Muntergang

Page 7

Muntergang ferdig.qxd:A

08-06-10

13:28

Side 7

trendane, kommuniserer vi til kvarandre at eit sunt og friskt alvor er på plass. Å eksperimentere med denne kommunikasjonen er i beste fall umodent. Leik er noko barn driv med; dei hermar dei vaksne sin oppførsel som ei førebuing til vaksenlivet. Hadde du vore ein ivrig ordbokbrukar, ville du vite at definisjonen på nysgjerrigheit er «gleda barn kjenner når dei gjennom leik lærer seg vaksen oppførsel». Dessverre kan det gode humøret du har møtt den sosiale misera med, tyde på at du har kjent ein negativ variant av ei slik undersøkingsglede ved å gå under. Vi fryktar difor for at du meiner alvoret eller sjølve livet er latterleg. Då Alvorets sikkerheitsteneste starta arbeidet med fengselsinstitusjonen vi i dag kjenner som Spøk, var det nettopp for å utrydde eit slikt ironisk dødsmedvit; ideen om at drivkrefter som skam, skuld og prestisje er meiningslause og latterlege i lys av døden. Vi har funne måtar å rehabilitere dei fleste uønskte sinnstilstandar på, men dette morbide perspektivet på tilværet har vi ikkje klart å kvitte oss med. Til no har vi ikkje funne andre løysingar enn å luke ut dei det gjeld og nekte dei tilgang til samfunnet. Klarer ikkje tiltalte å legitimere den tilsynelatande mangelen på alvor i forklaringa si, blir dette einaste utveg også i denne saka.

7


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.