Bøker 2011 frå Samlaget

Page 42

Adam ropte ja til alle spørsmåla, sjølv om han på ingen måte kjende seg klar for det som låg framfor dei. Båten hadde fått stor fart, begynte å slenge litt på seg, brått dreiv dei sidelengs nedover. Dei var inne i elvestraumen alt. Jon løfta ei arm i vêret. Adam reiste seg halvt opp. Brått gjekk det an å sjå botnen, med lys sand og nokre større steinar, umogeleg å seie kor djupt det var. Men så kom botnen far ande mot dei, og båten knalla inn i den første steinen. – No! gaula Jon. Adam ville kaste seg ut, men det var lettare tenkt enn gjort. Føtene hamna i det kalde vatnet, medan overkroppen strevde med å komme klar av ripa. Etter mykje baksing og kaving hang han etter armane, så kom ei sviande smerte i eine hofta som nesten tvang han til å sleppe taket. Båten deisa av garde med han på slep, og det var verken tid til å tenke på kor kaldt det var eller korleis det gjekk med Jon Utskott som prøvde å halde fortet lenger framme. Adam skauv føtene fram for å stemme mot der han kom i kontakt med botnen. Og sanneleg fekk han kontakt. Det var ei beinknusemaskin der nede, som harva over dei tynne leggane hans, stanga med spisse steinhorn inn i lårmusklane, prøvde å mose anklane til støv. Eit par gonger fekk føtene tak, men det glapp igjen, for steinane var sleipe og båten så tung som om han skulle vore laga av jern. Adam såg at dei dreiv mot ein stor stein som stod opp av vatnet. Han vurderte sjansane for å stoppe den ville ferda mot denne steinen med den ledige handa og det han hadde igjen av maltrakterte føter. Men så høyrde han Jon si stemme, heilt over rask ande bakfrå. – Slepp! Adam! Du må sleppe båten!

Snik le sing

kvart vis. Men det er for kaldt. Dette her er nesten reint smeltevatn frå fjella. Vi må berre vente til vi kjem litt nærare land. Så får vi hoppe ut og prøve å berge båten før elva tek oss. Jon gnei handa varm mot låret. Så begynte han å rulle saman soveposen sin. Adam tenkte det var best å gjere som han. Dei hjelpte kvarandre med å brette presenningen. Så var det berre å sitte der på kvar si tofte og sjå landet nærme seg. På den same sida som nausta låg, voks det høge siv eit stykke ut i vatnet, det var på den sida dei måtte prøve å komme inn. Dei kunne høyre ei svak buldring frå elva no. Det høyrdest nesten ut som ein foss, Adam kunne ikkje hugse at det hadde vore nokon foss i nærleiken av brua. Men det gjekk i små fall og hissige stryk, det ville bli litt av ein tur om dei først hamna i elva. Hjartet slo fort, magen knytte seg. Jon såg heller ikkje ut som han var komfortabel med situasjonen, han sat som om han målte avstanden, tenkte ut måtar å møte utfordringa på. Båten hadde fått ganske bra fart, det var som om ein kjempefisk glei i vatnet under dei, med båten på ryggen. Det var vanskeleg å sjå kor vatnet slutta og elva begynte, men dei såg stadig fleire detaljar, ei fredeleg lita bukt med vass liljer kom til syne, det var nok eit poeng å sikte seg inn på den. Men sikte? Fisken under dei hadde kurs rett mot elva, og med eit usynleg slag med sporden auka han farten enda meir. Jon Utskott stod framme i båten og følgde med om det skulle bli grunt nok til at dei kunne hoppe uti. Førebels var det berre ei bekymra risting på hovudet der framme. – Vi må hoppe samtidig, sant? ropte han attover til Adam. – Hoppe uti samtidig, og ikkje sleppe taket i båten! Er det klart? Er du klar?

83


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.