Bøker 2011 frå Samlaget

Page 41

grønmala, at dei låg her. Men det kan dei ikkje ha gjort da. – Nei, det kan dei ikkje, kom det som eit ekko. Som alltid var det vanskeleg å vite om Jon Utskott gjorde narr eller om han berre svarte automatisk medan han sat i eigne tankar. No snudde Jon seg og såg dit stamnen peikte. – Vi driv mot elva, sa han. I det fjerne kunne Adam sjå omrisset av trebrua dei hadde sykla over for berre få timar sidan. Under den hadde elva gått ganske vill og stor. No kjende han suget i båten. Kjølen grov seg djupare ned og hadde stø kurs mot utløpet. Men da blir vi jo tatt av straumen, tenkte han. Sa han det også? Jon snudde seg mot han, og dei blei sittande og sjå kvarandre inn i auga. Korleis kunne dette skje? sa blikka. Kva gjer vi no? sa dei også. Berre spørsmål, ingen svar. Det surkla under båten. Over dei flaug ein uryddig flokk med småfuglar, dei flaksa og fall litt, og flaksa igjen. Skal tru om dei legg merke til oss i det heile, tenkte Adam. For dei er vi vel ein slags kulisser. Ein del av naturen. Og så kom han til å tenke på kameraet sitt, pc–en, alt utstyret som låg slengt på grasbakken der borte kor nausta no berre var små prikkar i vasskanten. Kva om det begynte å regne? Og syklane. Kva om nokon tok syklane? Jon drog opp ermet på ullgenseren sin, og stakk handa ned i vatnet. – Vi kan ikkje symje langt i den kulda her, sa han. – Men hadde du tenkt at vi berre skulle symje ifrå båten? spurde Adam og stakk uti si eiga hand. Han reiv ho opp att med eit rykk. Det var hjernen som reagerte med å sende ut faresignal. Ligg unna! sa hjernen. Tanken på å senke heile lekamen ned i isvatnet var absurd. – Eg tenkte at vi kanskje kunne dra med oss båten på eit

Snik le sing

utan han. Dette gjorde han såpass uroleg at han såg seg nøydd til å slå auga opp. Det var som å vakne på eit sjukehus og ikkje vite kva du har blitt operert for. Himmelen lyste kvit og kald der oppe, himmelen var alt som var. Jon kjende med hendene over heile seg. Så skjøna han, og sette seg opp. Rett bak dei duppa tre smale øyer med skog på. Langt der bak kunne han sjå nausta, der syklane deira stod, der dei hadde etterlete alt utstyret. Hadde dei verkeleg drive så langt? Jon kreka seg opp på tofta og greip etter årene. Dei var ikkje der. Det var ingen årer i båten. Jon Utskott banna lavt. Så banna han høgare, for å få liv i han som var lettmatros om bord. Det måtte eit par spark til før Adam sette seg opp. Han såg seg undrande rundt, og så såg han på Jon som om han skulle vere ein fullstendig framand. – Er det du? sa han. – Visst er det meg, sa Jon. – Det er meg ei glede å ønske deg velkommen tilbake til røynda og til Vasslivatnet, der vi for tida driv rundt i ein båt utan årer. Det gjekk ei stund før den fulle konsekvensen av denne velkomsthelsinga gjekk opp for Adam. Han begynte å sjå seg rundt i båten, som om det er mogeleg å gøyme bort eit par årer i ein liten robåt. Han måtte innsjå at dei hadde lagt frå land utan å ta med seg årene. Automatisk kjende Adam seg skuldig, sidan det var han som hadde sparka frå, og fordi han var yngst, og fordi … han visste ikkje heilt, berre dukka seg og venta på den skyljebøtta han visste måtte komme. – Dei står så klart i naustet, sa Jon, meir til seg sjølv enn til Adam. – Så rart at ingen av oss tenkte på det. – Ja, det var rart, sa Adam. – Eg ser for meg at dei var

81


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.