Bøker 2011 frå Samlaget

Page 19

RO M AN A R O G NOV E L L E R

HILDE MYKLEBUST

Lars Mæhle

GLØDEPUNKT

Korea. Noveller om kjærleik

POETISK INDUSTRIREALISME

NO KJEM KJÆRLEIKEN TIL SUNNDALSØRA

Det ligg ei summing over Steinsetbygda. Ei dirrande summing av røyster og kaos og fektande tankar. Heile bygda gløder mørkt og sugande, som ein nyuttrekt femtoms spikar, varm og brennheit av overført energi frå ein tilstand til ein annan. Guttorm jobbar ved bergverksbedrifta Mineral Vest. Han og kona Margunn prøver å halde liv i ekteskapet sitt, men det er så mykje som gneg: Overtida, det altfortærande brotet som trugar vennskap og barndomsminne, sandstøvet i lungene, barnet dei ikkje får. Når bedrifta får tidenes største ordre på sand, skyt aktivitetsnivået fart, dagbrotet veks og arbeidarane vert drivne til brestepunktet. Hjelpa kjem i form av finske leigearbeidarar, som også er eit kjærkome innslag for unge jenter med lengt bort frå bygda. Noko er i ferd med å endre seg i Steinsetbygda. Under overflata ulmar tragediar. Forfattaren lar denne vesle bygda med sitt altfortærande steinbrot bli eit bilde på korleis storsamfunnet fungerer.

37

I prislønte Lars Mæhles første novellesamling blir vi med ein hovudstups forelska gut oppover heissjakta i hans siste forsøk på å nå fram til jenta i sitt liv. Dei følgjande novellene portretterer andre menneske som også, på ulikt vis, er styrte – eller til og med besette – av kjærleiken. Det handlar om menneske i ein fase av oppbrot og forandring. Novellene grip inn i og viser til kvarandre, menneska dukkar opp på nytt i seinare tekstar, og til slutt bygger samlinga seg opp mot ein storslått, dramatisk finale, der vi igjen møter guten og jenta frå den første novella. Vil kjærleiken sigre til slutt? Hilde Myklebust tek med dette steget frå poesien til romanen. Ho har med seg det presise og fargerike språket sitt inn i ei forteljing som både er sitrande spennande og rørande ROM AN | P r i s c a k r 3 2 9 , IS BN 97 8 8 2 5 2 1 7 9 2 6 2 U t g. aug u s t

HILDE MYKLEBUST (f. 1979) er frå Syltedalen, i Vanylven på Sunnmøre. Ho debuterte med diktsamlinga Berre dagar seinare i 2005 og etablerte seg for alvor blant dei fremste unge lyrikarane i Noreg med Søkk i 2008. I 2009 gav Myklebust ut biletboka Jon og den lange julenatta – ei varm, vakker og jordnær forteljing for barn.

På høg tid at livet på industristaden Sunndølsøra på Nordmøre fekk sin kronikør ... Mæhle viser kreftene i både naturen og menneska, men nyttar også fjella som ein metafor for falla ein blir utsett for i kjærleik ... Slik noveller skal vere. Vidar Kvalshaug, Aftenposten

Han tar de unge følelsene på alvor, Mæhle. De bankende, glødende følelsene som gjerne latterliggjøres og tas lett på av voksne. Silje Bekeng, Klassekampen NOV E L L E R | P r i s c a k r 3 4 9 , IS B N : 9 7 8 8 2 5 2 1 7 8 1 5 9 I SA L

Lars Mæhle (f. 1971) kjem frå Sunndalsøra på Nordmøre. Han har skrive fleire bøker for barn og unge, og fekk sitt store gjennombrot med fantasyromanen Landet under isen i 2009. Debutromanen hans Keeperen til Tunisia er nylig blitt filma og er ein stor suksess på kino (Keeper´n til Liverpool).


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.