Årets bøker

Page 24

Ingvild Holvik f. 1976) er frå Bergen og bur i Tromsø. Dette er debutboka hennar.

Lykkefeltet Lykkefeltet er ein skarp og tørrvittig roman om einsemd og svartsyn, vennskap og lykke og om ambivalensen i nære relasjonar. Korleis kan ein vere god mot sine næraste, når dei ikkje vil ta i mot? Kva tid tenkte du første gong at du ønskte å bli forfattar? – Eg hugsar at eg formulerte det i ein skolestil då eg var rundt ti år. Men så ignorerte eg tanken til eg som 28-åring sat på eit kurs i saksbehandling for akademikarar, i regi av det som då heitte Aetat. Fortel om boka di. – Det handlar om å fylle tjue, lausrive seg frå familien og skape seg eit eige liv, og korleis denne overgangen kan utvikle seg til ei aldri så lita krise.

Kva bok skulle du ønskt du hadde skrive? – Erindringens bok. Men då måtte eg vel ha levd som Péter Nádas


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.