Bøker 2011 frå Samlaget

Page 72

E S S AY / H U M O R

JON HJØRNEVIK

Agnes Ravatn

FLUKTA FRÅ REKKEHUSET

Folkelesnad RAVATN TEK VEKEBLADET FRÅ MUNNEN

Heldigvis er det alltid ein utveg på ting. Heldigvis har også den ofte nokså fengslande kvardagen tusenvis av utvegar. Du kan berre gå frå alt utan å gi beskjed, du kan stikke til fjells, til skogs , eller til havs, du kan rømme inn i ei bok på tusenvis av sider , du kan flykte ned i ei flaske med noko sterkt, du kan forsvinne i ein fotballkamp, du kan drøyme deg vekk i ein pornofilm, du kan ringe til ein gamal slektning og sei at du kjem og blir nokre veker, du kan stele ein bil, du kan forlate verda i eit dikt, du kan gjere noko kriminelt og få politiet til å hente deg, du kan kjøpe deg eit tau, bli sjølvmordsbombar, du kan kle deg ut som julenisse, du kan hoppe av bussen, på eit busstopp eller i fart, du kan reise på ferie og ikkje komme tilbake, du kan hoppe av karusellen, du kan hoppe av flyet ditt om det mellomlandar i Romania eller gifte deg vekk i Afrika utan å legge att så mykje som ein post-it lapp til næraste familie.

Agnes Ravatn har tråla Narvesens bladhyller, og sett seg godt til rette i godstolen. Ho tar oss med til ei insisterande og til tider skremmande verd, der urealistiske ideal og massiv behovsskaping regjerer. Ein monotoni, i nummer etter nummer, som får oss til å stille spørsmål som: Kva er det eigentleg dei vil med oss, desse blada? Er det rein underhaldning og eskapisme, eller skildrar dei noko som for mange er ei verkelegheit? Agnes Ravatn tar jaktblada på kornet og pornoblada på dei mest erogene soner, ho lar blada tale for seg sjølv, men ho tar også bladet frå munnen. Les, lær og le.

Unge, gamle Ravatn er en av Norges morsomste og skarpeste skribenter. Cathrine Krøger, Dagbladet

E S S AY | P r is k r 3 2 9 , I SBN : 9 7 8 8 2 5 2 1 7 8 6 6 1 i sa l

Agnes Ravatn (f. 1983) er forfattar og journalist frå Ølen i Vindafjord. På kort tid har ho etablert seg som ein frekk, lur, observant og morosam skribent med ein trufast fanskare. Ravatn debuterte med romanen Veke 53 i 2007 og gav i 2009 ut essaysamlinga Stillstand. Ho bur i Oslo og arbeider som journalist i Dag og Tid.

Det er eigentleg enkelt å flykte, men ikkje for alle. Jon Hjørnevik har prøvd å flykte frå det meste her i livet, mel-

143

lom anna overbetalte kjedelege jobbar, fjerne slektningar som vert for nære, snille kjærestar som vert for snille, altfor kåte hundar, illsinte tyskarar og godt isolerte rekkehus. Alt med blanda hell. Det har som regel enda med at han har flykta til eit nytt problem, og dette problemet gjentek seg. No har Jon Hjørnevik for femte gong rota seg vekk i ei diktsamling.

HUMOR | P r is c a k r 229,IS B N : 9 7 8 8 2 5 2 1 7 7 3 4 3 U t g . ok t ob e r

JON HJØRNEVIK (f.1970) er frå Voss. Han er komikar og står bak fleire humoristiske diktbøker på Samlaget.


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.