8 minute read

HARALD NORTUN BLÅ FLAGGERMUS

Sommarferien har akkurat starta. Sander og vennen Tomas har bisnissplanar. Men ein spøk med ketsjupblod fører til full utrykking. Ein rik mann kjem stadig oftare på besøk til Sander si mor. Og Sander finn ut ting som han kanskje ikkje ville vite. Med «Blå flaggermus» skildrar Harald Nortun korleis det kjennest å føle seg utanfor. Men også korleis det kjennest å endeleg bli sett. Blant anna når Sander møter Line, som teiknar med blå tusjar på kroppen hans.

9788234000317 | 329,-

Tvillingane Amund og Amanda skal på ferie til besteforeldra på Sørlandet. På toget finn dei ut at dei vil bytte namn og klede. Amund skal bli Amanda, og Amanda skal bli Amund. Guten skal bli jente, og jenta skal bli gut. Dei skal late som dei er kvarandre, eit eksperiment som berre skal vare ein kveld. Men så får dei uventa besøk som ikkje gjennomskodar spøken, og då blir det vanskeleg å byte tilbake …

9788252187298 | 329,-

Christian Wiik Gjerde Jakta P

Firkl Veren

Sjarmerande og ellevilt! Det er sommarferie og skulefri. Alvar og Jens badar med Gulla, leitar etter firkløver, har klubbmøte i trehytta – ja, dei gjer alt det kjekke ein kan gjere på ei øy uti havgapet. Og snart skal ein gut flytte inn i Kråkeslottet. No skal dei bli tre –det må jo bli trippelt så kjekt! Men når den nye guten kjem, forstår Alvar at sommaren blir ganske annleis enn han har sett for seg. Det blir sjalusi, krangel og forviklingar. Alvar må finne den vesle helten i seg, og det litt kjapt.

9788252188677 | 329,-

BESTEM DEG, TONY T, BESTEM DEG!

Tony er på sommarferie hos bestefaren sin saman med kusina si, Silja. Alt skal vere som vanleg, men ingenting er det. Eit asylbarn er meldt sakna, og alle trur barnet er drukna. Men kva er det som går føre seg på loftet til bestefar? Og kven held kva skjult? Tony opplever for første gong sjølv å måtte finne ut kva som er rett og gale, og han må bokstavleg tala stupe uti.

9788252192629 | 329,-

Rune Belsvik Fugleguten

Sårt, men håpefullt om å finne sin plass i verda. Lukas trur at mamma er mest glad i veslesyster Alma. Og når Lukas ikkje oppfører seg, må stakkars pappa kjefte på Lukas. Den fæle Lukas. Det er alltid noko med Lukas. Heller ikkje bestevennen Nico er alltid så grei. Men ein dag møter Lukas ein gut med eit heilt spesielt kjæledyr. Ei svart kråke. Kva er det med denne guten? Og kva skjer om Lukas òg får seg ein fugl? Vil alt bli annleis då? Illustrert av Sigbjørn Lilleeng.

9788252198966 | 329,-

Tom saknar bestevenen Martin, som ligg halvdaud på sjukehuset. Saman skulle dei vunne den superviktige fotballkampen mot den motbydelege erkefienden Preben og laget hans. Men utan Martin vil dei heilt sikkert tape. Når familien Gnork flyttar frå jungelen til Tom sin kjedelege småby, blir håpet tent. For om Tom gjer familien Gnork ei teneste, skal dei lage ein heidundrande naturmedisin som vil gjere Martin frisk og speleklar til kampen.

9788234007774 | 329,-

ANNA R. FOLKESTAD FISKEBOLLEBOKS-RAKETTEN

Nils og faren er snart ferdige med det gigantiske byggeprosjektet sitt: å lage ein rakett av fiskebolleboksar. Ja, ein fiskebolleboks-rakett! No er det kun få dagar att til den siste knappen kjem i posten, sjølvaste oppskytningsknappen. Då kan faren endeleg få reise rundt månen og oppfylle den store familiedraumen. Og det blir vel veldig bra? spør Nils med eit bleikt smil rundt munnen. Ja, kjempebra, smiler faren attende. Men er ikkje stemma hans litt skjelven?

9788234005084 | 329,-

Det er sommar hos morfar på øya. Venge drøymer om å bli sjømann og segle til fjerne hamner og kanskje redde ein eller annan skipbroten. Heime i byen er mamma lei seg. Pappa har flytta ut for godt, og no skal han og den nye sambuaren få ein baby. Det liker ikkje Venge å tenke på. Men på øya kjennest alt det andre langt borte. Dagane dirrar av varme, og på stranda dukkar det plutseleg opp ei jente med svart hatt. Rut heiter ho. Nærverande og med mykje varme fortel Oskar Kroon om korleis Venge forlèt barndomen og lærer seg å stå stødig i stormen.

9788234004995 | 329,-

Ingunn R Yset Dei Et Ikkje Sjokoladep Legg I Kri Gen

Dagny gruer seg til den første skuledagen på ny skule. Det blir verre enn venta. Ho vaknar opp til håplause klede, fæl skulemat, uleselege bokstavar på tavla, rampete gutar og jenter som mobbar. Å ønske seg tilbake til krigen var kanskje ikkje så lurt likevel, tenker Dagny, når tyske soldatar marsjerer utanfor skuleporten og bombene smell over hovudet.

9788252190434 | 199,-

Ingun R Yset Aldri Fred F

Dagny har blitt storesøster. I tillegg har ho krigen å kave med. Vår tids Dagny er tilbake i 2. verdskrigen og møter igjen Belinda og Kalla. Det er fint, hadde det ikkje vore for at Kalla har planar om å gjere slutt på krigen heilt på eiga hand. Det er mykje spennande ein kan finne i fjøra, men Dagny treng hjelp både frå notid og fortid skal ho finne skattekista hans Ammen. Og når som helst kan det smelle.

9788252187397 | 329,-

GOD DAG,

HERR JUL

Malin og veslesøstera Molla har flytta inn i eit gammalt trekkfullt hus, i ein by dei så vidt kjenner og utan pappa. Alt er annleis, men jula kjem vel uansett. Eller gjer ho det?

Ifølgje Onkel Thor kjem det heilt an på engelen Gabriel og ei rekkje andre ting om det i det heile blir jul.

9788252186826 | 329,-

Linda Klakken

DUMME, DUMME HJARTE

Kjærleiken er noko drit, synest Klara. At faren Frode ikkje har nokon ny kjærast, er eit problem. For å gjere noko med dette skriv Klara eit falskt kjærleiksbrev som ho legg i postkassene til dei einslege damene i nabolaget – og kjem opp i ei rekkje uventa og pinlege situasjonar. Men kven er ho sjølv forelska i? Det får ho først svaret på då det byrjar ei ny jente i klassen. Linda Klakkens første bok for barn er ei historie om den første, store forelskinga. Om klassefestar, kysseleikar og uuthaldeleg hjarteverk.

9788252192582 | 329,-

Atle Hansen Apetryne

Du treng ikkje herma etter apene, Arne! seier Simon. Ivar byrjar å le høgt. Han hoppar rundt bålet som ei ape, medan han peikar på meg.– Du er eit apetryne, Arne, eit ekkelt apetryne. Me kan ikkje vera saman med slike som deg! Me vil ikkje ha deg her lenger!

Med Apetryne har Atle Hansen skrive ei sterk bok om det å vere utanfor, vere venner og vere forelska, og om å bli sett av den du ønskjer skal sjå deg.

9788252194449 | 199,-

Korleis er det å ha ei ninjamamma? Kva gjer agent bønne og agent mais når dei finn ut at Jojo ikkje liker taco? Og kvifor er det kult å vere katt? Med Jojo har Neverdahl skapt eit originalt, fargerikt og moderne univers - perfekt for teikneseriesvoltne barn og unge.

9788252195118 | 199,-

MARK

Twain Huck Finn Og

Eventyra Hans

Huck Finn flyktar frå ei streng tante og den fordrukne far sin. Saman med slaven Jim legg han ut på ei reise oppover Mississippi-elva, mot nordstatane, der Jim kan få oppfylt draumen om å bli eit fritt menneske. Men i staden hamnar dei midt i slaveriets rike. Boka er eit levande vitnesbyrd om slaveriet i Amerika før borgerkrigen og ein verdsklassikar for både barn og vaksne.

9788252179958 | 329,-

Heidi

Den udødelege historia om Heidi, den kvikke småjenta som skal bu hos bestefar sin i dei sveitsiske Alpane. Det blir eit nytt liv både for Heidi og den gamle einstøingen.

9788252178906 | 329,-

Hemmelege Venninne

Anna bur i fosterheim, og er ei utilpass jente utan venner, alltid på utsida. Ein sommar blir ho send på bygda for å bu hos gamle Mr.og Mrs. Pegg. Der er det eit hus, Marsh House, som ho føler at ho kjenner – og like etterpå møter ho ei merkeleg jente kalla Marnie, som blir Annas første venn nokosinne. Ein vakker roman om det å kjenne seg annleis og å endeleg skjøne kven ein er.

9788252192216 | 199,-

Eg Er

Eg Er Eg Er

Gjennom 39 dikt skildrar Eg er eg er eg er korleis det er å vere ung og levande. Dikta og kjenslene svingar frå vår til sommar til haust og vinter, og lesaren får vere med på den berg og dalbanen livet kan vere når ein er ung. Bragepris-vinnar Ruth Lillegraven, viser med Eg er eg er eg er at ho verkeleg er ein forfattar som også unge lesarar vil få stor glede av.

9788252190137 | 329,-

Skogen Den Gr Ne

Kva skjer når eit barn følgjer ein kviskrande sti inn i skogen den grøne? Korleis kan ei bjørk likne ei jente som prøver å riste vatn ut av håret? Og kva med skodda som kjem som huldrepust? Og elgen som flyt i det botnlause tjernet, søkk han heilt ned til Kina? Som i den Bragepris-nominerte diktsamlinga Eg er eg er eg er skriv Ruth Lillegraven med finkjensle for dei små detaljane. I Skogen den grøne følgjer vi eit barns undrande blikk på det som lever og hender i naturen rundt oss.

97882521968709 | 329,-

Badesommar

Vinteren er lang og mørk. Ute i verda er det mykje uro. Og mormor er alvorleg sjuk. Eg-personen i desse dikta er den einaste i klassen som ikkje kan symje. Samstundes kjem det ein liten bror til verda. Så avslører mormor ei hemmelegheit frå då ho var ung - og får ein god idé. Saman byrjar dei å vente på sommaren. «Badesommar» er dikt om å vere ung og å vere gamal, om alt som stadig endrar seg, og om å symje i alt slags vatn.

9788234010538 | 329,-

Nominert

METTE EIKER NEERLIN HEST, HEST, TIGER, TIGER

Honey er van med å klare det meste: Lage mat.

Handle inn. Ta seg av søster si. Og på skulen prøver ho å vere venn med alle. Men ho har eit problem: Ho lyg. Det er nesten så ho ikkje kan kontrollere det. Og slik kjem ho ein dag til å ta ein buss ho slett ikkje skulle med – ein busstur som snur opp ned på kvardagen hennar. Omsett av Brit Bildøen.

9788252192544 | 329,-

INGUNN THON

Ollis

Heime hos Ollis og mamma er ting snudd på hovudet. Det har flytta inn ein knøttliten, søt veslebror, men også mamma sin irriterande ryddefreak-kjærast. Heldigvis er nabohuset den perfekte fristaden, for der bur Gro. Ollis og Gro er bestevenner og kjenner kvarandre ut og inn. Eller, gjer dei det?

9788252192520 | 329,-

INGUNN THON

Full Bajas

9788252196832 (POCKET 199,-)

Orion Sigerstad er perfekt. Så perfekt at han ikkje har brukt viskelêr i heile sitt liv, for han skriv aldri feil. Han anar ikkje kor rektors kontor er, for han har aldri oppført seg i nærleiken av dårleg. Og han spelar fløyte så perfekt at han kjem til å bli tidenes yngste elev ved Makelaus musikkonservatorium. Han må berre få vist det på den store konserten i morgon! Men på konsertdagen vaknar Orion og er blitt heilt bajas. Når han skal seie pent god morgon til foreldra, brølar han i staden. Han skriv TISS som svar på matteoppgåva. Han kastar ball i ansiktet på gymlæraren. Og han spelar ikkje ein einaste riktig tone på fløyta.

9788234010309 | 349,-

ÅSHILD MOLDSKRED BERRE HOPP!

Ingeborg er van med å ha Pernille der heile tida. Ei kul og sterk bestevenninne som veit kva ho skal seie viss nokon prøver å erte Ingeborg for høyreapparata. Men no er dei blitt uvenner, og Ingeborg blir stadig mint på at ho er annleis. Ein dag då alt er ekstra kudrit, gir storebror til Ingeborg henne ei utfordring: For at ho skal slutte å bry seg om kva andre seier om henne, skal ho gjere fire ting som ho aldri har tort før. Men korleis skal ho tore å gjere noko som er så skummelt at ho knapt vågar tenke på det? Og korleis kan du eigentleg vite om du er blitt eit tøffare menneske?

9788234003783 | 329,-

Shild Moldskred Trollmoll

Birk og mora flyttar frå byen til morfaren som bur på ei forblåst vestlandsøy. Birk saknar kompisane sine og gruer seg til eit kjedeleg liv på landet. Men snart begynner mystiske ting å skje: Soverommet til Birk luktar plutseleg rotna kjøt, lyden av ei sur fele høyrest frå hagen, og om natta er det som om nokon ser på han … Nabojenta Ada fortel om ei eldgammal legende om eit spøkelse som drep barn, eit Trollmoll. Kan det likevel vere eit slikt som heimsøker huset til bestefaren? Birk må etter kvart innsjå at spøkelse som drep ved å synge, og mørk trolldom ikkje berre er skumle historier. Og kva er det med Nila, jenta i klassen med den mørke stemma som er vakker som ei hulder og luktar av skog?

9788234008221 | 329,-