Muntergang

Page 9

Muntergang ferdig.qxd:A

08-06-10

13:28

Side 9

talte kva eg enda opp med å gjere. (Veit du at AST meiner eg stod bak Tour de France-aksjonen?) Når vi snakkar om deg, ser eg deg for meg i den stygge, oransje sofaen din. Du prøver å halde på det gode humøret ditt, ser på tv med Albert Camus-boka i fanget. Statoilaksjen har gått opp med 4,8 %, og spørsmålet er om livet er verdt å leve. Eg tippar du har vore på belæring hos AST. Kanskje sender dei deg hit, kanskje har dei allereie skaffa deg ny jobb, ny leiglegheit, nye klede og ein vekeplan du må fylle ut for å vise kor alvorleg du tar deg sjølv? I så fall ville eg passa på å få med at du har gått på do når kroppen din har bede deg om det, og tørka deg med mjukt toalettpapir etterpå for å ikkje bli sår. Eg ville nok også, uavhengig av kva AST råder deg til, spandert nokre minutt kvar morgon på å leite etter spor i entreen og stova for å forsikre meg om at ingen galne jenter har vore innom og lånt sofaen medan eg sov. Det var alt frå meg i denne omgang. Fleire av dei andre har skaffa seg uniform, nøkkelkort og kodar, så det skal gå greitt å få brevet ut. Eg trur forresten vaktene jobbar her for å få sleppe livet utanfor murane. Dei behandlar oss i alle fall svært godt, skaffar dataspel, filmar og andre ingrediensar til dei innhaldsrike, men meiningslause liva våre. Helsing og alt slikt, Forkjøla Steintoast


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.