Bøker 2011 frå Samlaget

Page 36

LY R I K K O G D R AM A

Jon Fosse

Carol Ann Duffy

Kortare stykke

Korte dagar, endelause netter

Boka inneheld seks kortare skodespel som ikkje tidlegare har vore trykte på norsk. Leve hemmeleg (fyrste gong framført på Schaubühne, Berlin, i 2000). Ein raud sommarfugls vengjer (fyrste gong framført av Artistas Unidas i Portugal 2004). Telemakos (fyrste gong framført av Teatret Vårt i 2005), Fridom (fyrste gong framført på Det Åpne Teater i 2006), Der borte (fyrste gong framført på Det Åpne Teater i 2006), og Juletresong (fyrste gong framført på Dramatikkens hus i 2010).

STERKE DIKT OM TAP, SVIK OG BEGJÆR FRÅ STORBRITANNIAS HOFFPOET I denne samlinga dramatiserer Carol Ann Duffy scener frå sin eigen barndom, ungdomstid og frå vaksenlivet. Ho leitar fram augneblink av nåde, ho finn trøyst i minna, i kjærleiken og i språket. Dette er sterke dikt om tap, svik og begjær.

71

Dikta til Duffy er, trass i sin ofte alvorlege tematikk og kompleksitet, skrive i eit underhaldande og tilgjengeleg språk, slik at dei har nådd eit breitt publikum. Gjendikting og etterord ved Jostein Sæbøe.

LYR IKK | P ri s kr 2 5 9 , I SBN: 978 8 2 5 2 1 7 7 6 5 7 I S AL

Carol Ann Duffy (f. 1955) er skotskfødd poet og dramatikar. Ho er også professor i samtidspoesi ved Manchester Metropolitan University. Duffy blei utnemnd til Storbritannias hoffpoet (Poet Laureate) i 2009. Dette var svært omdiskutert, mellom anna fordi ho var den første kvinna og første skotte til å bli utnemnd, men også fordi ho var bifil.

DR AM A | P r is k r 279,IS B N : 9 7 8 8 2 5 2 1 7 7 4 7 3 i sal

Jon Fosse (f. 1959) blir rekna som ein av vår tids viktigaste norske forfattarar. Tekstane hans er omsette til over 40 språk, og skodespela er sette opp snart 1000 gonger over heile verda. Fosse har motteke ei rekkje prisar både i inn- og utland, og er av kritikarar blitt omtalt som det 21. hundreårets Beckett.


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.