Bøker 2011 frå Samlaget

Page 33

Meir enn regn Meir enn regn er sterke og intense noveller om vanlege folks kjærleiksliv, kvardagsliv, ungdomsliv. Noveller som skildrar avstanden mellom dei menneska som burde vere nærast. «Sjøflyet heng over det kvite landskapet. Morgonsola har nettopp komme opp på ein stålblank himmel. Alt er is og snø. Det er som om frosten held alt oppe. Eg tenker at når regnet kjem, så vil heile verda smelte og rase saman.» P RI S k r 129, I S BN: 9788252179996 u t g . s e p t ember

Frode grytten

80 º aust for Birdland 80 º aust for Birdland har ein stor himmel over seg, vêr og vind og den blå jazzen, blanda saman med livet i ein norsk småby. «Monk spelte ein fantastisk konsert. Men det store, det store skjedde først då han gikk av scena. For tonane slutta ikkje å strømme ut av klave ret. Skjønner de kva eg seier? Monk gikk av scena, bukka og gikk av scena. Men musikken bare kom fossande. Tonane strømte ut av klaveret i fem–ti minutt etter at han gikk av scena. Skjønner de? Det var magi. Rein magi.» P RIS k r 129, ISB N: 978825218000 8 u t g. sep t ember

Eg liker kveldane seint i august når mørket kjem snikande tilbake og månen rullar heilt framme på fjellkammen. Eg veit ikkje, det er noko gale med dei lyse sommarnettene. Det er som om dei er vaska på feil program. Eg lengtar etter hausten, regnet mot ruta og mørket med alle lysa utanfor, som om dei er ei smørje av finger maling nokon har klint på vindauga. Eg ser korleis lyset langsamt skiftar i rommet, korleis alle gjenstandane lagar ulike skuggar etter kva tid på døgnet det er. Eg ser korleis nettene tetnar til, korleis insekta flaksar hjelpelause mot dei tente lampene. Frå Bikubesong, Frode Grytten

P O C K E T- RO M AN A R O G NOV E L L E R

Frode grytten

65


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.