Årets bøker

Page 20

Atle Berge (f. 1986) er frå Hjelmtveit i Nordhordland. Dette er debutboka hans.

Muntergang Muntergang er forteljinga om to menneske med svært ulike innfallsvinklar til det meste. Og gapet mellom den knappe, usentimentale stilen og påkjenningane dei to hovudpersonane må gjennom, tilfører Muntergang ein karakteristisk, svart humor. Korleis valde du tittelen på boka ? – Målet var å finne eit uttrykk som fekk fram det gode humøret til forteljaren, at det er snakk om ei undergangshistorie, og at det handlar om å drive omkring utan for mykje mål og meining. Eg bladde mykje i ordlista, men fann ikkje noko som dekte alt dette. Løysinga vart å kjøpe inn nokre Hansa-øl og samle familien Berge til idémyldring. Via forslag som Der Untergang og Muntermann enda vi til slutt opp med nyordet Muntergang, som altså fekk jobben. Fortel om boka di. – Muntergang handlar om Pål Stordalen, som får det stabile middelklasselivet sitt sabotert av narkomane Katrine Vikersund. Romanen opnar med at han er arrestert, mistenkt for å meine livet er latterleg.


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.