Årets bøker

Page 98

C H E RU B - S E R I E N

Robert Muchamore ENDELEG ER DEN POPULÆRE SERIEN OM CHERUBAGENTANE UTE PÅ NORSK! Velkommen til CHERUB – den hardaste treningsleiren i verda for spionar under 18 år! Denne hemmelege organisasjonen, som rekrutterer og trener opp foreldrelause barn, utnyttar at ingen vaksne vil mistenkje barn for å vere spionar. CHERUB-ane blir sendte ut på oppdrag og lever tilsynelatande normale liv, samtidig som dei infiltrerer farlege miljø, spionerer og innhentar informasjon som sender kriminelle og terroristar i fengsel. Mellom oppdraga lever CHERUB-ane på campus med den einaste familien dei har – lærarane og medelevane sine. Robert Muchamore (f. 1972) er engelsk forfattar. Han arbeidde i tretten år som privatdetektiv. I haust kjem dei to første av dei tolv bøkene i CHERUB-serien ut på Samlaget. «Punchy, exciting, glamorous and, what’s more, you’ll completely wish it was true.» Sunday Express www.cherubcampus.com


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.