2 minute read

9 – 12 ÅR

Happy

Juri nærmar seg 12 år og kjenner seg usikker på absolutt alt. Han prøver å finne ut av seg sjølv, kjærleiken, fotballen, og kor langt tunga skal inn i eit kyss før ein ikkje får puste. For Sofi er så fin at Juri mistar pusten. Men Juri vil sjølvsagt ikkje døy. Han skulle ynskje at alt var som før. At pappa ikkje måtte flytte. At bestevenninna Evy ikkje blei så rar. Kvifor har han så mange kjensler? No snurrar jordkloden så altfor fort. Om han berre kunne stått litt meir i ro.

Boka er gjennomillustrert av Kari Stai.

9788234002595 | 329,-

Geir Egil Eiksund Kampen

Det har nettopp blitt sommarferie, og Andreas gler seg til å spele fotball med Sara og dei andre frå klassa kvar einaste dag. Men denne sommaren flyttar det ein ny gut til bygda, ein gut med United-kaps og eit veldig fint smil. Viljar heiter han, og Andreas sitt hjarte slår raskare når dei er saman. Samstundes driv Sara og sender hjartemeldingar heile tida, og Andreas veit ikkje kva han skal svare tilbake. Kampen handlar om vennskap, kjærleik og sjalusi. Aller mest er det historia om Andreas, 11 år, som gjennom nokre vanskelege sommardagar er nøydd til å bli kjend med seg sjølv på nytt.

9788234003875 |329,-

Elias gler seg til at storebroren Mats skal kome heim på permisjon frå sjukehuset. Men det blir ikkje heilt som Elias har tenkt seg. Mats er tynn og slapp og orkar ikkje å gjere noko av det Elias har planlagt. Kva om storebroren ikkje blir frisk igjen? Samstundes oppdagar Elias ein rar pipelyd frå dei gamle radioane på rommet sitt. Kan det ha ein samanheng med det underleg raude lyset frå vindauget til nabo Edvardsen? Saman med vennene Mina, Mu og Olivia prøver han å finne ut av mysteriet.

Gerhard Van Gemert Kampen Om Pokalen

Bli kjend med to unge fotballgudar: Stein og Storm, som speler i FK Rapitas. I denne boka blir dei vikla inn i ein kvass strid med det største rivallaget sitt: Stutane. Det blir kamp om meisterskapen – men også om mykje meir! Då eit par gutar frå

Stutane stel ballen til Storm, gjer Rapitas-spelarane ei overraskande oppdaging. Frå nederlandsk ved

Anne Lande Peters.

9788252186888 | 329,-

FK Rapitas er med som einaste amatørklubb i kampen om ein nasjonal tittel. I tillegg har sponsoren deira gitt dei ei reise til London som lønn for godt spel. Dei skal få sjå semifinalekampen i Champions League, mellom Petchwood United og Kick ’69. Men det som skulle vere ei avslappa og hyggeleg reise, forandrar seg til eit mareritt.

Frå nederlandsk ved

Anne Lande Peters.

9788252186901 | 329,-

Denne gongen står det endå meir på spel! Stein og Storm har sjansen til å komme med på juniorlandslaget som skal delta i den europeiske fotballmeisterskapen i Barcelona! Samstundes skal Kick ’69 spele Champions League-finale i same byen. For å bli valde må gutane vise kva dei kan på banen. Er dei gode nok?

Frå nederlandsk ved

Anne Lande Peters.

9788252186918 | 329,-

Clara trur ho er ei heilt vanleg jente som lever eit vanleg liv. Men då ho blir klort i fjeset av ein svart kjempekatt, er ingenting lenger som det var. I all hast pakkar mor bilen og reiser til eit hus langt ut i skogen der tante Isa bur. Tanta meiner at Clara er ei villheks som henne, men Clara veit ingenting om trolldom. Med kvart mislukka tryllekunstforsøk føler ho seg tryggare på at ho berre er ei vanleg jente. Men ei natt, når Clara er åleine i huset, vert ho sett på hekseprøve. Etter kvart er det ingen veg tilbake, og der som villheksa Shanaia seier til Clara i Viridians blod: «DU MÅ! Det er ingen andre som kan. Eller vil.» Bøkene er omsett av Øystein Rosse.

9788252192094 | 329,-

Lene Kaaberbøl har hatt enorm internasjonal suksess med serien om Villheksa Clara, Skammarserien og Historia om Katriona Trivallia.