Bøker 2011 frå Samlaget

Page 6

– Fortel om boka di. Boka mi er ei diktsamling som heiter Hjartemekanikk. Eg likar å kallar det ein diktroman, fordi det gjennom heile boka spring ei historie, om to menneske som flyttar saman og som vert råka av ei ulykke der den eine døyr. Eg tenkjer på det som ei bok om kjærleiken og hjartet: korleis ein kan opne seg opp for nokon og elske dei, og kva i all verda ein skal gjere når dei plutseleg er borte. – Korleis valde du tittelen på boka? Hjartemekanikk er læra om korleis hjartet fungerer, og eg tykkjer hjartemekanikk er forferdeleg spanande, både bokstaveleg og figurativt. Bokstaveleg er hjartet motoren i kroppen, det er hjartet som heile tida sørgjer for at blodet kjem rundt i kroppen og held oss i live. Samstundes er jo hjartet eit metafor for kjærleiken, så kanskje kan ein forstå hjartemekanikk som kjærleikens mekanikk òg?

Kristina Leganger Iversen

– Kva musikk passar best som soundtrack til boka?

(f. 1989) er frå Åsane, men bur no i Oslo. Ho studerer litteraturvitskap ved UiO, er redaktør av litteraturtidsskriftet Lasso og sit i bladstyret til Mål og Makt.

Eg elskar Joni Mitchell, og hennar album «Court and Spark» er ein perfekt blanding av jazz, pop og viser. Det er eit album om kjærleiken, som vekslar mellom å renne over av godt humør og lun humor, til å vere trist og melankolsk. Heile vegen er tekstene fantastiske, melodiane vakre og kombinasjonen av dei to rett ut nydeleg.

Å R E T S D E BU TAN TAR

Dikt om kjærleiken og hjartet: korleis ein kan opne seg opp for nokon og elske dei, og kva i all verda ein skal gjere når dei plutseleg er borte.

11


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.