Bøker 2011 frå Samlaget

Page 21

RO M AN A R O G NOV E L L E R

ERLEND FLORNES SKARET [DEBUTANT]

SIGRUN SLAPGARD

PARADISHAGEN

WROCŁAW

Forboden kjærleik og ukjenDe historier frå krigen

Stilsikker og spennande debutroman Vi følgjer ein omreisande mann i trettiåra gjennom to døgn i den polske byen Wrocław, der han gradvis blir ført til mentale utpostar og fysiske avkrokar i den elles vakre byen. Han møter personar som utfordrar identiteten og grensene hans, mellom anna nabokvinna på hotellet som på utstudert vis innlemmar han i eit trekantdrama som skal vise seg å bli avgjerande for opphaldet hans. Skaret bygger opp romanen gjennom indre monologar, refleksjonar og minne, mens den ytre handlinga avgrensar seg til scener frå hotellet og området rundt. Wrocław er ein spennande og stilsikker roman som fangar lesaren i byen, hotellet og i hovudet til hovudpersonen, og ikkje slepp taket.

ROM A N | P r i s c a k r 3 4 9 , IS BN: 9 7 8 8 2 5 2 1 7 9 2 8 6 U t g. Se p t e mber

Erlend Flornes Skaret (f. 1976) kjem frå Bømlo, og bur no i Oslo, der han arbeider som sivilingeniør. Han har gått på forfattarstudiet i Bø.

Den norske regissøren Julie Dalgård oppsøkjer Melk kloster i Austerrike for å lage ein dokumentarfilm. Ein avdød familievenn, bibliotekaren Kurt Leonard, har avslørt delar av ei historie ho vil finne ut av. Det viser seg at her er fleire ufortalde historier knytte til krigen. Det at Leonard har ei fortid som Wehrmachtsoldat, er berre starten. Dalgård går på jakt i hans og familiens fortid både i Nord-Noreg og i Austerrike, og nærmar seg etterkvart nye versjonar av livshistorier ho har kjent sidan barndommen. Med kva rett skal ho skape filmen som vil bli ståande som historia om Kurt Leonard? Og kva versjon skal ho fortelje? I denne romanen får vi lese om forteiing i den næraste familie, om kollektiv forteiing og om konsevensane av dette. Vi blir vitne til korleis kjærleik og død kan slå inn i liv og korleis ulike liv og livshistorier flettar seg inn i kvarandre.

41

Romanen er basert på verkelege hendingar i forfattarens familie. RO M A N | P r i s c a k r 3 4 9 , IS B N : 9 7 8 8 2 5 2 1 7 5 8 0 6 U t g . s ep t e mb e r

SIGRUN SLAPGARD (f. 1953) er forfattar og arbeider også i NRKs utanriksredaksjon. Ho blei nominert til Brageprisen og fekk Melsom-prisen for Krigens penn. Ein biografi om Lise Lindbæk (2002), og har også skrive biografien om Sigrid Undset (Dikterdronningen, 2007). Paradishagen er den første romanen hennar.


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.