Bøker 2011 frå Samlaget

Page 12

– Fortel om boka di. Kort fortalt handlar boka om ei and som heiter Henrik og som vil vere noko anna. Han synest han er for vanleg. Henrik tenker seg korleis det er å vera ulike andre dyr. Kva dei er gode til, men også kva som gjer at han ikkje vil vera det dyret, men eit anna. Nokre dyr han er innom: Giraff, hamster og mark. Slik held han på, til han på slutten av boka vert fornøgd. Heldigvis. – Kva vil du formidle med boka di? Det er den gode gamle «det beste er å vere seg sjølv»-moralen i ei ny innpakning. Men det eg håpar boka vil skapa, er gode og koselege lesestunder. – Korleis valde du tittelen på boka? Av og til er det enkle det beste, og det var det i dette tilfellet.

Anna Folkestad (f. 1983) er frå Stord.

– Kva musikk passar best som soundtrack til boka? Det første som slo meg, var at det må vera den musikken eg høyrde på då eg laga boka. Då høyrde eg albumet til Lenka. På det albumet er det ein song som heiter «Anything I´m not». Eg siterer: «I want to be new and different, everything I´m not». Eller som Henrik tenkjer: «Eg vil vera annleis, eg vil vera noko anna».

ÅR E T S D E BU TAN TAR

Anna Folkestad høyrte mykje på bandet Lenka og denne songen då ho skreiv boka: «I want to be new and different, everything I’m not». Slik har Henrik And det også.

23


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.