Bøker 2011 frå Samlaget

Page 4

Kjære lesar! Det er gledeleg å registrere at boklista i år er prega av mange sterke utgivingar av kvinner. Brit Bildøen, Marit Eikemo, Hilde Myklebust, Hildegunn Dale, Mette Karlsvik og Sigrun Slapgard gir ut nye bøker. Sakprosalista har eit innhaldsmessig fokus på kvinner. Arnhild Skre har skrive ein stor biografi om kvinnesakspioneren og teatermennesket Hulda Garborg. Den andre verdskrigen fasinerer oss framleis, og vi gir ut to bøker med mindre kjente sider ved krigshistoria. Kristin Hatledal er aktuell med ei bok om kvinnene i motstandsrørsla, og Idar Lind har skrive den ukjente historia om kvinnene i Rinnanbanden. I mai kom beskjeden om at Jon Fosse blei tildelt statens kunstnarbustad, Grotten. Samlaget har to nyutgivingar av han på lista: Essay og Kortare prosa. Den første teksten Fosse hadde på trykk, var novella «Han» (trykt i studentavisa StudVest i 1981). Allereie i denne novella er mange av særkjenna ved både stil og motiv på plass. Grunnsituasjonen i novella brukte han seinare i teaterstykket Namnet, eit stykke som har reist verda rundt. Fosse reindyrka denne stilen, og det har gjort han verdskjent og omtykt både i utlandet og heime. Også mange av dei andre erfarne forfattarane kjem med nye bøker: Både Ragnar Hovland, Einar Økland og Rolf Sagen. Det er også svært gledeleg å sjå at det er i ferd med å etablere seg ein ny generasjon med forfattarar. Marit Eikemo kjem med romanen Samtale ventar, Hilde Myklebust gir ut sin første roman, Glødepunkt, Edmund Austigard gir ut sin tredje roman, Solskinsbussen, og Mette Karlsvik har skrive ein roman om den islandske artisten Björk. Endeleg lanserer Samlaget ein spennande fotballbokserie. Atle Berge gir ut to bøker om Barcelona-gjengen! Meir spenning blir når Magnhild Bruheim kjem med si fjerde bok for ungdom, Blod på hendene. Dei siste åra har vi hatt mange sterke debutantar. Og også i år har vi det, heile sju stykk, i alle sjangrar. Det blir spennande å følgje med desse unge, nye i åra som kjem. Samlaget skal vere der og hjelpe til med å dyrke dei fram, slik at lesaren er sikra gode bøker på nynorsk i mange år framover. God bokhaust!

Finn Totland Forlagssjef (konstituert) Samlaget Litteratur

7


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.