestmilde klimaet. Og etter å ha blitt kjent med Ada, forstår me framsidebildet betre: Andletet hennar er nemleg skjemd av eit svært blåraudt og knudrete fødselsmerke. Dette er hennar store skam, og ho går alltid med tørkle for å skjula det meste. Ada er mange år eldre enn Paul og er mor til ei av jentene i klassen hans, Kirsti. Det oppstår straks god kontakt mellom Paul og Ada, og etter kvart vert dei vener. Paul slit litt

med å finna seg til rette i bygda. Harald Nilsen og kona Ingjerd prøver å ta seg av han og presenterer han for unge, vakre Mette. Men Paul finn ikkje heilt tonen med henne. I staden føler han seg meir og meir tiltrekt av Ada, og ho av han. Det utviklar seg til eit lidenskapleg kjærleiksforhold mellom dei to. Ada skammar seg over utsjånaden sin, men Paul tykkjer ho er vakker. I det vesle bygdesamfunnet prøver dei å halda forholdet skjult, noko dei lukkast med. Men Paul innser at han ikkje har ei framtid i bygda, og når skuleåret er omme, reiser han attende til heimstaden. Ada er knust, men skjønar avgjerda hans. Mange år seinare møter me att Paul. Han er gift med 15 år yngre Bodil. Paul har utdanna seg til bibliotekar, men er no pensjonist. Han og Bodil har bestemt seg for å ta ein tur med hurtigruta, og kanskje dei kan besøke bygda han jobba i som ung? Det gjerd ei, men dette blir ein stor skuffelse for Paul. Alt er nemleg forandra, og attpå til får han sitt livs sjokk på denne turen… Dette var rett og slett ei vakker forteljing. Odd Klippenvåg fekk Riksmålsforbundets Litteraturpris 2014 for denne boka. Det skulle vel borga for kvalitet.

Første gongen me møter hovudpersonen Dag, sit han på cella si i Bergen Kretsfengsel. Han er blitt 29 år og har gjort noko dumt som han må sona ei straff på 9 månaders fengsel for. No sit han og les dødsannonsane i Bergens Tidende og får auge på namnet til ein person han kjende som barn, og tankane hans gåt attende til oppvekståra. Dag vaks opp i 60-talets Bergen. No er han 12 år, og fram til no har han budd saman med mor, far, broren Finn, farmor og mannen hennar, Oscar, i ein leilighet i sentrum. Smått og trangt har det vore, men no skal dei flytta til ein tre-roms leilighet i dei nye blokkene på Slettebakken. Her er det framleis landleg, ja til og med gardsdrift i nærleiken. Dag gruar seg til å flytta, men det tek ikkje lang tid før han har kameratar både i blokka og på den nye skulen. Her aular av ungar, mange av dei med komiske kallenavn: «Femræven» fordi han er så feit, «Flatatrynet», «Torpedoen» og mange andre. Heime i leiligheten hos Dag og familien er det ikkje alltid like hyggeleg. Far tyr nemleg til flaska når noko går han imot. Då kan han forsvinne og

vere borte i dagevis. Det hender at mor må henta han i fyllearresten der han har sove ut rusen. Mor er opprinneleg frå Glasgow, og ho trugar med å ta begge gutane med seg til heimbyen dersom far ikkje skjerpar seg. Han lovar bot og bedring, men snart er det på an igjen. Finn er tre år eldre enn Dag, og han er alltid sint, og han hatar nesten far. Me anar at noko har skjedd med Finn, og at far har unnlete å hjelpa han. Den beste venen Dag har i bolokka, er Dvergen. Han er ein vaksen mann, men kun 1,43 høg. Det er han Dag tyr til når det stormar som verst heime. Dvergen let han få innblikk i alle remediane han eksperimenterer med som skal hjelpa han og andre «småfolk» med å vakse. Ein dag skjer det noko forferdeleg som snur livet opp ned for den vesle familien, og ingen ting kan bli som før igjen. Dette er ein medrivande oppvekstroman, både humoristisk og tragisk, og mange vil nok kjenna seg att i miljøet, særleg dei som vaks opp i ein bergensk drabantby på 60-talet. Boka kan og passa for ungdom frå 10. klasse og oppover.


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.