Bøker 2011 frå Samlaget

Page 14

BRIT BILDØEN

SOLSKINSBUSSEN

ADAM HIORTHS VEG

Eit oppgjer med tyskarane, himagardar og dårleg samvit

Ein syklande Don Quijote i sprek miljøroman 27

Den kjende miljøvernaren Jon Utskott legg ut på sin årlege sykkeltur frå aust til vest, og tek svært motvillig med seg den unge dokumentarfilmskaparen Adam Hiorth. Som vår tids Don Quijote og Sancho Panza legg dei ut i teneste for det gode, men hamnar fort i eit blodig torgslag. På ferda gjennom Noregs indre ventar mange eventyr: Dei badar i ein forheksa sjø, drikk med Døden og hans muntre følgje, og allslags folk kjem til dei med sine historier. Den unge Hiorth har mykje å lære av sin eldre turkamerat, ikkje minst på damefronten. Jon Utskott på si side har begynt å vakle: Han grunnar på kva det er han har fått utretta gjennom sin livslange kamp for miljøet. Vegen er ikkje så bein som han ein gong var.

1944. Det er krig. Løytnant Bønarflott og laget hans blir floge over Nordsjøen av RAF. Etter 17 år i Chicago svevar han mot gamlelandet i fallskjerm. For å ordne opp med både tyskarar, himagardar og dårleg samvit. Landinga blir mjuk, han borar seg ned i svartjordmyr. Blir ståande fast som levande blink langt oppe i ryfylkeheiane. Hans einaste håp er at pøsregnet gjer jordmyra så laus at ho slepp taket. Samtidig spør han seg sjølv kva som verkeleg er verdt å dø for? Konge, fedreland, ei fri verd, ære? Eller er det berre kjærleik? Solskinsbussen er ein frittståande oppfølgjar til Edmund Austigards kritikarroste debutroman, Krinsereglane. Aldri før har vi – gjennom ei inngåande skildring av Bønarflåt-familien frå Årdal i Ryfylke – fått ei slik innføring i uskrivne reglar for kva som gjeld og ikkje gjeld i eit bygdesamfunn I endring.

RO M AN A R O G NOV E L L E R

EDMUND AUSTIGARD

ROM AN | P r i s c a k r . 3 4 9 , IS BN: 97 8 8 2 5 2 1 7 9 2 5 5 U t g. se p t e mber

Edmund Austigard (f. 1964) debuterte i 2005 med romanen Krinsereglane og følgde opp med Taxi for B.A. Beckström – eller kunsten å danse på furu i 2008. Ved sida av å skrive bøker arbeider Austigard i dag som direktør for Den Norske Bokdatabasen. Austigard voks opp i Årdal i Ryfylke og bur i Oslo.

RO M A N | P r i s c a k r 3 5 9 , IS B N : 9 7 8 8 2 5 2 1 7 7 6 8 8 U t g . S e p t e mb e r

Brit Bildøen (f. 1962) er forfattar, kritikar og forlagskonsulent. Ho har i år tjueårsjubileum som forfattar. Bildøen har gitt ut barnebøker, gjendiktingar, romanar og essay. Mellom anna romanane Landfastlykke og Alt som er og essaysamlinga Litterær salong.


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.