Aktiv fritid i Norge

Page 1

SOL FURE I NORGE

INNHOLD

Via Ferrata

Klatrepark

Zipline

Vindtunnel

Ribsafari

Efoil

SUP

Aktive barn

Allemannsretten

Samle på toppar

Snu verda opp ned

Kajakkpadling

Kom deg ut

Stisykling

Overnatting

Hengekøye

Festival

Surfing

Berrføtt

Fyrtårn

Lama

Hest

Gardsbesøk

Aktivitet

Ut å leike

Fiske og fangst

Snorkling

Bli DNT-medlem

Nasjonalpark

Rundtur i Breheimen

Fri Camping

Aking

Skøyting

Pulktur

Hund

Randonee

3-lags prinsippet

Trugetur

Tur på isbre

Isbading

Alpin klatring

Klatre bladet

3

AKTIVITET OG FRITID

FORORD

Å vere aktiv kan vere så mangt, og er definert som noko som gjev deg høgare puls og aktiverer musklane dine. FHI anbefaler at vaksne er aktive minst 3,5 timar i veka, for barn gjeld det dobbelte. Det er nok av tidstjuvar i løpet av dagen, og kanskje den største av dei er skrolling på mobilen, difor er det å vere aktiv eit val og noko som må prioriterast. Mitt tips er: planlegg aktivitet i kvardagen, kvar dag! La dette vere eigentida di, og ei investering i helse. Det er nemleg bevist at aktivitet gjev stor helsegevinst: betre humør, betre søvn, auka blodsirkulasjon, sterkare hjarte og større musklar. Viss ein er aktiv saman med andre, blir det også sosialt. For meg handlar aktivitet om livskvalitet, eg kjenner meg rett og slett levande når eg får bruke musklar og sansar slik det er meininga at dei skal brukast: ute i naturen. Eg håpar at denne boka vil gje deg inspirasjon og tips til korleis du kan vere aktiv, både i kvardag, helgar og feriar, året rundt. Og sist, men ikkje minst: at du har det kjekt med det du gjer!

KVEN ER SOL?

Eg er ei rastlaus og eventyrlysten sjel som elskar å utforske, utvikle, skape og finne potensialet i alt eg driv med. Aktivitet og eventyr har prega livet mitt sidan før eg kunne gå, faktisk frå den dagen ei kvinne i nabolaget fann meg krabbande berre i bleia i god driv vekk frå huset vårt i Måløy, og mot den store elva hundre meter ned i gata. Det var kanskje då eg fekk smaken på fridomskjensla det “å vere på tur” gav. Foreldra mine hadde ein strevsam jobb med å forhindre at eg stakk av, for alt eg ville var å vere ute. Gjennom åra har eg dratt med meg vener og familie på alt frå breturar til isbading, klatring, skikøyring, padling og til rundturar i fjellet. Eg liker å vere ute i allslags vêr og kjenne på impulsane eg får. Fotoapparat og skrivebok er alltid med i sekken, og av det eg opplever når eg er

ute, skriv eg tekstar som kan vere refleksjonar, kjensler, stemningar, historier eller poesi som gjerne blir posta på Instagram saman med bileta mine. Di eldre eg blir, di meir kjenner eg på kor viktig det er å halde seg glad og ta vare på seg sjølv gjennom aktivitet. Dette var ein av grunnane til at eg i 2020 sa opp jobben min som seljar, og gjekk frilans som fotograf, historieforteljar og “outfluencer”. Eg vil bruke dagane mine på det som gjev meg mest glede her i livet, nemleg å skape, skrive, fotografere og vere på eventyr! Vil du bli betre kjent med meg, og kanskje delta på eitt av arrangementa mine, følg meg gjerne på sosiale media @solfure, og sjekk ut nettsida mi solfure.no.

5

LUFTIG MORRO!

Det var med både frykt og spenning brusande i blodårene eg melde meg på min fyrste guida tur i ei Via Ferrata-løype. Eg hadde sett bilde av personar som smilande strekte hendene i vêret, berre sikra i ein sele i den bratte fjellveggen. Dette hadde eg også lyst til, men ville høgdeskrekken tole det? Det var berre éin måte å finne det ut på: To face the fear, og bestille ein guida tur i Via Ferrata Loen. Det som møtte meg var adrenalin og spenning, rå natur og luftig utsikt, og eg fekk mitt livs største meistringskjensle då eg gjekk over den lengste Via Ferrata-hengebrua i Europa. For å seie det mildt: eg fekk blod på tann, dette ville eg gjere meir av!

Via Ferrata Loen byr på spektakulær utsikt over Loen, Olden og dalane imellom. I dette anlegget finn du fleire løyper med ulik vanskegrad. Turen startar med ein times gange opp ei bratt li og gjennom skog, før du tek på deg utstyr og byrjar å klatre. Det er fleire fine pauseplassar undervegs kor ein kan nyte utsikta. På 730 meters høgde finn du Gjølmunnebrua, som er ei skikkeleg styrkeprøve. Her får du gå over Europas lengste Via Ferrata-hengebru! På toppen av fjellet Hoven finn du både restaurant, zipline og ei av Europas flottaste gondolbaner som fraktar deg trygt ned att. Hoven er også ein populær stad for luftsport, og på enkelte dagar ser du fleire titals fallskjermar flygande rundt på himmelen over deg.

På toppen kan du køyre zipline mot ekstra betaling og fly høgt over juvet. Her er du garantert eit skikkeleg magesug! 730 meter over havet heng Gjølmunnebrua, Europas lengste Via Ferrata-bru! Tør du som meg å henge opp ned her?

Video av heile turen kan du sjå her:

9
SJEKK DESSE FILMANE FRÅ TUREN:
10

VIA FERRATA HORNELEN

Hos Via Ferrata Hornelen må du booke tur på førehand, då dei ikkje tek imot drop-in. Kommunen har også vedteke påbod om å gå med guide i denne løypa, pga. tryggleik. Guiden har med tau for ekstra sikring og hjelp på dei brattaste partia. Du kan gå to ruter her, Hekseveggen og Olavsruta, der den siste tek deg 860 meter over havet på Europas høgaste sjøklippe. Etter å ha nådd toppen må du gå 7 km ned att til fots, ein retur som tek minst 2 timar. Hornelen er eit segnomsust fjell, og det blir sagt at heksene dansa rundt bålet her oppe før dei flaug til Blokksberg! Olav Tryggvason skal også ha vore den første til å ha klatra bratthenget opp til toppen!

TUREN OPP:

På parkeringsplassen på Hunskår blir du møtt av guiden som skal følge deg. Her får du utdelt utstyret du treng og ein kort brief om turen. Før du får klatre Olavsruta heilt til topps, må du først ha klatra Hekseveggen. Hekseveggen er ein halvdagstur og tek 3–5 timar, medan Olavsruta er ein heildagstur og tek 6–9 timar. Begge rutene startar med ein times gange på sti, før utstyret skal takast på, og då blir det straks luftig! Sjølve klatringa er ikkje særleg vanskeleg, det er tett mellom boltane som er gode å stå på og halde seg i, men eksponeringa til sjøen nokre hundre meter under deg kan få sjølv

den tøffaste til å skjelve i beina. Høgdepunktet på Hekseveggen er pausebenken som verkar å henge i lause lufta på den vertikale fjellveggen, her er du garantert å få bilda som vil gå viralt i sosiale media! Turen til Hekseveggen endar hundre meter lenger oppe, der du kjem til ein vakker gapahuk. Og det er her, ved gapahuken, at jernstien til Olavruta byrjar. Returen frå Hekseveggen går same veg som du kjem opp viss du skal gå Olavsruta: via trapper og sti til parkeringsplassen.

Olavsruta tek klatringa opp nokre nivå og byr på enda meir eksponert utsikt til fjell, hav og sjø. Fleire plassar møter du overheng i veggen, noko som krev at du er sterk i armane. Guiden vil feste tau i deg på desse partia, for ekstra hjelp og sikring. Noko av det kulaste på denne turen var å klatre overhenget i diederet, som er eit innvendig hjørne, og komme opp på den vesle benken kor eg kunne dingle med beina 750 meter over havet!

Returen frå toppen av Hornelen går ned turstien som kjem opp på baksida, og er 7 km lang. Du må rekne med at det tek minst 2 timar å gå attende frå toppen.

VIDEOAR FRÅ HORNELEN:

11

HISTORIE:

Under første verdskrig kjempa Austerrikske og italienske soldatar i dei bratte fjella i Dolomittane. Behovet for å ta seg fram på ein trygg måte i det ugjestmilde terrenget førte til utviklinga av Via Ferrata, som betyr “jernveg” på italiensk. Soldatane installerte stigar, kablar og metallfeste langs dei mest krevjande klippene, og desse blei seinare tilpassa og utvida for å bli brukt av fjellklatrarar og eventyrlystne turgåarar etter krigen.

I dag finn vi Via Ferrata-ruter i fjellområde i heile verda, og Via Ferrata-klatring har blitt ein spennande aktivitet for dei som vil oppleve fjellklatring på ein tryggare måte enn den alpine klatringa.

UTSTYR:

• Klatresele.

• Via Ferrata-slynge med 2 karabinar.

• Hjelm: For å beskytte mot steinsprang. Hanskar: Gummierte arbeidshanskar for å ikkje bli sår i hendene når du held deg fast i jernstigar og kablar.

• Klede og sko: Etter forhold, men ei lett dunjakke, ekstra ulltrøye og vindklede er alltid godt å ha i sekken.

• Sekk: Liten dagstursekk med hoftefeste er å anbefale.

• Mat og drikke: Flasker skal ligge i sekk med glidelås. Lurt å bruke camelback i staden for flaske.

ELLES:

• Aldersgrense: 10–12 år og minimum 40 kilo avhengig av kor du klatrar.

• Pris: Enkelte Via Ferrata-ruter krev nokre hundrelappar i vedlikehaldsavgift for bruk av anlegget. Leige av utstyr ligg på ca. 400 kr. Guida tur kostar ca. 1500 kr inkl. leige av utstyr og vedlikehaldsavgift. Parkeringsavgift kan komme i tillegg.

Dei fleste plassar kan du klatre utan guide om du har klatra før, og kjenner til utstyret. Om du skal gå for første gong, er det fint å gå med guide for å få grundig opplæring i bruk av utstyr, reglar for klatring og ikkje minst tryggleik. Guida turar kan bestillast på nettsida til aktørane, og inkluderer ofte leige av utstyr. Om du går på eiga hand utan guide, ver merksam på når dei guida turane startar, og gå enten før eller nokre timar etterpå for å unngå at du må stå i kø. Du kan leige utstyr hos aktørane, eller låne hos DNT der du bur. Sjekk www.bua.no

12

Her er ei liste på flotte

Via Ferrata-anlegg: Kor mange av desse har du besøkt?

Via Ferrata Loen

Via Ferrata Hornelen, Bremanger

Via Ferrata Synshorn

Via Ferrata Straumsfjellet

Via Ferrata og zipline Mosjøen

Via Ferrata Romsdalsstigen, Åndalsnes

Via Ferrata Tyssedal (Trolltunga)

Via Ferrata Hemsedal

Via Ferrata Brokke

Via Ferrata Kyrkjeveggen, Åkrafjorden

Via Ferrata Munkstigen

Via Ferrata Haldenkanalen

Via Ferrata Telemark

Via Ferrata Knaben

Via Ferrata Migaren, Jøssingfjord

Via Ferrata Tjøme

Via Ferrata Åfjord

Via Ferrata Ålesund

Via Ferrata Gloppedalsura

Via Ferrata Trofjell, Åmli

Via Ferrata Månafossen

Via Ferrata Fosen

Via Ferrata Ravnfloget, Vega

Via Ferrata Folven Kor kan du klatre?

13

VINDTUNNEL

TA LIVET TIL NYE HØGDER!

Midt i Voss ligg ei adrenalinfylt oppleving som vil få hjartet ditt til å sveve – bokstaveleg tala! Voss Vind er ein innandørs vindtunnel som gjer draumen din om å fly levande! Her får du kjenne på suget i magen av fritt fall, og lære korleis ørsmå justeringar har stor påverknad på korleis du svevar i lufta.

Mange trur at å fly i ein vindtunnel er ekstremsport, men det er langt frå sanninga. I denne tunnelen er eldste mann som floge 102 år, og nedre aldersgrense er 5 år. Aktiviteten passar også for menneske med ulike handikap.

Kvar flyging varer i 1,5 minutt og du har instruktør med deg heile tida som justerer og hjelper deg til å få ei kjekk oppleving. 1,5 minutt kan kanskje virke kort, men tida motsvarar faktisk fritt fall frå 2 fallskjermhopp frå 12 000 fot!

PRIS:

Ca 900 kr for 2x1,5 min. Opplæring, lån av utstyr og instruktør er inkludert.

KOR KAN DU OPPLEVE DETTE?

Voss Vind på Voss

www.vossvind.no/

Modern Activity Center på Gardermoen

www.modernactivitycenter.no

HJELP, VI FLYG!

Venninnegjengen min og eg tok turen innom Voss Vind for å prøve den topp moderne vindtunnelen. Ingen av oss hadde verken hoppa fallskjerm eller floge i tunnel før, så vi var rimeleg spente!

Instruktøren møtte oss og gjekk gjennom opplegget, slik at vi var heilt sikre på korleis alt fungerte. Hårstrikk, øyredobbar, ringar, smykke og alt anna som kan lausne, måtte vi ta av oss. Vi fekk utdelt flygedressar, hjelm og briller før vi enkeltvis fekk komme inn i vindtunnelen. 1,5 minutt i fritt fall kjenner du godt på kroppen, musklane jobba kontinuerleg med å halde seg stabile, og berre ein ørliten bevegelse med fingrar, mage eller hofter gjorde store utslag. Vi tok masse bilde av kvarandre, lo og heia, dette var ei skikkeleg kul oppleving for alle saman!

27

DEN FINASTE TIDA PÅ ÅRET

Den fineste tida på året er den som begynner no tidleg i mai og som slutter seint i april neste år ein gong

ØYSTEIN HAUGE

35

AKTIVE BARN

På vandretur i Rondane ein vakker haustdag.

THE NEXT GENERATION OUT THERE...

Du har sikkert kjent irritasjonen vekse i brystet når du prøver å få barnet eller ungdommen din med på aktivitetar, men dei nektar å bli med. Dette verkar jo så enkelt for alle andre, og du ser sosiale media renne over av smilande barn på tur. Den avgjerande skilnaden er å kunne triksa i boka, og dei har du kanskje ikkje fått med deg før no!

Barn og unge treng nemleg å førebu seg mentalt på det som skal skje. Dei kan ikkje utan vidare setje seg inn i ditt hovud og sjå for seg alle dei magiske augneblinka du har tenkt å skape, med mindre du målar opp dette bildet for dei, og lèt dei eige det. Eg spurde følgarane mine på Instagram korleis dei får med seg barn og ungdom på tur, og ut ifrå dette, og eigne erfaringar, har eg sett saman ei liste med råd, tips og triks du kan teste ut:

• La barnet få vere med og planlegge. Server minst to alternativ, og gå gjennom fordelar og ulemper med begge. Når barnet får bestemme tur/aktivitet, vil det ta eigarskap til valet, og er meir motivert til å gjennomføre.

• Ver tydeleg på kva tid ein må stå opp og kva tid ein må vere ute av døra for at ein skal kunne gjennomføre. Gje tider undervegs: “5 minutt til frukost", “10 minutt til avreise”, og gjer det utan å kjefte. Legg inn slingringstid i all hemmelegheit!

• Hugs at barn har korte bein, og dermed går dobbel distanse av det du gjer. Dine 4 km vil kjennest ut som minst 8 for dei. I tillegg har små barn eit anna perspektiv på tid, og treng difor delmål på veg til målet.

• Ønsk deg fjelltur av barna i jul og bursdagsgåve, då vil dei ta større ansvar for at også foreldra skal kose seg på tur.

• La gjerne det å komme seg ut vere intensjonen, ikkje at de på

død og liv skal nå fjelltoppen. Spel litt likegyldig til det å komme heilt fram, så kan det hende rollene snur, og konkurranseinstinktet blir vekt i barnet. Viss ikkje så har du i det minste senka eigne forventningar, og unngår kanskje både frustrasjon og skuffelse.

• Ha med noko godt i sekken. Popkorn, chips, sjokolade – i grunnen alt som er usunt er ekstra godt på tur og kan motivere og overraske ein sliten kropp.

• Å lage mat saman på stormkjøkken eller bål er gøy! La barnet få ta del i oppgåvene og skryt mykje av dei! Taco, pannekaker og popkorn er populært å lage saman ute.

• La barnet ta med ein ven, då oppfører det seg erfaringsmessig mykje betre.

• Høgtalar og musikk er gøy!

• Ta bilde og video og lag små snuttar som de kan sjå på saman etter tur. Då vil dei gode minna feste seg ekstra godt, og barnet hugsar ikkje kor mykje det sutra undervegs, tur er jo gøy!

• Snakk med dei om ting dei er opptatt av: TikTok-trendar, TikTok-kjendisar, programmering, gaming, ting som har skjedd på skulen eller i vennegjengen. Då går skravla og dei tenkjer ikkje at dei er på tur.

• Unngå å bruke ordet “tur”, det er forbunde med langt og kjedeleg. Spør heller om de skal finne på noko gøy ute i naturen!

• Ha fokus på leiken: finne insekt, klatre i tre, leike gøymsel, lage hytte i skogen.

• Gje dei fine insta-moments!

• Lage turbingo eller leite etter små troll som ein kan fortelje ei historie om.

Gjer ungdommen bevisst på korleis han føler seg etter tid i naturen (viss du veit han føler seg bra, vel å merke).

43

BÅLKOS OG KANELBOLLAR!

Då eg spurte dotter mi på 8 kva ho ville finne på ein søndag formiddag, svara ho kontant “bålkos og kanelbollar”. Eg smilte og kjente meg riktig stolt. Det var ikkje “kafé og shopping” eller "Leos Leikeland” ho ville på, men å hygge seg i naturen si eiga leikegrind og ete kanelbollar på ein 10 000-stjerners restaurant!

Å la kos vere målet for tur og aktivitet er alltid smart, då byggjer du gode opplevingar for barnet over tid, og etter kvart blir han/ho kanskje ei turmaskin utan sidestykke!

For kose seg med bålbrenning i naturen er det nokre reglar og tips ein bør få med seg:

Det er bålforbod frå 15. april til 15. september, bortsett frå ved vasskant eller godkjente bålplassar med liten brannfare.

• Ver sikker på at det er lov å brenne bål der du er, og at vinden ikkje er for sterk.

• Kast alltid fyrstikka inn i bålet etter opptenning.

• Gå aldri ifrå open eld.

• Ha vatn og spade for sløkking tilgjengeleg.

• Sløkk alltid bålet før du går, bålplassen skal vere kald og restane av bålet skal vere rydda vekk før du forlèt plassen.

• Ved brann, ring 110 og forsøk å sløkke sjølv, men ikkje utset deg for fare.

KANELBOLLAR PÅ BÅL:

Ikkje vent med å tenne bål, om de skal opphalde dykk rundt bålplassen, det tek nemleg litt tid før bålet er klart for matlaging. Når røyken har lagt seg litt og bålet brenn med rolegare flammar som gjev god varme, er det på tide å lage noko godt på bålet, og det treng slettes ikkje å vere vanskeleg.

Kjøp ein ferdig pizzadeig, rull han ut og la barna smøre på smør, sukker og kanel. Rull han saman, skjer opp i 3 cm tjukke skiver og steik dei i panne med mykje smør. Pass på å ikkje brenne dei, snu kanelsnurrane heller mange gonger på kvar side. Anna snadder du kan ha på er vaniljekrem eller Nugatti. Eller sjølvsagt ost og skinke for eit litt sunnare alternativ. Her er det berre å bruke fantasien!

Tips: Eg plar ha med tennbrikettar for å få raskare fyr på bålet. Mange vil sikkert kalle det juks, eg kallar det smart! La barnet få tenne på, under oppsyn, og skryt uhemma av kor flink ho er til å lage bål!

... Ta med deg ved heimanfrå, eller kjøp på butikken. Du kan sanke tørre kvistar og brenne desse, men det er ikkje lov å knekke greiner frå busker og levande tre. Desse brenn heller ikkje særleg godt.

44
45

PÅ NOREGS TAK!

Det er ganske kult som 10-åring å fortelje besteforeldre, vener og familie at du har vore på det høgaste fjellet i Noreg! Med sine 2469 meter ruvar Galdhøpiggen stolt over havet, og frå toppen kan du på godversdagar sjå milevis i alle retningar, og faktisk heile ¼ av Sør-Noreg! Vi gjorde dette som ein familietur i sommarferien, og opplevinga har blitt eit kjært minne for livet. Så lenge du har helse til det, og ikkje har særlege årsaker til forhindring, bør du kunne svare “ja” når nokon spør om du har vore på Galdhøpiggen. Dette er den mest besøkte toppen i Noreg, og det høgaste fjellet i Nord-Europa.

BARN INGA HINDRING!

Våre barn var 10 og 12 år då vi bestilte oss plass på turgruppa som skulle gå til Galdhøpiggen. Eg var sjølv på same alder første gong eg gjekk denne turen, og hugsar det som ei både spennande og mektig oppleving. Ifrå Lom sentrum tok vi buss til Juvasshytta, der turen starta. Herifrå gjekk vi i flokk og følge med hundre andre som hadde den same draumen: å komme på Noregs tak og få ei heftig oppleving saman!

Ved foten av breen vart vi klipsa inn i taulag, noko barna synest var spennande. Vi såg sprekker og hol, og vatn med turkis farge låg og blenkte i sola. Vel over breen fekk vi tydelege instruksar av turleiar når vi måtte vere attende i taulaget for retur over breen. Siste etappen til Galdhøpiggen nærmast sprang barna, dei ville vere først på toppen!

Vi var på ingen måte aleine på Galdhøpiggen. Det kunne verke som halve Noreg hadde tatt turen denne strålande dagen i juli. Men det gjorde ingen ting, vi fann oss ein fin utsiktsplass, åt nista vår, og hadde den obligatoriske fotoshooten for å forevige toppstøtet. Så

var det berre å rusle attende til taulaget ved foten av Styggebreen og nyte dei siste syna av majesteten Galdhøpiggen før ein koseleg kveld i campingvogna venta.

TUREN TIL GALDHØPIGGEN TEK CA. 3,5 TIMAR

EIN VEG FRÅ JUVASSHYTTA, OG CA. 5 TIMAR

FRÅ SPITERSTULEN.

KVA DU TRENG:

• Solbriller, solkrem med høg faktor

Shorts, T-skjorte, ulltrøye, stillongs, bukse, skalklede

Sekk med rikeleg med mat og drikke

• Gore-Tex sko eller fjellsko (Breen er ofte våt på sommaren)

• Lue, buff, panneband

OBS!

• Det er ikkje toalett på toppen av Galdhøpiggen, gå på do før turen!

• Ta med deg alt søppel som du produserer i løpet av turen. Ikkje kast det i kafeen på toppen.

PRIS:

Vaksen ca. 400 kr, barn ca. 350 kr, bussbillettar kjem i tillegg. Det er mykje trafikk frå Lom til Juvass på sommarsesongen, så å ta buss er det beste.

Hugs at sjølv om sola skin i Lom sentrum, kan det blåse kaldt på toppen av Galdhøpiggen. Ha alltid med ekstra klede, uansett sesong. Sele får du låne hos aktøren som fører deg over breen.

47

Tips: Du kan gå til Galdhøpiggen utan å gå i taulag i stor gruppe. Du kan enten leige guide berre for din familie/ gruppe, eller du kan gå frå Spiterstulen. Turen frå Spiterstulen er lengre og brattare, men du slepp å gå over bre, og kan difor gå utan guide om du vil.

ANDRE BUCKETLISTE-TURAR SOM DU FINT KAN HA MED BARN PÅ:

Preikestolen

Rakssetra i Loen

Almannberget på Oppdal

Storehesten i Bygstad

Fanaråken

Gaustatoppen

Funfact: Hytta på toppen av Galdhøpiggen vart først bygd i 1884. Sidan den gong har ho blitt øydelagt av ver og vind fleire gonger. Den som står der i dag var ferdig i 1975, og sel kaffi, vaflar, pølser, snacks og suvenirar.

Ytste Skotet, Storfjorden

Eggenipa, Breim

Storseterfossen i Geiranger

Saksa og Bentebu på Urke

Glittertind

Fuglesteg

Vettisfossen

Skagsvola i Trysil

Urkeegga, Urke

48

JUNIKVELD

Vi sitter i slørblå junikveld og svaler oss ute på trammen

Og alt vi ser på har dobbelt liv, fordi vi sanser det sammen.

HANS BØRLI
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.