Årets bøker

Page 7

derskogen av unge, gode stemmer som skriv skjønnlitteratur på nynorsk, er meir vital enn på lenge, og vi spår at dei unge forfattarane på årets liste om nokre år vil vere blant dei sentrale i norsk litteratur. Berre merk deg namn som t.d. Aina Basso, Jan Roar Leikvoll, Ragnhild Kolden og Arnfinn Kolerud. Samlagets barne- og ungdomsbøker har tradisjon for å hauste mange prisar og gode omtalar, også i år har vi ei sterk barne- og ungdomsliste. Drakeguten av Asbjørn Rydland er ei drivande god fantasiforteljing om den vesle stallguten Koll, som har uante store krefter i seg, og både Hilde K. Kvalvaag og Marit Kaldhol kjem med sterke ungdomsromanar. Maria Parrs bestseljar frå i fjor, Tonje Glimmerdal, er komen på lydbok, og det er forfattaren sjølv som les. Av omsett skjønnlitteratur er vi stolte av å kunne gi ut den danske, prislønte Pia Juul med Mordet på Halland og Finlands svar på Henning Mankell, krimforfattaren Matti Rönkä, med Med mord i blikket. Som Ivar Aasen sa det i 1882: ”Det verd myket prentat, som ein ikkje hadde ventat.” Lat deg overraske og rive med. God bokhaust!

Tove Lie forlagsdirektør

7


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.