Glimt nr. 2-3/2011

Page 14

AKTUELT

Beskytter kokekaffe mot type 2 diabetes? Risikoen for å utvikle type 2 diabetes ser ut til å avta med aukande konsum av både kokeog filterkaffe, viser ein studie frå Folkehelseinstituttet. Dette betyr likevel ikkje at ein bør drikke mest mogeleg kaffe, då høgt kaffekonsum kan gi andre helseplager. Studien undersøkte kor vidt det var ein samanheng mellom konsum av kokekaffe og filterkaffe i 40-45 årsalderen og utvikling av type 2 diabetes i 45-60 årsalderen. Fleire studiar har funne ein gunstig samanheng mellom kaffe generelt og type 2 diabetes, men det er første gong ein så stor studie ser på denne samanhengen. 

 - Denne studien fann at risikoen for å utvikle type 2 diabetes avtok med aukande kaffekonsum i omtrent same grad for koke- og filterkaffe, seier forskar Vidar Hjellvik ved Folkehelseinstituttet. 

 Dei som drakk 9 koppar kokekaffe eller meir hadde 35 prosent mindre risiko for å utvikle type 2 diabetes enn dei på same alder og med same kroppsmasseindeks, røykevaner, utdanning, og fysisk aktivitetsnivå som drakk mindre enn 1 kopp dagleg. For dei som drakk tilsvarande mengde filterkaffe var risikoreduksjonen på 38 prosent. Informasjon om 360 000 kvinner og menn Studien har opplysningar om kaffekonsum for over 360 000 diabetesfrie kvinner og menn frå helseundersøkingar utført mellom 1985 og 1999. Ved å koble med Reseptregisteret ved Folkehelseinstituttet kunne ein finne ut kven som brukte medisin for type 2 dia-

14

betes i perioden 2004-2007 (blodglukosesenkande middel, ekskl. insulin; ATC-gruppe A10B). Mange med type 2 diabetes kontrollerer sjukdomen med kun diett og mosjon. Desse blei ikkje fanga opp i denne studien, og vi må anta at andelen som trong medisin av dei som fekk ei diabetesdiagnose i oppfølgingsperioden var uavhengig av kaffekonsum. Det kan heller ikkje utelukkast at andre faktorar som er assosiert med kaffedrikking enn dei som er tekne omsyn til i studien har hatt betydning for utvikling av type 2 diabetes. Kilde: Epidemiology, Volum 22, Number 3: “Boiled Coffee Intake and Subsequent Risk for Type 2 Diabetes”, Vidar Hjellvik, Aage Tverdal, and Hanne Strøm. Kor mykje kaffe er anbefalt? Det er ikkje anbefalt at folk flest skal drikke ni koppar kaffe om dagen. 

 - Alle er ulike og tåler meir eller mindre koffein. Nokre kan drikke 30 koppar om dagen mens flesteparten ligg på ein til to. Dette har delvis med gener å gjere. Vi har ulik evne til å omsetje koffeinet i kroppen og dei som omset stoffet sakte, tåler mindre. Viss alle skal drikke fire til fem koppar kaffe kvar dag ender vi truleg berre opp med ei heil rekkje andre problem,

for eksempel søvnløyse, seier Helle Margrete Meltzer, avdelingsdirektør ved Folkehelseinstituttet. 

 Kor mykje kvar av oss tåler, kan dei fleste av oss føle sjølv, sier Meltzer. 

 - Dei fleste merkar når dei går over sin eigen terskel. Dei kjenner rastløyse, uro, hjertebank og nervøsitet. 

 Når det gjeld kokekaffe har fleire tidlegare studiar dessutan vist at denne aukar kolesterolnivået og kan gi auka risiko for hjerte- og karsjukdomar. Koffein Koffein (kjemisk: trimetyl-xantin) finst naturleg i ei rekkje planter. Kaffe-, guarana- og tebuskene inneheld svært høge konsentrasjonar og blir derfor nytta til produksjon av koffeinhaldige drikkar som kaffe, te, coca cola og dei såkalla energidrikkene. 

 Koffein har effekt på mange funksjonar i kroppen, bl.a. sentralnervesystemet (stimulering, søvnløyse), hjartet (pulsauke), nyrefunksjonen (auka urinproduksjon), blodsirkulasjonen, mage- og tarm, og lungefunksjonen. Tidlige symptom på akutt forgifting kan observerast allereie ved 500 - 600 mg/koffein per dag, tilsvarande 5 - 6 koppar kaffe, og karakteriserast ved hovudpine, kvalme, magekramper,

Glimt 2/2011 • www.kroniskesmerter.no


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.