Bøker 2011 frå Samlaget

Page 38

LY R I K K O G D R AM A

FINN ØGLÆND

Christophe Tarkos

Kasser

LIRUM LARUM

EIN UNIK POET FOR FØRSTE GONG OMSETT TIL NORSK

Utgangspunktet for den nye samlinga til Finn Øglænd er at poeten opplever å runde 50. Vissa om at han no definitivt oppheld seg i middelalderen, medverkar til å kaste både sollys og skugge over diktarens rørsler på jorda. Ei ny og sterk livsbejaing slåst om plassen med gammalmannsfilosofiane. Og som vanleg held diktaren dommedag over seg sjølv, med ironi og sjølvkritikk. Dette er ei ganske typisk Øglænd-samling, med andre ord. Ei plate med mørk kokesjokolade – rute for rute med bittersøte dikt om alt forfattaren hatar å elske.

Tarkos’ særeigne stil er lett gjenkjenneleg. Han dyttar på orda og setningane, gjentar diktas innhald til det ekstreme, dikta blir variasjonar over seg sjølv, ein levande orddeig, alvorleg, absurd, menneskeleg. Resultatet er djupt tragisk og djupt humoristisk. Lesaren blir rørt på det sterkaste, og lesaren kan i verste fall få seg til å le høgt, heime, på t-banen, på ein kafé. Så ver forsiktig: Dette nærmar seg galskap. Men som Tarkos sjølv sa: Skilnaden på galningen og poeten er at poeten kan avslutte diktet. I denne samlinga på 64 diktkasser handlar det om både livshåp og livsdesperasjon – og om kva som er laga av mjølk.

75

I dag klypte eg nokre grå hårstrå vekk frå tinningen. Ansiktet mitt er ikkje lenger ungt. Men dei grøne trea gir både skugge og ly. Eg likar å sjå mi kjære vatne blomane eg ikkje veit namnet på. Håret mitt er ennå ikkje kvitt. I eplehagane skal frukt falle ned til hausten, og under utelampane skal myggen virre rundt som i ein rus.

Cathrine Strøm og Gunnhild Øyehaug står for gjendiktinga frå fransk. Den svenske poeten Ulf Karl Olov Nilsson står for etterordet, ein Tarkos-ABC. Denne boka er eit must for fans av Tarkos, men også eit stort velkommen til nye lesarar. LYR I K K | P ri s kr 2 5 9 , I SBN : 9 7 8 8 2 5 2 1 7 3 5 1 2 I sal

Christophe Tarkos er fødd i 1964, og blir rekna som ein fornyar av den franske poesien.

LY R I K K | P ri s c a kr 2 5 9 , ISBN: 9788252179279 U t g . ok t ob e r

Finn Øglænd (f. 1957) er frå Stavanger. Han debuterte med diktsamlinga Det opplyste landskapet i 1983 og har gitt ut bøker innafor ei rekkje sjangrar. Øglænd er òg aktiv som kritikar og essayist.


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.