Bøker 2011 frå Samlaget

Page 71

E S S AY

Ragnar Hovland

JON FOSSE

Kunsten å komme heim og andre essay

ESSAY Fosse om teater og litteratur I 1989 gav Jon Fosse ut essaysamlinga Frå telling via showing til writing. Ti år seinare kom Gnostiske essay. Fosse sine essay har det lenge ikkje vore mogleg å få tak i. No er dei alle samla i éi bok, ei rik kjelde for den som vil bli kjend med Fosse sitt syn på mellom anna teater og litteratur, men òg med Fosse sjølv.

BLI MED HOVLAND HEIM Over 20 år etter essayboka Konspirasjonar (1990), er Ragnar Hovland tilbake med ei ny samling. Her møter vi lesaren og formidlaren Hovland på sitt beste. Vi får høyre om mellom andre Dickens, Jansson, Wodehouse, Brautigan, Vian, Bichsel, Queneau og Carroll. Kjensla av å komme heim opptrer i ulike samanhengar - det handlar om å finne sin plass både i livet og i litteraturen. Hovland lar oss ta del i sin eigen litterære kanon, og gjennom hans særeigne måte å gjenskape sine lesaropplevingar på, blir denne viktig også for oss.

141

I forordet til Gnostiske essay skriv Fosse: «Eg gir ut mi andre samling essay, og sit og tenkjer at det i framtida nok ikkje burde koma så mykje essayistisk skrift frå meg, det vesle eg veit kan seiast betre i andre språk.» Etter to essaysamlingar tok Fosse farvel med teorien. Han valde diktinga, men det hender han skriv noko meir teoretisk. Til slutt i denne boka finn du Skrivingas gnosis, eit essay som ikkje tidlegare har vore publisert på norsk.

E S S AY | P r is k r 3 5 9 , I SB N : 9 7 8 8 2 5 2 1 7 7 6 6 4 i sa l

Ragnar Hovland (f. 1952) er forfattar, humorist, skribent og ukulelespelar. Full av spenstige innfall, merkverdige karakterar og populærkulturelle referansar har han i snart 30 år gitt ut meir enn 40 bøker i alle sjangrar.

E S S AY | P r is k r 2 9 9 , ISBN: 9788252179705 U t g . sep t e m be r

Jon Fosse (f. 1959) blir rekna som ein av dei viktigaste norske forfattarane i vår tid. Tekstane hans er omsette til over 40 språk, og skodespela er sette opp snart 1000 gonger i heile verda. Fosse har motteke ei rekkje prisar i både inn- og utland, og er av kritikarar blitt omtalt som det 21. hundreårets Beckett.


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.