Årets bøker

Page 18

Aina Basso (f. 1979) er historikar og kjem frå Giske. Ho debuterte i 2008 med den historiske romanen Ingen må vite.

Fange 59. Taterpige Fange 59. Taterpige er eit sterkt portrett av ei ung jente som får livet snudd på hovudet. Dette er ein roman om lengt, vennskap, pågangsmot og kjærleik. Fortel om boka di. – Fange 59. Taterpige handlar om Maria, som kjem vekk frå familien sin og blir sett inn i tukthuset i Trondheim i 1749 for lausgjengeri. Ho har aldri tidlegare vore åleine og kjenner seg framand mellom dei andre fangane, som kanskje ikkje har eit positivt syn på slike som henne. Kva bok har betydd mest for deg? – Om eg må velje, må eg nesten seie diktsyklusen Alfabet av den danske forfattaren Inger Christensen, som er den boka som har rørt meg sterkast og gjort mest med mine eigne tankar om kva litteratur kan vere. Alfabet er ei bok som kan lesast igjen og igjen, og som opnar seg meir og meir ved kvar nye lesing. Boka rommar uendeleg mykje og bruker språket på ein måte eg aldri har sett maken til.


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.